6. desember 2010

Monkey Business (1931)

Ny kveld, ny Marx-film. Dei to fyrste filmane deira var bygde på stykke dei hadde gjort stor suksess med på Broadway. Monkey Business var skriven for film, slik at vitsane ikkje var prøvde ut på publikum før filminga. Det er diverre tydeleg.

Her er mange godbitar, for all del. Den verbale humoren til Groucho er endå betre enn i Animal Crackers, han er framleis ein glimrande snakkar, og har mange solide replikkar. Chico har ikkje dei heilt store replikkane i denne filmen, det vert for mange halvgode ordspel, men på den andre sida har han den kanskje aller beste pianosoloen sin her. Harpo kjem betre frå denne filmen enn dei tidlegare, og Zeppo har ei langt større rolle her.

Så kvifor tek det ikkje heilt av? Her er minst to grunnar. Den eine er at dei alt i den tredje filmen hentar fram vitsar frå dei føregåande. På ein måte er det greitt, men problemet er at dei hentar fram att vitsar som ikkje var spesielt gode i utgangspunktet. Viktigare er det at manuset ikkje er godt nok. Det vert ei for sprikande historie, av og til er det berre hekta samen ei rekkje scener som skal vera morosame.

Dei fire Marx-brørne er blindpassasjerar på eit skip. Dei vert oppdaga, og to tredjedelar av filmen handlar om korleis dei ikkje vert oppdaga av mannskapet på skipet. På vegen er der ein gryande romanse mellom Zeppo og ei ung dame, truleg for å gje han ei større rolle. Dei fire vert òg livvakter for to rivaliserande gangsterar; Groucho vert like godt livvakt for begge to. Dei kjem seg i land, og på eit selskap arrangert av den eine gangsteren vert dotter hans kidnappa, men Marx-brørne greier å få ho fri.

Det er altså ikkje all verda, men alt går ikkje galt. Scena der Groucho vert teken på fersken med kona til han eine gangsteren og snakkar seg ut av heile situasjonen er stor. Sekvensen der dei skal prøva å koma seg i land utan pass er òg solid. Dei har på merkeleg vis fått tak i passet til Maurice Chevalier. Biletet i passet liknar ikkje på nokon av dei tre fyrste, og dei prøver å syngja ein Chevalier-hit for å overtyda passkontrolløren. Det går dårleg. Fjerdemann, Harpo, gjev derimot ein feilfri imitasjon av Chevalier, takka vera ein berbar sveivegrammofon han har på ryggen. Det går bra, heilt til piffen går ut av grammofonen, og han må sveiva han opp på ny.

Høgdepunkt: Pianosoloen til Chico, der han fyrst spelar om kapp med orkesteret, før han viser fram den fabelaktige (og særeigne) teknikken sin i eit anna nummer.

Guffen er lunken.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar