10. desember 2023

Jon Fosse: Melancholia (2004)

I dag er sjølvaste Nobel-dagen, og kva passar betre enn å lesa ut endå eit meisterverk av Jon Fosse? 

Denne samleboka inneheld dei to romanane Melancholia I (1995) og Melancholia II (1997). Det handlar stort sett om målaren Lars Hertervig, som er forteljar i dei to fyrste bolkane i den fyrste romanen. Me møter han fyrst i Düsseldorf, der han studerer kunst. Han oppfører seg rart, han slit sosialt og han ser og snakkar med folk som ikkje der, og me ser godt kvifor han i den neste bolken er innlagt på Gaustad. I den siste bolken møter me (den fiktive) forfattaren Vidme, som etter å ha sett eit Hertervig-bilete kjenner at han må melda seg inn i statskyrkja att. 

I den andre romanen er det (den fiktive) systera til Lars Hertervig som fører ordet. Hendingane går føre seg i Stavanger, same året som Lars døydde. Oline er dement, og slit med å hugsa avtalar og personar, og det endar med at ho ikkje når å vitja den dødssjuke broren Sivert før han døyr, trass i at dei er nære naboar.

Det er fabelaktig lesnad. Skildringa av den demente Oline, som hugsar godt det som skjedde då ho og Lars var born og unge, men som ikkje hugsar kva som skjedde for fem minutt sidan, er rørande og glimrande. Det gjer endå sterkare inntrykk å lesa dei to fyrste bolkane i den fyrste romanen, der Lars fell frå kvarandre. Det er tydeleg at kunstsyna til Hertervig og Fosse er relativt samanfallande. Bolken med Vidme er oppdikta, men me anar at han har om lag same meiningar som Fosse. Han tenkjer mykje på religion, og vil snakka med ein prest for å melda seg inn att. Han ringjer ein prest i Åsane, og møter vedkomande same kvelden. Det er likevel ikkje slik han hadde tenkt det - presten han møter er ei kvinne, som drikk vin og som mest av alt vil vera ung og moderne. Det passar ikkje med religionssynet til Vidme, for han er dette langt meir alvorleg, og det endar med at han likevel ikkje melder seg inn.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

1 kommentar:

  1. Takk for flott omtale. Nå må jeg lese denne. Har hatt den i mange år, den ligger i kjelleren et sted. Finner jeg den ikke, kjøper jeg den nye utgaven til jul:)

    SvarSlett