17. mars 2018

Paul Auster: Leviathan (1992)

Fyrste gong eg las Paul Auster var i 1994. Me var fleire som raskt vart opptekne av bøkene hans, og me las det me kom over. Denne var den ferskaste boka hans då. Det hadde (jamt over) vore stigning i programmet, og me gjekk og gleda oss til den neste boka. Lite visste me då at det skulle gå mange år før det kom ei bok som var på nivå med dette. Like høgt som dette har han kanskje aldri kome.

For dette er ei finfin bok. Dei vanlege kjenneteikna ved ei Auster-bok er til stader - eg har nemnt dei før: Hovudpersonen er forfattar, han bur i New York, alt som er tilfeldig er bra, osb. Men boka er glimrande oppbygd, og har ei fin rammeforteljing rundt den eigentlege historia. Og den er i seg sjølv meir enn god nok, med mange overraskingar.

Boka opnar med eit smell: "Six days ago, a man blew himself up by the side of a road in northern Wisconsin." Forteljaren i boka, forfattaren Peter Aaron, skjønar fort at det må vera Benjamin Sachs, bestevenen hans. Han hadde gått under jorda og vore på loffen i fleire år, men då dei to overraskande trefte kvarandre hadde Sachs fortalt heile historia si, og fått Aaron til å lova å skriva henne ned dersom noko hende med han. Det gjer han, og skriv så fort han kan medan han ventar på at FBI-agentane som vitja han tidleg i boka finn ut at Aaron faktisk visste kven bombemannen var. Dei hadde funne telefonnummeret hans i lommeboka til Sachs, men Aaron forstod ikkje korleis, og greidde å vinna tid nok til å skriva boka.

Det glir av seg sjølv. Auster er i toppform, og både setningar og kapittel er velskrivne og velkomponerte. Me vert godt kjende med begge to, både Sachs og Aaron, og med fleire av kvinnene deira. (Peter Aaron har fine førebokstavar, og er gift med Iris.) Livet til Sachs vert snudd på hovudet to gonger, og begge gongene er relativt tilfeldige - den eine gongen fell han fire etasjar ned frå ei branntrapp; den andre gongen går han seg vill i skogen, får haik heimatt med ein kar, og endar opp med å ta livet av ein vilt framand kar, i sjølvforsvar.

Eg har lese boka to gonger før, men det er så pass lenge sidan at dette igjen var ei stor oppleving. Eg les meg visst gjennom heile forfattarskapen til Auster igjen, men veit at ingen av dei resterande bøkene kan måla seg med denne.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee; Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar