28. mars 2014

Motorpsycho (Røkeriet, Bergen, 27.3.2014)

Ny Motorpsycho-konsert, ny storarta oppleving. Som vanleg har dei noko nytt å dra fram. Dei har framleis med seg den svensk-norske gitaristen Reine Fiske, og det nye var at dei opna med eit (stort sett) akustisk sett på ein liten halvtime. Tre kassegitarar, og litt keyboard.

Resten av konserten var som venta, i alle fall med omsyn til instrument og lydnivå. Ein veit jo aldri heilt kva ein får med Motorpsycho, og denne gongen var dei i eit lett humør, i alle fall til dei å vera. Nokre konsertar kan vera prega av lange jam-parti, som lett kan verta for introverte, denne kvelden var det ikkje altfor mykje slikt. Unntaket var "Hell (part 1-7)", som strekte seg til rundt 40 minutt. Ei massiv framføring, men samstundes var der parti her som ikkje imponerte like mykje.

Dei henta mange songar frå det siste albumet, sjølvsagt, mellom anna den glimrande opningssongen "Cloudwalker", som opna den elektriske delen av konserten. Høgdepunktet på nyeplata, "The Promise", kom som eitt av ekstranummera. Men innimellom henta dei òg fram godbitar frå heile den 25 år lange historia si. Heile konserten opna like godt med ein akustisk versjon av "Blueberry Daydream", som var med på Maiden Voyage, den aller fyrste utgjevinga deira i 1990. Andre høgdepunkt frå gamle dagar var ein fantastisk versjon av "Hogwash", og ei svært gledeleg gjensyn med "Plan #1" frå Demon Box. Klump i halsen.

På veg heim etter konserten tenkte eg på kor stor stas det har vore å jamleg gå på Motorpsycho-konsertar i meir enn tjue år. Det er rein og skjær flaks, sjølvsagt, at eg var i ein passeleg alder då dei dukka opp. Det er sjølvsagt òg flaks at dei to som har vore med i bandet heile tida, Bent Sæther og Snah, fann kvarandre, og det er flaks at dei, etter at trommeslagaren Gebhardt slutta, fann ein så fantastisk erstattar som Kenneth Kapstad. Han er på tur heile tida, slik Sæther sa det i eit ferskt intervju, og i går kveld var han det visuelle midtpunktet, der han sat bak trommene.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

27. mars 2014

Geir Gulliksen: Tjuendedagen (2009)

Forteljaren i denne boka, Liv, er ikkje direkte ekstrovert. Ho snakkar lite, få snakkar til ho, ho viser få kjensler, ho får ikkje til det der med utdanning, og så godt som ingen bryr seg. Dei åra ho studerer i Bergen er det berre ein som prøver å ha kontakt med ho, og den fyrste av dei tre delane av boka handlar om han.

Han fortel kona at han har lyst til å sjå henne saman med ein annan mann. Det vert realisert, og dei tre innleier eit kort og hektisk trekantforhold, der det meste er lov. Han andre mannen bryt av forholdet når han vert saman med ei anna kvinne, og etter at bilete han tok av dei tre saman vert spreidde til fleire, tek den fyrste livet sitt. Dei to siste (og kortare delane) fortel om livet til Liv, og om det som hende etter at han tok livet sitt.

Kor mykje av dette som eigentleg skjedde, kjem ikkje fram. Det er kanskje heller ikkje så viktig om det er sant eller ikkje, men eg hellar mot at det meste er fri fantasi frå Liv si side. Ho har alltid likt å skriva, utan å få det heilt til. Ho har flytta til Oslo, fått seg sambuar, men når det endeleg løysnar med skrivinga vert det det viktigaste i livet hennar, og forholdet til sambuaren skrantar.

Ho skriv om ting ho ikkje kan ha visst om. Han ho kjende frå Bergen vert heile tida omtalt som du, så det verkar som om heile boka er noko ho har skrive til han, som ho truleg likte langt betre enn det ho gjev (og gav) inntrykk av. Ho diktar fram ei fantasiverd, der det skjer spanande og grensesprengande ting. Eitt av dei siste kapitla har tittelen "jeg lever, som alltid, gjennom andre", og det er akkurat det ho gjer. På slutten har ho teke kontakt med enkja etter du-personen, og tenkjer på korleis ho ville lika å lesa det Liv har skrive om henne. Romanen sluttar med setninga "Hun ville jo ikkje kjent seg igjen".

Guffen tilrår.

23. mars 2014

Lost Highway (1997)

For mange år sidan snakka eg med Inge (trur eg) om Gravity's Rainbow, ein fantastisk roman av Thomas Pynchon. Ingen av oss forstod alt som skjedde i boka, men me likte det likevel. Omtrent slik er det her òg - eg greier ikkje å få tak i heile handlinga i denne filmen, men eg likar han.

Musikaren Fred Madison mistenkjer at kona er utru. To morgonar etter kvarandre finn dei ein konvolutt med ein videokassett i utanfor inngangsdøra si, og ein av desse er teke opp på soverommet deira, medan dei søv. Madison finn ein tredje kassett, der han ser kona død på soveromsgolvet. I neste scene er han i fengsel, dømd til døden for å ha drepe kona si.

Så langt er alt greitt, i alle fall viss me ser vekk frå ein merkeleg telefonsamtale. Men frå no av vert det rarare og rarare. Når fengselsvaktene kjem for å sjå til han er han ein morgon erstatta av ein langt yngre mann, som viser seg å vera bilmekanikaren Pete Dayton. Han har ikkje gjort noko gale, og vert sleppt ut av fengsel. Han innleier eit forhold til ei som er prikklik den drepte kona til Madison - Patricia Arquette spelar begge desse rollene. Det vert både sex og vald, og mot slutten av filmen er omtrent alt snudd på hovudet: Der filmen opnar med at nokon ringjer på hjå Fred Madison og seier "Dick Laurent is dead" sluttar filmen med at det er Madison sjølv som ringjer på og seier dette.

Når filmen har kome så langt har eg altså mist oversikta over kva som har skjedd, men eg har kost meg. Det er godt laga, med godt skodespel og gode replikkar, og med ein så uklar historie er det òg rom for å skremma sjåaren. Her er mykje myrke, og her skjer mykje om natta. Eg må truleg sjå filmen igjen for å få dette sortert, men eg har ei kjensle av at mykje av filmen er draum og fantasi. Kanskje Madison verkeleg drap kona si, og fantaserer om korleis livet kunne vore viss han ikkje gjorde det, og viss han var ein vanleg bilmekanikar i staden for ein lettare profilert jazzmusikar. Eller kanskje ikkje.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

18. mars 2014

Hearts of Darkness (1991)

Eg har sett Apocalypse Now tre-fire gonger, trur eg. Det er ein film som gjerne kan sjåast fleire gonger, og etter denne dokumentaren får eg endå meir lyst til å sjå han igjen.

Hearts of Darkness fortel om eit filmprosjekt som mange gonger song på siste verset. Francis Ford Coppola sleit med å få finansiert filmen, og pantsette alt han eigde for å få det til. Dei filma på Filippinane, der det var borgarkrig, og hadde lånt helikopter av det filippinske forsvaret. Nokre gonger måtte dei avbryta filminga av di forsvaret trong helikoptera i borgarkrigen. Etter nokre vekers filming fann Coppola ut at Harvey Keitel, som skulle ha hovudrolla i filmen, ikkje var den rette. Han vart erstatta av Martin Sheen, og dei tok til med filminga på nytt. Det var drikking, det var dop, det var omskriving av manus, det var utfordringar med den lokale stamma. Sheen fekk eit lite hjarteinfarkt, og filminga vart utsett nokre veker. Marlon Brando kom til settet heilt mot slutten av filminga, og var ein svært krevjande kar å ha med på laget.

Filmen er ei god blanding av klipp frå den ferdige filmen, klipp frå filminga, nye intervju med dei som var med, og lydopptak kona til Coppola gjorde under innspelinga. Ho tok ofte opp det han sa om kveldane, då dei var på tomannshand, og desse opptaka viser at Coppola var usikker på kor bra dette vart. Andre fortel at han overtydde dei om at filmen ville få ein nobelpris; sjølv seier han at filmen verkar som eit makkverk. På eit foto frå innspelinga held han ein pistol mot sin eigen tinning; i eit nytt intervju seier han at han lurte på å kasta seg ut frå toppen av eit høgt stillas, slik at han til ei viss grad kunne gå ut med stil.

Guffen tilrår.

Willy Vlautin: The Motel Life (2006)

Dette er debutromanen til Vlautin, som eg nyleg las ei anna bok av. Denne er også bra, og det er fare for at eg kjem til å få tak i dei to andre romanane Vlautin har skrive.

Dei to brørne Frank og Jerry Lee lever eit rimeleg avslappa liv. Dei arbeider av og til, dei drikk mykje, og bur stort sett på billege motell. Jerry Lee amputerte foten for nokre år sidan, etter eit uhell då dei skulle hoppa på eit tog i fart, og det er han som ufriviljug skapar eit nytt problem. Ei natt han køyrer heim, ikkje heilt edru, kjem ein ung syklist ut i vegen framfor han. Han greier ikkje stoppa, guten døyr, og sjølv om ingen ser han, og ingen greier å spora han opp, vert han prega av det som har skjedd. Dei to brørne rømmer frå den vesle Nevada-byen dei bur i, og resten av boka er dei på flukt. Hovudsakleg frå seg sjølv.

Ingen av dei to fullførte high school, men dei er ikkje utan talent. Jerry Lee er ein dyktig teiknar; Frank likar å dikta opp historier. Når Jerry Lee har det som verst bed han Frank fortelja ein historie for han, og dette er rein røyndomsflukt - i historiene har dei det begge godt, som regel. Desse forteljarscenene er noko av det finaste med boka, der det kjem kor godt fram kor nært forhold dei to har. For det ha dei verkeleg, dei har ingen hemningar, dei fortel kvarandre alt. I alle fall etter ei tid.

Vlautin skriv godt, og han fortel òg historia på ein eksemplarisk måte. Notida er grei, men gradvis får me vita kva dei dreg med seg av røynsler frå fortida. Der er ikkje alt like lystig, langt ifrå. Lystig har dei det berre sporadisk, men dei har det likevel godt saman.

Guffen tilrår.

Meir Vlautin på kulturguffebloggen
Northline (2008)
Lean on Pete (2010)
The Free (2014)

17. mars 2014

Simen Sætre: Fjordman. Portrett av en antiislamist (2013)

Fjordman var berre kjend blant sine eigne fram til 22. juli 2011. Etter at det vart kjent at Anders Behring Breivik hadde brukt fleire Fjordman-tekstar i kompendiet sitt, vart interessa for fjordmannen større. Han stod fram i VG nokre veker seinare, dagen etter at han flytta frå Noreg. Fjordman var ikkje interessert i å snakka med fleire journalistar. Mange prøvde sikkert å få han i tale, men den som fekk best kontakt var Simen Sætre.

Sætre skulle fyrst skriva ein artikkel om Fjordman, men etter kvart såg han at det kom til å verta ei heil bok. Dei hadde sporadisk e-postkontakt, og etter mykje masing gjekk Fjordman med på å møta Sætre nokre dagar i Stuttgart, der Fjordman hadde høyrt at det skulle vera ein fin jolemarknad.

Boka sluttar med referat frå dei tre dagane der, men før me har kome så langt har Sætre dukka langt ned i historia til Fjordman. Han vitja heimbyen hans, Ålesund. Han reiste til Kairo, der Fjordman studerte arabisk nokre år. Han var i Hebron, der Fjordman var nøytral observatør. Og han vitja Internett, som var den staden Fjordman gjorde seg kjend. Han las alt han kom over av Fjordman-tekstar, og går inn i desse. Fjordman er sterkt kritisk til masseinnvandring, fyrst og fremst av muslimar, og det er som forkjempar for denne saka han skapte seg eit namn.

Fjordman er intelligent, høgt utdanna, han skriv (visstnok) godt, han har store faktakunnskapar, og han argumenterer sterkt for synet sitt. Likevel når han ikkje fram til mange, og det er her Sætre burde ha utfordra han meir. Viss alt Fjordman skriv er så eksemplarisk og faktabasert, kvifor når han berre fram til dei som er samde med frå før? Det verkar som om Fjordman meiner at det er ei semje om at han og andre likesinna skal teiast i hel, altså at media og andre er samde om at han ikkje skal sleppa til med meiningane sine. Det er, for å seia det mildt, ein meiningslaus påstand. Boka gjev eit godt bilete av Fjordman, men ho gjev eit like godt bilete av korleis det kan ulma i nokre av krokane på Internett. 

Guffen tilrår.

Jakob Sande: Noveller i samling (1964)

Jakob Sande gav ut fleire diktsamlingar enn novellesamlingar, og er òg ein større diktar enn novellist. I denne boka er samtlege noveller frå dei tre samlingane hans med, og det var ei rar oppleving å lesa dei.

I den fyrste samlinga, Straumar i djupet, fanst det ikkje ei einaste god novelle. Det var enkle historier, irriterande språk, ingenting å le av, og ingenting å verta overraska over. Eg las likevel vidare, i von om at det ville vera råd å sjå ei utvikling, i von om at nivået ville heva seg, men det kom ikkje noko endring i det heile. Den eine dårlege novella fylgde etter den andre, og eg var eigentleg meir og meir nedtrykt. Eg fullførde boka omtrent på rein trass.

Sande skriv om folk som ikkje har det så bra. Dei har lite å leva av, dei har lite pengar, dei er gjerne undertrykte, mange slit med alkohol, der er litt kriminalitet, osb. Sande er heile tida på deira side, er dei i opposisjon til prest eller lensmann, er det ikkje tvil om kvar sympatien ligg. Det er mykje godt folk han skriv om, men desse gode intensjonane er ikkje nok. Historiene i novellene grip meg ikkje, og så lenge dei òg vert svært tradisjonelt fortalde – utan unntak er novellene strengt kronologiske – vert dette altså triste greier.


Guffen kan ikkje tilrå dette.

13. mars 2014

Inside Llewyn Davis (2013)

Llewyn Davis er ein habil songar, men ikkje meir enn det. Han vil gjerne leva av det, og vil gjerne verta større enn han er, men veit inst inne at han aldri kjem til å greia det. Han sel ikkje plater, han har ein manager som ikkje har tru på han, han har sjeldan konsertar, han er heimlaus, og søv hjå kjenningar ei natt eller to. Det verkar som om det er bohemlivet som fascinerer han mest.

Livet hans går i ring - frå sofa til sofa, frå nedtur til nedtur, frå krangel til krangel. Det einaste som bryt dette mønsteret er ein køyretur til Chicago, der han er med av di han, etter ei lei hending med ein katt, må koma seg vekk frå New York nokre dagar. Den køyreturen, der han fører gode samtalar med ein John Goodman-figur i baksetet, er det komiske høgdepunktet i filmen. Det er i det heile ein Coen-film med lite latter; stemninga i filmen er relativt nedtrykt.

Men det er stilreint, sjølvsagt. Handlinga er lagt til nokre vinterdagar, og det er mange duse fargar. Det går mykje i blått og grått, og på turen til Chicago snøar det tett.

Det er ikkje den største Coen-filmen, dette, og Davis er heller ikkje ein av dei store Coen-figurane. Han er trist, han er bitter, og er ikkje sjarmerande nok til å klatra høgt på den lista. Men, slik eg har sagt før, ein Coen-film treng ikkje vera ein topp Coen-film for å vera ein god film.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

10. mars 2014

Patrick Barclay: The Life & Times of Herbert Chapman (2014)

Mange fotballbiografiar er enkle greier. Dei refererer karriera til spelaren, krinsar om nokre viktige hendingar, og er gløymde omtrent like fort som dei er lesne. Denne boka er annleis, heilt annleis. Og det er som det skal vera - Chapman (1878-1934) var ikkje som alle andre. Han introduserte så mykje nytt i fotballen, både på og utanfor bana, at det er rart at han ikkje er betre kjent.

I tilfeldig rekkjefølgje: Han var ein taktikar, som la om til WM-formasjonen, der balansen mellom forsvar og angrep var langt meir stødig enn før. Han var internasjonalt orientert - han kjøpte spelarar frå andre land, og tidleg i 1930-åra snakka han fåfengt om å få innført europacupar. Han gav ein god ein i hudfargen til spelarane, og brukte gjerne farga spelarar, i ei tid då få gjorde det. Han kjempa for å få lov til å spela kampar i flomlys, slik at fleire kunne få sjå kampane. Han innførte nummer på ryggen av draktene.

Og han såg at fotball ville få eit større publikum om kampane kunne sendast på radio. Den fyrste radiooverførte kampen var mellom Arsenal og Sheffield United i januar 1927. I utgåva før kampen trykte det britiske programbladet ei teikning av ein fotballbane med åtte nummererte firkantar. For å hjelpa publikum fortalde ein sidekommentator heile tida kva firkant ballen var i, slik at lyttarane kunne visualisera det heile: "Oh! Pretty work! Very pretty ...!" "Five." "Now upfield." "Seven." osb.

Lengst tid var han manager i Arsenal, der han bygde opp eit av dei legendariske engelske klubblaga. Dei vann ligaen fem gonger på åtte sesongar, og vann òg FA-cupen to gonger. Dei vart det andre laget som vann tre ligagull på rad - det fyrste var Huddersfield ti år tidlegare. Chapman var manager også der, men var berre manager dei to fyrste av åra. Før det tredje gjekk han over til Arsenal, men heller ikkje der fekk han med seg ligagull-hattricket - han døydde midt i den andre ligagullsesongen.

Patrick Barclay avgrensar seg ikkje til livet til Chapman, eller til fotball i det heile. Han skriv om anna som hende, han skriv om gruvestreikar og verdskrigar, om nyvinningar og endringar i samtida. Han kvir seg ikkje for å leggja ut på omvegar, dersom det er det som skal til for å få fram gode poeng. Han har eit uvanleg godt oversyn over fotballhsistoria, slik at det rett som det er dryp inn gode soger og artige poeng.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

3. mars 2014

Made of Stone (2013)

The Stone Roses har hatt ei berg og dalbane-karriere. Dei kjem frå Manchester, og etter nokre år der dei vart større og større i heimbyen, slo dei verkeleg gjennom med debut-LPen sin i 1989. Dei neste åra var dei det største bandet i England, men dei somla alt vekk - det tok fem år før LP nummer to kom, og nokre år etterpå forlet fyrst trommeslagaren, så gitaristen, bandet. Dei framstod ikkje akkurat som gode vener i ettertid, og ein reunion verka utenkjeleg.

I 2012 kom dei likevel saman igjen, og det er i hovudsak det denne filmen handlar om. Me er med på øvingar, me er med på den fyrste konserten (ein gratiskonsert som vart gjort kjent om ettermiddagen same dag), på nokre konsertar rundt i Europa, før dei to store konsertane på Heaton Park i Manchester.

Musikken svingar, men det som er like bra er alle reaksjonane frå publikum. Spesielt før, under og etter gratiskonserten kjem det ei rekkje vitnemål som provar kor viktige The Stone Roses var for mange. Dei fire i bandet ser òg ut til å vera i godt humør, det er mykje vitsing og latter. Scena rett før dei skal på scena saman for fyrste gong er stor - dei står og trippar backstage, med store smil, og kan knapt venta på å sleppa til.

Innimellom kjem det òg opptak frå gamle dagar. Desse er vel mest tenkt som pausefyll, men eg kunne gjerne tenkt meg at det vart gjort meir ut av dei. Filmen dreg opp fleire spørsmål den ikkje svarar på. Kvifor vart gruppa oppløyst midt i 90-åra? I 2012 forsvann trommeslagaren før ekstranummera på ein konsert i Amsterdam, forbanna på det meste - korleis forklara han det sjølv? Og kvifor kom han tilbake? Heilt utan lyte er altså ikkje denne filmen, men det meste er bra. Ikkje minst musikken - vokalisten er heilt på det jamne, men dei tre andre er framifrå musikarar.

Guffen tilrår.

Meir Stone Roses på kulturguffebloggen
Simon Spence: The Stone Roses. War and Peace (2012)

Richard Brautigan: Revenge of the Lawn (1971)

Dette var artige greier. Eg har lese to romanar av Brautigan før; dette er heilt annleis. Baksideteksten kallar sjangeren for ultra-short stories, og det er dekkande: 62 forteljingar; 146 sider.

Det handlar dels om ting som skjer med ein vaksen forteljar i California; det handlar dels om ein yngre mann i det nordvestlege Amerika. Det var der Brautigan voks opp, og boka vert gjerne omtala som den mest sjølvbiografiske boka hans. Det kan så vera, men det som gjer dette til ei stor bok er det overskotsprega språket. Det boblar over av gode metaforar og lystige påfunn; fleire gonger gjorde eg noko så utypisk meg som å le høgt av det eg las.

Eitt døme på det var historien om han som var så glad i poesi at han ville ha dikt overalt i huset sitt. "He decided to take the plumbing out of his house and completely replace it with poetry". Det gjer han, men det fungerer dårleg, og han vil skifta tilbake. Det går ikkje dikta med på, og etter ein slosskamp der dikta vinn, vert han kasta ut av huset sitt. Det dukkar òg opp uventa metaforar - eg trur ikkje andre enn Brautigan kunne ha skrive " The screen door was badly in need of repair, and opened like a rusty bicycle".

Så eg smiler og ler, men det kjem òg djupt alvorlege ting. Novella "I Was Trying to Describe You to Someone" er ei fantastisk kjærleikserklæring (eller noko i nærleiken av kjærleik), og det avsluttande portrettet av svigerfaren viser òg ein varme som ikkje alltid er like tydeleg.

Guffen tilrår.

Meir Brautigan på kulturguffebloggen
Keith Abbott: Downstream from Trout Fishing in America (biografi,2009)

Pulp Fiction (1994)

Det er mange grunnar til at dette er ein god film. Det er ein god historie, eller rettare - fleire gode historier. Her er ei rekkje gode og originale karakterar. Det er ein film som skapar mange ulike kjensler - her er ting å le av, men her er òg ting å grina av, og ting å verta kvalm av. Og - kanskje mest av alt - her er fantastiske dialogar.

Filmen har tre hovudpersonar, men rundt dei er det ei rekkje bipersonar. Så godt som alle desse har orda i si makt. Gode replikkar kjem på rekkje og rad. Det har ingenting å seia kor dramatisk situasjonen er; replikkane er suverene. Det hjelper sjølvsagt at hovudpersonane tek det meste med fatning.

Historia vert ikkje fortalt kronologisk. Ein komprimert (og kronologisk) versjon: Dei to leigemordarane Jules og Vincent hentar ein stresskoffert som tilhøyrer sjefen deira hjå fire ungdommar. Dei drep tre av dei, medan den fjerde, som er informanten deira, ved eit uhell vert skoten i bilen på veg vekk. Dei får hjelp til å vaska bilen, og går deretter til ein diner for å eta frukost. Dineren vert rana, men Jules nektar å gje frå seg kofferten. Vincent vert drepen nokre dagar seinare, av ein boksar som har prøvd å lura sjefen deira.

Det var kanskje i det komprimeraste laget, men det er ikkje så nøye. Ved sida av desse linene skjer det òg litt av kvart; kvelden der Vincent tek med seg kona til sjefen på middag er til dømes innhaldsrik, og har ei svært elegant dansescene. Og ei (eller fleire) underhaldande dopscener.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)