8. oktober 2023

Jon Fosse: Bly og vatn (1992)

Ei sann historie: Eg sette meg inn på toget frå Bergen, fann fram denne boka for å lesa litt i ho, men måtte nett sjekka om det var noko nytt på telefonen. Det var det absolutt - eit kvarter tidlegare hadde Jon Fosse fått nobelprisen. Det vart ikkje like mykje boklesing som eg hadde tenkt; eg brukte mykje tid på å lesa kva nettavisene skreiv om denne hendinga. Denne storhendinga. 

Nobelprisen er sjølvsagt vel fortent og vel så det, men denne boka vart ikkje nemnt av mange i den samanhengen. Det var den fyrste Fosse-boka eg las, eg kjøpte ho same året ho kom ut, og eg hugsar det som ei god oppleving. Det er framleis ei bra bok, men ho bleiknar nok mot dei mange høgdepunkta i forfattarskapen hans. 

Ein journalist kjem til ein by for å gjera tre intervju. Før han får gjort det fyrste møter han ei ung kvinne, med store rusproblem og som truleg er prostituert. Han tek ho med seg på hotellrommet, han tek ho med seg på bar, han tek ho med tilbake til hotellrommet. Fleire gonger ringjer kona hans for å få snakka med han; kvar gong er det den unge kvinna som svarar. Det vert, ikkje overraskande, ikkje noko av dei planlagde intervjua.

Det er kanskje her Fosse dreg dei mange repetisjonane lengst ut, og det er heilt greitt. Journalisten er ein kar det er vanskeleg å lika og endå vanskelegare å forstå. Han verkar aldeles tiltakslaus, der han stort sett heile tida gjer noko anna enn det han har tenkt, og der han ikkje får gjort noko av det han er komen til byen for å gjera. Boka sluttar med at han reiser frå byen, og me kan vel berre tippa kva som ventar han då.

Guffen er lunken. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar