31. august 2015

Cobain. Montage of Heck (2015)

Dette er den autoriserte versjonen, med alt det fører med seg. Filmskaparane har hatt tilgang til alt av familiefilmar, lydopptak, dagbøker, fotoalbum og alt det der, og det gjer jo at ein kjem endå nærare hovudpersonen i filmen. Samstundes er det altså den autoriserte versjonen. Har familien hatt behov for å pynta på noko? Kanskje. Det veit me jo ikkje.

Og filmen tek òg mykje av det Kurt Cobain (som altså var sentral i Nirvana) har fortalt om livet sitt for god fisk. Fleire av dei som kjende han seier at han justerte si eiga historie for å verka meir interessant, at han ikkje kvidde seg for å dikta opp ting. Minst éin av dei historiene går rett inn i denne filmen; eg las eit intervju med Buzz Osborne der han mellom anna fortel at sjølvmordsforsøket på ei jarnbaneline aldri skjedde. Så noko av filmen må ein ta med ei klype salt.

Men filmen har mykje bra. Her er intervju med foreldra, som begge innser at dei kunne vore langt betre foreldre då Cobain vaks opp. Mora legg likevel det meste av skulda på faren; faren ser at han kunne gjort mykje annleis. Set ein dei mange filmane frå barneåra opp mot den Cobain som vart kjendis mange år seinare, ser ein at han er ein heilt annan person - som barn var han glad og utadvend, som vaksen var han (oftast) det motsette. At skilsmissa til foreldra spelte inn er opplagt.

Og filmen har òg mykje bra musikk, sjølvsagt. Mange gode konsertopptak, mange bilete og intervju med eit band som kosar seg på veg til toppen. Og mange bilete og intervju av eit band som slettes ikkje trivst som a-kjendisar. Så kjem det òg mange bilete frå familien hans, altså kona Courtney Love og dottera Francis Bean, og desse er både rørande og triste. Han vert ekstremt knytt til dottera, men samstundes vert han òg meir og meir narkoman. Courtney (som ser heilt annleis ut utan sminke) vil ha Cobain med på tradisjonar og småbarnsforeldrerituale, utan at det går så veldig bra. På eittårsdagen til dottera går han etter at éin av dei mange presangane er opna. Og då dottera skal klippast for fyrste gong, vert Cobain henta for å halda dottera på fanget. Før klippinga kjem i gang, sovnar han.

Guffen tilrår.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

30. august 2015

Hobbiten. En uventet reise (2012)

Det måtte vel gå denne vegen. Etter suksessen med dei tre Ringenes herre-filmane ville Aslak og Ivar gå vidare med Hobbit-trilogien. Og det var greitt for meg - eg har ikkje sett desse filmane. Boka las eg sikkert for lenge sidan, men hugsar ikkje anna enn at det var der Bilbo fekk tak i ringen.

Filmen opnar omtrent som den andre trilogien. Det er harmoni i hobbitland. Trollmannen Gandalv kjem, denne gongen saman med tretten dvergar, og også her endar det, etter ein altfor lang opningssekvens, med at ein hobbit legg ut på ein langtur, saman med dvergane og Gandalv. Denne gongen er det Bilbo, spelt av den glitrande skodespelaren Martin Freeman.

At opningssekvensen er lang kan henga saman med at filmskaparane tværer den relativt korte Hobbiten-boka ut til ein ny filmtrilogi. Tempoet tek seg opp etter kvart, men filmen kunne òg vore korta ned fleire stader. Dvergane vil ta tilbake eit fjell dei vart drive ut av for lenge sidan. På vegen møter dei orkar på store vargar, troll, fleire orkar på vargar, og endå fleire orkar på vargar. Dei vert tekne til fange, Bilbo lurer seg vekk, og møter Gollum langt nede i ei hole. Der finn han ringen, han lurer seg ut att til dei andre, og filmen sluttar med at dei kjem seg så langt av stad at dei skimtar fjellet sitt i det fjerne.

Filmen engasjerer ikkje så mykje som Ringenes herre-filmane. Kanskje det er historien som er svakare, kanskje det er for lite variasjon i karakterane. Her er reisefølgjet ein hobbit, ein trollmann og tretten dvergar, i den andre filmen er der alvar og menneske òg. I det brorskapet var det lett å skilja dei ni frå kvarandre; her vert det Bilbo, Gandalv, dvergkongen Thorin, og tolv andre dvergar det ikkje er råd å halda frå kvarandre, og som heller ikkje har særdrag. På den andre sida er det meir å le av i denne filmen.

Guffen er lunken.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Hobbiten (1937)
Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
Ringenes herre: To tårn (2002)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

29. august 2015

Craig Brown: På tomannshånd (2011)

Denne boka verka som ein god idé. Brown skildrar 101 møte mellom to personar. Kapitla heng i hop; viss person A møter person B i fyrste kapittel, møter person B person C i det neste, og så vidare. I det siste kapitlet møter person X person A igjen, slik at ringen er slutta.

Og boka opnar òg med eit møte som er fascinerande, eit møte som kunne endra verdshistoria. Britiske John Scott-Ellis er i Tyskland i 1931, og køyrer på ein mann som går ut i vegen utan å sjå om det er klart. Den mannen er Adolf Hitler, og han kjem frå påkøyringa utan mein. Kva om det hadde gått annleis?

Men det går fort nedover. Underhaldningsverdien vert mindre, og møta vert òg mindre viktige. Mange av kapitla fortel om møte som er heilt anonyme, som det ikkje er noko spesielt ved. Kanskje det er meir stas for britiske lesarar; her er ein klar overvekt av britiske personar som møter kvarandre, men det kan ikkje vera den einaste grunnen til at dette er ei tynn suppe.

Kva kunne gjort det betre? Fleire gonger tenkte eg at ein forfattar som Bill Bryson hadde takla dette langt betre. Han har det blikket som skal til for å finna dei gode møta, og for å skildra dei på ein spanande måte. Den norske utgåva kunne òg vore betre om ein hadde brukt litt meir tid og krefter på omsetjinga - makan til dårleg språk er det lenge sidan eg les.

Så er det òg litt irriterande at Brown i eit etterord gjer eit nummer av at her er 101 møte, at kvart møte vert skildra i 1001 ord, og at etterord og forfattarpresentasjon og den teksten der han forklarar alt dette har akkurat 101 ord. Omsetjaren har fornuftig nok sett vekk frå akkurat det, og viss Brown hadde rekna med orda i dei lange fotnotane hadde han òg sett vekk frå det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

24. august 2015

Let It Be (1970)

Ein kollega skulle på Metallica-konsert i Bergen sist veke. Ho hadde ikkje sett Some Kind of Monster, viste det seg. Den Metallica-dokumentaren handlar dels om eit band som ikkje finn tonen meir, og det fekk meg til å tenkja på denne. Let It Be er ikkje gitt ut på DVD, men ligg i dårleg kopi på nettet, og er det noko som er stikkordet for denne filmen, er det eit band i oppløysing. Kvifor i alle dagar George Harrison smiler på omslaget er ei gåte.

Det er så godt som berre musikk her. The Beatles er samla for å øva inn songar til plata Let It Be, og vert filma medan dei spelar. Paul McCartney gjer det han kan for å halda humøret oppe; dei tre andre verkar uinteresserte. Der er få samtalar i filmen, men to av dei er minnerike. Den eine er den vidgjetne der McCartney ikkje er nøgd med spelet til Harrison, og Harrison, med ei svært resignert stemme, seier at han kan spela akkurat det McCartney vil han skal spela, Eller, viss McCartney vil at han ikkje skal spela, er det òg greitt for han. Den andre samtalen er mellom McCartney og John Lennon - McCartney vil spela konsertar igjen, og Lennon ser heilt apatisk ut. Er det noko som er uaktuelt for han, er det å spela fleire konsertar med Beatles.

Stemninga tek seg opp etter at keyboardisten Billy Preston dukkar opp. Dei legg vekk dei nye songane, og spelar songar frå gamle dagar. Alle er klare for denne mimringa, og dei har det stas. Endå betre vert det når dei sleper utstyret sitt opp på taket, og held ein siste gratiskonsert på fire-fem songar.

Det er eit band som spelar på siste verset, altså. Av og til er det vondt å sjå filmen, og omtrent heile tida er det vondt å sjå på Paul McCartney, men her er òg gode stunder. Som konserten på taket.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

19. august 2015

Ray Manzarek: Light My Fire (1998)

Ray Manzarek grunnla The Doors saman med Jim Morrison i 1965. Eg har lese ei bok om gruppa før, og sett ein dokumentarfilm og ein spelefilm om dei, men dette var likevel andre bollar. Her får me historia fortalt av ein som var der, ein som såg det heile frå innsida, og han verkar svært open når han fortel. Han er prega av å veksa opp i seksti-åra - boka kunne godt hatt undertittelen "Sex and Drugs and Rock'n'Roll".

Eller ho kunne hatt undertittelen "My Life with Jim Morrison". Morrison, som døydde i 1971, dominerer framsida av boka, og han er òg den det etter kvart handlar mest om. Manzarek skriv òg om dei to andre i bandet, sjølvsagt. Robby Krieger får gjennomgåande god omtale, både som gitarist, komponist og som menneske; trommeslagaren John Densmore får skryt som musikar, men skårar ikkje like høgt som person. Også Morrison hadde problem med å samarbeida med Densmore; Manzarek fortel om ein gong Morrison sa at dei måtte sparka Densmore frå gruppa.

Men det er altså mykje Morrison. Det er faktisk to Morrison-ar i denne boka. Manzarek skil mellom Jim og Jimbo. For Manzarek er Jim Morrison ein fabelaktig poet, ein fabelaktig songar og ein fabelaktig ven. Dei to stod kvarandre nær, det verkar heile tida som om den einaste Morrison hadde respekt for var den fire år eldre Manzarek. Jimbo Morrison var derimot lite å samla på; det var den personen Morrison vart når han drakk for mykje. Og etter gjennombrotet i 1967 tok det ikkje lang tid før Jimbo vart meir og meir dominerande. Morrison var sjølv klar over at han var alkoholikar, men han greidde ikkje å stoppa. Kombinert med alt det andre han stappa i seg vart han ikkje enkel å ha med å gjera.

Noko av det fine med denne boka er at Manzarek er så open om dette. Han kler av seg sjølv, men han kler òg av Morrison. Der Morrison vert presentert som ein helt i boka No One Here Gets Out Alive, får me altså eit langt meir nyansert bilete av han her. Ein fin poet? Javisst. Ein total drittsekk? Javisst.

Guffen tilrår.

Meir The Doors på kulturguffebloggen
The Doors (1991)
When You're Strange (film, 2009)
John Densmore: The Doors Unhinged (2013)

15. august 2015

Aksel Sandemose: En sjømann går i land (1931)

For mange år sidan gjekk eg på folkehøgskule, og kom på rom med ein kar eg aldri kom heilt overeins med. Ein ting var den håplause musikksmaken hans, ein annan ting var at Sandemose var favorittforfattaren hans. Eg hadde lese éi bok av Sandemose, og var ikkje spesielt imponert. Eg trur det var denne boka, og eg trur eg las ho på gymnaset. Men det kan ha vore den om flyktningen, og det kan ha vore på ungdomsskulen.

Boka handlar om den unge dansken Espen Arnakke, som rømmer frå eit skip utanfor den canadiske austkysten. Han endar etter kvart i Beaver Coulee, eit lite dansk-canadisk jordbrukssamfunn i Alberta. På vegen dit har han drepe ein mann, og han slit litt med dette. I Beaver Coulee arbeider han som dreng nokre år, før han kjøper sin eigen eigedom. Han er ofte i slagsmål, både gifte og ugifte kvinner likar han, han vert hemmeleg trulova med ei ung dotter til ein av dei han kjem på kant med. Han får nokre vener, han får mange uvener.

Eg hadde ikkje spesielt store forventningar til boka. Det var bra, elles hadde eg vorte endå meir skuffa enn eg vart. Det er ei kjedeleg bok, språket er livlaust, handlinga går tregt, og det er i det heile vanskeleg å finna noko positivt å seia om boka.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

11. august 2015

Odd W. Surén: Kometenes øyeblikk (2001)

Tommy Kristoffersen er ein romanfigur det er lett å lika. Hadde han vore ein verkeleg person hadde det truleg vore langt verre (sjølv om Marit meiner at han minner heller mykje om meg). Han trur han er langt viktigare enn han er, han trur han veit langt meir enn han er, han ser på alle andre som neper, han er sjukeleg oppteken av kva andre meiner om han, han er redd for å skilja seg ut, han er redd for at livet hans skal verta avslørt som mislukka, osb. Romanen, som er den andre i ein trilogi, vert fortalt av Kristoffersen sjølv, slik at me som les boka vert vitne til alt som skjer i hovudet hans. Og det er ikkje lite.

I den fyrste romanen om Kristoffersen, Dråper i havet, måtte han reisa i bryllaupet til broren. Den samkoma gjekk ikkje så bra. I denne romanen er utgangspunktet omtrent det same. Det er 25 år sidan han gjekk ut av ungdomsskulen, og han får invitasjon til ein jubileumsfest. Merkeleg nok bestemmer han seg for å reisa, og merkeleg nok går både reisa og festen relativt bra. Men Kristoffersen skjønar det ikkje heilt, han forstår ikkje korleis han kom seg så lett gjennom Gardermoen, og kan i alle fall ikkje forstå at han er relativt omsverma på festen. Fleire av dei som er der likar han godt, både kvinner og menn, men han mistenkjer dei heile tida for å gjera dette som ein vits, at dei eigentleg ikkje meiner det dei gjer og seier.

Her er ekstremt mykje å le av i denne boka. Kristoffersen framstiller seg sjølv relativt komisk, og Surén skriv òg hylande morosamt. Skal ein trekkja for noko, må det vera det siste kapitlet, der Kristoffersen går frå festen utan at nokon merkar det, og tenkjer på sitt på veg heim. Romanen hadde nesten fortent ein slutt med litt meir fres i.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

9. august 2015

Ringenes herre: Atter en konge (2003)

Eg tok visst feil. Slik eg skreiv då eg såg film nummer to i trilogien for nokre dagar sidan, hugsa eg det slik at dei to fyrste filmane var gode, medan den tredje var middels. No opplevde eg det slik at filmen i midten var den svake - denne avslutningsfilmen var heilt grei (sjølv om framsyninga vart litt hemma av ein nabogut var innom, og kakla og kakla gjennom heile filmen).

Det er igjen ei todelt handling. Den onde Sauron sender ut alt omtrent alt han har av krigsmateriell mot Minis Tirith, hovudstaden i Gondor. Der står det avgjerande slaget, og Sauron ligg an til siger. Heilt til Aragorn kjem susande saman med ei stor forsamling skrømt, som vil få sleppa gjennom til dødsriket om dei hjelper Aragorn å vinna slaget. Samstundes krabbar Frodo og Sam vidare mot dommedagsfjellet i Mordor, og for å hjelpa dei den siste vegen går Aragorn med styrkene sine mot Mordor, slik at alle attverande orkar der vert lokka vekk. Frodo og Sam får fri bane, og greier (overraskande nok) å øydeleggja ringen.

Utan veike punkt er heller ikkje denne filmen. Flashback til 1930-åra - grunnen til at A Night at the Opera vart ein så stor suksess for Marx Brothers skal ha vore at den legendariske filmskaparen Irving Thalberg såg at filmane deira berre appellerte til menn. Han insisterte på å få inn meir romantikk i manus, og sjølv om det gjorde filmane mindre løgne, nådde dei eit langt større publikum. Slik er det òg med det som er av romantikk her - det verkar litt malplassert, og gjer ikkje filmen betre. Dei rundt tjue minutta etter at ringen er øydelagd er òg i stor grad eit pliktløp, der det renn over med gjenforeiningar og farvel.

Guffen tilrår.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Hobbiten (1937)
Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
Ringenes herre: To tårn (2002)
Hobbiten. En uventet reise (2012)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

8. august 2015

Greil Marcus: The History of Rock'n'roll in Ten Songs (2014)

Det verkar jo som ei meiningslaus oppgåve: Skriv historia om rock'n'roll med utgangspunkt i ti songar. Og det er heller ikkje det Greil Marcus gjer. I staden skriv han ni essay om desse ti songane, pluss det han kallar eit instrumental mellomspel om ein ellevte song.

Og det gjer han på ein aldeles glimrande måte. Essaya hans er slik essay skal vera - kunnskapsrike, flygande, lærerike og velskrivne, og svært ofte er dei òg underhaldande. Utvalet av songar er nok prega av at Marcus er fødd midt i 1940-åra, her er klar overvekt av songar frå 1960-åra, og når han skriv om noko som har skjedd etter århundreskiftet er det oftast når artistar gjer nye versjonar av eldre songar.

Skulle eg tippa på førehand kva songar og artistar han ville skrive om, ville eg bomma på det aller meste. Sjølv om han nemner dei fleste artistane eg ville tippa han hadde inkludert, spelar dei ikkje hovudrolla i essaya. Her er ingen essay om Elvis, Rolling Stones, Dylan, Sex Pistols, Radiohead, Patti Smith, Neil Young, Clash, eller nokre av dei andre eg truleg ville ha tippa. Her er essay om Beatles, men songen han skriv om er "Money (that's what I want)", der Barrett Strong hadde originalversjonen. Songane han skriv om er "Shake Some Action" (Flaming Groovies), "Transmission" (Joy Division), "In the Still of the Night" (The Five Satins), "All I Could Do Was Cry" (Etta James), "Crying Waiting Hoping" (Buddy Holly), "Money Changes Everything" (The Brains), "The Magic Moment" (Ben E. King and the Drifters), "Guitar Drag" (Christian Marclay) og "To Know Him Is To Love Him" (Teddy Bears), pluss eit essay om Robert Johnson. Og i dei fleste artiklane skriv han om versjonar gjort av andre artistar, og så er han brått innom noko heilt anna.

Eg har lese mange artiklar av Marcus, men denne er den fyrste boka hans eg har lese. Det er vanskeleg å sjå føre seg ein meir kunnskapsrik musikkjournalist/-forfattar, og det er òg vanskeleg å finna ein musikkjournalist/-forfattar som skriv betre. Det var så godt som stas heile vegen, og det går vel slik det vanlegvis gjer: Om ikkje altfor lenge les eg fleire bøker av nye favorittforfattarar.

Guffen tilrår.

Ringenes herre: To tårn (2002)

Slik eg hugsar det frå då eg såg denne trilogien på kino, var dei to fyrste filmane godkjende, medan den tredje filmen var langt svakare. No har eg altså sett dei to fyrste filmane med nokre få dagars mellomrom, saman med Aslak og Ivar, og eg må visst revurdera oppfatninga frå gamle dagar: Denne filmen er langt svakare enn den fyrste.

Den fyrste filmen opna med at brorskapet vart splitta. Frodo og Sam heldt fram mot Mordor, Munti og Pippin var tekne til fangar av orkar, Boromir var død, Gandalv det same (trudde alle), og Legolas, Aragorn og Gimli la ut for å befri dei to fanga hobbitane. Denne filmen er altså delt opp på fleire ulike handlingar, og det er kanskje ein av grunnane til det ikkje går like godt unna her. Av og til er det keisamt, som dei bevisst langdryge scenene der Munti og Pippin er hjå entane. Andre gonger svingar det meir.

Frodo og Sam allierer seg med Gollum/Smeagol, vert tekne til fange av menneske, men vert slepne fri og har stø kurs mot dommedagsfjellet. Dei andre vert alle involverte i eit stort slag mellom dei onde (orkar) og dei gode (stort sett alle andre), og det er det slaget som dominerer i filmen. Det er òg det filmen kulminerer med, og dei gode vinn, etter at Gandalv reddar dagen i siste augneblink, saman med krigarar som tidlegare var utviste frå landet til folket som heldt på å tapa slaget.

Effektane er gode, og eg merkar filmen framleis fengar dei yngste, men for meg vart altså dette litt mindre vellukka enn eg trudde.

Guffen er lunken.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Hobbiten (1937)
Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten. En uventet reise (2012)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

2. august 2015

Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)

Fantasy-filmar er ikkje den sjangeren eg likar best. Men Aslak og Ivar har spurt om ikkje dei kan få sjå denne filmen (og dei to andre i trilogien), og sidan dei er litt i grenseland for tilrådd aldersgrense, såg eg filmen saman med dei.

Eg har sett han før, og eg las òg bøkene for lenge sidan. Det er eit fengande eventyr, der det (sjølvsagt) er rimeleg oversiktleg kven som er på lag med kven. I filmen er det svært tydeleg kven av dei ni i brorskapet som (mellombels) skal svikta Frodo; derimot er det litt meir overraskande at trollmannsjefen til Gandalf skiftar side.

Kort resymé? Hobbiten Frodo har den mektigaste ringen i verda. Viss Sauron, den ondaste skurken i verda, får tak i ringen, går heile verda til pises. Ringen må øydeleggast, og den einaste måten det kan gjerast på er å kasta han i dommedagsfjellet i Mordor. Hobbitar er puslingar, men heldigvis får Frodo hjelp av trollmannen Gandalf, dvergen Gimli, alven Legolas, dei to mennene Aragorn og Boromir, og tre andre hobbitar som rota seg inn i det heile. Saman utgjer dei Ringens brorskap, og dei møter mange rare skapningar på sin veg - svarte ryttarar på svarte hestar, holetroll, ein demon og ekstreme mengder orkar, men dei fleste kjem seg trygt forbi, og vidare mot Mordor. Filmen sluttar med at brorskapet vert splitta, og Frodo og Sam reiser vidare åleine.

Det er ein film som fengar, her i stova fenga han òg dei som ikkje hadde sett han før. Det er spanande, det er (stort sett) gode dataeffektar, det er passeleg med humoren, og dei minste sette òg pris på at valden ikkje var meir valdeleg. Så då er det vel ikkje anna råd enn å sjå dei to neste filmane òg, om ikkje altfor mange dagane.

Guffen tilrår.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Hobbiten (1937)
Ringenes herre: To tårn (2002)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten. En uventet reise (2012)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

Joe Kidd (1972)

Ny fjernsynskveld, ny western. Me er igjen i det sørvestlege USA, der revolvarmannen Joe Kidd er litt for glad i å drikka, og vert sett nokre dagar i fengsel rett som det er. Han møter i retten dagen etter ei natt i fyllearresten, og då han er på veg ut vert lokalet storma av nokre meksikanarar, under leiing av Luis Chama. Dei protesterer mot at den amerikanske regjeringa let amerikanarar stela gardane til meksikanarar, og seier meir eller mindre at dei går til krig. Frank Harlan, som eig mykje jord i området, vil stoppa Chama, og vil ha Kidd med på laget. Kidd vert litt motviljug med, og fører dei til landsbyen der Chama og folka hans skal vera. Chama er ikkje der, og Harlan tek alle i byen til gislar. Han stengjer òg Kidd inne med gislane. Kidd kjem seg ut, oppsøkjer Chama, og saman greier dei å knekkja banden til Harlan.

Kidd vert spela av Clint Eastwood, og han spelar ei rolle han har spela i andre filmar òg: Han er ordknapp, han skjønar alt som skjer, og han er suveren med revolvaren. Her er òg andre habile skodespelarar, Robert Duvall spelar til dømes Harlan.

Filmen er heilt grei. Som vanleg i westernfilmar er det ikkje vanskeleg å skjøna kven som er på kva lag, eller kva som kjem til å skje, men det er likevel heilt fin underhaldning.

Guffen tilrår.