26. februar 2023

La elva leve (2023)

Ein heilt grei film om Alta-saka. Kortversjon er at staten frå 1968 hadde planar om byggja ut denne elva. Planane møtte massiv motstand, både frå samar og miljøvernarar. I 1978 vart ein stor folkeaksjon skipa, men til ingen nytte: Utbygginga vart sett i gang sommaren 1979. Etter nokre pausar heldt utbygginga fram, og då høgsterett i 1982 stadfesta at utbygginga var lovleg gav folkeaksjonen opp.

Filmen fortel denne historia og litt til. Eit gjennomgåande tema er at det på den tida var krevjande å stå fram som same, og mange prøvde å skjula denne sida av identiteten sin. Hovudpersonen i filmen, Ester, er ein av dei. Ho kjem til Alta som nyutdanna lærar i 1979, og får jobb på ein skule der samar ikkje har høg status. Fetteren hennar, Mihkkal, er meir synleg same, og han meiner at ho bør fylgja eksempelet hans. Det gjer ho, etter kvart. Det vert vanskeleg, både på jobb og heime hjå mora - den nye mannen hennar er ikkje heilt sympatisk innstilt til samar.

Filmen er altså heilt grei. Undervegs er det uråd å ikkje tenkja på all uretten som vart gjort og korleis Noreg undertrykte samefolket.

Guffen tilrår.

25. februar 2023

Tormod Haugland: Om dyr og syn (2017)

Den fyrste romanen i det som vel er ein trilogi, der Haugland hentar stoffet frå eigen oppvekst. 

Forteljaren i boka er odelsgut på ein gard nord for Bergen. Han hjelper foreldra der det trengst, og planen er at han skal ta over garden. Samstundes bur det noko anna i han, han vil noko meir enn det han ser og opplever på heimgarden. Han er glad i å teikna, han teiknar godt, og han flyttar til Bergen for å studera kunst. Gradvis innser han at han heller vil satsa på litteratur, men han slit med å sjå korleis han kan kombinera dette med gardsdrift. Løysinga vert at broren tek over garden, ei løysing som er god for begge to.

Gjennom heile boka har han med seg ein slåsshanske han har tjuvlånt frå faren. Slåsshansken fortel på ein merkeleg måte om livet utanfor garden, og kjem til nytte ved fleire høve.

Boka er fin. Av og til verkar det som om me er langt inne i heimstaddiktinga frå for lenge sidan, men med ujamne mellomrom bryt Haugland opp teksten med kommentarar der forfattaren kjem med merknader til livet han skildrar. Det er eit grep som fungerer godt, og eg ser fram til dei to neste bøkene i trilogien.

Guffen tilrår. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)

20. februar 2023

Brian Wilson. Long Promised Road (2021)

Ein fin, fin film om sjølvaste Brian Wilson. Konseptet er rimeleg enkelt - han køyrer rundt i Los Angeles saman med Jason Fine, ein redaktør frå Rolling Stone. I tillegg er der ei mengd klipp frå gamle dagar, og nokre intervju frå andre stader enn bilen.

Wilson er på mange måtar eit ideelt intervjuobjekt. Han har mange historier å fortelja, både om musikk og livet elles. Det som gjer intervjua med han spesielle er at han svarar fort, og at han er ekstremt open om alt. Det kan føra til at me av og til kjem for tett innpå han. Jason Fine tek han med til hus han har budd i, og dei fleste stadene vil han berre sitja i bilen - det vert for emosjonelt for han å gå ut. Han vert ekstremt rørt når han får høyra at Jack Rieley, som var manager for Beach Boys nokre år i 70-åra, er død. Samtalen går heilt i stå. Rieley døydde i 2015, altså seks år før filmen var ferdig, og då han døydde la Wilson (eller hjelparane hans) ut ei melding om det på sosiale media. Det kan tyda på at minnet til Wilson ikkje er like godt alltid. Eit anna døme på det er at han seier at han aldri har høyrt (den glimrande) soloplata til broren Dennis, altså Pacific Ocean Blue

Her er òg mykje musikk, sjølvsagt. Der er nokre ufatteleg flotte sekvensar der alle instrumenta er fjerna frå Beach Boys-songar, me høyrer altså berre dei harmoniserande røystene. Der er glimt frå gamle dagar i studio, og ei rekkje folk frå musikkverda snakkar om kor stor Wilson er. 

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
David Leaf: God Only Knows (2022)

19. februar 2023

Arsène Wenger. Invincible (2021)

Grei tidtrøyte ein laurdagskveld. Eg kjenner historia godt, men det handlar jo om glansdagar, og då er det greitt å repetera litt. 

Wenger vart tilsett som manager i Arsenal i 1996. Dei fyrste ti åra var svært suksessrike; dei tolv neste litt midnre vellukka. Det var fleire grunnar til nedturen, og økonomi var truleg den viktigaste.

Filmen konsentrerer seg om tida fram til 2003/04, då Arsenal greidde å gå gjennom sesongen utan eit einaste ligatap. Fleire er innom og snakkar litt, fyrst og fremst tidlegare spelarar, men Alex Ferguson, manager for rivalen Manchester United, er òg innom. Han og Wenger hadde eit anstrengt forhold på den tida, men no er Ferguson full av lovord. 

Han som snakkar mest er Wenger sjølv. Han er sjarmerande og innsiktsfull, men det som er mest stas er å sjå korleis han ser ut når han vert vist høgdepunkt frå gamle dagar. Dei har rigga til ein slags kinosal med berre ein stol, og der får Wenger sjå oppturar (og nokre få nedturar). Av og til smiler han breitt, av og til må han reisa seg frå stolen og gå litt rundt i rommet.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)

18. februar 2023

Jon Fosse: Raudt, svart (1983)

Debutboka til Jon Fosse. Nokre av kjenneteikna ved den seinare forfattarskapen hans er synlege her, men det er òg tydeleg at han har eit stykke å gå før han er den store forfattaren me kjenner i dag. Her er òg mykje å dra kjensel på for dei av oss som har ørlite innsikt i oppveksten til Fosse, utan at det tyder at boka skal lesast sjølvbiografisk.

Det handlar om ein ung mann. Han går på gymnaset, og bur på hybel. Han har ikkje nokon omgangskrins å snakka om, han har lite kontakt med dei andre i klassen og er heller sjeldan på skulen. Han spelar i eit halvgodt danseband, men får ikkje så mykje ut av det. Ein dag finn han ein lapp frå hybelvertinna, der det står at han må ringja heim. Det gjer han ikkje, han finn ut at han heller kan ta bussen heim for å snakka med mora - han har likevel tenkt på å reisa dit for å melda seg ut av statskyrkja. På ferja (for me er sjølvsagt i eit fjordlandskap ikkje langt frå Bergen) småkjeklar han litt med ei kristen jente i klassen. Vel heime hjå mora får han høyra at faren ligg på Haukeland. Han storkjeklar litt med mora, før han reiser til Bergen. Der skal bandet hans spela. Han vitjar faren før han spelar halve spelejobben. Han vert med ei jente heim, reiser attende til hybelen og prøver å ta livet sitt.

Det skjer nesten uventa mykje til å vera ein Fosse-roman. Den unge mannen er glitrande framstilt. Det er lett å skjøna at han slit med noko, mest psykisk og sosialt. Han har resignert, han vil eigentleg ikkje meir, slik at det er ei bok prega av den svartaste av dei to fargane i tittelen. 

Guffen tilrår.  

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

12. februar 2023

Tarjei Vesaas: Signalet (1950)

Me er på ein jernbanestasjon der toget står klart til avgang. Det kjem fleire reisande til, og fleire av dei er oppstemte: Dei skal ut på reise! Nokre er røynde reisarar, for andre er dette noko stort og sjeldsynt. 

Fleire kjem til. Dei fleste spør når toget skal gå, og får til svar at toget går på ruta. Det gjer det likevel ikkje - alle reknar med at det snart skal gå, men det går ikkje. Dei som spør stasjonspersonalet får ikkje svar. I alle fall ikkje svar dei kan verta kloke på. Nokre resignerer, andre vert irriterte. Klokare vert dei likevel ikkje.

Dette er (så godt som) alt som skjer i boka. Ho er skriven i åra etter andre verdskrigen, og det er nærliggjande å lesa boka som eit ynske om at det skal gå framover med verda, og at alt må ordna seg. Men det kan godt vera at boka kan lesast og forståast på andre måtar òg, men for meg vert dette svært lite engasjerande. Boka er ei av dei aller veikaste Vesaas gav ut etter andre verdskrigen.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

11. februar 2023

Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

Ei fin bok, der Tracey Thorn skriv om langt meir enn det tittelen lovar. Råkkenråll-venen hennar er sjølvaste Lindy Morrison, trommeslagar i The Go-Betweens gjennom det meste av 1980-åra. Thorn spelte sjølv i Everything but the Girl, og fyrste gong dei to møtte henne var ein gong EBTG varma opp for The Go-Betweens. Dei vart nære vener, og boka handlar altså dels om denne venskapen.

Det gjennomgåande temaet er eit heilt anna: Korleis vert kvinner handsama i musikkverda, og i verda elles? Morrison vert eit ideal for Thorn. Ho er frittalande, ho er sjølvstendig, ho vil noko, og ho tek av og til mykje plass. 

Boka viser korleis ho var langt meir røynd, på alle måtar, enn dei to frontfigurane i bandet, Robert Forster og Grant McLennan. Samstundes var dette heilt uinteressant for dei mange journalistane som skreiv om bandet. Morrison vart gjerne redusert til noko kuriøst, til ei kvinne som spelte trommer i eit rockeband. Og dette skjedde til og med i eit band der dei to tydelegaste var rimeleg pinglete menn.

Akkurat her er det svært lett å vera samd med Thorn, og det er like lett å vera samd i at det vert heil feil når Go-Betweens vert redusert til ein duo og nokre andre musikarar. Sjølvsagt var alle viktige, spesielt i 1980-åra. Og det er like lett å vera samd i at måten Go-Betweens vart oppløyst på i 1989, der Forster og McLennan sparka dei tre andre på, var ekstremt ufin. Og ho var ein perfekt trommeslagar for dei, spesielt i åra der dei ikkje var så opptekne av at alt skulle gå i fire fjerdedels takt. Det er litt verre å følgja ho når ho meiner at Morrison var like viktig som Forster/McLennan. Ho var nok det dei fyrste åra, der ho altså var langt vaksnare og tryggare på seg sjølv.  Så ein liten del av meg har lyst til å innvenda at dei to gjorde stor suksess då dei kom saman att etter rundt ti år, medan Morrison ikkje fekk det heilt til musikalsk etter Go-Betweens.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Robert Forster: Grant and I (2016)

10. februar 2023

Paul Auster: Bloodbath Nation (2023)

Paul Auster er sint, og han får ut bra mykje aggresjon i denne boka. Han skriv om all skytinga og alle våpena i USA. Det er eit emne mange har teke opp før, både i bøker og filmar. Auster kombinerer eigne minne med fakta og historiske hendingar, og resultatet er ei fengande bok.

Som vanleg er opningssetninga sterk: "I have never owned a gun". Han har skote ein del, rett nok, og det er overraskande då han fortel om den eine gongen han prøvde leirdueskyting. Han brukte røynsler frå ballspel, skjønte fort kvar han burde sikta, og hevdar at han trefte kvar einaste leirdue den ettermiddagen.

Sidan har han ikkje skote. Sjølv om han av og til dukkar opp sjølv seinare i boka, handlar dette om korleis USA er så skytegalne. Han har opplevd det i sin eigen familie; han var nesten vaksen då han oppdaga at bestemora hadde skote bestefaren. Og han har, som alle andre, opplevd dei mange store skyteepisodane. Sjølv verkar han meir irritert over dei mange små skyteepisodane, som vert så vanlege at ingen skriv eller snakkar om dei. Han er oppgitt over korleis sørstatane dyrkar heltar frå borgarkrigen, og meiner at dei burde gjera som Tyskland og ta eit oppgjer med den rotne historia si. Han ser, som alle andre, at det er menn og gutar som driv med dette. Han får fram kor farleg det er at USA i dag er eit delt land, samstundes som det finst så enorme mengder handvåpen i private heimar.

Eg venta at Auster mot slutten av boka skulle koma med framlegg til løysingar, at han skulle skriva korleis USA kan koma seg ut av dette. Det gjer han ikkje, og det fungerer langt betre enn ei løysing ville ha gjort: Slutten han har valt viser tydelegare enn noko anna at det knapt nok er noko håp for USA.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Baumgartner (2023)

9. februar 2023

Arthur Marx: Son of Groucho (1972)

Det er noko paradoksalt over dette. Gjennom store delar av denne boka er Arthur Marx irritert over at han heile tida vert omtalt som "Son of Groucho", og over at folk ikkje kan vurdera han ut frå kven han faktisk er. Samstundes prøver han ikkje akkurat å leggja skjul på kven faren er. Ein ting er at dette er den andre av i alt fire bøker han skreiv om faren, ein annan ting er at det kjem klart fram at dette var den boka han tente godt med pengar på.

Arthur har (omtrent) heile tida livnært seg som forfattar og skribent, med vekslande hell. Nokre bøker og skodespel vart sånn middels mottekne, medan andre gjorde det godt. I tillegg til bøkene om faren var skodespelet The Impossible Years ein stor suksess. 

Boka handlar dels om faren, dels om sonen. Sonen var ein lovande tennisspelar før han vart soldat under andre verdskrigen. Under krigen gifta han seg med ei han seinare fann ut at han ikkje burde ha gifta seg med. Han likar kona til broren hennar langt betre, og det endar opp med at begge to para skil seg, og at Arthur giftar seg med eks-svigerinna si. Den hendinga får altfor stor plass i boka. Han skriv òg altfor mykje om pengar, noko både han og faren er opptekne av.

Guffen er lunken. 

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

8. februar 2023

Mikal Gilmore: Shot in the Heart (1994)

Eg las nyleg The Executioner's Song, ein roman om livet til Gary Gilmore. Gilmore vart dømd til døden i Utah i 1976. Det var ti år sidan sist ein dødsdømt i USA faktisk vart drepen, og Gilmore kunne nok sluppe unna, han òg, viss han ville. Det ville han ikkje, og han vart skoten i januar 1977. 

Denne boka fortel ei litt anna soge om Gilmore. Boka er skriven av broren Mikal, og han fortel om oppveksten til Gilmore, og om ein familie som er så dysfunksjonell at ordet dysfunksjonell ikkje femner vidt òg. Far i familien, Frank, har ei fargerik fortid - han hadde vore gift fleire gonger og hadde mange ungar, han hadde vore (og var) innblanda i lugubre aktivitetar han heldt skjult for dei andre i familien. Han drakk, han var valdeleg, og det som kanskje overraskar mest er at kona, Bessie, vart verande hjå han. Ho hadde på si side meir eller mindre flykta frå familien sin i Utah, det mormonske livet var for strengt for ho. Dei tre eldste brørne er alle kriminelle, i alle fall tidvis, men ingen dreg det så langt som Gary. Mikal er ein attpåklatt, og er litt ulik dei andre.

Det er ei finfin bok. Familielivet vert verre og verre, og det kjem òg fram at farmora er rimeleg øren. Ho ser spøkelse, ho held seansar, ho spreiar ei løgn om at sjølvaste Harry Houdini var far til Frank, osb. Også fleire i familien ser spøkelse. Mikal står heile tida litt på utsida og er ikkje så glad i roping og skriking som alle andre - han reiser heller vekk. Mot slutten av boka er det berre han og broren Frank jr. som lever, og han prøver å få kontakt med bror sin, med vekslande hell.

Guffen tilrår.