26. november 2017

Paul Auster: In the Country of Last Things (1987)

Dette er ei av dei tidlege bøkene til Auster, og det er ei av dei veikare bøkene hans. Når Auster er på sitt beste er han ein framifrå forteljar, men her har han lagt dei gode historiene til sides, og i staden konsentrert seg om å mana fram stemningar. Det lukkast han ikkje med.

Me er i ein ikkje namngitt by i eit ikkje namngitt land. Byen ligg på austkysten, og landet strekkjer seg langt mot vest, så det er ikkje urimeleg å tenkja på New York, som Auster skriv mykje om og frå. Handlinga er lagt til ein gong i framtida, og det er ikkje noko varmt og triveleg samfunn Auster skildrar. Det meste av infrastruktur er vekke, alle andre er (potensielle) konkurrentar eller fiendar, og kvar og ein må altså hjelpa seg sjølv som best dei kan.

Boka har form av eit brev, skrive av Anna Blume. I alle fall det meste av brevet, av og til kjem det ei forfattarrøyst inn. Blume kom til byen for å leita etter broren William. Ho finn han aldri, og ho greier ikkje å koma seg ut av byen att. Ho møter andre, og er av og til trygg, men denne tryggleiken er berre forbigåande. Ikkje uventa sluttar boka med at ho og dei rundt ho går ei endå meir utrygg framtid i møte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar