29. september 2011

Åke Holmberg: Ture Sventon i London (1950)

Dette er solide saker. Eg hadde eigentleg lyst til å skriva at etterkrigstida var ein gullalder i svensk barne- og ungdomslitteratur, men sidan eg sjølv ser to innvendingar mot ein slik påstand, kan det vera greitt å droppa det. Eg veit for lite om svensk litteratur til å vita om det stemmer, og dessutan kjem det jo stadig ut glimrande barnebøker på svensk, både seriane om Bø og Bæ og Prikk og Flekk er fine greier. Dessutan ville eg grunngje den tynne gullalderhypotesa ved å visa til dei aldeles fabelaktige bøkene Ulf Löfgren og Leif Krantz (og til dels Astrid Lindgren) laga om Ole og Anna Fia, men dei kom tidleg i 60-åra, slik at det er kanskje for stort mellomrom mellom Sventon og dei andre til å slå dei saman til ein gullalder.

Men altså: Dette er solide saker. Eg las Ture Sventon i ørkenen for mange år sidan, og slo til då eg fann denne og ei til i eit antikvariat. Det angrar eg ikkje på, det er ikkje kvar dag eg ler så godt av bøker eg les.

Sjølve historia er grei nok. Der er nokre originale trekk, privatdetektiven Ture Sventon har til dømes ein svakheit for vassbakkels. Han har ein talefeil som gjer at han seier bannbakkesser og pitol. Og han har eit flygande teppe. I denne historia får han besøk av den engelske lord Hubbard, som har kome heilt frå London for å få svar på eit mysterie heimefrå: Kven er den mystiske mannen som brått dukkar opp heime hjå han, og som forsvinn like fort som han kom? Sventon-kjennarar veit sjølvsagt at det er Ilderen, erkefienden til Sventon, og kjennarar veit òg at Sventon kjem til å løysa mysteriet. Det er likevel ikkje der gleda over denne boka ligg.

Den ligg i språket. Boka er glimrande omsett av Zinken Hopp, og her er nok av utsøkte situasjonar og dialogar. Samtalen mellom Hubbard og Sventon er eit fint eksempel på dette, begge er like glade i å misforstå det den andre seier. På dei åtte-ti sidene denne samtalen varer er me innom ei rekkje tema, som underbukseprodusentar i England, kunstverk av ein ukjent meister ("Ukjent? Hvordan kan dere vite at det var en mester da?"), gåver frå den britiske kongefamilien, ro-tevlinga mellom Oxford og Cambridge,  og sikkert nokre til, før dei endeleg kjem til poenget.

Guffen tilrår.

Meir Holmberg på kulturguffebloggen
Ture Sventon. Privatdetektiv (1962)

28. september 2011

Frode Grytten: Saganatt (2011)

Frode Grytten byr denne gongen på tre romanar samla i eitt band. Dei tre romanane er nære slektningar, det gjennomgåande temaet er kva som har gått gale i det norske samfunnet. I dei tre romanane møter me òg tre nære slektningar. I den fyrste, Kom søndag, møter me Arvid Lunde. Far hans, Harold Lunde, har hovudrolla i den andre, I morgon er det måndag, medan son til Arvid, Ronny, har ei birolle i den tredje, Den åttande dagen.

I morgon er det måndag er den klart beste, og den einaste av dei tre som verkeleg er vellukka. Harold Lunde var lenge møbelhandlar i Åsane, men butikken hans møtte veggen då det dukka opp eit IKEA-monster i nabolaget. Lunde, som no er pensjonist, reiser til Sverige for å kidnappa IKEA-sjefen Ingvar Kamprad. Han er ikkje heilt sikker på korleis han skal gjera det, eller kva han går til, men han får det til, i alle fall sånn delvis.

I Kom søndag er utgangspunktet Odda, og handlinga dekkjer det meste av 1980-åra. Arvid Lunde kjem til Odda for å verta gymnaslærar. Det greier han sånn nokolunde, men han gjer større lukke som investor, og er ei tid god for millionar. Han flyttar til Oslo, og der står nedturane i kø. Han flyktar vestover, og døyr i ei trafikkulukke i Odda nyttårsafta 1989.

Den siste romanen er den svakaste. Her møter me Gerhardsen og Bratteli, som saman med andre ulevande køyrer rundt i Oslo for å ordna opp i situasjonar der gode sosialdemokratar har problem.

Det handlar altså mykje om endringane i det norske samfunnet dei siste tiåra. Dei to fyrste delane er lagt til Odda og Åsane, og dei to stadene er gode døme på kva som har skjedd. Odda er ein av mange industristader som har slite etter at fabrikkane vert mindre produktive eller nedlagde, medan Åsane har tapt identiteten sin på ein annan måte: Der sprett det opp svære kjøpesenter, slik at heile staden vert redusert til ein stad for auka forbruk. Møbelhandlar Lunde irriterer seg over kor upersonleg det vert, kor likt det vert. Han ser seg sjølv som ein menneskekjennar, ein som var i stand til å levera draumar på vår jord, men slik er det ikkje lenger.

Det er ei ujamn bok. Grytten skriv godt, men ikkje utan unntak. Den siste delen verkar som han er tenkt langt meir morosam enn han faktisk er - der er nok av setningar og uttrykk som ser ut til å vera der for at lesaren skal le. Eg lo ikkje.

Guffen er lunken.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

27. september 2011

Frå arkivet: Kirsty MacColl: Titanic Days (1993)

Det er rart. Nokre plater berre snik seg innpå deg, og slepper aldri taket. Eg hugsar ikkje kven som fyrst spelte MacColl for meg, truleg var det Dina. I alle fall var det plater eg vart glad i - fyrst Kite, og seinare denne. Begge er gode, denne er hakket betre.

Det er snill og god popmusikk, dette. Plata har eit godt og ope lydbilete, som er dominert av stemma til MacColl. Det er denne, og orda ho syng, som fengar sterkast. Tekstane er stort sett glimrande. Ho bruker eit enkelt språk, men seier likevel langt meir enn dei orda ho bruker. Det vert hinta om både gode og mindre gode dagar. Det vanlegaste er kanskje at ho tenkjer tilbake på langt betre dagar.

Det var eigentleg berre det. Ei finfin plate eg har høyrt på i nesten tjue år.

Kva skjedde etterpå? Dei neste platene hennar høyrde eg mindre på, men eg fekk ikkje spesielt mykje ut av det. Ho samarbeidde mykje med andre musikarar, både før og etter denne plata, men gav òg ut eigne plater. I 2000 vart ho påkøyrd av ein båt i Mexico, og døydde av skadene.

Guffen tilrår.

20. september 2011

The Tree of Life (2011)

Fy fasan. Ein aldeles nydeleg film. Då filmen var over sat eg der berre - ikkje av di eg skulle sjå rulletekstane, men av di eg var heilt sett ut. Den kjensla sat i minst heile vegen attende til hotellet.

Terrence Malick lagar ikkje så mange filmar, men dei han lagar er verdt å sjå. Ingen av dei andre har likevel vore så stilreine og elegante som denne. Ingen av dei andre har heller ikkje vore så surrealistiske som denne, eller fortalt historia på ein så lite kronologisk måte.

Det er ein far-son-film, på to ulike plan. Brad Pitt er ein streng, av og til tyrannisk far, i ein familie i Texas i 1960-åra, omtrent. Den eldste sonen, som i den lengste delen av filmen er rundt tolv år, går ikkje overeins med Pitt, mest av di han treng ein heilt annan farstype enn ein som krev total disiplin, og som gjerne vil læra sønene å boksa. Sonen gjer opprør, han gjer litt hærverk og mishandlar dyr saman med andre gutar. Også dei to brørne hans er prega av den strenge faren, huset deira er berre ein retteleg heim den gongen faren reiser jorda rundt i eit mislukka forsøk på å selja ein av patentane sine.

Samstundes handlar det om forholdet mellom menneske og guden deira. Her er ei rekkje voice-overs der mora snakkar til guden sin. Her er òg nokre lange sekvensar frå skapinga av jorda, og om livet på jorda i retteleg gamle dagar, mellom anna ei scene med nokre dinosaurar. På slutten av filmen er alt harmoni, der er alle igjen gode vener, der dei går rundt på ei strand. Dette kan godt vera meint som eit himmelsk liv, eit liv ved slutten av verda.

Det er ei sterk historie, men det som gjer sterkast inntrykk er det visuelle. Det er ein fryd å sjå filmen. Bileta er finfine. Filmen vekslar mellom notid og fortid, det kjem gjerne noko som kan vera drøymesekvensar. Heile tida er kameraet i rørsle, det bevegar seg sakte, og er med på å skapa ei kjensle av at noko skummelt lurer på deg, eller at noko skummelt snart dukkar opp. Og det er musikk heile tida, mykje klassisk musikk, og denne er så til dei grader med å byggja opp under stemninga og spenninga. Eg storkoste meg altså, eg har nesten lyst til å sjå filmen igjen med ein gong.

Guffen tilrår.

Meir Malick på kulturguffebloggen
Badlands (1973)
Thin Red Line (1998)
The Hidden Life (2019)

19. september 2011

Kjell Hallbing: Der ørnene dør (1974)

Mot slutten av 80-åra var eg ved Little Big Horn i Montana. Der stod det truleg mest vidgjetne slaget mellom indianarar og kvite soldatar, i 1876. Eg var der seint på hausten, det var nesten folketomt, og det var rart å gå gjennom det kvilande landskapet og tenkja på grunnen til at stadnamnet vart kjent. General Custer, ein spradebasse av ein general som var like ambisiøs og PR-kåt som han var dumdristig og naiv, braut ordrane han hadde fått. Han venta ikkje til alle soldatane var komne i posisjon, og var dum nok til å angripa ei av dei største samlingane av indianarar gjennom tidene. Custer hadde med seg rundt fem hundre mann, indianarane hadde bortimot 2000. Det gjekk som det måtte gå, indianarane tok lett livet av rundt 270 soldatar.

I månadene før eg var der hadde eg lese Stephen Ambrose sin glimrande dobbeltbiografi om Custer og indianaren Crazy Horse, som var ein av dei leiande indianarane ved Little Big Horn. Ambrose var klart mest sympatisk med Crazy Horse, og eg såg ingen grunn til å leggja sympatien min ein annan stad. I denne boka, der Hallbing skriv Morgan Kane inn i ekspedisjonen til Custer, ligg sympatien same stad. Custer vert framstilt som ein sjølvopptatt og eigenrådig general, som får det han ber om.

Kane er ung når dette skjer, godt og vel tjue år, og han har eigentleg ei birolle i heile historia. Det verkar som om Hallbing vil fortelja lesarane at dei amerikanske soldatane gjekk feil fram, at dei behandla indianarane på ein lite menneskeleg måte. I dag er dette sjølvsagt, i 1974 var det mindre opplagt, og - med fare for å generalisera - truleg i endå mindre grad hjå den vanlege Kane-lesaren. Boka er langt tjukkare enn dei andre bøkene i serien, og utgåva eg las kom ut åtte år seinare, i Den norske Bokklubben. Og under det eigentlege namnet til Kjell Hallbing.

Eg las mykje Morgan Kane då eg var yngre. Eg hugsa denne boka som ei av dei beste, og kjøpte ho sist eg var på Fretex. Eg vart nok ikkje altfor imponert. Hallbing stiller tidvis for små krav til lesaren, for mykje vert forklart. Det tek tid før Kane slår følgje med Custer, og fram til det skjer går boka av og til på tomgang. Kan grev etter gull, han vert (nesten) antasta av to andre gullgravarar, han drep dei, han overlever så vidt, han er med på ein militærekspedisjon, han driv dank i militærleiren, han drikk og horar.

Det er òg overraskande at ein så god forteljar som Hallbing ikkje greier å skriva om sjølve slaget på ein betre måte. Likevel - her er mange gode passasjar, og ved nokre høve dukkar det opp setningar og uttrykk som er gode. Det er òg ei god løysing at Kane ved fleire høve møter indianaren Little Big Man. Han sparar livet til Kane fleire gonger, men vert seinare med på å ta livet av sjølvaste Crazy Horse.

Guffen er lunken.

Meir Morgan Kane på kulturguffebloggen
Den store boka om Morgan Kane (2014)

17. september 2011

Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)

Eit halvt år på etterskot vart 75-åringen Johannes Gjerdåker heidra. Ei rekkje personar var med denne kvelden, som både viste at Gjerdåker har gjort mykje i livet, og at han har gjort mykje bra. Det er ein del av sjangeren at jubilantar får mykje heider på arrangement som dette, men i dette høvet var det meste på sin plass. Det var òg gledeleg at det var svært få av dei som hadde ordet som greip til lause og tomme klisjear, dei fleste fekk på godt vis fram kva dei meinte om Gjerdåker.

Her var innslag frå fleire land, som fekk fram at sjølv om Gjerdåker har arbeidd mykje med lokalhistorie, er han absolutt open for det som rører seg i andre kulturar. Iranske Javid Afsari Rad imponerte stort på sutar - det var det einaste musikalske innslaget der eg tenkte at dette kunne eg høyrd i timevis. Det er ikkje det same som at resten av musikarane var dårlege, men han var i særklasse den mest originale. Dei andre framførte (utan unntak, trur eg) attdiktingar av Robert Burns. Det er vel og bra, men Gjerdåker har omsett langt fleire diktarar enn Burns. Det vart sagt av fleire, eg kunne gjerne høyrt fleire av dei dikta òg, anten med eller utan musikk til.

Eg sit saman med Gjerdåker i redaksjonen for Gamalt frå Voss. Tredjemann i redaksjonen bar fram ei helsing, men tidlegare same dagen funderte eg på kva eg ville ha sagt, viss det var eg som skulle helsa. Eg samla meg om eit sitat av Tarjei Vesaas, som eg opna hovudoppgåva mi ein gong på 1900-talet, det om at det ein seier gjerne vert liggjande på golvet som eit par skeive sko, medan det ein ville sagt kjendest som flygande fuglar (sitert etter minnet). Kristin Fridtun, språkspaltist i Dag og Tid, heldt eit fint innlegg der ho mellom anna snakka om korleis ho kjende Gjerdåker, og ho ordla seg på ein slik måte at eg tenkte at her hadde det passa med Vesaas-sitatet. Eg vart både overraska og imponert då ho faktisk drog fram akkurat det sitatet. Spooky.

Både Fridtun og islandske Bergsveinn Birgisson nemnde at telefonsamtalar med Gjerdåker har lett for å verta lange, og det vart òg nemnt at det er uvanleg at ein 75 år gamal mann heile tida vil læra noko nytt. Eg kjenner meg igjen i begge delar, og det er jo ein samanheng der: Ein mann som heile tida vil ha svar på fleire spørsmål har ofte lange telefonsamtalar.

Det var ein fin kveld, arrangert av Lesehug og Voss bibliotek. Det var òg stas at så mange møtte opp for å heidra Gjerdåker. Utan han var me mange som var fattigare.

Guffen tilrår.
Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Henrik Krohn: Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868)
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss, 24.1.14)

Meir Lesehug på kulturguffebloggen
Kven skal læra han Ivar å lesa? (Voss kulturhus, 10.12.11)

10. september 2011

Michael P. Ghiglieri og Thomas M. Myers: Over the Edge: Death in Grand Canyon (2001)

"Beyond the life-saving lessons that the episodes in this book may teach us, most of its stories of Grand Canyon death and disaster are amazing, a few are truly unbelievable, some are absurd, and yet others heroic. We hope you find them fascinating as well as illuminating. But be warned: the amount of astonishing history in this book may keep you up past your bedtime."

Det er ikkje så uvanleg at forfattarar vurderer sine eigne bøker som så gode og viktige at lesarane truleg ikkje greier å leggja dei frå seg. Det er litt mindre vanleg at dei faktisk skriv dette i føreordet til boka. Og det er endå mindre vanleg at det faktisk er sant. I dette tilfellet stemmer det.

Ghigliere og Myers har lang røynsle med Grand Canyon. Dei har vore innom store delar av dette enorme og til dels vanskeleg tilgjengelege området, og Myers har òg budd og arbeidd i Grand Canyon Village, som ligg ved den sørlege kanten av canyonen. Dei kjenner dalen godt, men det er ikkje den viktigaste grunnen til at denne boka er så bra. Langt viktigare er det at dei kan skriva, og byggjer opp dramaet i teksten på ein finfin måte.

For her er mykje drama. I alt har nesten 600 personar mist livet i eller ved Grand Canyon, og, slik dei sjølve skriv, her er mange utrulege historier. Så lenge mange av historiene endar med eitt eller fleire dødsfall er det sjølvsagt trist av og til, men like ofte er det noko å le av. Fleire gonger tenkte eg "går dette verkeleg an"? Eitt slikt døme er han som, på jakt etter eit godt fotomotiv, fall utfor den sørlege kanten - han stod med ryggen til canyonen, og ville ta bilete av eitt av husa i Grand Canyon Village. Eitt anna døme er han guten som overnatta nede ved Colorado-elva, og som ein av dei vaksne vaktene ikkje fann då han gjekk ein runde om natta. Det vart etter kvart klart at han hadde drukna i elva, men kvifor og korleis vart ikkje klart før det kom for ein dag at han ofte gjekk i søvne.

Det er òg utruleg å lesa om militærflyet som får motorstopp på ein nattleg flytur, og der tre av dei fem ombord kastar seg ut i fallskjerm. Flyet får motoren i gang igjen, medan dei tre siglar sakte nedover mot landjorda - ein av dei meinte at fallskjermturen hans varde i fjorten minutt. Dei såg lys frå byar i det fjerne, før alt vart myrkt, og dei skjøna at dei var på veg ned i Grand Canyon. Alle overlevde. Og det er vanskeleg å unngå å le når ein les om ho sjølvmordaren som hadde sett Thelma og Lousie meir enn femti gonger, og som ville kopiera sjølvmordet deira. Diverre køyrde ho seg fast like ved kanten. Ho gjekk ut av bilen, sprang mot kanten, og hoppa utfor. Ho landa på ei hylle seks-sju meter lengre nede. Tredje gongen gjekk det betre (evt. verre) - ho reiste seg, og stabba utfor kanten på hylla.

Dødsfalla er sortert inn i bolkar, og den lengste delen, den om alle som har drukna i elva, vart litt for repeterande. Her vart det for likt, og her burde dei ha kutta ned på dei mange historiene, som altså vert for like. Sjølv om dette er den lengste delen, er det ikkje drukning som er den vanlegaste dødsårsaka i Grand Canyon. Andre vanlege dødsårsaker er å falla frå kanten, eller dø av heiteslag, eller verta teken av ei flaumstor elv (som kan koma svært brått), men heller ikkje desse når heilt til topps. Den vanlegaste dødsårsaka i Grand Canyon er flyulukker. Fleire personar har mist livet i slike ulukker enn alle som har drukna, falle, ikkje takla varmen, eller vorte tekne av flaum - til saman. Ein grunn er at lufta over Grand Canyon er full av turbulens, ein annan er at i 1956 kolliderte to passasjerfly over Grand Canyon. Alle dei 128 ombord miste livet.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
John Wesley Powell: The Exploration of the Colorado River and its Canyons (1895)
Michael Ghiglieri og Charles Farabee: Off the Wall. Death in Yosemite (2007)

9. september 2011

Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)

Endå ei bok basert på stoff frå Dag og Tid, og endå ei bok som er verd å få med seg. Erling Lægreid har det siste året (omtrent) hatt korte artiklar der han skriv om kjende personar han har møtt på sin veg. Det er ikkje meint å vera grundige biografiar, det er skisser der han godt kan konsentrera seg om ein enkelt episode. Han skriv om godt og vel førti personar, og her er langt mellom bomskota.

Boka opnar med eit nyskrive føreord der Lægreid kort fortel om livet sitt. Oppvekst i Årdal, studiar i Oslo, der han etter kvart fekk seg jobb i NRK. I dette føreordet kjem der to kraftige hint om kva me har i vente. Han har lett for å koma i kontakt med folk, og er aktiv på mange område. Og han likar å smørja litt på når han fortel - 'lyg litt meir', seier ei av tantene hans.

Eg anar ikkje om han lyg her, eller kor mykje han eventuelt lyg, men han skriv sjølv at noko av det han ber vidare er mytar, og at han ikkje kan gå god for at alt er sant. Ein stad bruker han den opne formuleringa "det skal vera sant at ..."; ein annan stad skriv han at han aldri sjekkar ei god historie. Det er dei gode historiene som interesserer han, og det er dei interessante personane som interesserer han mest. Han skriv om møte med ei rekkje forfattarar, nokre politikarar, og nokre mediafolk. Det er spesielt fascinerande korleis han får så god kontakt med så mange forfattarar, også slik som på fleire måtar stod langt frå kvarandre.

Her er litt overlapping, både i personell og innhald. Det fyrste kan ein ikkje unngå, når han har artiklar om både Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas, vert begge to nemnde i begge artiklane. Han skriv òg om då han tok med seg Olav H. Hauge til Midtbø, altså der Vesaasane budde. Dette er greitt, det er verre når det same poenget kjem att i fleire artiklar. Spesielt når desse artiklane kjem tett på kvarandre - med fem siders mellomrom vert det to gonger nemnt at Trygve Bull sa De til Lægreid, medan Lægreid sa du til Bull.

Guffen tilrår.

Meir Lægreid på kulturguffebloggen:
Bak maska (1994)
Fleire nærgåande skisser (2012)

Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)
Agnes Ravatn: Stillstand (2009)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)
Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Agnes Ravatn: Verda er ein skandale (2017)

4. september 2011

Bristol Palin: Not Afraid of Life (2011)

Dette var andre bollar. Dotter til Sarah Palin gjev ut ein slags sjølvbiografi som tjue-åring, og eg er dum nok til å kjøpa. Eg trudde nok at det kom til å verta endå løgnare enn det var, at Bristol Palin skulle - uforvarande - stilla seg i eit endå dårlegare lys. I staden vert det meir trist enn løye.

Då mora vart visepresidentkandidat før det amerikanske presidentvalet i 2008, stod ho fram som ei god, kristen, uramerikansk dame. Den eine, store bristen i dette glansbiletet var at den syttenårige dotter hennar var gravid, og det tok ikkje lang tid før det kom fram at faren ikkje var noko spesielt å samla på. Bristol Palin gjev ikkje noko truverdig forklaring på kvifor ho heile tida kom tilbake til denne guten, Levi - tvertimot skin det heile tida gjennom at ho synest han var ein tapar. Han fullførte ikkje highschool, lyg om alt mogleg, er ikkje trufast, og tek absolutt ikkje ansvar for andre enn seg sjølv. Kanskje det var akkurat dette ho fann fascinerande, kanskje han var ein betre kar enn ho framstiller han som her, kanskje ho rett og slett var kåt.

Ho lever i alle fall ikkje opp til sine eigne moralske krav. Ho har ingen problem med å sniklesa tekstmeldingar han får, ho har ingen problem med at dei har sex, og ho er grunnleggjande mistenksam. Får han ei tekstmelding spør ho kven det var frå - "er det ei jente?"

Ho vert altså gravid, dei forlovar seg, dei gjer det slutt, og ho opplever alt han som gjer som eit svik. Då son hennar, Tripp, vert fødd let ho ingen andre fotografera han. Ho reknar med at det fyrste bladet som får trykkja eit bilete av Tripp kjem til å betala så enormt mykje at det kan sikra heile framtida hennar, og dei pengane vil ho ha. Levi sel eit bilete til magasinet Star, og Palin er nærmast sjokkert over at han berre fekk 5000 dollar for det. Han tente òg pengar på andre måtar - han var mellom anna med i ein pistasj-reklame, der han stod saman med ein bodyguard, som sjekka at alt var klart før Levi opna ei pistasjnøtt. "Now Levi Johnston does it with protection". Seinare poserte han for Playgirl.

Seinare kjem dei saman igjen, og forlovar seg på nytt. Nokre dagar seinare fortel han at han truleg har gjort ei anna jente gravid, og at ho har termin om fjorten dagar. Det vert slutt på nytt. Slik held det fram - ho har eit bra talent for å vikla seg inn i situasjonar ho burde halde seg unna. Ho takkar ja til å vera med i Skal vi danse, og tek tredjeplassen, sjølv om både ho sjølv og andre seier at ho er ein svak dansar. Andre meiner at det er dei politiske supporterane til mor hennar som stemmer på ho; ein mann i Wisconsin vart så irritert då ho gjekk vidare til endå ein ny runde at han gjorde det einaste rette, sett med amerikanske auge: Han skaut fjernsynet sitt.

Men det er altså mest trist. Ho prøver å framstilla seg som ein klok og god person, kanskje til og med som ein person som har noko viktig å fortelja. For meg vert ho naiv, sjarmlaus, og ikkje spesielt reflektert. Det er greitt at sjølvbiografi er ein sjanger der forfattaren kan pynta litt på sanninga, men likevel.

Guffen er lunken.

1. september 2011

Barbara Sinatra: Lady Blue Eyes. My Life With Frank (2011)

Av og til, når ein les ei bok, funderer ein på kvifor ein kjøpte den boka. For meg var grunnen klar her - Barbara Sinatra var tidlegare gift med Zeppo Marx, den av Marx-brørne det er skrive minst om. Sjølv om dei to vart skilt, kunne det jo henda at ho hadde noko fornuftig å seia om han. Eg rekna ikkje med at ho kom til å presentera eit spesielt nyansert bilete av Sinatra, og det gjer ho heller ikkje.

Ho er litt sånn krig og fred og politikk og religion. At giftarmålet med Sinatra gav ho sjansen til å leva eit liv i luksus var for ho det beste som kunne ha skjedd. Ho vassar i diamantar, ho reiser verda rundt utan å gjera anna enn å vera kone, ho vert kjend med kongar og knektar og skodespelarar og rikfolk, og er svært nøgd med det.

Då Sinatra omsider skulle halda ein konsert i Brasil, var det møtt fram tusenvis av fans utanfor hotellet. Då dei to gjekk ut av bilen, storma alle mot dei, og det var truleg fare for livet. For Barbara Sinatra var ikkje det det viktigaste: "Reaching a bottleneck near the hotel entrance, we were pushed up against the wall as hands started tearing through our clothes. I was wearing real diamond earrings and thought, Good God! I'm gonna lose everything!" Ho dreiv med litt veldedigheitsarbeid, og oppretta mellom anna eit behandlingssenter for mishandla og misbrukte born. Ho foreslo at ein del av behandlinga burde vera at dei vart friserte og sminka, slik at dei kunne sjå seg i spegelen og sjå kor flotte dei eigentleg var. Ho verkar svært oppteken av eigen utsjånad, der er ei rekkje foto av ho i boka, og ho ser ut til å vera ei av desse som, viss det dukkar opp eit kamera, automatisk hentar fram eit smil ho truleg har øvd på.

Det er ikkje tvil om at ho var glad i Sinatra. Det er ikkje måte på kor mykje godt ho kan seia om han. Han var omtenksam, romantisk, god kokk, glad i folk, glad i dyr, rettferdig, osb. Andre har hevda at han hadde nærkontakt med mafiaen, men det stemmer ikkje, skriv ho. Han kjende nokre av dei, men det var berre av di dei åtte klubbar han song i.

Alt i alt vert det for mykje skryt. Ho rosar Sinatra, men skryt òg mykje av seg sjølv. Og det vert veldig overflatisk, og det vert for mykje namedropping. Med ein meir kritisk redaktør kunne ho sikkert hatt mykje godt å fortelja, no vert det mest svada. Nokre artige og interessante anekdotar dukkar opp histen og pisten, men det er alt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Sinatra på kulturguffebloggen
Anthony Summers og Robbyn Swan: Sinatra. The Life (2005)
Sinatra. All or Nothing at All (2015)