29. januar 2024

Marcel Proust: Swanns kjærleik (1913)

Marcel Proust er vel ein av desse forfattarane ein burde ha lese noko av. Eg har av og til tenkt på å ta sjansen på På sporet av den tapte tid, men har aldri gjort det. Det verkar for stort (og det verkar litt uklart kor omfattande verket er - eg er heilt sikker på at eg har høyrt tale om tolv band, men i denne boka står det både om femten band og sju bøker. Kanskje nokre av bøkene er delte over fleire band?).

Slik sett er jo dette ei god løysing: Skald har plukka ut ein del av verket, ein digresjon, som dei kallar det, og gjeve det ut som eiga bok i klassikar-serien deira. Og den serien er jo, slik eg har sagt før, mange gonger før, eit aldeles glitrande tiltak.

Boka fengar mest i opninga. Det er ein uvanleg detaljrikdom i det som vert fortalt, og dei lange setningane, med mange komma og innskot, glir fint av stad. Det gjer dei for så vidt gjennom heile boka, men det vart litt i meste laget. Eg er slettes ikkje sikker på om eg hadde greidd sju bøker eller tolv eller femten band.

Det handlar om rundbrennaren Swann, som finn seg ei enkel kvinne han vitjar så ofte som han kan. Han prøver å overtyda seg sjølv om at han ikkje er forelska i ho, men i andre halvdel av boka, etter at ho har invitert (endå) fleire menn inn i livet sitt, går han rundt og er sjalu om lag heile tida. Så der er nok eit eller anna.

Guffen er lunken.

21. januar 2024

Odd W. Surén: Fall (2023)

Av og til undrar eg meg over at folk ikkje snakkar meir om Odd W. Surén. Alle bøkene hans er ikkje fulltreffarar, men han har ein høg treffprosent. Han er ein av dei store humoristane i norsk litteratur. Han veit kva som er morosamt, han veit kva som fungerer, og når han er i toppform skriv han fabelaktige tekstar.

Slik er det med denne boka. Eg las ho på toget frå Oslo her om dagen, og humra meg gjennom det meste av Hallingdal. Her er sju noveller (eller "beretninger", som han sjølv kallar det), og dei er i slekt med kvarandre. Fall er eit stikkord, novellene er fordelte i dei tre gruppene Forfall, Innfall og Utfall. Ein biperson i ei novelle dukkar opp som hovudperson i ei anna, og omvendt. 

Nokre vitsar er òg gjennomgåande. Hovudpersonen i opningsnovella skadar kneet. Han må stå i badekaret når han skal dusja, og rørslene han må ta for å koma seg opp i badekaret med skadd kne minner han om kunstløpstrikset Trippel Salchow. Seinare i boka kjem det tre noveller der me etter tur møter tre Salchow-brør. Alle har mellomnamnet Drange, og førenamna deira er Marlon, Elvis og Geronimo. 

Boka er (som vanleg) full av bitre menn som klagar over eitt og hitt, og det er heilt topp. Og den eine setninga bakpå boka er reint gull: "Kan man innlede enhver telefonsamtale med spørsmålet 'E din mor heme'?"

Guffen tilrår. 

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)

20. januar 2024

Jordan Mooney og Cathi Unsworth: Defying Gravity (2019)

London, midt i 1970-åra. Punken som veks fram her er annleis enn den frå New York - det er litt meir politikk, det pregar samfunnet meir, og det er meir visuelt slåande. Punken var noko nytt, men det var mykje kopiering. Jordan var ei av dei få som hadde ein eigen stil, og som var med på å prega denne subkulturen.

Ho arbeidde i butikken/butikkane til Malcolm McLaren og Vivienne Westwood. Ho kunne ha ei så skremmande og uvanleg framtoning at folk var redde ho; mange i denne boka fortel at dei måtte ha fleire forsøk før dei vågde å gå inn i butikken hennar. 

Boka fortel dels om livet hennar, dels om musikken. Den siste delen vert etter kvart den mest interessante, den fyrste vert litt for lik. Ho er der ved dei fleste store Sex Pistols-augneblinkane, av og til til og med scena. Seinare vert ho manager for Adam and the Ants, som jo ikkje var like interessante.

Det er ei ujamn bok, som godt kunne vore korta litt ned. Ho slepper til fleire røyster, ho har hatt samtalar med mange som var sentrale. Dei fyller ut historia, men det verkar som om ho har snakka med folk ho veit ho er på lag med - det er ikkje mykje kritikk i det dei byr på.

Guffen tilrår. 

19. januar 2024

Oppsynsmannen (2024)

Bård Tufte Johansen lagar vanlegvis lystige fjernsynsprogram, men slik er det ikkje denne gongen. Han reiser rundt i landet for å finna ut kva me gjer med naturen vår, og det er stort sett nedslåande ting han kjem over. 

Store naturområde vert fjerna for at det skal koma ulike verksemder. Enorme naturområde vert fjerna for at Google kanskje skal koma til landet. Ei øy vert omtrent sprengt vekk, for at ein lakseoppdrettar skal prøva med eit anlegg utan direkte kontakt med havet. Det trengst for så vidt - ein annan stad viser ein fiskar korleis torsken i fjorden vert misdanna etter å ha vore i kontakt med rømt oppdrettslaks. Og så bortetter. 

Han møter folk som yter motstand. Nokre har protestert mot dei ekstreme hytteutbyggingane. Nokre fører myrer tilbake til myr. Nokre demonstrerer. Det er gledeleg og imponerande, men det hjelper diverre lite. Me er jo eit land der gode tankar vert lagt til sides viss nokon kan tena pengar. Og då kan Tufte Johansen smila og le og vitsa litt med dei han møter, men det er likevel ein heller trist serie. Han kunne nok vore meir kritisk i møta med dei verste, men samstundes er han jo òg open på at han har eit forbruk langt over snittet.

Guffen tilrår. 

14. januar 2024

Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)

Det dabbar av med fotballinteressa. Eg ser omtrent ingen kampar meir, og det går visst lenger og lenger mellom kvar gong eg les ei fotballbok. Denne har stått i hylla lenge, og som vanleg hugsar eg ikkje kvifor eg kjøpte ho. Kanskje nokon tilrådde ho, kanskje ho fekk heiderleg omtale i ei anna bok eg las.

Den omtalen var i tilfelle vel fortent. I utgangspunktet er boka mest for dei som verkeleg er fotball, dei som kan snakka om og diskutera fotball dagen lang. Det handlar om taktikk, og om korleis nye formasjonar har dukka opp og teke over etter andre. Det er det tittelen handlar om - i gamle dagar stilte ein gjerne i 2-3-5, altså med to bak, tre på midten, og fem framme. I dag peikar pyramiden andre vegen. Sjølv om formasjonane er flytande, er det ein grunnregel at ein har fleire spelarar heilt bak enn heil framme. 

Den utviklinga har truleg ikkje ålmenn interesse, men det som livar opp boka er alle portretta Wilson teiknar. Både spelarar og trenarar/managerar vert presenterte, og der er det mykje bra. Som han manageren som vart sparka medan laget hans låg på topp, og som frå då av alltid hadde eit punkt i kontraktane sine at han ikkje kunne sparkast viss han låg på topp. Som han midtbanespelaren som var eit geni, men som måtte sendast på avrusing midt i karrieren. Og så bortetter. Wilson gjev òg gode referat frå kampar og meisterskap. Han hentar døme frå heile den fotballspelande verda, men kjem heile tida tilbake til England. Det er heimlandet hans og heimlandet til organisert fotball - og sidan 1930-åra er det eit gjennomgåande trekk at dei ligg bakpå reint taktisk.

Guffen tilrår.  

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

10. januar 2024

Karl Jacob Skarstein: Krigen mot siouxene (2005)

Minnesota, 1862. På grunn av den amerikanske borgarkrigen er talet på soldatar i staten færre enn vanleg. Dei kvite har inngått fleire avtalar med indianarane, men bryt dei igjen og igjen. Indianarane får ikkje den maten og det utstyret dei er lova, og til sist vert det for mykje for dei. Dei går til angrep på mange busetjarar i Minnesota-dalen, sørvest i staten, og når det heile er over har minst 200 kvite, både sivile og soldatar, mist livet. Mange indianarar miste òg livet, men her er tala langt meir usikre, med unntak av dei 38 som vart avretta i ei masse-henging i Mankato.

Boka er ei grei skildring av det som skjedde, men ikkje noko meir enn det. Skarstein skriv òg om det som skjedde året etterpå, noko lengre nord og vest. Boka er informativ, og då får me heller leva med at språket er stivt, livlaust og klisjeprega - spesielt i dei mange naturomtalane.

Guffen tilrår. 

8. januar 2024

Ivan Turgenev: Fathers and Sons (1862)

Ei av dei meir perifere rocke-gruppene på Voss tidleg i åttiåra kalla seg Bazarovs barn. Eg trur ikkje dei heldt mange konsertane, i farten kan eg i alle fall ikkje hugsa å ha sett dei. Og eg er aldeles sikker på at eg ikkje plukka opp referansen til denne romanen. (Eg veit heller ikkje om det var denne romanen dei refererte til - det kan like gjerne ha vore ein referanse til boka Kaj Skagen gav ut i 1983, Bazarovs barn.)

Romanen handlar om dei to venene Arkady Kirsanov og Evgeny Bazarov. Bazarov er nihilist, han trur ikkje på noko som helst, og han bruker minst mogleg tid på dei som tenkjer annleis. Arkady er nok ikkje heilt på line med han, men han er samd med Bazarov i mykje. Dei to vitjar mange folk - fyrst far (og onkel) til Kirsanov, deretter nokre andre, så foreldra til Bazarov, før dei kjem tilbake til faren (og onkelen) til Kirsanov. 

Alle stadene vert folk forferda over livssynet til Bazarov, og store delar av boka handlar om desse samtalane. Det handlar òg om kjærleik, begge to møter kvinner dei likar. 

Det er ei fin bok. Slik det går fram av tittelen, handlar det mykje om skilnadene på generasjonane. Dei som er omtrent jamgamle med Bazarov og Kirsanov reagerer langt mindre på korleis Bazarov oppfører seg. 

Guffen tilrår. 

7. januar 2024

Oddrun Grønvik: Meir enn eit tillegg til annan manns verk? (2023)

Fonna Forlag gav ut tibandsverket Norsk Allkunnebok mellom 1948 og 1966. I fjor drog forlaget i gang ein serie med litt mindre omfangsrike allkunnebøker. Så langt har det kome to - ei handlar om då Fonna refuserte Jon Fosse, dette er den andre. Fosse-allkunneboka har det stått om i mange aviser, medan denne ikkje har fått like stor merksemd. Det er ein slags parallell til Hans Ross der - det er han andre som vert hugsa og som framleis får den store merksenda.

Han andre er Ivar Aasen. I 1895, året før Aasen døydde, gav Hans Ross ut Norsk ordbog. Tillegg til "Norsk ordbog" av Ivar Aasen. Med ein slik smålåten tittel er det ikkje rart at det vart lagt mindre vekt på arbeidet til Ross. 

I denne boka viser Oddrun Grønvik at dette er noko urettvist. Det er stor skilnad på dei to bøkene. Aasen ville, slik Grønvik skriv, "laga ei høveleg stor ordbok for eit sams, offisielt riksspråk". Prosjektet til Ross var heilt annleis - han ville dokumentera det rike ordforrådet som fanst i norske dialektar, og det er noko heilt anna. Aasen var ein forløpar for Nynorskordboka; Ross for Norsk Ordbok

Boka er utgjeve i samarbeid med Venelaget Hans Ross. 

Guffen tilrår.

6. januar 2024

Ken Jennings: Maphead (2011)

Kart er fascinerande. Eg kan godt kika i ein atlas i timevis, og eg hugsar godt den gongen eg brått stod i ein National Geographic-butikk i Washington DC, og tenkte at her kunne eg ha kjøpt ein av kvar. 

Eg kan likevel ikkje måla meg med Ken Jennings og alle dei han skriv om. Jennings var ein kartskalle frå han var liten, og skriv godt og underhaldande om kor mykje ein kan læra av kart. Han skriv om korleis gleda over kart vert med inn i den digitale verda, og om utfordringar knytt til dette. 

Eitt av dei mest underhaldande kapitla handlar om National Geographic Bee, som er ei geografi-tevling for skuleungar. Jennings er litt oppgitt over at stave-tevlinga Spelling Bee er langt betre kjent, og eg tek poenget hans: Spørsmåla i geografi-tevlinga er langt meir krevjande. Jennings er kunnskapsrik, han hadde lenge rekorden for flest sigrar i amerikansk Jeopardy, men han slit med å hengja med når ungane briljerer.

Han skriv mykje om samlarar - folk som samlar på geocachar, folk som samlar på punkt der breidde- og lengdegrader kryssar kvarandre. Det er noko herleg nerdete over det heile, og det vert altså presentert av ein forfattar med stort språkleg overskot.

Guffen tilrår. 

1. januar 2024

Jon Fosse: Andvake (2007)

Det var tilnærma perfekt timing. Alle andre i heimen var vekkreist, slik at i går kveld fekk eg den drøymekvelden eg fabla om då eg skreiv om Kveldsvævd: Eg laga noko halvgod mat, sette meg godt til rette, og las dei tre bøkene i trilogien. Heldigvis vart eg ferdig før alle naboane gjekk amok med rakettar.

Eg har lese alle tre bøkene før, men eg har ikkje blogga om denne. Det er ei finfin bok. Det handlar om det unge paret Asle og Alida. Ho er høggravid, og dei vert kasta ut - både frå naustet dei har budd i ei kort tid, og frå heimen til mor hennar. Dei stel ein båt og reiser sørover til Bjørgvin, der dei ikkje får husrom. Det ordnar seg på sett og vis, og boka sluttar med at dei vert foreldre til ein liten gut.

Det er som før: Å referera handlinga i ei Fosse-bok seier svært lite om korleis det er å lesa boka. Fosse skriv fram stor sympati for dei to, han skildrar godt korleis dei har det. Han går ikkje i detalj om kva som skjer heile tida, men me anar at Asle har teke livet av minst éin person. Svaret på det kjem i neste bok, som er hakket veikare enn denne, men som likevel er svært, svært god.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)