23. januar 2011

A Day At The Races (1937)

Det var her det heile tok til, i juli 1987. Me hadde leigd eit par videofilmar til ein fest på Koglen, men kom aldri så langt at me såg denne. Dagen etter ringde Inge til meg og sa at eg måtte sjå denne før han vart levert attende. Det gjorde eg, og dermed var eg hekta. Eg har sett filmen fleire gonger etter det, men det er nokre år sidan sist.

Eg vart overraska over kor god han er. Eg hadde ei kjensle av at han var ein tynnare variant av A Night At The Opera, altså at han var bygd opp på same måten, men med eit mindre god resultat. Her er nok av likskapar, det er tydeleg at dei ikkje ville endra eit vinnarlag. Opera var ein stor kommersiell suksess, og både regissøren, Sam Wood, og Allan Jones, som tok over etter Zeppo, er med også her.

Filmen er altså god, i alle fall så lenge han held koken. Det er ein av dei lengste Marx-filmane, kanskje den lengste, og den siste halvtimen er det lite piff igjen. Der er òg, som vanleg, nokre musikalske innslag som dreg ned nivået på filmen, men godbitane står altså lenge i kø.

Scena der Chico sel Groucho ei rekkje bøker på veddeløpsbana er eit høgdepunkt. Ho kunne vore stramma inn, men det er glimrande korleis Chico ropar ut "tootsie-frootsie ice cream" meir og meir lystig, i takt med dollarsetlane han lurer ut av Groucho. Her er òg replikkvekslingar som "are you a man or a mouse?" "You put a piece of cheese down there and you'll find out". Den aller beste replikken kjem då Groucho, som gjev seg ut for å vera dokter, eksaminerer Harpo, og prøver å ta pulsen hans: "Either he's dead or my watch has stopped". Dette er ei uvanleg lang scene der alle tre brørne er med, vanlegvis er det berre to av dei.

Men det heile tapar seg altså den siste halvtimen, der nokre musikalske innslag tek heile tempoet ut av filmen. Han greier ikkje å henta seg inn att, diverre, med strammare regissering mot slutten kunne dette vore ein toppfilm. No er det ein film langt over snittet, også for Marx-filmar, men ein komedie der ein knapt ler den siste halvtimen er ikkje ein komedie ein hugsar.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar