13. august 2022

Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)

Groucho Marx skreiv mange brev. I boka The Groucho Letters er mange brev samla - brev han skreiv til slekt og vener, forfattarar, filmselskap osb. I den boka viser han den lystige sida av brevskrivinga si, ofte verkar det som om han vil imponera mottakaren, og han skriv godt og har gode vitsar.

Breva i denne boka har eit heilt anna innhald. Miriam Marx Allen var den eldste dotter hans. I føreordet skriv ho at ho har inkludert alle brev og postkort ho fekk frå far sin, og med nokre få unntak er all tekst i breva med, og med unntak av breva frå andre halvdel av 1950-åra, som er komne bort. 

Breva i boka er i hovudsak frå to periodar. Nokre år i andre halvdel av 1940-åra studerte Miriam i Connecticut; eit par år midt i 1950-åra var ho på ein avrusingsheim i Nebraska. Resten av livet budde ho stort sett i California, i nærleiken av Groucho.

Dei to har ikkje noko godt forhold. Groucho er jamt over misnøgd med korleis dottera lever livet sitt, og det handlar stort sett om pengar. Og alkohol. Ho får pengar frå faren kvar månad - han meiner det er nok, ho treng meir. Han er fleire gonger forbanna over at ho sender han store rekningar. Han skriv fleire gonger rett ut at han ikkje stolar på ho - viss ho skal få 100 dollar til å kjøpa seg ei ny kåpe, vil han sjå ei kvittering som viser at kåpa faktisk kosta så mykje. Alle tre ekteskapa til Groucho enda med skilsmisse, og det vert sagt at alle konene hans vart alkoholikarar då dei budde saman med han. Dottera vart det altså òg.

Han viser sjølvsagt òg varme og kjærleik, men det druknar ofte i dei strenge og klare meldingane. Svært ofte klagar han på at ho ringjer rikstelefon. Han framstår som ein gjerrigknark, merkeleg nok. Han var rimeleg velståande, men var nok prega av at han hadde mist omtrent alt han eigde i krakket i 1929.

Innimellom alt dette fortel breva òg mykje om livet og karriera til Groucho. Planar om filmar, radioprogram og fjernsynsprogram. Han skulle gjerne skrive meir om det.

Guffen tilrår. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

1 kommentar: