16. august 2012

Paul Auster: Winter Journal (2012)

Paul Auster har skrive ei rekkje gode romanar, men han har òg skrive god sakprosa. Boka The Invention of Solitude, som kom alt i 1982, er ei bok om det å ha far og det å vera far, og er ei av dei finaste Auster-bøkene. Denne boka vart marknadsført som ein oppfølgjar. Det kan kanskje forsvarast, men Winter Journal er langt frå like gripande som The Invention of Solitude.

Boka er skriven i du-form. Auster skriv nærmast til seg sjølv, men det er òg ein måte å gjera det han skriv om meir personleg for lesaren. Alt i det fyrste avsnittet skriv Auster at sjølv om me alle gjerne tenkjer at me er den einaste personen som ikkje kjem til å oppleva akkurat dette, er det slik at dei fleste opplever det same. Det er ein rar påstand, men det er kanskje noko i det likevel.

Boka opnar ein januarkveld i Brooklyn. Han set seg ned for å skriva, og dei neste månadene skriv han korte eller lengre avsnitt om ting han hugsar frå livet sitt, ting han har opplevd. Mønsteret vert brote minst to gonger - i nokre lengre avsnitt fortel han om mora, og om kona. I tillegg vender han av og til tilbake til skrivesituasjonen, der han sit og skriv i ein vinterleg by. Dei gjennomgåande emna han er innom er dei store - det handlar om livet, døden, kjærleiken og kunsten. Han fortel om oppturar og nedturar, men verkar i det heile å vera nøgd med livet sitt. Han er sekstifem år, og han ser tilbake på eit godt liv.

Det er ei ujamn samling minne. Nokre er varme og gripande, andre er meir tilfeldige. Han skriv tidleg at han vil leggja vekk fiksjonen og skriva om det han har opplevd, om det kroppen hans har opplevd, men han held seg ikkje heilt til denne planen. Auster skriv godt, og her er altså mykje fint i boka, men eg sit vel att med ei kjensle av at dette er eit kvileskjer, og at han kjem sterkare attende neste gong han skriv fiksjon.

Guffen er lunken.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar