23. november 2023

Jon Fosse: To forteljingar (1993)

It does exactly what it says on the tin. Boka inneheld to forteljingar, som begge er over snittet.

I "Og så kan hunden komme" møter me ein hundeeigar ved fjorden. Han skal ein tur ut, hunden spring i førevegen og forsvinn. Han (hundeeigaren) møter ei kvinne som meiner at ho høyrde eit skot hjå naboen rundt svingen, og ho meiner at no har naboen skote hunden. Det viser seg at det stemmer, og hundeeigaren bestemmer seg for å ta hemn.

I "Lines hår" fortel ein gut/ung mann om dei siste dagane før far hans flyttar heimefrå. Han likar far sin, men er samstundes klar over at mange ser på han som ein raring. Han reknar etter kvart med at det er ei anna kvinne inne i biletet. Sjølv er han begeistra for ei jente/ung kvinne som heiter Line, og reknar seg fram til at håret til Line er grunnen til at faren flyttar.

Begge forteljarane gjev meg ei kjensle av at dei ikkje er heilt til å stola på. Det dei fortel verkar truverdig, men samstundes snur det mot slutten av begge forteljingane. Hundeeigaren går rundt og ventar på hunden sin, sjølv om han tidlegare i forteljinga har gravd han ned. Guten greier å overtyda seg sjølv om at han og faren likar den same kvinna, sjølv om det er opplagt at faren ikkje eingong veit kven Line er. Begge forteljingane er verdt lesinga, men den fyrste er nok hakket betre.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar