10. februar 2023

Paul Auster: Bloodbath Nation (2023)

Paul Auster er sint, og han får ut bra mykje aggresjon i denne boka. Han skriv om all skytinga og alle våpena i USA. Det er eit emne mange har teke opp før, både i bøker og filmar. Auster kombinerer eigne minne med fakta og historiske hendingar, og resultatet er ei fengande bok.

Som vanleg er opningssetninga sterk: "I have never owned a gun". Han har skote ein del, rett nok, og det er overraskande då han fortel om den eine gongen han prøvde leirdueskyting. Han brukte røynsler frå ballspel, skjønte fort kvar han burde sikta, og hevdar at han trefte kvar einaste leirdue den ettermiddagen.

Sidan har han ikkje skote. Sjølv om han av og til dukkar opp sjølv seinare i boka, handlar dette om korleis USA er så skytegalne. Han har opplevd det i sin eigen familie; han var nesten vaksen då han oppdaga at bestemora hadde skote bestefaren. Og han har, som alle andre, opplevd dei mange store skyteepisodane. Sjølv verkar han meir irritert over dei mange små skyteepisodane, som vert så vanlege at ingen skriv eller snakkar om dei. Han er oppgitt over korleis sørstatane dyrkar heltar frå borgarkrigen, og meiner at dei burde gjera som Tyskland og ta eit oppgjer med den rotne historia si. Han ser, som alle andre, at det er menn og gutar som driv med dette. Han får fram kor farleg det er at USA i dag er eit delt land, samstundes som det finst så enorme mengder handvåpen i private heimar.

Eg venta at Auster mot slutten av boka skulle koma med framlegg til løysingar, at han skulle skriva korleis USA kan koma seg ut av dette. Det gjer han ikkje, og det fungerer langt betre enn ei løysing ville ha gjort: Slutten han har valt viser tydelegare enn noko anna at det knapt nok er noko håp for USA.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Baumgartner (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar