28. juli 2015

Alice Munro: Too Much Happiness (2009)

Alice Munro fekk nobelprisen i litteratur for eit par år sidan. Eg kjøpte denne boka kort tid etterpå, men har ikkje somla meg til å lesa ho før no. Boka var absolutt verdt ventinga.

Her er ti noveller, og åtte av dei er så godt som feilfrie. Hovudpersonane er som regel kvinner - i den eine av dei to novellene som ikkje trefte meg er hovudpersonen mann. Den andre, tittelnovella, fortel om livet til den russiske matematikaren og forfattaren Sophia Kovalevsky.

Men dei andre er altså finfine. Forteljarane har ofte vorte dårleg behandla eller mishandla av menn, anten fysisk eller psykisk. Nokre tek hemn, nokre greier å frigjera seg, andre gjer det ikkje. I ei av dei beste novellene, "Wenlock Edge", fortel hovudpersonen om ein middag med velgjeraren til romkameraten hennar på college. Han er ein eldre mann, men greier å få ho til å gjera akkurat det han vil - som er at ho skal eta middagen sin naken, og at ho etterpå skal lesa høgt for han, framleis naken. Umiddelbart synest ho det er rart, men gjer det likevel, og skamma kjem lenge etterpå. I ei anna novelle fortel ei eldre kvinne om då ho og ei veninne på ein sommarleir tok livet av ei jente dei ikkje likte. Også det er ei novelle som gjorde inntrykk - og slike var det mange av. Eg må lesa meir av Munro.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
The View from Castle Rock (2007)
Dear Life (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar