24. juli 2015

Good Ol' Freda (2013)

Er det meir å seia om The Beatles? Der er skrive hundrevis av bøker om dei, frå alle moglege vinklar, og der er laga filmar og fjernsynsseriar. Så kjem denne filmen, som fortel det heile frå ein ny synsvinkel. Det er ein enkel dokumentarfilm om ei kvinne med ein spesiell historie, og det heile er uventa underhaldande.

Freda Kelly var som mange andre unge jenter i Liverpool. Ho vart besett av The Beatles, og meiner at ho såg rundt 190 av dei 294 konsertane gruppa spelte på The Cavern. Etter at populariteten auka trong dei ein sekretær, og Kelly vart tilsett i 1962. Ho arbeidde for dei fram til 1973, og var altså ei av dei som var på innsida. Ho kjende alle saman godt, og vart òg godt kjend med familiane deira. Ho fekk ansvar for fanklubben deira. Å vera redaktør for fanklubbladet var ein del av jobben; å svara på dei tusenvis av brev som kom kvar dag var ein annan. Dei fleste bad om autografar, og dei fleste fekk det. Nokre bad om andre ting - ei kvinne sende eit putevar, som ho vona at Ringo kunne sova på, signera, og senda tilbake. Det vart ordna.

Kelly kunne halda kjeft, og det er noko av det mest fascinerande her. Etter at The Beatles vart oppløyst sat ho med store mengder materiale - foto, brev, gjenstandar - som ho kunne selt for millionar. I staden gav ho det vekk. Ho har fått fleire tilbod om å skriva bok om åra hennar med gruppa, men har alltid takka nei. Ho er framleis svært lojal mot dei fire, og framstår mest av alt som ei jordnær kvinne som tilfeldigvis fekk drøymejobben.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Mark Lewishohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days a Week (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar