30. april 2023

De siste dødsdømte (2023)

Endå meir andre verdskrig. Eg klagar av og til at det vert laga for mange filmar om krigen, og at det snart må vera tomt for meiningsfulle tema å ta opp. Av og til dukkar det likevel opp noko heilt nytt, slik som denne serien. Han handlar om dei 25 nordmennene som vart dømde til døden i åra etter at krigen var over, men han handlar òg om noko meir: Gjennom alle episodane er sjølve dødsstraffa eit tema. Er dette noko Noreg, som eit rimeleg sivilisert land, kan halda på med? Eksilregjeringa i London vedtok å innføra dødsstraff i 1942; Stortinget drøfta saka fleire gonger etter krigen, men det var ikkje før i 1948 at dei røysta for å avskaffa straffa igjen.

Kvar av dei åtte episodane handlar om éin som vart skoten. Alle er menn, dei fleste er unge, mange har hatt eit vanskeleg liv, nokre har kjempa for tyskarane på Austfronten før dei kjem attende til Noreg og vert angjevarar eller torturistar. Serieskaparane har funne ein slektning av kvar av desse, og me følgjer desse på vegen mot større innsikt i livet til han som vart skoten. Det er litt rart at nokre av dei verkar aldeles uvitande om kva som har skjedd, eg ville trudd at dei var nyfikne nok til å grava litt. Det har då òg nokre av dei gjort. Me får òg høyra nokre av offera deira fortelja, og me møter professorar og historikarar som kjenner sakene godt. Og me vert presenterte for nokre få, modige menn som argumenterte mot dødsstraff alt rett etter krigen.

Ein svært fengslande og god serie, som får godt fram kva stemning som herska i desse åra, og som òg viser at det er litt tilfeldig kven som datt ned på feil side.

Guffen tilrår. 

29. april 2023

Carl Frode Tiller: Skråninga (2001)

Forteljaren i (det meste av) denne boka er ein ung mann som bur på ein institusjon. Han har vorte oppmoda om å skriva, og han skriv seg gjennom livet sitt. Han hoppar frå tema til tema, frå hending til hending, slik at det kan ta mange sider før dei ulike hendingane vert ferdig fortalte. Han sirklar seg inn mot den ferdige livssoga si, og det er ikkje eit altfor lystig liv han fortel om.

Kortversjonen? Det er mobbing på skulen, det er krangling og drikking heime, det er vald, det er innbrot, det er drap, det er overgrep mot småjenter, osb. Det vert verre og verre, og på toppen av alt er han heile tida er han plaga av insekt og andre skapningar som romsterer rundt i kroppen hans. 

Men så snur det på ei av dei siste sidene, der psykologen hans kjem med eit kommentar og eit spørsmål som gjer at me brått ikkje kan stola på noko av det me har lese. Det er eit flott og uventa grep, som rundar av ei flott bok. Eller kanskje eg burde seia flott debutbok - dette var fyrste boka til Tiller, og boka peikar framover mot dei mange andre flotte bøkene han har skrive.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

26. april 2023

Bjørn Olav Jahr: Drapene i Baneheia (2018)

Alle hugsar drapa i Baneheia. To jenter vart meldt sakna og vart funne drepne to dagar seinare. Etter nokre månader melde politiet at dei hadde arrestert to unge menn. Dei var brennsikre på at dei hadde fanga dei rette, og begge to vart dømde. Dei hadde funne DNA frå den eine, Jan Helge Andersen, og han snakka bestekameraten sin, Viggo Kristiansen, inn i saka - i fylgje Andersen tvinga Kristiansen han til å vera med på dette.

For eit halvt år sidan vart Kristiansen frifunnen for drapa, og det er vel slik at saka til Andersen skal opp på nytt. Han har sona for drapet på den eine jenta; alt tyder på at han òg drepte den andre. I prosessen fram mot frifinninga av Kristiansen var denne boka viktig. Jahr går gjennom materialet frå rettssaka og konkluderer med at den einaste moglege forklaringa er at Andersen var åleine om brotsverka. 

Jahr legg all, absolutt all, sympati hjå Kristiansen, og meiner at det er fire grunnar til at han vart dømd. Den falske tilståinga til Andersen. Omtalen i media. Politiet sin iver og vilje etter å få dømt nokon for drapa. Den litt for passive og forsiktige advokaten hans. 

Det er altså ei viktig bok, sjølv om ho har sine manglar. Her er mange repetisjonar, og språket er ikkje spesielt spanande. Eg har òg ei kjensle av at han ikkje trong å skildra sjølve drapa så pass inngåande og detaljert - eg trur nok poenga hans ville kome fram likevel. 

Guffen tilrår.

23. april 2023

Morten A. Strøksnes: Lumholtz' gjenferd (2022)

Morten A. Strøksnes er, som me veit, ein glimrande forfattar. I Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre reiser han i fotefara til den norske oppdagaren Carl Lumholtz, og i denne boka tek han det eit steg lengre: Han reiser i alle fotefara til Lumholtz, og skriv samstundes ein biografi om mannen. 

Lumholtz (1851-1922) var ein oppdagar, som hadde store ekspedisjonar til Australia, Mexico og Borneo. Han var utdanna teolog, men var på farten det meste av livet. Han vitja ukjende land, vart kjend med lite kjende folk, samla inn gjenstandar, skreiv bøker, og arbeidde hardt for å finansiera den neste ekspedisjonen sin. Han var ein samtidig av dei mange norske polarheltane, og har kome i skuggen av dei. 

Strøksnes gjer sitt for å henta Lumholtz fram frå gløymsla. Dette er ei omfattande bok, der det vekslar mellom biografien til Lumholtz og skildringar frå Strøksnes sine reiser i dei same områda. Det vert litt i meste laget, og det kan godt henda at han hadde tent på å skriva to separate bøker. Begge delane har sin sjarm og sin verdi, men det er mest liv i boka når Strøksnes fortel om eigne reiser.

Guffen tilrår. 

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Automobil (2005)
Rett vest (2009)
Et mord i Kongo (2010)
Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Havboka (2015)

22. april 2023

Jon Fosse: Blod. Steinen er (1987)

Alle bøker er ikkje like lette å hengja med i . Dette er ei av dei tidlege Fosse-bøkene, og boka må vel òg vera ei av dei litt meir krevjande. Gjennom heile boka hoppar me i tid og rom, me vekslar mellom ulike forteljarar (gjerne midt i ei setning), og det er slettes ikkje sikkert at det eg trur skjer verkeleg skjer. 

Viss noko endrar seg midt i ei setning, held den setninga fram nokre liner seinare. I alle fall er det slik i opninga av boka, seinare vert det slik at det kjem mange avbrot og innskot før setninga held fram. Likevel fungerer det, og eg trur i alle fall at alle desse brotstykka kan puslast saman til ei forteljing. 

Det handlar om ein kjøpmann som ser attende på livet sitt. I det som må reknast som no-tida får han besøk av postmannen, som er litt uroleg av di han korkje har sett kjøpmannen eller kona hans på lenge. Postmannen slepp inn på kjøkenet, men me skjønar fort at kjøpmannen helst ikkje vil at postmannen skal inn i stova. Det vert hinta om at der er det blod, og det er nærliggjande å tru at han har teke livet av kona si og at ho ligg der inne. 

Eg veit ikkje kor korrekt dette komprimerte referatet er, og er heller ikkje sikker på om eg kan ha gått glipp av eit eller fleire hint som ville fortald oss meir. Det eg veit er at boka heldt meg fast, og at det heile er merkeleg fascinerande. Det er ikkje ofte eg les ei heil bok utan å ta pausar (sjølv om boka berre er på 120 sider).

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

18. april 2023

Paul Auster: Talking to Strangers (2019)

Paul Auster har skrive mykje om litteratur. I denne boka er mange av artiklane og essaya hans samla. Det handlar ikkje berre om litteratur, men det er i hovudsak det det handlar om. Litt om hans eiga skriving, men mest om bøkene og diktinga til andre.

Nokre fellestrekk finst. Det handlar mykje om poesi, og det handlar mykje om franske forfattarar. Auster budde nokre år i frankrike då han var i tjueåra, og desse åra har sett spor. Eg veit lite om fransk litteratur generelt, og endå mindre om franske poetar, så nokre av desse artiklane vart i lengste laget for meg.

Her er mykje bra i boka. Han er nok mest interessant når han skriv om ting eg kjenner til, som essayet om Sult, eller essayet om den eine av episodane i Jarmusch-filmen Night on Earth. Han er òg (som vanleg) god når han er sjølvbiografisk, anten det handlar om studentopprøra på Columbia i 1968, eller om skrivemaskina si. Han skriv òg godt om Philippe Petit, franskmannen som gjekk på line mellom The Twin Towers (og som Auster hadde merka seg alt då han budde i Frankrike).

Guffen tilrår. 

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

15. april 2023

Eg har ord (2023)

For ein flott film, laga av rapparen Runar Gudnason. Det er dels ein sjølvbiografisk film, men det er så mykje meir. Filmen er varm, sjarmerande, morosam, og full av gode karakterar eg gjerne skulle sett meir av.

Gudnason flytta til Danmark midt i 1990-åra. Han vart fascinert av rap-miljøet er, og finn ut at han vil laga ein dokumentar om dei danske rapparane. Han filmar alltid, men det er òg alt han gjer: Han prøver å gjera eit formelt intervju med nokre av dei, men innser sjølv at det ikkje fungerer. Han får ikkje pengar til å fullføra filmen og legg prosjektet vekk, men tek heldigvis vare på alle opptaka. Han vert i staden rappar sjølv, med gruppa Side Brok. Eitt av dei beste klippa frå gamle dagar er når danskane utfordrar Gudnason til å rappa litt for dei. Han greier det ikkje. 

Til denne filmen har han gjort nye intervju med nokre av danskane. Ein av dei snakkar om korleis rapparar som lagar musikk leikar seg, dei hentar fram barnet i seg. Det trur eg Gudnason kjenner seg att i, men samstundes kan det henda at han merkar at det kjem nye generasjonar. Gudnason har no flytta attende til Hovdebygda, men Sonen Sigurd bur framleis i København. Mange av scenene viser korleis far og son samarbeider om musikk, og her er det sonen som leikar seg. Dei fyrste bidraga til faren vert dømde nord og ned av sonen, som bruker ord som "seriøs" og "kjedeleg" om det faren har gjort. Det endrar seg litt i mot slutten av filmen, der dei samarbeider om ein song. 

Tilhøvet mellom far og son er eit viktig element i filmen, og Gudnason snakkar òg om far sin. Han vart farlaus då han vart femten, men snakkar varmt om korleis faren introduserte han for musikk og annan kunst. Gudnason snakkar forresten godt (og visuelt) om det meste. Ein fellesnemnar for alle rapparane er gleda over språket, gleda over å bruka språket, å finna gode rim og gode ordspel. Når Gudnason tek på seg forteljarrøysta er kommentarane ofte rytmiske, ofte rimar dei, og gradvis liknar dei meir og meir på raptekstar.

Ein fin, fin film, som diverre ikkje ser ut til å få spesielt omfattande distribusjon.

Guffen tilrår. 

Meir Side Brok på kulturguffebloggen
Heimegutar (2009)
Kjell Andreas Oddekalv: Side Brok. Høge Brelle (2022)

Krigsseileren (2023)

Det er heilt fint at krigssiglarane har fått meir merksemd dei siste åra. Det er opplagt at dei risikerte og ofra mykje, og at innsatsen deira var viktig for utfallet av andre verdskrigen. Eg såg ikkje denne filmen då han gjekk på kino, men nytta høvet då han dukka opp som ein litt utvida serie på netflix.

Viss eg på førehand skulle tippa kva ein film/serie om krigssiglarar handlar om, ville eg ikkje landa så langt herfrå. Ein sjømann forlet heimen, er med på nokre seilasar, vil eigentleg ikkje meir, må likevel handla fram, båten hans vert senka, og han overlever. Her er nokre avvik og tillegg her, sjølvsagt, men ingenting som overraskar. 

Kristoffer Joner spelar ein sjømann som er langt til sjøs når krigen kjem. Han reiser saman med kameraten sin, som vert aldeles glitrande spelt av Pål Sverre Hagen. Hagen er ugift; Joner har kone og tre born i Bergen. Dei i Bergen overlever bombinga av Laksevåg og bombinga av heimen deira, sjølv om dei vert meldt døde etter eit bomberaid. Den meldinga får Joner, og han rømmer frå sjukehuset han er på (han vart lagt inn etter den obligatoriske torpederinga av båten hans). Hagen overlever krigen, greier å spora opp Joner der han går på fylla i eit land langt borte, og får han heim att.

Gode intensjonar er ikkje nok: Det vert for tradisjonelt og føreseieleg.

Guffen er lunken.

12. april 2023

Olaug Nilssen: Stort og stygt (2013)

I 2013 fylte Det Norske Teatret 100 år. Det jubileet vart markert på ulikt vis, og eitt av tiltaka var dette tingingsverket. Stykket hadde premiere på DNT i mars det året og fekk strålande meldingar. Eg har ikkje sett det framført, og det er sjølvsagt ikkje det same å lesa eit skodespel som å sjå det, men likevel: Dei meldingane må ha vore høgst velfortente. 

Me møter to familiar som bur vegg i vegg. Den eine familien har ein gut på tre år; den andre familien skal snart verta foreldre. Den siste familien, og spesielt ho som snart skal verta mor, har lese og lese alle bøkene som finst, og veit akkurat korleis alt skal verta. I teorien. Det andre paret slit med praksisen, sonen deira gjer ikkje alltid det dei vil han skal gjera. Dette irriterer ho som er gravid - ho meiner at naboane omtrent driv med barnemishandling, og vil at dei skal ringja barnevernet slik at naboguten kan få det bra att.

Det er eit stykke som tek litt av kvart på kornet. Ho mora som har lese seg til korleis det er å vera mor er nok den flest lo av då stykket vart framført, og ho manglar heilt evna til å sjå kor komisk ho oppfører seg. Det er likevel ikkje eit reint humoristisk stykke, det ligg jo mykje alvor i å verta foreldre, og ein grunnleggjande tanke i stykket er at det ikkje går an å lesa seg til korleis det vert. Ingen veit heilt kva dei går til.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Tung tids tale (2017)
Ikkje tenk på det (2019)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)
Uønska åtferd (2023)

10. april 2023

Ingrid Z. Aanestad: Ein dag vaknar me og det er sommar (2020)

Dette er kanskje opplagt, men likevel: Det er ikkje dei tjukkaste bøkene som gjev dei største leseopplevingane. Denne romanen er på litt over 100 sider, og mange av sidene har så pass lite tekst at det går rimeleg raskt å lesa boka. Boka har heller ikkje ein historie med oppsiktsvekkande sprell og store vendingar, men det er heller ikkje så viktig.

Me fylgjer Mir og Ruth gjennom den fyrste tida i forholdet deira. Dei prøver seg fram. Dei gjer heilt vanlege ting. Dei snakkar litt med folk dei møter. Dei reiser litt rundt. Dei får nokre plantar til å veksa. Dei et litt eksotisk mat. Og det er omtrent det einaste som skjer. Me anar likevel at det skjer mykje meir, og det er noko av det fine med denne boka: Aanestad deler ikkje ut meir informasjon enn ho må, slik at me som lesarar må fylla det som måtte vera av tomrom. Det er stas.  

Guffen tilrår.

9. april 2023

Everything Everywhere All at Once (2022)

Denne filmen skal visst vera den filmen som har fått flest prisar og utmerkingar i filmhistoria. Det er litt rart, men det skuldast truleg at det vert delt ut langt fleire prisar i dag enn tidlegare. Det er ikkje vanskeleg å finna langt, langt betre filmar enn denne.

Det er litt science fiction, det er litt action, det er litt komedie. Evelyn og Raymond utvandra frå Kina til USA, der dei driv eit vaskeri. Dei har ei dotter, Joy. Dei slit litt med å få revisoren deira til å godkjenna rekneskapen, og ... ja, det er ikkje så viktig. Det viktige er at filmen vekslar mellom ulike univers, og i eitt av desse universa finst det ein Joy-versjon som kan øydeleggja alt. Den einaste som kan stoppa ho er ein Evelyn-versjon. Resten av filmen vekslar mellom desse universa, den Evelyn me ser er av og til den vanlege og av og til ei Evelyn frå eit anna univers. Det vert litt slåsting, det vert litt å le av, før det heile ordnar seg på eit vis.

Det er veldig godt og fantasifullt laga, og ein skal halda tunga rett i munnen for å heile tida ha kontroll på kva som skjer og kvar me er. Men likevel vert det vel aldri meir enn ein sånn halvinteressant film.

Guffen er lunken. 

7. april 2023

Tarjei Vesaas: Vindane (1952)

Det finst ikkje mange forfattarar som Tarjei Vesaas. At dei beste bøkene hans står i ein særklasse er greitt, men det er òg spesielt at han skreiv så mange gode bøker etter at han hadde fylt femti. Då denne boka kom ut var han 55 år, og boka vart eit nytt høgdepunkt i ein fin forfattarskap. For boka fekk han Venezia-prisen, ein europeisk litteraturpris som berre vart delt ut denne eine gongen.

Vindane er ei novellesamling, der i alle fall 9 av dei 13 novellene er glimrande. I mange av dei spelar born eller unge hovudrolla, og Vesaas viser kor godt han kan skriva frå ein ståstad heilt ulik sin eigen. 

Høgdepunkta står altså i kø. Etter den ikkje heilt vellukka opningsnovella "Ein motig maur" kjem det fyrste høgdepunktet, "Den ville ridaren". Eit foreldrepar har éin unge, og han må til byen for å ta ein operasjon. Faren vert med han, og samspelet mellom far og son, der den eine berre er på bytur medan den andre veit kor alvorleg turen er, er finfint. Dei neste novellene er alle gode, og midt i boka kjem det ein topp, med "Siste-mann heim" og "Laurdagskveld". Den siste av desse er hakket betre, her møter me ein familie på fire der både mor og far er utslitne etter ei tung arbeidsveke.

Dei to beste novellene kjem heilt til slutt. "Det rare" er ei aldeles makelaus forteljing om ung erotikk, der den unge og urøynde Arne vert sitjande trongt mellom nokre jenter på ein buss, og der det viser seg at det er stor skilnad på kven ein sit trongt med. (Eitt høgdepunkt på gymnaset for lenge sidan var då norsklæraren min, Audun Lødemel, kom inn i ein norsktime og sa at no skulle han lesa "Det rare" for oss. Han brukte heile skuletimen på å lesa novella, og då han var ferdig reiste han seg og gjekk utan eit ord.) 

Sluttnovella, "Tusten", handlar om ein kar som prøver så godt han kan, men som aldri kjem til å verta nokon stor arbeidskar. Den peikar (sjølvsagt) framover mot ein roman som kom fem år seinare.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

6. april 2023

T2 Trainspotting (2017)

Trainspotting er, som me veit, ein av dei mest oppskrytte filmane i historia. Han handlar om nokre ungdommar frå Edinburgh som får godt betalt for ein narkohandel. Planen er å dela summen på fire, men  ein av dei, Mark, finn ut at han vil ha alt sjølv. Då alle andre søv listar han seg ut med alle pengane, gjev ein fjerdedel til Spud, og omtrent der sluttar filmen.

Denne filmen plukkar opp tråden, tjue år seinare. Mark har budd i Amsterdam, men etter å ha fått eit mindre hjarteslag finn han ut at han må ta ein tur attende til Edinburgh. Det går sånn middels bra. Han vitjar fyrst Spud. Det går greitt, men der vert verre når han møter Sick Boy og Begbie. Ingen av dei har gløymt at Mark stakk av med pengane, og spesielt Begbie, den mest ustabile av dei, har nokre høner å plukka med han. 

Filmen er langt meir sjåverdig enn Trainspotting, men det skal jo ikkje så mykje til. Den fyrste filmen slutta med lite venskap mellom dei fire; slutten her er meir harmonisk. 

Guffen er lunken.