23. april 2017

Jan Omdahl: a-ha. The Swing of Things (2010)

Den fyrste utgåva av denne boka kom i 2004. I 2010 la a-ha ut på ein avskilsturné, og i det høvet kom det ei oppdatert utgåve av boka. Det er ei grei bok, med mykje foto, både av band og merch, med tekstar og intervju, og med fakta om plater og turnéar.

Eg er ikkje altfor begeistra for a-ha. Der er nokre fengande låtar histen og pisten, og sikkert fleire enn eg er klar over - eg trur eg har éi einaste a-ha-plate. Eg var på konsert med dei i Ålesund i 2006, på sommartur med dei andre i Aasen-tunet, og det var slettes ikkje noko god oppleving. Midtpartiet på konserten var uendeleg - det tok seg litt opp mot slutten, men det var ei seig stund.

Denne boka er nok meir retta mot dei som set a-ha høgare. Omdahl spelar mykje på motsetnadene i bandet, og det er uvanleg at bandmedlemmar er så kritiske til kvarandre. Alle kan skryta av dei andre, men dei kan òg slakta dei. Dei siste platene ser ut til å ha vore laga utan at dei tre snakka saman. Einaste grunnen til at dei kom saman att (og kom saman att nokre år etter at boka kom ut) var at musikken dei skapte på eiga hand ikkje var på same nivå.

Og dei har nok glidd langt frå kvarandre. I boka listar to av dei tre opp dei ti favorittsongane a-ha har laga. Det er ikkje overlapping i det heile. Magne Furuholmen likar best dei store hitane; Paul Waaktaar-Savoy går for andre songar. (Morten Harket har ikkje laga liste.)

Omdahl har snakka med bandet, og med dei rundt bandet, og gjev eit greitt bilete av historia deira. Det vert mykje skryt, slik det gjerne vert i bandbiografiar, men ikkje meir enn at ein kan leva greitt med det.

Guffen tilrår.

Meir a-ha på kulturguffebloggen
Tor Marcussen: "We want the world and we want it now..." Boka om a-ha (1985)
Ørjan Nilsson: Tårer fra en stein (2017)

22. april 2017

Easy Rider (1969)

Dette er ein av dei klassiske motkulturfilmane frå 60-åra. To hippiar køyrer motorsyklar frå California til Mardi Gras-festivalen i New Orleans. Captain America (Peter Fonda) er den rolege og tenksame typen som alle likar; Billy (Dennis Hopper) er meir hyper, og meir irriterande. På vegen plukkar dei opp haikarar, dei er innom i eit hippiekollektiv, dei vert nekta overnatting av di dei har feil stil, dei vert kasta i fengsel, der dei møter ein gal advokat spela av Jack Nicholson, han vert slegen i hel av nokre hillbillyar, dei to andre kjem til Mardi Gras, der dei har ein sur syretripp, og på veg vidare vert begge drepne av nokre andre hillbillyar.

Fonda har det amerikanske flagget på jakke og hjelm, og også på nokre av filmplakatane var flagget godt synleg. Fridom er eit nøkkelomgrep for amerikanarar, og slik er det òg for dei to motorsyklistane. Dei får ikkje aksept for å leva som dei vil, sjølv om alt dei gjer er å vera frie.

Filmen er stort sett fin. Av og til vert det keisamt, sjølv om både folk og syklar har god stil, vert det i meste laget med køyring. Samstundes er det aller meste av musikken i filmen finfin, slik at det oftast er noko å gle seg over.

Guffen tilrår.

20. april 2017

Merethe Lindstrøm: Stedfortrederen (1997)

For nokre år sidan vart det laga ein relativt mislukka film om barneheimen på Bastøy. Det var ein heim for gutar, som kunne vera småkriminelle, koma frå vanskelege heimar, eller som hadde andre ting dei sleit med. Filmen, Kongen av Bastøy, lei fyrst og fremst under ein total mangel på originalitet.

Manuset til denne boka er kanskje heller ikkje så originalt, men her fungerer det likevel langt betre. Lindstrøm vekslar mellom to forteljarar. Annakvart kapittel vert fortalt av tretten år gamle Kai, som fortel i fyrsteperson. I dei andre kapitla ser me hendingane gjennom Johannes, ein lærar som arbeider på øya eitt år. For Kai er øya eit mareritt frå dag ein, medan det tek litt lengre tid før Johannes finn ut kva slags stad han er komen til.

Øya er slettes ingen idyll. Arbeidsøktene deira minner mest om konsentrasjonsleirar, og det same gjeld maten dei får. Minst ein av vaktene forgrip seg på små ungar, og det er òg klare reglar internt i guteflokken.

Lindstrøm fortel dette i eit fint, fint språk. Det er ikkje den mest poetiske boka hennar, ho briljerer ikkje like mykje språkleg her som i andre bøker, men ho manar likevel fram ei kjensle av korleis livet på denne barneheimen var.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)

17. april 2017

Her er Harold (2014)

I Frode Grytten-boka Saganatt får me tre forteljingar, som er bundne saman gjennom slektskapen til dei tre hovudpersonane. Då eg skreiv om boka kalla eg det tre ulike romanar, og denne var den eg var mest nøgd med. Den har takla overgangen til film svært godt.

Bjørn Sundquist briljerer i tittelrolla. Harold Lunde har gjort det godt som møbelhandlar i Åsane, heilt til han får ein enorm IKEA-butikk som nabo. Han må leggja ned drifta, og då kona hans døyr kort tid etterpå, får han nok: Han set fyr på butikken, og køyrer til Sverige for å kidnappa IKEA-grunnleggjaren Ingmar Kamprad. I Sverige plukkar han opp den unge jenta Ebba, og samspelet mellom desse tre karakterane er glimrande. Korkje Lunde eller Ebba veit noko om kidnapping, det er Kamprad som må fortelja dei kva dei skal gjera. Ebba er i tillegg lystløgnar. Sjølv om Lunde heile tida viftar med ein pistol han har stole frå den alkoholiserte sonen sin i Oslo, er det aldri fare for at liv vil gå tapt.

Filmen har ei god historie, og her er meir enn nok av humor. Filmen seier òg mykje om kva som skjer rundt oss - både dette med at store kjeder tek over alt av handel, men òg dei store skilnadene me har fått i landa våre. Kamprad vassar i pengar og tenkjer berre på korleis han skal verta endå rikare; Ebba og mor hennar bur i ei rønne, og mora mimrar stort sett heile tida om den gongen ho var flink i rytmisk sportsgymnastikk.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

Beatles (2014)

Eg trur eg har lese to bøker av Lars Saabye Christensen. Dette er den eine, oppfølgjaren Bly er den andre. Eg hugsar ikkje mykje av dei, det må vera langt over tjuefem år sidan, men sidan eg las Bly må eg ha funne noko av verdi i Beatles.

Ut frå denne filmen er det vanskeleg å sjå kva det kan ha vore. Det var ikkje så overraskande, ein ting var at eg minnest dei lunkne meldingane filmen fekk, ein annan ting var at Marit åtvara meg. Ho hadde sett filmen før, og meinte det var reint skvip. Men det passa likevel å sjå han - eg var trøytt etter å ha køyrt bil heile dagen, men likevel ikkje meir trøytt enn at eg ville ha med meg filmen NRK viste etter denne. (Og den var heldigvis langt betre.)

Filmen handlar om fire unge gutar på beste vestkant i Oslo. Dei likar The Beatles, dei startar band, og dei er opptekne av jentene i klassen. Det gryande forholdet mellom ein av gutane, Kim, og klasseveninna Cecilie, er sentralt i filmen. Sjølvsagt går ei anna jente litt i vegen, sjølvsagt finn ikkje Kim tonen med foreldra hennar, og sjølvsagt er det heile på nippet til å gå til pises. Men det ordnar seg, slik det er opplagt at det skal gjera. For det er opplagt, alt som skjer her, det vert fortalt så overtydeleg at Halldis (5) var den som var mest engasjert i filmen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

16. april 2017

Thornton Wilder: The Bridge of San Luis Rey (1927)

I 1714 ryk ei bru over ei kløft i Peru, og fem personar styrtar i døden. Ein munk som er vitne til ulukka vil finna ut kva som skjer, og gjer seg kjend med liva til dei fem. Var det eit hendeleg uhell? Var det nokon som øydela brua med vilje? Var det Guds straffedom?

Dei fem var ikkje kjende, men dei hadde felles kjende. I tre kapittel fortel Wilder om dei som miste livet - berre éin av dei var på vandring åleine, dei fire andre gjekk parvis. Dei hadde alle kontakt med skodespelarinna Camila Perichole, som på sett og vis vert hovudpersonen i boka. Kontakten deira med Perichole var til dels perifer. Ei aristokratisk kvinne hadde til dømes vorte harsellert med av Perichole, medan ein ung mann hadde ein tvillingbror som ei kort tid var sekretæren til Perichole.

I det siste kapitlet prøver munken å dra konklusjonar av det han har lært. Det finn han ikkje, anna enn at det var ei ulukke. Det er ikkje så viktig. Boka er velskriven og fascinerande, og som vanleg er det kjekkare med spørsmål enn svar.

Guffen tilrår.

14. april 2017

Kjell Askildsen: Vennskapets pris (2015)

Eg har ikkje lese mykje av Askildsen. Og det er bra, for då har eg mykje god lesnad i vente. Denne boka kom for to år sidan, nesten tjue år etter den førre boka hans. Novellene vart skrivne i åra rundt tusenårsskiftet, og er jamt over glimrande.

Boka er på hundre sider, og nesten ein tredel av dei er blanke. Alle novellene opnar med ei tittelside, før novella tek til to sider etterpå, altså etter ei blank venstreside. Det er altså ikkje mykje tekst, men det gjer ingenting - det er jo ikkje slik ein vurderer bøker. Her er i alt tolv noveller, som alle på sin lågmælte fortel om liv som ikkje er heilt i balanse. Hovudpersonen har oftast eit litt vanskeleg forhold til dei som står han nærmast. Askildsen bruker få ord på å få fram dette, han bruker få ord på å få oss i stemninga, på å få oss til å skjøna kva som pregar desse personane.

Ei flott, flott bok. Askildsen var 86 år då boka kom ut, så det er ikkje utenkjeleg at det er den siste boka han gjev ut. For dei av oss som ikkje har lese mykje av han er det likevel mykje å ta av.

Guffen tilrår.

Meir Askildsen på kulturguffebloggen
Alt som før (1994)
Alf van der Hagen: Kjell Askildsen. Et liv (2014)

13. april 2017

Paul Auster: 4 3 2 1 (2017)

Dette er den fyrste romanen sidan Sunset Park (2010). Han har gjeve ut andre bøker i mellomtida, men det er samstundes lett å skjøna at det har teke tid å få ferdig denne boka. På sett og vis er det fire romanar i éi bok, og den boka er på 860 sider.

Som vanleg er Auster oppteken av det tilfeldige i eit menneskeliv. Han skriv ofte om korleis hendingar ein ikkje har kontroll over påverkar liva våre, og det er denne tanken han utforskar her. Dei fire forteljingane har alle same utgangspunkt: Archie Ferguson vert fødd i New Jersey i februar 1947, som det einaste barnet i familien. Livet til Ferguson tek ulike vegar, men mykje er felles: Dei er alle skrivande menneske, dei vert alle dregne mot New York, dei reiser alle til Frankrike, dei har eit vanskeleg forhold til far sin, osb.

Dei fire forteljingane er fletta inn i kvarandre - etter opningskapitlet om Ferguson #1 kjem dei tre neste opningskapitla, og så bortetter. Det gjer at det vert vanskeleg å hugsa kva som har skjedd med akkurat denne Fergusonen. Men etter kvart vert det ikkje så viktig. Det er fine forteljingar Auster kjem med, sjølv om det vert i meste laget. Slutten er òg rar - der kjem han med ei halvgod forklaring på kvifor boka har desse fire delane. Det minner litt om New York Trilogy, der det i den tredje boka kjem nokre setningar om at alle tre bøkene eigentleg handlar om det same. Slik sett kan ein seia at ringen er slutta. Auster fyller 70 år i år, og sjølv om det sikkert kjem fleire bøker frå han, kjem det neppe andre i denne storleiken.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

10. april 2017

Møster! (Vossasalen, Voss 8.4.17)

Dette var (omtrent) alt eg fekk med meg på Vossa Jazz i år. Ti minutt med Sondre Lerche var meir enn nok, og under Badnajazz-konserten sundag var eg vel ugild. Men denne eine konserten var vel verdt pengane - det var stort sett ein time med stas.

Eg såg Møster! i Bergen i fjor haust. Då var dei berre fire, denne gongen var dei utvida med tre: Perkusjonisten Helge Nordbakken, tangentisten Ståle Storløkken, og lydmakaren Jørgen Træen. Spesielt dei to fyrste gjorde mykje av seg. Saman med trommeslagaren Kenneth Kapstad og bassisten Nikolai Eilertsen utgjorde Nordbakken ein avsindig rytmeseksjon. Dei to bak trommesetta utfylte kvarandre godt, og Eilertsen var lengre framme i lydbiletet enn elles. På fleire av songane var det han som heldt det saman, der dei melodiøse basslinene hans var basisen dei andre bygde på.

Og - med fare for å dra metaforen for langt - det var ein del bygging. Dei bygde opp eit massivt lydbilete, der Storløkken, gitarist Hans Magnus Ryan og saksofonisten Kjetil Møster veksla på å dra soloar. Her var Storløkken i sitt ess, og dansa meir på pianokrakken sin enn fleire i publikum.

Fabelaktige greier, altså. Møster! siglar opp som favorittar, og det er alltid gledeleg med tilvekstar i den kategorien.

Guffen tilrår.

Meir Møster! på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
Østre, Bergen, 27.10.2016
USF, Bergen, 10.10.2021

8. april 2017

Adaption (2002)

Det er eit stjernelag som står bak denne filmen. Han er regissert av Spike Jonze, og manus er skrive av Charlie Kaufman. Filmen handlar om ein manusforfattar som slit med å overføra ei bok til filmmanus. Han køyrer seg fast, samstundes som tvillingbroren hans, som søv på gjesterommet til forfattaren, greier å trylla fram eit glitrande manus. Han tek med seg tvillingbroren, fyrst til New York og deretter til Florida, for å få kontakt med forfattaren av boka han har som utgangspunkt. Det går ikkje så bra.

Det går heller ikkje så bra å prøva å skildra denne filmen. Det tapar seg litt mot slutten, men den fyrste halvdelen er aldeles fabelaktig. Nicholas Cage imponerer stort i hovudrolla, som den relativt nevrotiske manusforfattaren Charlie Kaufman. Det er uråd å lika han, men det er òg uråd å ikkje sjå på han. Og det er lett å få medkjensle med han.

Guffen tilrår.

4. april 2017

Mark Lee Gardner: Shot all to Hell (2014)

Mark Lee Gardner skreiv for nokre år sidan ei flott bok om Billy the Kid. I denne boka har han teke for seg ein annan velkjent banditt frå det ville vesten. Boka handlar om Jesse James og laget hans, og hovudvekta ligg, fascinerande nok, på eit ran som slettes ikkje gjekk etter planen.

I september 1876 hadde Jesse James og sju andre reist frå Missouri til Minnesota, mest for å ta hemn på ein dommar dei hadde ei høne å plukka med. Før dei kom så langt endra dei planane, og fann ut at dei like godt kunne rana ein bank, når dei likevel var i Minnesota. Valet fall på ein bank i Northfield, men grunna ein bankmann som var lite samarbeidsvillig fekk dei ikkje med seg meir enn småpengar. Det kom til skotveksling, der to av bandittane vart drepne, og der også to av innbyggjarane i Northfield vart drepne. Dei andre flykta, og delte seg i to grupper. Den eine gruppa vart fanga, medan to mann kom seg unna - dei to brørne Jesse og Frank James.

Mark Lee Gardner fortel denne historia på ein overtydande måte. Han får fram bakgrunnen deira, han får godt fram kvifor dei hjå mange hadde heltestatus, og han fortel om dei dramatiske dagane med både historisk og forteljarteknisk innsikt. Dei einaste innvendinga mot boka er at han bruker for mykje tid på det som skjedde etter at all moroa var over, og at bileta i boka burde vore langt større.

Guffen tilrår.

Meir Gardner på kulturguffebloggen
To Hell on a Fast Horse (2010)
Rough Riders (2016)

2. april 2017

Crossfire Hurricane (2012)

OK. Frikveld, åleine heime, på med Netflix, og eg set i gang den fyrste filmen som verkar nokolunde interessant. Eg er over middels interessert av rockehistoria, og ser gjerne filmar eller les bøker om artistar eg ikkje har altfor mykje sansen for. Av og til er det verdt bryet, av og til er det ingen direkte god idé.

Denne filmen hamnar i den siste kategorien. Filmen handlar om The Rolling Stones, og det handlar mest om tida fram til midt på 1970-talet. I den perioden var dei eitt av dei største banda i verda, men symptomatisk nok finst det knapt ein einaste song her som svingar. Filmen tek seg opp når dei vert intervjua, men ikkje så mykje. Dei fyrste åra er dei entusiastiske, men gradvis misser dei heilt sansen for intervju, og oppfører seg som om dei er med på det pliktløpet dei faktisk er med på.

Filmen er laga for dei som kjenner bandet godt. Mange songar vert spelte, men det vert ikkje opplyst om kva dei heiter. Eg dreg kjensel på mange titlar, men ikkje alle.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Rolling Stone på kulturguffebloggen
Keith Richards: Life (2010)
Keith Richards. Under the Influence (2015)