Dette har eg sikkert sagt før: Eg har aldri vore nokon fast lesar av det amerikanske musikk-bladet Rolling Stone. Eg er likevel ikkje ukjend med bladet, og i nittiåra, då eg studerte i Bergen, bladde eg ofte gjennom det viss eg var innom biblioteket. Mykje av det som stod der var uinteressant, men eg likte korleis bladet ofte hadde lange intervju med musikantar (eller andre).
I denne boka har Wenner, som grunnla Rolling Stone i 1967 og som framleis er knytt til bladet, samla åtte av intervjua han sjølv gjorde. Det er nærliggjande å tru at han har plukka ut intervju med artistar han sjølv likar, og det er den store veikskapen med denne boka. Nokre av intervjua er lite interessante og lesbare. At Wenner er oppteken av seg sjølv gjer det ikkje betre, i fleire av intervju-innleiingane skriv han om korleis han reknar t.d. Mick Jagger som ein nær ven. Og det er rart at når han plukkar ut åtte favorittintervju, er to av intervjua med Bob Dylan.
Kort fortalt: Pete Townshend, 1968: Sånn passeleg interessant. Dylan, 1969: Keisamt. John Lennon, 1970: Glimrande. Jerry Garcia, 1972: Interessant. Jagger, 1995: Middels. Bono, 2005: Huff. Dylan, 2007: Keisamt. Bruce Springsteen, 2023: Bra.
Guffen er lunken.
Relatert på kulturguffebloggen
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Jann Wenner og Joe Levy (red.): The Rolling Stone Interviews (2007)
Joe Hagen: Sticky Fingers (2017)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar