13. desember 2021

Jon Fosse: Eit nytt namn (2021)

Og eg ser meg sjølv lukka boka, og eg ser på boka, og eg tenkjer at dette - dette var suverent. Eg er rørt, slik eg har vore svært mange gonger under lesinga, og eg tenkjer at dette er eit verk som vert ståande i norsk litteraturhistorie. For ei leseoppleving.

I desse to siste delane av septologien handlar det framleis om kunstnaren Asle, som bur ved Sygnafjorden. Han har kontakt med naboen Åsleik, og verket sluttar med at dei to feirer jol saman med syster til Åsleik. Asle har ikkje kontakt med mange andre, men her får me vita korleis han møtte både kona Ales, som no ikkje lever meir, og kunsthandlaren Beyer, som har selt Asle-bilete heile livet. Her er òg tilbakeblikk, der me får høyra om korleis Asle vart kunstnar, og der me òg får høyra om korleis han vart kjend med den andre Asle (som altså finst), og korleis den andre Asle var den som hjalp Asle inn på målarskulen i Bjørgvin.

Det er glitrande fortalt, og dei tre banda (med sju delar) viser at Fosse ikkje berre er ein forfattar som har total kontroll over historia han fortel, han har òg ei språkkjensle og ei språkføring som er fabelaktig. I dette bandet kjem målaren Asle fram til at han ikkje vil måla meir. Eg vonar at Fosse ikkje har kome fram til det same, men viss han har det, er det vanskeleg å tenkja seg eit betre farvel enn dette.

Og eg ser meg sjølv stå ved bokhylla og sjå på dei tre bøkene, der titlane er trykt i høvesvis gull, sylv og bronse, og eg tenkjer at det er heilt rett, og eg tenkjer at dette er bøker som fortener alle pallplassar og medaljer dei kan få.

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar