26. april 2020

Hillary (2020)

Det er framleis relativt uforståeleg korleis USA kunne velja Donald Trump til president i 2016. Han var ikkje noko godt presidentemne, han var ufin, han var brautande, han var utan røynsle som politikar, han var blind for det meste som skjedde utanfor USA, og mangla eigentleg alt som ein president bør ha. Likevel vann han, og den mest opplagde forklaringa er diverre at altfor mange i USA ikkje ville ha ei kvinne som president.

Denne fjernsynsserien fortel om motstandaren hans, Hillary Rodham Clinton. Ho var så til dei grader kvalifisert. Som nyutdanna jurist var ho involvert i prosessen som førte fram mot det som hadde vorte riksrett mot Nixon i 1974, dersom han ikkje hadde gått av. Ho arbeidde som jurist i mange år. Ho var fyrstedame då ektemannen var president, og tok ei langt meir aktiv rolle enn andre fyrstedamer. Ho var senator frå New York. Ho var utanriksminister under Obama.

To historier vert fortalde parallelt. Livshistoria hennar vert fortald kronologisk, med klipp frå valkampen i 2016. Ho framstår som ekstremt kunnskapsrik, som ei som får noko gjort, og som ei som taklar vanskelege situasjonar på ein grei måte. Det er rett nok ein rimeleg autorisert versjon, mykje av serien er nye intervju med Hillary og ektemannen, men gjev nok likevel eit greitt bilete av kven ho er.

Guffen tilrår.

24. april 2020

Flannery O'Connor: The Complete Stories (1971)

Flannery O'Connor gav ut to novellesamlingar. Dei er med i denne boka, som i tillegg inneheld tolv andre noveller. Seks av dei er henta frå masteroppgåva hennar, The Geranium: A Collection of Short Stories. Fire er noveller som seinare vart ein del av romanane hennar, tre frå Wise Blood og ei frå The Violent Bear It Away. Ei novelle skulle etter planen vera med i den siste novellesamlinga hennar, men vart fjerna i ein av dei siste rundane. Den siste novella er eit kort utdrag frå ein roman O'Connor ikkje fekk ferdig før ho døydde. Det eg skriv her handlar om desse tolv novellene; dei to samlingane hennar har eg skrive om før.

Dei tolv novellene er høgst ulike i kvalitet. Dei seks frå masteroppgåva er ujamne, slik ein må rekna med. Ingen forfattar er utlært, og novellene viser ein forfattar som er på veg mot eit eller anna. Der finst lyspunkt, både i historier og enkeltsetningar, men ingen av dei seks novellene er meisterverk. Tittelnovella er den beste. Den handlar om ein eldre mann frå sørstatane som vitjar dottera i New York City, og som slettes ikkje skjønar korleis folk kan leva der. O'Connor skreiv seinare novella om, og ei betre utgåve av novella, "Judgement Day", avsluttar den siste novellesamliga hennar.

Dei fire utdraga frå romanane var alle publiserte som noveller i ulike publikasjonar. Dei tre frå Wise Blood tek aldri heilt av, men "You Can't Be Any Poorer Than Dead", som seinare vart opningskapitlet i The Violent Bear It Away, er glimrande. Novella står godt på eigne bein, og O'Connor er i toppform. Historia vert godt fortalt, og her er det ei perfekt blanding av humor og alvor.

At "The Partridge Festival" vart vraka frå Everything That Rises Must Converge syner at O'Connor hadde god teft. Novella går seg litt vill i seg sjølv. Utdraget frå den upubliserte romanen er for kort til å gjera noko inntrykk.

Så det er opp og ned. Det er likevel ei bok som absolutt er verdt å lesa, i alle fall for oss som set O'Connor høgt. Boka gjev eit godt innblikk i korleis ho utvikla seg som forfattar, og minner oss igjen på kor mykje stor litteratur me kunne fått glede av om ho hadde levd lenger.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

22. april 2020

Allan Williams/William Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)

Boka handlar om dei som vart superstjerner, og dei som nesten vart det. Williams legg det meste av sympatien hjå dei som slutta i The Beatles, anten av di dei ville det sjølv, eller av di dei fekk sparken. Og for Williams er det éin ting ved superstjernelivet som var viktig: Pengar. Kvar gong ein musikar forsvinn ut av gruppa snakkar Williams om alle millionane han gjekk glipp av.

Williams gjekk glipp av mange millionar sjølv, og det kan vera ein av grunnane til sympatien hans. Han var frå Liverpool, der han tente pengar på litt ymse vis. Han dreiv nattklubbar, med og utan nakne damer, han dreiv barar, og etter at The Beatles spelte der nokre gonger vart han manageren deira. Han hadde lita røynsle med slikt arbeid, men greidde å få dei til Hamburg. Fyrste gong dei spelte der var han til og med sjåfør, og køyrde dei heilt til Hamburg. Resten er historie, som det heiter. Då Williams døydde skreiv sjølvaste Mark Lewisohn "No Allan Williams, no Hamburg. No Hamburg, No Beatles". Under det andre Hamburg-opphaldet deira kom bandet på kant med Williams, dei var (sjølvsagt) usamde om pengar. Noko seinare vart Williams kontakta av Brian Epstein, som gjerne ville verta manageren deira. Williams svara at det måtte han ikkje finna på, men Epstein slo likevel til. Og resten er historie, som det heiter.

Williams var altså svært viktig for Beatles. Denne boka er nok ikkje like viktig. Eg har ei kjensle av at Williams ikkje er den mest truverdige kjelda, og han er òg litt for oppteken av å fortelja om dei gongene det var skikkeleg mykje banking og slosting. Han er ein god forteljar, så boka er underhaldande, men dei som vil vera sikker på at det dei les faktisk stemmer bør kanskje lesa noko anna.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

21. april 2020

Lars Ove Seljestad: Ta hand om deg (2017)

For ei tid sidan bladde eg litt i Nynorsk litteraturhistorie, og vart endå ein gong mint på noko av det tyngste som står der. Når Jan Inge Sørbø skriv om dei siste tiåra skriv han mest om forfattarar som så vidt er i gang med forfattarskapane sine. Så kjem me brått til Jan Roar Leikvoll, som er den einaste i dette kapitlet som ikkje lever lenger. Kvar gong eg kjem til den sida tenkjer eg igjen på kor flotte bøker Leikvoll har skrive, og kor trist det er at det ikkje kjem fleire.

Lars Ove Seljestad kjende Leikvoll personleg, og store delar av denne romanen handlar om det venetapet. Dei møtte kvarandre på Skrivekunstakademiet i Bergen, fann tonen, og ein stad i boka vert Leikvoll omtala som den einaste forfattarvenen til Seljestad. Seljestad får svært godt fram kor viktig Leikvoll var for han, kor viktig det var å ha nokon som heile tida støtta ein, som heile tida las og kom med gode tilbakemeldingar på det ein skreiv, kor viktig det var å ha nokon som var der. Og han får veldig godt fram kor vondt det er når ein får melding om at ein nær ven er borte.

Det er ein roman, men Seljestad har opplagt henta inspirasjonen frå eige liv. Det er ein liten roman om eit stort emne, eller om to store emne: Seljestad skriv òg om korleis han som forfattar treng å ha harmoni og/eller faste rutinar for å kunna skriva.

Guffen tilrår.

19. april 2020

Simon Stranger: Leksikon om lys og mørke (2018)

Viss nokon ein gong skal kåra kven som var dei verste nordmennene under andre verdskrigen kjem Henry Rinnan garantert til å vera på topp tre. Han var fødd i Levanger i 1915. På skulen vart han aldri heilt akseptert av dei andre, han vart tvert imot gjort narr av, mest av di han var så kortvaksen. Han prøvde og prøvde på å hevda seg, men vart aldri god nok. Før krigen kom. Då vart han tysk agent, busett i Trondheim. Han infiltrerte heimefronten, han fekk sendt mange folk i fengsel eller i døden, og var med på torturering og dreping av mange. Etter krigen fekk han dødsdom, og han vart skoten i 1947.

Romanen handlar dels om livet til Rinnan, og dels om familien Stranger har gifta seg inn i. Han finn ut besteforeldra til kona hans etter krigen flytta inn i huset Rinnan-bandet hadde som hovudkvarter. For han er det i utgangspunktet uforståeleg, og det som gjer det endå meir uforståeleg er at familien var jødar. Korleis kunne jødar flytta inn i huset til ein av dei verste norske torturistane? Korleis kunne dei bu i huset der mange gode nordmenn vart torturerte og drepne?

Stranger drøftar desse spørsmåla på ein klok og fin måte. Romanen vekslar mellom ulike tider, det heile tek til når han og familien hans står ved ein snublestein i Oslo. Av og til er me tilbake i samtida, men me er oftare i tida rett etter krigen, då familien kjøpte huset, og oftast er me i tida Rinnan levde. Det er han som er den sentrale i romanen.

Guffen tilrår.

16. april 2020

Scandinavian Star (2020)

Eg kan seia mykje fint om denne serien, men eg kan òg seia mykje som er mindre fint. Serieskaparane har snakka med mange som var på båten, mange som var med i redningsarbeidet, mange som sat att på land og ikkje visste korleis det gjekk med dei dei kjende på båten, mange som var med i etterforskinga, og så vidare. Serien får veldig godt fram kor forferdeleg alt var, også for dei som var på land.

Serien får òg godt fram at alt ikkje var som det skulle vera. Båten var ikkje klar for å sigla. Mannskapet hadde ikkje hatt brannøvingar. Det kom fleire gonger nye brannar, også etter at brannmennene trudde alt var sløkt. Det var uklart kven som eigde båten, og kven som eigentleg hadde ansvaret for alt som gjekk gale. Nokre av dei som vert intervjua er glimrande, mellom anna ein svensk brannmann, og ein som miste kona si på brannen og som har vore engasjert i ulukka heile tida etterpå.

Der det sviktar i serien er i forsøka på å avsløra kven som stod bak. Det vert mykje hinting, det vert mange repetisjonar, men på det feltet vert ein ikkje klokare i det heile. Den siste episoden burde vore eit klimaks og eit høgdepunkt, i staden vart det berre eit fislete punktum for heile serien.

Guffen er lunken.

15. april 2020

Per Kristian Olsen: Pussycats (1998)

Eit par år midt i 1960-åra var Pussycats Noreg sitt svar på Beatles. Dei var hylande populære, dei kunne knapt gå i fred på gata, platene deira gjekk til topp på hitlistene, og det var berre spørsmål om tid før resten av verda fekk augene opp for dette fenomenet. Det var i alle fall slik gruppa ville framstå, eller rettare - det var slik manageren deira, Sten Ekroth, ville at dei skulle framstå. Dei var populære, og det var ikkje alltid dei kunne gå i fred, men alle platene deira gjekk ikkje til topps, og utlandet var vel heller uinteresserte.

Denne historia vert eksemplarisk fortalt av Per Kristian Olsen. Han har snakka med alle involverte, mellom anna alle i bandet, manageren, andre musikarar og fans. Det er ei fin historie, men òg ei historie om nokon som veit kva dei vil, men som ikkje veit korleis dei skal få det.

I 1964 reiste fire unge karar frå Tromsø til Stockholm for å verta stjerner. Dei sleit lenge, men kom tilfeldigvis i kontakt med Ekroth. Utan han hadde dette aldri gått. Han hadde mykje pengar å bruka på bandet, og han var frekk og ambisiøs nok til å sjå kvar det var lurt å visa seg. Han skapte oppstyr rundt bandet, og dei vart altså stjerner. Heilt til han gav seg - då famla bandet rundt i blinde. Dei hadde ikkje pengar, dei hadde ikkje tid til å skriva eller øva, dei vart kalla inn til militæret, og i 1968 var det slutt.

Sjølv har eg ikkje noko forhold til bandet, og er ikkje altfor imponert over det eg har høyrt av dei (men eg leitar nok fram eit eller anna no). Boka er i alle fall fin, ho fortel mykje både om bandet og om korleis det var å prøva seg som rockemusikar i Noreg i 1960-åra. Det var ein del famling i blinde.

Guffen tilrår.

13. april 2020

Garrison Keillor: Leaving Home (1987)

Garrison Keillor er best kjend for Prairie Home Companion, eit radioprogram som vart sendt kvar veke frå 1974 til 2016 (med nokre opphald, sjølvsagt). Det var eit program med mange ulike innslag. Eit fast innslag var at Keillor fortalde litt nytt frå Lake Wobegon, ein fiktiv småby i Minnesota. I byen bur det mange med norsk opphav og mange med tysk opphav. Desse monologane hadde ei fast opning (Well, it's been a quiet week in Labe Wobegon, Minnesota, my hometown, out there on the edge of the prairie) og like faste sluttord (Well, that's the news from Lake Wobegon, where all the women are strong, all the men are good-looking, and all the children are above average). Denne boka kom i 1987, og utgjevinga kan ha samanheng med at programmet vart lagt ned det året. Det stod opp att to år seinare.

I denne boka har Keillor samla 36 av desse forteljingane sine. Alle er ikkje like gode, og ein viktig grunn til det kan vera at dei vert lesne. Keillor er ein stor opplesar, og mykje av det som verkar som anonym og livlaus humor er kan godt ha fungert svært godt då han las det på radio. Forteljingane handlar om dagleglivet i Lake Wobegon, og mange av historiene sveipar innom fleire av dei mange faste innbyggjarane før dei konsentrerer seg om det som er hovudpoenget akkurat den veka. Lake Wobegon er ein trygg og solid by, og slik er òg dei Keillor fortel om - det er ærlege og skikkelege folk som lever gode og trauste liv. Denne boka burde vore litt mindre traust og skikkeleg; slik det er no vert det litt for livlaust.

Guffen er lunken.

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
We Are Still Married (1989)
Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)
Lake Wobegon Virus (2020)

12. april 2020

Jon Fosse: Det andre namnet (2019)

For ei flott bok. Jon Fosse skriv slik berre han kan, og manar fram nokre fabelaktige skildringar og situasjonar. Me er stader me har vore før, både i skrivestil og handling, men kor ufatteleg flott det er. Boka inneheld to delar av det som skal verta ein septologi, og viss resten av det verket held like høgt som nivå som her er det berre å gle seg.

Eg-personen er biletkunstnaren Asle. Han bur i Dylgja, nokre timar nord for Bjørgvin. Han bur og arbeider åleine, men har litt kontakt med naboen Åsleik. Han har ein god ven i Bjørgvin, ein annan kunstnar som heiter Asle. Romanen opnar med at Eg-Asle køyrer til Dylgja, før han kjem på at han må køyra tilbake til Bjørgvin for å sjå korleis den andre Asle har det. Han andre har det ikkje såg godt, det er hakket før han frys i hel. Eg-Asle reddar han, får han etter mykje møye til lækjarvakta, og etter kvart kan eg-Asle reisa attende til Dylgja, saman med hunden til han andre Asle.

Asle kjem med mange tilbakeblikk, både til gode og vonde dagar. Han saknar kona si, Ales, som døydde for mange år sidan. Han tenkjer tilbake på barndomen, der idyllen vart broten på ekkelt vis. Han tenkjer på samtalar med han andre Asle, og samtalar med Åsleik. Når han fortel om eigen kunst snakkar han mykje om lyset i bileta, om mørket i bileta, og bruker mange gonger uttrykket "Det lysande mørket". Svenske Leif Zern har skrive ei bok om diktinga til Fosse, og den boka heiter Det lysande mørket

Ja, boka er skriven utan punktum, og boka er skriven i denne repeterande stilen til Fosse, men eg fattar ikkje at det er noko å gjera eit poeng av. Det går heilt fint å lesa ei bok utan punktum, og det treng heller ikkje vera slik at ein forstår alt. Er den andre Asle ein verkeleg person, eller er det berre Asle i eit tidlegare liv, eit liv då han drakk? Ho som anten heiter Guro eller Silje, og bur i nummer 3 eller nummer 5 - er det ei kvinne Asle møtte då han drakk, sjølv om han ikkje hugsar noko, eller blandar ho han saman med ein annan Asle? Det er ikkje så viktig.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

10. april 2020

Six Feet Under, sesong 1 (2001)

Dette var ikkje all verda. Me såg ein episode då serien gjekk på NRK for mange, mange år sidan, og fann ut at me skulle prøva på nytt no. Me kan ikkje ha vore altfor imponerte den gong då, men dei fyrste episodane her var helst lovande. Diverre vart det tyngre og tyngre utover i sesongen, og det skal vel litt til at me dreg i gang neste sesong.

Det handlar om familien Fisher. Dei driv eit gravferdsbyrå i Los Angeles, og serien opnar med at faren døyr i ei bilulukke. Ein av sønene har arbeidd saman med faren heile livet. Den andre sonen kjem heim på grunn av ulukka, og går etter kvart inn i drifta av byrået. Mora prøver å vera ein bindelekk i familien, medan dottera, som framleis går på high school, ikkje veit heilt kva ho vil.

Det heile minner meir om ein såpeserie frå gamle dagar enn ein moderne og vellaga fjernsynsserie, kanskje av di serien alt er (nesten) tjue år gamal. Kvar episode handlar om ei gravferd, saman med det som skjer og ikkje skjer i privatlivet til dei ulike familiemedlemmane. Den heimeverande sonen er homo, og i løpet av sesongen kjem han ut av skåpet. Den bortkomne sonen har møtt ei kvinne på flyet heim - dei veit kjærastar, men han slit med å takla den litt forstyrra broren hennar (og for så vidt resten av familien hennar). Dottera får seg òg kjærast, men han er òg ustabil - han fortel for mykje frå sexlivet deira, og er småkriminell. Mora vinglar mellom to menn - ein ho hadde eit forhold til også då mannen hennar levde, og sjefen i blomehandelen der ho får seg jobb. Ingen av desse personane er spesielt engasjerande, ingen av dei står godt til kvarandre, og dei siste episodane såg me vel berre av di me ville verta ferdige med det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

8. april 2020

Johan Harstad: Ferskenen (2018)

Forfattaren Frode Brandeggen takla ikkje heilt at den omfangsrike romanen Konglomeratisk pust vart ignorert. Det neste han skreiv var langt knappare i forma - han skreiv i alt femten korte kriminalromanar om den usannsynleg dyktige privatdetektiven Ferskenen. Dei er samla her, saman med rundt 250 fotnotar skrivne av ein tysk annotatør, Bruno Algner. Resultatet er fabelaktig, og det vert berre meir og meir meiningsfylt å fylgja forfattarskapen til Johan Harstad.

Dei femten romanane, som gjerne berre har tre-fire korte kapittel, er svært knappe. Alt, absolutt alt, som ikkje treng å vera med er vekke. Ferskenen fangar alle bandittane, som så godt som utan unntak gjev opp med ein gong dei ser Ferskenen. Det er mykje å smila av, og nokre av dei er hylande morosame.

Dei mange fotnotane er langt meir ordrike enn romanane. Nokre er like knappe som romanane, medan nokre av dei går over fleire sider. Algner kjende Brandeggen personleg, og fortel gjerne om møta dei hadde, om livet til Brandeggen, eller om heilt andre ting. Så det heile er altså svært så fornøyeleg, og svært så stas å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)

5. april 2020

Kjell Aukrust: Flåklypa Tidende 1-3 (2009)

Kjell Aukrust var ein mangfaldig kunstnar. I Flåklypa Tidende er det humoren som dominerer, også når det kjem korte tekstar av meir samfunnskritisk karakter. Stort sett er dette finfin lesnad.

Avisa er sjølvsagt oppdikta. Aukrust har laga eit fabelaktig persongalleri i og rundt avisa, og dei fleste av desse dukkar opp heile vegen. Dei har alle svært solide namn, og har sine klare særdrag. Til sist i boka vert dei tolv mest sentrale portrettert, og dei fire sidene er Aukrust i eit nataskal: Gode teikningar, gode namn, og ei finstemt språkkjensle. Om Myrullbråten, ein av dei som bur på Krokryggen Gamlehjem, står det at han er "ivrig TV-titter og skjøt under "Naturmagasinet" i NRK en jerv med hagle på kanal 3. Så senere månens bakside ved hjelp av et speil i nakken. Fylte 85 år i år, og uttalte i den anledning at hvis han fikk leve livet om igjen, ville han hatt midtskill".

Slik eg forstår det er denne boka sett saman av høgdepunkt frå Flåklypa Tidende. Den avisa var ei fast spalte i Mannskapsavisa, seinare i Forsvarets Forum, og til sist i Dagbladet. Nokre spalter og moment går att gjennom heile boka. Forfattaren Hallstein Bromskimlet skriv framhaldssoga "Eg baska meg trøytt", der Hjalte og Guringuten ikkje gjer så mykje anna enn å gå på Kooperativen for å handla sukker og gjær. Reodor Felgen lagar stadig nye oppfinningar. Olram Slåpen frå Knøsesmauet i Bergen sender stadig inn dårlege vitsar, som vert analysert (og slakta) av redaksjonen. Det kjem rapportar frå Krokryggen. Osb. Dei fleste av desse gjengangarane fungerer godt, medan nokre få går tom for piff ein stad rundt midten av boka.

Guffen tilrår.

Meir Aukrust på kulturguffebloggen
Ingjald Hoel: Slik var'n Kjell (1974)
Slipp ham inn! (1979)
Sigmund Løvåsen: Kjell Aukrust. En biografi (2020)
Aukrust - Gud velsigne vår herre (2020)

2. april 2020

Einar Ullestad: Det leikar på Solfeng (1980)

Nja. Dette er ei høgst lokal bok. Eg var i utgangspunktet litt skeptisk, men las ho av di eg skriv ein artikkel om far til forfattaren. Under lesinga kom det mange moment eg kan ta med i den artikkelen, mellom anna om då faren viste Arne Garborg rundt på Voss. Boka var i det heile langt betre enn eg trudde, og med litt strengare redigering kunne dette faktisk vorte retteleg bra.

Nokre manglar er openberre. Ullestad var ikkje gamle karen då familien Bernhoft Osa flytta inn i nabolaget, og han vart ein nær ven av Sigbjørn Bernhoft Osa. Mot slutten av boka står det fleire korte kapittel om Osa, og det ligg litt på sida av det boka eigentleg handlar om. Det burde òg vore fleire presise dateringar av det han skriv om, og omtalane av eit par folk går langt, langt utover grensene for kva som burde koma på prent. Boka var skriven i ei tid då det ikkje var etiske retningsliner å støtta seg på, men ho var ikkje skriven i ei tid utan folkeskikk.

Men her er altså òg mykje som fungerer. Boka handlar om oppvekståra til Ullestad, og han skriv godt om familien, om korleis han gradvis plukka opp meir kunnskap, og om korleis det var å veksa opp nær Vangen. Han var fødd i 1908, og hadde ein far (Anders) som var sentral i mykje og mangt i kulturlivet på Voss, og som òg var vertskap for fleire kjende personar.

Guffen er lunken.