
Han har heilt rett. Fuglane er ein roman som kan lesast om att og om att. Men det store med Vesaas er at der finst så mange andre gode bøker òg - Is-slottet, Det store spelet, Kimen, Huset i mørkret, Vindane, Båten om kvelden, osb. I den fyrste farspermisjonen min las eg alt av Vesaas, minus skodespelet Ultimatum, og der var sterke passasjar i dei fleste bøkene. Alt i debutboka Menneskebonn er der nokre flotte sider der hovudpersonen går i skogen om kvelden, og oppdagar at han ikkje er åleine.
For dei av oss som kjenner Vesaas godt, er det lite nytt i denne filmen. Eg kjenner livssoga hans, eg veit (omtrent) kva år alle bøkene kom ut, og har sett mange av intervjua med han frå før. Det nye for meg var intervjua med Økland, Solstad, Fosse og Vold, og alle er sjølvsagt positive. Det var òg fint å sjå unge utanlandske studentar snakka varmt om bøkene hans.
René Bjerke, som har laga filmen, har òg laga andre Vesaas-filmar - to baserte på noveller av Tarjei Vesaas, og filmen Møte med Halldis, der ho fortel om livet sitt. Han kjenner difor materialet godt, og har laga eit fint portrett av Vesaas. Eg kunne gjerne tenkt meg at han brukte meir tid på nokre av bøkene, men det vert meir pirk. Etter å ha sett filmen fekk eg lyst til å henta fram nokre av Vesaas-bøkene att, og det er noko av det viktigaste med filmar om forfattarar. Bøkene er jo det sentrale.
Guffen tilrår.
Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar