24. november 2023

Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)

Vinteren 1932-33 prøvde Chico og Groucho Marx seg på radio. Kvar veke var dei hovudpersonar i det direkte programmet "Flywheel, Shyster and Flywheel". Groucho er advokaten Flywheel; Chico er Ravelli, assistenten hans. Dei laga 26 episodar, og fekk, merkeleg nok, ikkje fornya kontrakten.

Merkeleg nok, av di dialogane mellom dei to ofte er mellom høgdepunkta i filmane deira. Der er det mykje anna som dreg nivået ned, som mange musikalske innslag eller halv-romantiske bi-historier. Her er det verbal humor heile vegen, og det kjem fleire blinkskot i kvar episode.

Dei to spelar figurar me kjenner frå filmane. Groucho skjønar kva som skjer og rakkar ned på alle; Chico er ikkje så oppvakt, men leverer mange glimrande ordspel. Nokre av dei ordspela er glimrande av di dei er dårlege, og då kjem ofte Chico med variantar av klassikaren "Atsa som joke, eh, boss?" Dei av oss som kjenner alle filmane vil dra kjensel på mykje - noko av dette er gjenbruk, noko er ting dei tok med seg til dei seinare filmane sine. 

Programma var lenge rekna som tapt. Det fanst ingen opptak, og manuskripta var borte vekk. Heilt til midten av 1980-åra, då Barson oppdaga dei i arkivet til Library of Congress. Eitt manuskript mangla, dei 25 andre er med her. Og mange, mange år seinare dukka det òg opp opptak av ein og ein halv episode. 

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

23. november 2023

Jon Fosse: To forteljingar (1993)

It does exactly what it says on the tin. Boka inneheld to forteljingar, som begge er over snittet.

I "Og så kan hunden komme" møter me ein hundeeigar ved fjorden. Han skal ein tur ut, hunden spring i førevegen og forsvinn. Han (hundeeigaren) møter ei kvinne som meiner at ho høyrde eit skot hjå naboen rundt svingen, og ho meiner at no har naboen skote hunden. Det viser seg at det stemmer, og hundeeigaren bestemmer seg for å ta hemn.

I "Lines hår" fortel ein gut/ung mann om dei siste dagane før far hans flyttar heimefrå. Han likar far sin, men er samstundes klar over at mange ser på han som ein raring. Han reknar etter kvart med at det er ei anna kvinne inne i biletet. Sjølv er han begeistra for ei jente/ung kvinne som heiter Line, og reknar seg fram til at håret til Line er grunnen til at faren flyttar.

Begge forteljarane gjev meg ei kjensle av at dei ikkje er heilt til å stola på. Det dei fortel verkar truverdig, men samstundes snur det mot slutten av begge forteljingane. Hundeeigaren går rundt og ventar på hunden sin, sjølv om han tidlegare i forteljinga har gravd han ned. Guten greier å overtyda seg sjølv om at han og faren likar den same kvinna, sjølv om det er opplagt at faren ikkje eingong veit kven Line er. Begge forteljingane er verdt lesinga, men den fyrste er nok hakket betre.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

20. november 2023

Paul Auster: Baumgartner (2023)

På side 15 i denne boka seier hovudpersonen "At least I'm not dead". Døden er eit tema gjennom heile boka, og det er diverre eit aktuelt tema: Auster fekk ein kreft-diagnose for nesten eitt år sidan, og i ferske intervju har han sagt at det kan henda at dette vert den siste boka hans. 

Det er ei bok med mange Auster-kjennemerke. Her er mange tilfeldigheiter, hovudpersonen skriv bøker, det går føre seg i New Jersey (staten der Auster vaks opp), i ungdomen budde hovudpersonen i Frankrike, osb. Hovudpersonen er Sy Baumgartner, forresten, professor i filosofi. Noko av det fyrste som skjer er at Baumgartner får ein telefon frå ein person han ikkje veit kven er - det kan godt vera ei helsing til opningssetninga i debutromanen til Auster ("It was a wrong number that started it" i City of Glass.). Kona til Baumgartner heitte forresten Anna Blume, det same som hovudpersonen i In the Country of Last Things.

Den samtalen er berre ein av ei lang rekkje rare og uventa hendingar i fyrste del av boka. Etter denne litt lystige og underfundige opninga vert boka meir seriøs. Baumgartner vart enkjemann for ti år sidan, og no er han for fyrste gong klar for å fri til ei dame igjen. Det går ikkje så bra, han vert trist, men kviknar til att då ein ung kvinneleg akademikar har lyst til å skriva ei bok om dikta til enkja til Baumgartner. Han gler seg, han er nervøs, og det ligg litt i lufta at han får ein ny opptur. 

Det er ei fin bok. Det er kanskje ikkje ein Auster i toppform, og det kan henda at eg tenkte for mykje på at dette kanskje er den siste boka hans, men eg likte boka. Det er rett nok mange lause trådar, og slutten er i alle fall litt open, men det er jo slik det er, er det ikkje? Det kan ikkje vera uvanleg at ein går ut av tida med mange lause trådar i veven.

Guffen tilrår. 

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)

19. november 2023

Alice Munro: Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)

På baksida av boka står det nokre blurbs, setningar frå avismeldingar av boka. Ein av dei opnar med "There is a core of mystery in every Munro story". Det er rett, der dukkar alltid opp nye moment, men det store mysteriet er likevel dette: Korleis greier ho å skriva så rike noveller? Korleis greier ho å la ei novelle, som i utgangspunktet verkar vanleg og tradisjonell, brått ta steget inn i ei noko heilt anna? I dei fleste novellene hennar, og i alle fall alle novellene i denne boka, er det eit slikt usynleg punkt, der alt endrar seg, og det enkle og tradisjonelle vert djupt og innsiktsfullt.

Fleire gonger, og kanskje mest under den siste novella, var eg djupt rørt etter å ha fullført ei novelle. Munro skriv om vanlege folk som gjer vanlege ting, men det heile vert flytta opp på eit høgare nivå. 

Den siste novella, "The Bear Came Over the Mountain", er aldeles glimrande. Kona i eit ektepar, Fiona, vert dement, og mannen hennar, Grant, flyttar ho til ein pleieheim. Ho gløymer kven ho har vore, og ho gløymer kven mannen er. Ho finn seg ein besteven på heimen, og mannen hennar vert sjalu. Den nye bestevenen flyttar heimatt til kona si, men Grant merkar at Fiona saknar han. Han vitjar kona til den nye bestevenen og prøver å overtala henne til å senda bestevenen tilbake. Ho nølar. Seinare den dagen ringjer ho til Grant og inviterer han med på ein dans. Han er ikkje heime, han høyrer berre meldinga på telefonsvararen, men dei neste sidene er altså glimrande: Han funderer på kva han skal gjera, og kva som kan verta konsekvensen av at han takkar ja. Og det er berre éi av ni glimrande noveller i denne boka. 

Guffen tilrår. 

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

13. november 2023

Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Denne plata kom ut i 2012, og var ulikt det Motorpsycho hadde gjort før. Dei hadde med seg Ståle Storløkken (og mange andre), og laga ein rockeopera. Songane fortalde ein historie, og musikken var mektig og magisk. Då dei turnerte etter at plata kom ut vart verket framført frå A til Å. Eg såg dei to gonger - konserten i Bergen vart øydelagt av dårleg lyd; konserten i Operaen i Oslo, der dei stilte med fullt mannskap, var aldeles glimrande.

Dei som skriv bøkene i denne serien (og i den engelsk-språklege som liknar) står rimeleg fritt til å vinkla teksten slik dei vil. I denne boka har Marius Lien teke eit godt grep: Etter ei innleiing der han skriv om ulike reisemåtar han finn i tekstane til Motorpsycho, konsentrerer han seg om båtreiser som kan minna om historien på plata. Det var ikkje heilt uvanleg at overlevande etter forlis brukte dei døde kameratane sine som mat, og den lengste historia handlar om forliset på skuta Essex i 1820. Når Lien fortel denne historia, vekslar han med kortare kapittel der han fortel om hendingane i tekstane på plata.

I tillegg til dette har han intervjua mange av dei som var med. Ingen av dei tre i Motorpsycho snakkar - Kenneth Kapstad takka nei, medan dei to andre ikkje var spurt, av di dei har kome til orde så ofte elles. Storløkken snakkar, Ola Kvernberg snakkar, fleire av Trondheimsolistene snakkar, Kjetil Mølster snakkar, Matias Eick snakkar, produsenten Kåre Vestrheim snakkar. Samla sett får dei fram nye og gamle sider ved plata. Boka gjorde òg det slike bøker ofte gjer: Eg måtte henta fram att plata for å friska ho opp att, og det svingar framleis av ho.

Guffen tilrår. 

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023

12. november 2023

Joe Hagan: Sticky Fingers (2017)

Denne biografien handlar om Jann Wenner, som fyrst og fremst er kjent som grunnleggjar og redaktør av det amerikanske musikkbladet Rolling Stone. I gamle dagar las eg jamleg musikkblad og -aviser, og det hende eg las Rolling Stone. Dei kunne ha gode og grundige intervju med artistar eller andre, men i det store og heile var det eit keisamt blad. Det var litt for etablert.

Det var truleg òg målet til Wenner. Musikken var viktig for han, men det var like viktig å verta rik og vidkjent. Bladet kom fyrste gong ut i 1967, og etter nokre vanskelege økonomiske år gjekk det langt betre frå tidleg i 1970-åra. For Wenner var dette stas, og denne boka viser at han var langt meir oppteken av å møta kjendisar, og å leva like rikt og fritt som dei. Dyre feriar, dyre vanar, lange skiferiar, osb. Det handlar mykje om sex, drugs og rock'n'roll, og dei to fyrste er langt viktigare enn musikken.

Wenner kjem ikkje spesielt godt ut av denne boka. Det var han som tinga biografien, og det skal han ha: Han gav Hagan frie tøylar. Hagan fekk tilgang til heile arkivet til Wenner, og han har òg intervjua Wenner (og veldig mange andre). Wenner er einerådig, han er lojal så lenge han treng å vera det, og han gjer det han kan for å vera på god fot med kjendisane. Dårlege plater frå store artistar (som Dylan eller The Rolling Stones) fekk heile tida rosande omtale; gjerne meldingar skrivne av Wenner sjølv. Andre gonger var pengane viktigare: I 1970 fekk Wenner eit langt intervju med Lennon, på vilkår av at det berre vart trykt i Rolling Stone og ikkje i bokform. Wenner gav det ut som bok likevel, etter at eit forlag kom med eit raust tilbod. Fram til dess var Lennon og Wenner på god talefot; frå 1971 snakka Lennon aldri med Wenner. 

Guffen tilrår. 

11. november 2023

Klar til strid (2023)

Eg låg heime med korona nokre dagar, og såg meg gjennom denne serien på NRK. Premisset er enkelt og greitt - me følgjer nokre rekruttar gjennom fyrstegangstenesta. Dei er stasjonerte ved Setermoen i Troms, og kjem frå heile landet. Nokre er jenter; dei fleste av gutar.

Det er sjølvsagt uråd å sjå serien utan militærnektar-brillene mine. Eg er framleis uvanleg glad for at eg kunne ha sivilteneste. Slik er det ikkje i dag, diverre, no er det slik at dei som vert kalla inn må i militæret. For meg ville det vore heilt uaktuelt. Dei lærer sjølvsagt mykje rart, men det grunnleggjande er at dei skal vera budde på å ta liv (og eventuelt ofra sitt eige). 

Dette er altså grunnleggjande, men dette poenget kjem likevel litt overraskande på nokre av soldatane. I ein av dei siste episodane vert alle samla i eit auditorium, der dei får beskjed om at Russland har invadert Ukraina. Han som snakkar gjer det klart at sjølv om sjansen er liten for at nokre i salen vert sende til krigen, står Noreg saman med Ukraina. Ingen veit kva som vil skje dei neste månadene. Nokre soldatar verkar sjokkerte - dei er ikkje klare for dette.

Serien er god. Eg kan ikkje vera sikker, men eg reknar med at han gjev eit nokolunde rett bilete av korleis det er å vera i militæret. Mykje er kjekt, mykje er eit slit. Du møter mange kjekke folk, men du møter òg befal som er altfor, altfor strenge. Nokre taklar det, andre slit litt meir. 

Serien sluttar med at dei reiser kvar til sitt. Dei snakkar om kor fint dei har hatt det, korleis dei har utvikla seg, og korleis dette har vore eit år som ein må oppleva for å forstå det. Det er altså det same som folkehøgskuleelevar seier når skuleåret deira er over, og rådet mitt er klart: Gå heller på folkehøgskule.

Guffen tilrår.

Matias Faldbakken: Vi er fem (2019)

Det er kjekt med bøker der handlinga tek uventa vendingar, og slik er det absolutt her. Hovudpersonen, Tormod, har to born saman med kona Siv. Dei bur eit godt stykke nord for Oslo, og vert ikkje heilt samde om dei skal ha eitt born tid. Kompromisset vert ein hund, men Snusken forsvinn etter ei tid. Tormod trekkjer seg tilbake til verkstaden, der han leiker med raudleire og kunstgjødning. 

Der og då vart det høgst uklart kvar vegen vidare skulle gå. Dei kjemiske blandingane gav meg assosiasjonar til terroristen frå 2011, men heldigvis er det ikkje heilt den vegen me skal. Tormod skapar likevel eit monster, som ei tid skapar uhygge i nabolaget.

Boka er godt bygd opp, og Faldbakken skriv konsist og godt. Det er korte setningar, han sløser ikkje med orda, og det er med på å driva forteljinga framover. Her er òg ting å humra over. Boka var underhaldande og grei å lesa, sjølv om eg ikkje er altfor glad i, ja, fantasy eller science fiction.

Guffen tilrår. 

9. november 2023

Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)

Jan Erik Vold sa ein gong at Fuglane er den eine boka me ikkje kunne klart oss utan. Det er store ord, men det er lett å vera samd med han. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har lese ho (fire? fem?), men romanen gjer framleis eit stort inntrykk. 

Boka er eit strålande portrett av Mattis. Saman med systera Hege bur han litt unna dei andre, ein stad på landsbygda. Han er ikkje som dei andre der, han er ikkje så flink eller så ivrig til å arbeida. Han kan verka noko enkel, men samstundes er han i stad til å formulera nokre glitrande setningar, og han stiller spørsmål me alle av og til lurer på. "Kvifor er det slik det er?" Han ser det store i det små. Han lever lenge på ein rotur der han hadde med seg to lettkledde unge jenter, og han ser òg det store i rugdetrekket som brått kom over huset han bur i. 

Systera passar på han, og dei greier seg nokolunde godt. Han prøver seg som ferjemann, og på det viset fører han tømmerhoggaren Jørgen inn i huset. Jørgen og Hege vert eit par, og dette skiplar kvardagen til Mattis så mykje at han må finna ein veg ut.

Det er altså Mattis det handlar om, og det må vera vanskeleg å lesa denne boka utan å få sympati for han. Det meste av boka vert fortalt gjennom han, og me merkar godt kor tid han kjenner seg trygg eller utrygg. Det er mange toppar i forfattarskapen til Vesaas, men det er truleg her han når aller høgast.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

8. november 2023

John Lennon: In His Own Write (1964)

1964. The Beatles har på kort tid vorte det største bandet i verda, med fengande melodiar og rimeleg enkle tekstar. Så dukka denne boka opp. Dette er noko heilt anna, men det hadde lite å seia: Boka vart ein bestseljar. I føreordet skriv Jon Savage at boka selde 200 000 kopiar dei fyrste ti månadene. 

Skrivestilen er heilt annleis enn Beatles-tekstane. Dette minner meir om Lewis Carroll og/eller James Joyce, med mange ordspel, og mykje god humor. Boka vitnar om Lennon var språkmektig, glad i språk, og glad i å leika seg. Dei fleste av dei korte tekstane er små historier, men nokre er forma som dikt og andre som skodespel. Boka er gjennomillustrert, med teikningar av Lennon. 

Nokre tekstar er reine blinkskot, der eg både smiler og ler. Andre er mindre vellukka, kanskje av di dei er farga av tida dei var skrivne i. Boka er kort, men likevel bør nok lesinga fordelast over fleire dagar/kveldar. Av og til vart det litt i meste laget.

Savage har eit anna godt poeng i føreordet sitt: Merkeleg nok tok det nokre år til før tekstane Lennon skreiv for The Beatles fekk ei form som minna om dette.

Guffen tilrår. 

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

7. november 2023

Olaug Nilssen: Uønska åtferd (2023)

For Katrine har det meste gått i grus. Ho har hatt eit godt liv saman med ektemannen Gunnar og dei to borna, men det har etter kvart vorte for mykje. Sonen Jostein er psykisk utviklingshemma, han må ha tilsyn heile tida, og det er tungt for alle. Katrine og Gunnar vert ikkje samde om kor mykje hjelp dei skal ta mot, og i boka har Katrine flytta på hytta. Her budde ho fyrst saman med Jostein, men han har fått plass på ein institusjon.

Boka handlar fyrst og fremst om Katrine. Ho har resignert. Ho bryr seg ikkje om korleis ho ser ut, ho kranglar med dottera, ho har ikkje så godt kosthald, ho greier ikkje å gjera jobben sin som omsetjar godt nok, osb. Ho tek likevel ikkje ansvaret for dette sjølv; ho har veldig lett for å skulda på andre. 

Dei andre i familien prøver, i alle fall. Der Katrine har mist det meste, har dei andre i familien mist tolmodet med ho. Dei prøver å gå vidare, sjølv om det ikkje er lett, og er i langt større grad enn Katrine inneforstått med at det beste er at Jostein bur på ein heim der fagfolk kan ta seg av han.

Det er ei fin bok. Nilssen skriv godt og innsiktsfullt, og tek, som i dei to siste romanane sine, opp tema som er aktuelle for mange, men som det likevel ikkje er skrive så altfor mykje om.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Ikkje tenk på det (2019)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)

5. november 2023

Hans Olav Lahlum: Reiulf Steen (2019)

På det lokale biblioteket har dei ei hylle der folk kan setja frå seg bøker dei ikkje vil eiga lenger. Dei som går forbi kan plukka med seg bøker derfrå, og for nokre veker sidan tok eg med meg denne. Det angrar eg ikkje på - ein ting er at det er ein eksemplarisk biografi, ein annan ting er at eg, når me snakkar om NRK-serien Makta på jobb, kan framstå som ein ekspert på Arbeidarpartiet i 1970-åra.

Reiulf Steen hadde den rette bakgrunnen: Han vaks opp i arbeidarklassen i Hurum, og familien hadde så pass dårleg råd at han berre fekk litt skulegang utover det obligatoriske. Han søkte seg mot journalistikken, men òg mot politikken, og det var politikken som vann. Sjølv om han fleire gonger vurderte å gå tilbake til journalistikken, vart han politikar det meste av livet. Han hadde to (korte) periodar som minister, han var innvalt på Stortinget frå 1977 til 1992, og han var formann i partiet 1975 til 1981. Han vart aldri statsminister, og ein av grunnane var nok at han hadde eit altfor høgt alkoholforbruk. Han var meiningssterk, slik mange politikarar var (og er), og kom på kant med mange, også i eige parti. Han gjorde opp med dei fleste.

Hans Olav Lahlum fortel historia om Steen på ein glitrande måte. Han går kronologisk til verks, og tek oss med frå triumf til tragedie, frå tragedie til triumf. Me møter ein engasjert politikar som vil noko, og som kanskje likte seg aller best under lange politiske diskusjonar. 

Guffen tilrår. 

Meir Lahlum på kulturguffebloggen
Haakon Lie. Historiene, mytene og mennesket (2009)