29. mars 2019

J.R.R. Tolkien: Hobbiten (1937)

Eg har vore med på ein lesebingo-aksjon i regi av det lokale biblioteket, og for å kryssa av den siste ruta måtte eg lesa ei fantasy-bok. Det er ikkje ein sjanger som fengar for mykje, så eg fann denne i bokhylla til Ivar.

Var det verdt bryet? Ikkje for lesinga sin del. Trilogien som kom seinare er meir fengande, og det kan godt skuldast at den var skriven for vaksne. Denne boka er ei barnebok, der det ikkje vert dramatisk nok. Karakterane i boka er ikkje sjarmerande nok, dei er ikkje spesielle nok, og det heile vert rimeleg keisamt.

Hobbiten heiter Bilbo, og han vert med tretten dvergar på tur til det fjellet der forfedrane deira eigde ein stor skatt. Denne skatten vert no vakta av draken Smaug, og Bilbo er invitert med av di dvergane trur at han er ein lommetjuv. På vegen til fjellet vert dei angripne av litt av kvart, inni fjellet vert dei truga av draken, og etter at draken er daud vert dei truga av alvar og folk som bur i nabolaget, og som vil ha sin del av skatten. Bilbo travar heim att.

Det kan henda at skepsisen min var i største laget, og det er sjølvsagt heilt glimrande viss bøker som dette får ungar til å lesa. Men spesielt bra er det altså ikkje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Tolkien på kulturguffebloggen
Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
Ringenes herre: To tårn (2002)
Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Hobbiten. En uventet reise (2012)
Hobbiten: Smaugs ødemark (2013)
Hobbiten: Femhærerslaget (2014)

27. mars 2019

Knut Hamsun: Victoria (1898)

Johannes er son til ein møllar; Victoria er dotter til godseigaren. Dei er om lag jamgamle, og leikar mykje saman i oppveksten. Han vil ha henne, men ho vil ha nokon frå sitt eige samfunnslag - ho kjenner presset frå foreldra. Johannes flyttar til byen, der han mellom anna får gjeve ut nokre diktbøker. Ho møter han tilfeldig der, og fortel at ho elskar han. Ho trulovar seg likevel med ein annan, og på festen der dette vert gjort kjent drit ho Johannes ut så godt som ho kan. Han ho skal gifta seg med er rik, han skal redda foreldra hennar frå økonomisk ruin, men han misser livet i ei jaktulukke før bryllaupet. Victoria døyr, truleg av tuberkulose, og på dødsleiet skriv ho eit langt brev til Johannes der ho fortel at det eigentleg var han ho ville ha.

Det handlar altså om ung kjærleik, men her er òg andre tema. Dei fleste, kanskje alle, dikta til Johannes handlar om Victoria, så boka handlar òg om kva som driv ein forfattar til å skriva. Eit anna (og opplagt) tema er klasseskiljet. Gjennom heile boka er det tydeleg at Johannes er eit godt menneske, som vert halden nede og behandla annleis på grunn av at han kjem frå ein annan klasse.

Guffen tilrår.

26. mars 2019

J. M. Coetzee: Disgrace (1999)

Dette var solide saker. Det er den fyrste romanen eg har lese av Coetzee, og det gav absolutt meirsmak.

Me er i Cape Town. Professoren David Lurie har eit kort eventyr med ein motviljug student, det ligg heilt i grenselandet til valdtekt, og då dette forholdet vert kjent må Lurie gå frå jobben sin. Han reiser frå byen og ut på landsbygda, der dottera bur på ein liten farm. Det går ikkje stort betre der, dei to kjem ikkje altfor godt overeins, og ein dag vert dei rana av tre menn. Han vert skamslegen og sett fyr på, ho vert valdteken. I kjølvatnet av denne hendinga vert skilnaden mellom dei to tydeleg - han meiner at ho må gå til politiet og at ho må flytta; ho meiner (merkeleg nok) at dette er prisen ho må betala for å bu der ho bur.

Lurie misser det meste i løpet av romanen. Han misser jobben, han misser det relativt gode forholdet til dottera, og han misser òg sitt eige sjølvbilete. Han innser meir og meir at han ikkje er den mannen han trur at han her. Han får ikkje til å skriva boka om Byron han hadde drøymt om, og når han reiser tilbake til leilegheita viser det seg at nokon har brote seg inn og stole alt han eig.

Det er ei bok der historia stadig tek nye vendingar, og det er alltid stas. Det store vendepunktet er innbrotet hjå dottera, og både det og resten av boka vert fortalt i eit avdempa og sikkert språk. Det var ein fryd å lesa denne, og det vert nok fleire.

Guffen tilrår.

Meir Coetzee på kulturguffebloggen
Dusklands (1974)
Auster og Coetzee: Here and Now (2013)

25. mars 2019

Leaving Neverland (2019)

Michael Jackson var ein raring. Han laga fengande musikk, men var superstjerne frå svært ung alder, og takla ikkje stjernelivet. På den isolerte eigedomen Neverland laga han si eiga verd. Det må ha vore ein drøymeplass for ungar - det var leiker overalt, det var ikkje heilt ulikt ein stor aktivitetspark.

Diverre laga ikkje Jackson berre si eiga verd, han laga òg eigne reglar for nokre av ungane som vitja han. Det var vore mumla om dette lenge, men denne filmen er fyrste gong nokon står fram og fortel om korleis Jackson forgreip seg på dei. Dei fortel at han var pedofil, og at han brukte stjernestatusen til alt mogeleg. Han overtalte foreldra til å la dei to ungane dela seng med han, heilt frå dei var sju år gamle. Han overtalte òg ungane til å aldri seia noko om kva dei heldt på med, då ville både Jackson og ungane enda opp i fengsel.

Dei to ungane verkar begge truverdige. Dei fortel den same historia, kvar for seg. Det er vanskeleg å sjå nokon grunn til at dei skulle dikta dette opp, og sjølv om dei ivrigaste Jackson-fanatikarane sjølvsagt nektar for at dette kan vera sant, er inntrykket mitt at dei fortel om verkelege hendingar.

Diverre, for filmen sin del, får dei snakka altfor mykje. Filmen er litt over tre timar lang, og det kunne med hell vore kutta ein time. Me tek poenga deira tidleg, slik at det vert keisamt i lengda. At ein film er viktig, og at det må ha krevd mykje mot å stå fram som dei gjer, er ikkje grunnar nok for å laga ein så lang film.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

24. mars 2019

The Dirt (2019)

Av alle dei rare metallbanda i åttiåra var Mötley Crüe eit av dei raraste. Dei tok han heilt ut - det var drikking, det var dop, det var damer, det var dødsfall. Det var litt musikk òg, men for dei som har lese biografien om bandet, The Dirt, verkar det som om musikken var mindre viktig.

Den boka kom for rundt tjue år sidan, og er relativt underhaldande. Dette er filmversjonen av boka, og den fungerer ikkje like bra. Dei fire i bandet er med-produsentar på filmen, og då går det sjølvsagt ein eller annan alarm. Kor mykje har dei finpussa historia? Dei framstår ikkje som nokre englar her, men kor mykje av kranglar og sidesprang og vald har dei tona ned? Truleg ganske mykje.

Dei fire bandet er ulike. Trommisen Tommy Lee er hyperaktiv og impulsiv. Bassisten Nicki Sixx er meir kalkulerande, samstundes som han er den som får ting til å skje, og den som tek han lengst ut. Vokalisten Vince Neil er mest oppteken av damer. Gitaristen Mick Mars er på mange måtar den mest interessante - han er mindre oppteken av fest og damer, er den som kan seia kva som helst til dei andre utan å verta motsagt, og er den som kan leggja ned veto når noko er feil. Filmen fortel om korleis dei møter kvarandre, korleis dei vert superstjerner, korleis dei tek føre seg av alt dei får servert, og korleis dei ikkje taklar det. Her er ikkje like mykje humor som i boka, og mot slutten vert det litt for sentimentalt, men det var likevel ein heilt grei film.

Guffen tilrår.

23. mars 2019

Abraham Cahan: The Rise Of David Levinsky (1917)

Denne boka sluttar med at David Levinsky ser tilbake på livet sitt. Han er ekstremt rik, han er ein ekstremt vellukka forretningsmann, men han er ikkje heilt nøgd. Han ville gjerne gått meir på skule - han var dregen meir mot utdanning enn mot business. Han ville gjerne hatt kone og ungar. Han ville gjerne hatt meir å gjera med andre russiske jødar. Inst inne er han samd med sosialistane. I denne oppsummeringa framstiller han seg som noko misnøgd, men det er eit stort problem med det han skriv: Eg trur ikkje på han.

Han utvandra frå Russland i 1885, og slo seg ned i New York. Han kom seg oppover i kles-industrien, han svindla og lurte folk, gjorde nokre heldige grep, og vart etter kvart ein av dei rikaste. Både før og etter velstanden er han bortpå mange damer, og han kvir seg ikkje for å halda på med kona til ein av dei han samarbeider tettast med, ein av dei som redda verksemda hans. Mot slutten av boka møter han gamlekjærasten frå Russland, og vert skuffa når ho, sosialisten, avviser han, kapitalisten, blankt. Seinare er han trulova, men møter ei anna kvinne som han forelskar seg i. Han bryt trulovinga, får nei hjå drøymekvinna. Etter å ha smiska seg inn i familien via far hennar, ein halvgod poet, frir han til henne, men vert igjen avvist, mykje på grunn av at han er ein som berre tenkjer på pengar. Desse avslaga fargar nok det sjølvbiletet han presenterer i sluttkapitlet.

Boka kan gjerne samanliknast med Giants in the Earth av Rølvaag. Begge bøkene handlar om emigrantgrupper som kjem til USA, men der er opplagte skilnader. Cahan skriv om emigrantar som bur i New York, som i stor grad må greia seg sjølv, og som berre tenkjer på å tena mest mogeleg pengar. Rølvaag skriv om norske emigrantar som slår seg ned på prærien - dei må òg skapa seg eit liv og ei framtid, men samarbeider med kvarandre i langt større grad. Dei to bøkene utfyller kvarandre, på eit vis.

Men dei to bøkene er ikkje like gode. Eg las denne boka på engelsk mellomfag for lenge sidan, og inntrykket frå den gong står ved lag: Det er ei seig bok å koma gjennom. Levinsky er ikkje ein altfor interessant person, og Cahan skriv heller ikkje spesielt godt. Det er ordrikt og omfattande, og det vert brukt for mykje plass på episodar som er aldeles uinteressante.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. mars 2019

Fuglane (Sogndal kulturhus, 21.3.2019)

Fuglane er den aller beste romanen som er skriven. Han handlar om Mattis, som igjen er ein av dei finaste karakterane som er skildra i ein roman. Han bur på landsbygda, der han ikkje passar heilt inn. Han taklar ikkje heilt fysisk arbeid. Han snakkar ikkje godt med andre folk. Han vil helst snakka om fuglar, eller med fuglar. Han forstår ikkje alt med ein gong, men når han forstår noko, kjem han med treffsikre kommentarar. Han bur saman med systera Hege, og forholdet mellom dei vert skipla når tømmerhoggaren Jørgen leiger seg inn hjå dei. Jørgen og Hege vert eit par, og Mattis finn ikkje ut av denne endra situasjonen.

Eg såg Fuglane på Det Norske Teatret i januar 1998. Det var ei makelaus framsyning, med ein fabelaktig Nils Sletta i hovudrolla. Denne framsyninga var sett i scene av Riksteatret, som har vore på turné med stykket i nokre månader. Det vert litt urettvist å jamføra dei to versjonane - Riksteatret sin versjon vert sjølvsagt prega av dei må ta med seg alt av kulissar og rekvisittar i bussen. Men likevel: Dette tok ikkje heilt av. Det var bra, det er ei fin historie, og fleire scener og replikkvekslingar fungerer svært godt. Den beste scena var den der Mattis ser at toreveret har felt ei av dei to trea som er kalla opp etter han og systera - han kjenner eit behov for å vita om det er han eller Hege som er råka. Men det var ikkje heilt der oppe.

Og jo meir eg tenkjer på det, jo meir kjem eg fram til at Mattis var den viktigaste grunnen til at det ikkje var heilt på stell. Eg har lese betre Mattisar, eg har sett betre Mattisar både på scene og på film. Her vart han for overdriven, han snakka anten for høgt eller for lågt, han hadde ein slags pukkelrygg, og var ikkje heilt som den Mattisen i boka, den Mattisen det er uråd å ikkje verta glad i.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

18. mars 2019

Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)

Dette er den femte romanen Tarjei Vesaas gav ut. Boka er langt betre enn dei fire fyrste, men her er likevel eit stykke att til toppnivået hans. Eg tok meg i å tenkja at dersom Vesaas hadde skrive denne boka seinare i forfattarskapen sin, ville ho ha vore endå betre.

Handlinga krinsar rundt dei to gardane Nornes og Førnes. Begge vert drivne av den hestegalen Ambros Førnes. Han driv i tillegg med hesteskyss, og dei fire svarte hestane hans er det kjæraste han har. Kona hans, Lisle, slit med dette, forståeleg nok. Ho tek med seg den yngste dottera og prøver å reisa heim til foreldra sine. Det går heilt gale, og får stor følgjer, både for henne, Ambros, og sonen Kjell. Ambros sit etter kvart med så stor gjeld at han må selja gardane, og mot slutten av boka er det heller lite harmoni. Det rettar seg rett nok opp litt heilt på slutten.

Det verkar som om Vesaas har gapt over for mykje. I dei fyrste kapitla vert altfor mange personar og altfor mange eigedomar introduserte. Det vert mange vegar som skal følgjast opp utover i boka. Det burde vore gjort meir ut av forholdet mellom Ambros og dei andre i familien hans, no vert det litt i rykk og napp.

Samstundes er her mange flotte, flotte setningar og avsnitt. Etter auksjonen av gardane legg Vesaas vekk mykje av den ytre handlinga, og legg meir vekt på det som skjer med alle som er involverte. Då kjem boka seg stort. Ho peikar òg framover mot den fyrste verkeleg store Vesaas-romanen, Det store spelet. Også i denne boka handlar det om korleis bønder kan vera så sterkt knytte til garden at alt anna vert uviktig.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

17. mars 2019

The Revenant (2015)

Denne filmen var litt Into the Void. Og litt Into the Wild. Og litt Dances With Wolves. Og litt The Road. Her er lite som overraskar, og filmen er ein slik der det ofte er råd å tippa kva som skal skje. Ikkje alltid, men ofte.

Leonardo DiCaprio har hovudrolla. Han spelar jegaren og villmarksmannen Hugh Glass, som skal vera kjentmann for ei gruppe soldatar som driv jakt i den amerikanske villmarka, tidleg på 1800-talet. Dei vert angripne av indianarar, mange vert drepne, og Glass skal guida dei siste heimatt. Son hans er ein av dei som overlever, og eit tid handlar det om å hjelpa sonen tilbake til eit tryggare liv. Glass overlever så vidt eit angrip frå ein bjørn. Soldatane prøver å bera han med seg, men det vert for tungt. Han vert sett att, saman med sonen, ein anna ung gut, og ein soldat. Soldaten drep son hans, og lurer den andre ungguten med på ein plan der dei tek livet av Glass. Dei reiser attende til fortet, får belønninga si. Men surprise - Glass overlevde, og vil ha hemn. Legg til nokre hjartelause fransk-canadiske jegrar, nokre indianarar som òg vil ha hemn, og du har historia.

Det er ein heilt grei film. DiCaprio er god, slik han gjerne er, og filmen er flott: Naturbileta er glimrande, fargane er triste, og kameraføringa er så tett opp i personane at ein kjenner klaustrofobien overalt. Filmen kunne gjerne vore ein halv time kortare, men elles fungerer det meste greitt.

Guffen tilrår.

11. mars 2019

Amundsen (2019)

Roald Amundsen fekk gjort mykje. Den største prestasjonen var då han og fire andre vart dei fyrste til å nå Sydpolen, etter ein tur med ski og hundar som var så godt planlagt at det heile gjekk som ei draum. Men han var òg den fyrste til å sigla gjennom Nordvestpassasjen. Han var, saman med Oscar Wisting, den fyrste som nådde både Sydpolen og Nordpolen (der dei òg kan ha vore dei fyrste - både Cook og Peary kan ha bløffa om sine polferder). Han var med på andre polar-ekspedisjonar. Han eksperimenterte med bruken av fly i polare regionar. Han kom på kant med fleire, som Nansen, Scott, og Leon, broren hans. Han hadde ikkje styring på økonomien sin.

Det skulle difor ikkje vera vanskeleg å finna episodar som eignar seg godt for film. Diverre har filmskaparane gapt altfor høgt. Dei vil ha med alt, dei vil fortelja om heile livet til Amundsen, og det går berre ikkje. Hadde det vore ein fjernsynsserie på åtte-ti episodar kunne det gått bra; i ein to timar lang film vert det berre rart. Her er altfor mange korte episodar, det heile vert altfor fragmentarisk, og det er fare for at dei som ikkje kjenner for godt til historia frå før ikkje får med seg alt. Her er fleire fine scener, men det er langt frå nok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)

8. mars 2019

Øystein Lønn: Berners datter (2018)

Dette var ei fin forteljing. Me er litt tilbake i tid, kanskje på 1800-talet. Ross lever av å dukka der ingen andre torer, og han dukkar ned til eit forlist skip der han finn verdfulle skattar. Han allierer seg med Berner og ein til, og saman siglar dei frå Sørlandskysten til København, der dei finn ein kjøpar til skattane. Det er altså litt "Terje Vigen", det er litt The Pearl.

Alle tre har dei løyndomar, og alle er dei ordknappe. Dei kjenner kvarandre godt, slik at dei forstår mykje av det som er usagt, og dei samarbeider godt. Dei har klare roller, og dei har ingen innvendingar mot rollene dei får.

Også Lønn er ordknapp, på ein god måte. Han seier mykje med få ord, og han deler ikkje ut informasjon før me treng det. Både forteljinga og forteljemåten er god, og det var ei bok det var ein fryd å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Lønn på kulturguffebloggen
Thomas Ribes femte sak (1991)

3. mars 2019

Flannery O'Connor: The Violent Bear It Away (1960)

På 1900-talet tok eg engelsk mellomfag. Me hadde to litteraturkurs, eitt der forelesaren var betre enn bøkene, og eitt der bøkene var betre enn forelesaren. Det siste kurset handla om dei fire bøkene Flannery O'Connor gav ut. Det er fantastiske bøker. Førelesaren var litt for oppteken av den religiøse sida ved bøkene. For nokre av oss var det mindre interessant, men det var likevel stas å lesa bøkene.

O'Connor gav ut to novellesamlingar og to romanar. Det er novellene ho er best kjend for, men også romanane er bra. Dette er den siste boka som kom ut medan ho levde, og ho har full kontroll over stoffet i boka. Ho kombinerer dei religiøse tankane med absurde og valdelege scener (sjølv om valden i denne boka ikkje er like synleg som i andre bøker, her ligg det meir implisitt), og har eit språkleg overskot utan like. Spesielt dialogane er gode.

Hovudpersonen er fjorten år gamle Francis Marion Tarwater. Han har levd så godt som heile livet hjå grandonkelen sin, ein religiøs fanatikar som bur langt ute i skogen i dei amerikanske sørstatane. Grandonkelen døyr medan dei et frukost, og Francis kjenner seg pressa til å gjera dei to tinga han har lova grandonkelen: Han skal gravleggja han, og han skal døypa ein yngre slektning inne i byen.

Ingen av delane går sjølvsagt heilt etter planen. Francis er ikkje heilt stabil i knollen, han er prega av livet med grandonkelen. Han reiser inn til byen, der onkelen hans bur saman med den udøypte son sin, som er lettare utviklingshemma. Onkelen og grandonkelen var usamde om det meste, og etter at onkelen skreiv ein artikkel om grandonkelen, der han vart framstilt som ein totalt forstyrra kar, som eit relikvie frå gamle dagar, hadde dei ikkje kontakt i det heile.

Ei glimrande bok, langt betre enn eg hugsa ho. Eg må nok henta fram dei andre bøkene òg, og viss dei er like gode eller betre enn dette har eg mykje å gle meg til.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

2. mars 2019

Oda Malmin: Steinauge (2018)

Dette var ei uvanleg fin bok. Ho handlar om Randi og Ingeborg, to kvinner frå Jæren. Dei er syskenborn, relativt ulike, men nært knytt til kvarandre. Dei vaks opp på to nabogardar, og i oppveksten hang dei saman heile tida, gjerne saman med Ådne, bror til Ingeborg. Ingeborg overtok garden etter foreldra og har budd der heile livet; Randi har hatt eit litt friare liv.

Boka handlar om kva som bind folk saman, og kva som bind oss saman med landskapet rundt oss. Ingeborg kjenner kvar flekk på garden, og er svært medviten om kvar ho kjem frå. Likevel drøymer ho om noko anna, noko ein annan stad, og ho tenkjer mykje på korleis det kunne vore om Ådne hadde levd lenge til at han hadde teke over garden.

Boka vekslar mellom notida, då dei begge er noko oppe i åra, og minne frå oppveksten deira. Randi har hamna på sjukehus, og Ingeborg vitjar ho ofte. Det kjem fram at Randi i alle år har bore på ein løyndom kva som eigentleg hende då Ådne døydde. Dette uroar Ingeborg, som har trudd at dei to kunne dela alt.

Det er debutboka til Malmin, og ho har ein imponerande autoritet i skrivinga si. Ho fortel ikkje meir enn ho treng, og fortel òg historia på ein finfin måte. Språket er godt, og er lett krydra med jærske ord, der det høver seg.

Guffen tilrår.

Meir Malmin på kulturguffebloggen
Skinliv (2021)