5. november 2023

Hans Olav Lahlum: Reiulf Steen (2019)

På det lokale biblioteket har dei ei hylle der folk kan setja frå seg bøker dei ikkje vil eiga lenger. Dei som går forbi kan plukka med seg bøker derfrå, og for nokre veker sidan tok eg med meg denne. Det angrar eg ikkje på - ein ting er at det er ein eksemplarisk biografi, ein annan ting er at eg, når me snakkar om NRK-serien Makta på jobb, kan framstå som ein ekspert på Arbeidarpartiet i 1970-åra.

Reiulf Steen hadde den rette bakgrunnen: Han vaks opp i arbeidarklassen i Hurum, og familien hadde så pass dårleg råd at han berre fekk litt skulegang utover det obligatoriske. Han søkte seg mot journalistikken, men òg mot politikken, og det var politikken som vann. Sjølv om han fleire gonger vurderte å gå tilbake til journalistikken, vart han politikar det meste av livet. Han hadde to (korte) periodar som minister, han var innvalt på Stortinget frå 1977 til 1992, og han var formann i partiet 1975 til 1981. Han vart aldri statsminister, og ein av grunnane var nok at han hadde eit altfor høgt alkoholforbruk. Han var meiningssterk, slik mange politikarar var (og er), og kom på kant med mange, også i eige parti. Han gjorde opp med dei fleste.

Hans Olav Lahlum fortel historia om Steen på ein glitrande måte. Han går kronologisk til verks, og tek oss med frå triumf til tragedie, frå tragedie til triumf. Me møter ein engasjert politikar som vil noko, og som kanskje likte seg aller best under lange politiske diskusjonar. 

Guffen tilrår. 

Meir Lahlum på kulturguffebloggen
Haakon Lie. Historiene, mytene og mennesket (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar