20. november 2023

Paul Auster: Baumgartner (2023)

På side 15 i denne boka seier hovudpersonen "At least I'm not dead". Døden er eit tema gjennom heile boka, og det er diverre eit aktuelt tema: Auster fekk ein kreft-diagnose for nesten eitt år sidan, og i ferske intervju har han sagt at det kan henda at dette vert den siste boka hans. 

Det er ei bok med mange Auster-kjennemerke. Her er mange tilfeldigheiter, hovudpersonen skriv bøker, det går føre seg i New Jersey (staten der Auster vaks opp), i ungdomen budde hovudpersonen i Frankrike, osb. Hovudpersonen er Sy Baumgartner, forresten, professor i filosofi. Noko av det fyrste som skjer er at Baumgartner får ein telefon frå ein person han ikkje veit kven er - det kan godt vera ei helsing til opningssetninga i debutromanen til Auster ("It was a wrong number that started it" i City of Glass.). Kona til Baumgartner heitte forresten Anna Blume, det same som hovudpersonen i In the Country of Last Things.

Den samtalen er berre ein av ei lang rekkje rare og uventa hendingar i fyrste del av boka. Etter denne litt lystige og underfundige opninga vert boka meir seriøs. Baumgartner vart enkjemann for ti år sidan, og no er han for fyrste gong klar for å fri til ei dame igjen. Det går ikkje så bra, han vert trist, men kviknar til att då ein ung kvinneleg akademikar har lyst til å skriva ei bok om dikta til enkja til Baumgartner. Han gler seg, han er nervøs, og det ligg litt i lufta at han får ein ny opptur. 

Det er ei fin bok. Det er kanskje ikkje ein Auster i toppform, og det kan henda at eg tenkte for mykje på at dette kanskje er den siste boka hans, men eg likte boka. Det er rett nok mange lause trådar, og slutten er i alle fall litt open, men det er jo slik det er, er det ikkje? Det kan ikkje vera uvanleg at ein går ut av tida med mange lause trådar i veven.

Guffen tilrår. 

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar