24. april 2021

Ut og stjæle hester (2019)

 

Per Petterson har skrive mange fine bøker, og dette er ein av dei finaste. Det ligg ingen automatikk i at gode bøker vert gode filmar, og det er kanskje ekstra vanskeleg med eit bok som denne. Det er mykje handling å ta tak i, javisst, men noko av det mest solide med boka er språket, med sine uvanleg sterke poetiske vendingar. 

Filmen kjem godt frå denne oppgåva. Filmen er regissert av Hans Petter Moland, som greier å fanga stemninga i boka. Det går i eit behageleg tempo, han har valt ut gode og sterke skodespelarar, og til og med fargebruken skapar assosiasjonar til romanen. 

Det handlar om notid og fortid. Trond har mist kona si, og flyttar ut på bygda, ikkje langt frå der han budde ei tid saman med far sin rett etter krigen. Han møter Lars, og skjønar gradvis at dette er den same Lars-en som han møtte som ung gut. Lars ber på eit vondt minne frå barndommen, frå det året han og Trond budde i same bygd, og Trond har heller ikkje berre gode minne frå tida med faren. Forholdet mellom far og son er finfint skildra, og det er òg forholdet mellom dei vaksne Trond og Lars.

Filmen er spelt inn i utlandet, i eit landskap som ligg langt frå det austlandske eg ser føre meg at historia i romanen skjer. Det gjer ingenting, naturbileta er fine, og akkurat her minte det heile om ein annan fin film eg nett såg om fedre og søner, A River Runs Throught It

Guffen tilrår. 

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)

20. april 2021

Scott Young: Neil and Me (1984)

 

Eg har av og til litt kontakt med ein Neil Young-kjennar i Førde. Me hadde ein digital samtale om Young-bøker. Han har lese langt fleire enn meg, og eg spurde kva bok han tilrådde. Han nemnde denne, og eg er jo lett å be.

Boka er skriven av far til Neil Young. Han har så godt som heile livet har fri tilgang til sonen, og denne nærleiken gjer at han kan skriva om episodar andre ikkje kjenner. Han spurde sonen om lov før han skreiv boka, og Neil svara at det er jo faren sitt liv òg, og han må jo få skriva om kva han vil.

Scott Young har skrive heile livet, mest for aviser, men òg bøker. Det merkar me fort. Boka er velskriven, og han veit godt korleis han skal byggja opp kapittel og bøker. Han skriv òg om møte og samtalar der ingen andre er til stades, og boka gjev eit godt bilete av Neil Young. Her er mange fine avsnitt og hendingar, som gjerne handlar om tilhøvet mellom far og son, eller som viser kor stolt faren er av det sonen har gjort. Det var han ikkje åleine om, ein av dei finaste episodane er då faren møter nokre gamle journalist-kollegaer i Canada, og der ein av dei andre seier musikken til Neil Young er vel og bra, men det aller finaste han har gjort er å ta seg så godt av son sin. 

Likevel tek det ikkje heilt av, og den siste tredelen av boka var ikkje like flytande som dei to fyrste. Det vart litt for repeterande, og sjølv om det i det store og det heile var bra, må eg nok seia meg usamd med luringen i Førde: Shakey er ei betre bok.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Jimmy McDonough: Shakey (2002)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

18. april 2021

Frode Grytten: Bikubegang (2005)

Det store gjennombrotet til Frode Grytten kom med romanen Bikubesong i 1999. Handlinga er lagt til Murboligen, eit stort hus med 24 husvære midt i Odda sentrum. Frå 2005 har det vore arrangert ein årleg litteraturfestival i Odda, og eit fast innslag har vore ei byvandring med Grytten. Vandringa har same namn som dette heftet, som vart lansert til den fyrste vandringa. 

Heftet er eit fint tillegg til romanen. Her er nokre få skjønnlitterære tekstar, men den mest omfattande delen er Grytten sine kommentarar til Bikubesong. Dei 24 husværa får kvart sitt kapittel i romanen, og her får dei òg (på sett og vis) sine eigne korte kapittel. Kvart kapittel opnar med eit kort sitat frå romanen, før det kjem nyskrivne tekstar som alle opnar med eit spørsmål. Spørsmåla kan handla om skriving, om Odda, om historier, om Bikubesong, osb. Her skriv han om hendingar som har inspirert han, som til dømes at han sjølv plumpa ut i vatnet frå eit sjøfly ein gong. Innimellom dette kjem det nokre lengre tekstar, mellom anna ein om The Smiths (som eg trur òg stod i programheftet då Bikubesong var sett opp på Det Norske Teatret). Han skriv ein stad at han ser på Bikubesong som eit dobbeltalbum av The Smiths. 

Han fortel òg om korleis han sleit med å koma i gang med skrivinga. Han brukte fire år på romanen. Planen var at han skulle gå i gang med skrivinga under eit lengre opphald på Obrestad fyr, men der fekk han ikkje til nokon ting. Han prøvde og feila, før han omsider såg at løysinga låg like framfor han. Murboligen. 24 husvære, 24 kapittel. 4 oppgangar, 4 årstider, 4 bolkar i boka.

Guffen tilrår. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)

16. april 2021

Ragnar Hovland: Under snøen (1983)

 

Ein relativt tidleg Hovland-roman, der det meste er som det skal vera. 

Hovudpersonen, den unge organisten Stefan, buset seg i eit hus litt unna alle andre. I eit tilbakeblikk midt i boka får me innsikt i korleis fleire andre slår seg ned i huset: Bror hans, Tomas. Tomas hadde med seg den vaksne Sara og sju år gamle Hermann. Karl dukkar opp, og det same gjer Harriet. 

Og Den Gamle, som på sett og vis får ei nøkkelrolle i boka: Det heile opnar med at han døyr, og sidan det har kome (og framleis kjem) så enormt med snø kan dei ikkje få han i jorda. Den Gamle var rik, han hadde mykje pengar nedlåst i ei kiste, saman med eit testament der det står at Karl skal arva han. Det ynskjer ikkje dei andre, og dei prøver å unngå at Karl får tak i pengane. 

Det går berre sånn middels. Men på vegen dit er det mykje å gle seg over. Det tek litt tid før det vert så sprekt og sprelsk som det kan verta, men i eit kapittel midtveges i boka kjem det suverene setningar på rekkje og rad, og frå då av og ut er dette finfine greier.

Guffen tilrår.  

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

10. april 2021

Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)

 

Dette er debutboka til Tarjei Vesaas (eller T. Vesaas, som han kalla seg då). Det er ein roman på godt og vel hundre sider, der me absolutt ser nokre av kjenneteikna ved forfattarskapen hans, men der me òg ser at det er ein forfattar som ikkje er heilt trygg på seg sjølv enno.

Det handlar mykje om liv og død. Boka har fem kapittel, og i fire av kapitla misser nokon livet. Eit svært komprimert referat: Ei kvinne døyr i barselseng. Då sonen, Knud Heddejor, vert vaksen reddar han to personar frå å ta liva sine. Seinare går han seg vill ein vinterdag, men reddar livet då han kjem til eit hus langt inne på fjellet. Der inne ligg ein annan mann for døden. Knut forelskar seg i Liv, dotter til mannen som døyr, men ho vil heller ha ein som heiter Torstein. Knut flyttar for seg sjølv, og ein dag Liv vil vitja han frys ho i hel like utanfor huset hans. Både Knut og Torstein er smedar, og boka sluttar med at dei saman smir eit kors til minne om Liv, som dei vekslar på å bera dit det skal reisast. 

Ut frå referatet verkar ikkje dette som ei spesielt vellukka bok, det ser nesten melodramatisk ut. Men her er svært mykje fint i boka. I så godt som alle kapitla er det finfine naturskildringar, og språket er jamt over poetisk og levande. Eg las boka for mange år sidan, og ho var langt meir fengande enn eg trudde.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)

Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Soga om Vesås i verda (2020)

8. april 2021

Oda Malmin: Skinliv (2021)

 

I debutromanen til Oda Malmin, Steinauge, var handlinga lagt til Jæren. Her har me flytta oss til Oslo, og me møter tre-fire personar som bur i same bygard. Dei har alle sitt å stri med, dei har liv som ikkje har vorte slik dei ynskte. Dei kjenner kvarandre ikkje, i alle fall ikkje godt, men av og til snakkar dei med kvarandre likevel, slik naboar gjer (eller burde gjera).

Cecilie bur saman med sonen Edvard. Ho er høgt på strå i partiapparatet til regjeringspartiet, og vert oppmoda om å klatra endå høgare. Ho veit ikkje heilt om ho vil det, både av di ho er usikker på om ho er flink nok, men òg av di ho alt har dårleg samvit for måten ho ikkje tek seg godt nok av sonen på. Edvard er fotballgal, og ein dag han spelar fotball utanfor heimen kjem han i snakk med Bjørn. Han har nett vorte oppsagt som vaktmeister, og har tidlegare slutta som lærar etter at han vart skulda for uhøvisk omgang med ein mindreårig. Astrid er kanskje den som har det verst, ho har bygd opp ein ring av livsløgner rundt seg, men får ikkje til noko. Ho får det ikkje til med kjærasten, ho får det ikkje til med studeringa, og ho avlyser om lag alt ho har av avtalar av di ho helst vil vera åleine med dei negative tankane sine.

Det er altså rimeleg vanlege folk me møter. Det boblar under overflata, og det er kanskje dette Malmin vil fortelja: Alle har me vårt, og kampen for å verta sett på som lukkeleg og vellukka er ein kamp der dei færraste vinn. Det er ei fin bok, skriven i eit sikkert og (som regel) stillferdig språk.

Guffen tilrår.

Meir Malmin på kulturguffebloggen
Steinauge (2018)

7. april 2021

Richard Ford: A Piece of My Heart (1976)

 

Richard Ford har skrive fleire fine bøker. Dette er debutboka hans, og boka må vera den veikaste av bøkene hans. Han har ikkje funne si eiga røyst, og både i tema og språk verkar det som om han vil vera ein heilt annan forfattar enn den han er. Det kan minna litt om William Gay - det handlar om folk i (eller ved) dei amerikanske sørstatane, folk som ikkje har altfor mykje velstand. Skilnaden er at bøkene til Gay har både språk, historier og karakterar som fengar; her er det lite å henta.

Boka har to hovudpersonar, Robard Hewes og Sam Newel. Hewes køyrer austover frå California; Newel køyrer sørover frå Chicago. Dei møtest på ei øy i Mississippi, der dei arbeider (med eit eller anna) for ein gamal luring som er van med å få det som han vil. Der er mykje drikking og mykje skriking og mykje vald, og det endar med nokre dødsfall. Det heile er diverre heller keisamt. Det er heldigvis lenge mellom kvar gong det er like tungt å slita seg gjennom ei bok.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Richard Ford på kulturguffebloggen
Wildlife (1990)
Let Me Be Frank With You (2014)
Between Them (2017)

6. april 2021

Everest (2015)

 

Det var den gongen det gjekk gale. Det har vore verre sesongar på/ved Mount Everest seinare, men 1996 var det verste året som hadde vore så langt. Ein av grunnane var at det vart tilbode gruppereiser dit. Det var store krav til dei som skulle vera med, dei måtte ha gode røynsle og vera i god form, men dei store folkemengdene skapte problem. Det er ikkje mange dagar ein kan nå toppen, og der er mange flaskehalsar.

Filmen fortel om to slike turgrupper, leia av Rob Hall og Scott Fischer. Begge var røynde, begge hadde vore på Mount Everest før, og begge var respekterte av andre. Dei vart samde om å samarbeida, slik at det skulle verta betre flyt i klatringa. Det gjekk likevel gale. Dels av di det ikkje var lagt ut tau der det skulle vera tau, slik at mykje tid gjekk tapt. Dels av di vêret slo om, slik at dei aller fleste vart råka av snøstorm på veg ned. Både Hall og Fischer døydde; Hall av di han vart med ein av klientane sine til toppen, lenge etter at dei burde ha snudd.

I alt miste tolv personar livet. Det har vore skrive fleire bøker om desse dagane. Sjølv har eg lese Into Thin Air av Jon Krakauer, ei finfin bok. Både i andre bøker og i denne filmen vert det stilt spørsmålsteikn ved versjonen til Krakauer. Her framstår han som fiksert på å nå toppen, og det er òg rart at han nektar å hjelpa til då dei andre treng hjelp - han seier at han er solblind. 

Det er ein fin film, som får godt fram kor hjelpelaus ein kan vera i slike ekstreme høgder, og kor avhengig ein er både av andre og seg sjølv.

Guffen tilrår. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo (2018)

5. april 2021

Rosemary's Baby (1968)

 

Skrekkfilmar med eit innslag av satanisme - der har du ein sjanger eg ikkje er så ofte innom. Filmen opnar med at eit ungt par, Rosemary og Guy, flyttar inn i ein leilegheit i New York. Dei vert kjende med naboane, eit litt for påtrengande eldre ektepar. Rosemary og Guy vil verta foreldre, og har merka av kva dagar det kan vera greitt å køyra på. 

Ein slik dag får dei servert dessert på døra av ho eldre nabokona. Rosemary kjenner seg dårleg, sovnar, og vaknar med kloremerke på ryggen. Guy forklarar det med at han ville nytta seg av den rette kvelden, og det viser seg at Rosemary er gravid. Ho greier ikkje heilt å kvitta seg med draumen ho hadde den dagen, og gradvis oppdagar ho det som har vore tydeleg for oss som ser filmen: Naboane er djeveldyrkarar, og Guy har gjort ein avtale med dei: Viss djevelen får gjera Rosemary gravid, skal Guy få ei stor karriere som skodespelar. Ho prøver å koma seg vekk, men det går ikkje etter planen.

Filmen er heilt fin. Mot slutten vert det hinta mot at det heile berre er noko Rosemary innbiller seg, men akkurat den vinklinga står ikkje til truande: Det var vore rimeleg klart heile tida at Guy er innblanda i eit eller anna. Mia Farrow er aldeles glimrande i hovudrolla. 

Guffen tilrår. 


3. april 2021

Silverado (1985)

 

Eg veit ikkje spesielt mykje om å laga film, men eit triks verkar ganske opplagt: Viss filmen skal vara i to timar og vel så det, bør det vera eit eller anna ved filmen som gjer at me greier å halda interessa oppe. Interessante karakterar, kanskje ei original historie, stor spaning, noko å le av - det er mykje rart som kan fungera. Her er det lite av dette, slik at filmen dabbar av ganske fort.

Det verkar som om filmskaparane vil ha med for mykje. I ein western-film er det ein del element som høyrer med, og med unntak av indianarar og bøflar finn me alt i denne filmen. Skyting, henging, ein liten saloon med damer histen og pisten, mykje drikking, litt farming, kveg, soldatar, osb. Det burde vore redigert strammare.

To brør, Emmett og Jake, skal til Silverado for å ta farvel med systera før dei reiser til California. På vegen plukkar dei opp to til, slik at dei er fire som kjem til Silverado. Også dei to andre møter kjende her, og mot slutten av filmen er det mange halvferdige og uavklara situasjonar som må, vel, avklarast. Det vert litt meir skyting, og vips - alle skurkane er døde, medan dei fire heltane overlever.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

2. april 2021

Virgina Woolf: Til fyret (1927)

 

Handling er oppskrytt. I denne boka skjer det ikkje så mykje, men det er likevel ei uvanleg innhaldsrik bok. '

Den britiske familien Ramsay har eit feriehus på ei skotsk øy. Boka har tre delar, og i den fyrste og siste delen er familien på ferie der. Det er ti år mellom dei to besøka, og i den andre delen av boka får me ei kort innføring i kva som har skjedd i mellomtida. Nokre i familien har lyst til å ta ein tur ut til fyrtårnet, andre er meir lunkne. Medan dei ventar på godt nok vêr får me kapittel der dei etter tur er hovudpersonen, og der me får innsyn i kva dei tenkjer og trur, både om det som skjer akkurat no og det som har skjedd tidlegare.

Så igjen - det er ikkje handlinga som driv denne boka framover. Det er dei indre samtalane dei fører, der dei tenkjer både gode og mindre ting om seg sjølv og andre. Og det er ikkje minst språket - slik er det i alle fall i denne ferske utgåva, der omsetjaren er Brit Bildøen.

Guffen tilrår.  

1. april 2021

Is-slottet (1987)

 

Eg hugsar ikkje om me gjorde det ei eller to gonger, men i melsdagane 1987 tok i alle fall Arnfinn, Inge og eg ein dagstur til Bergen for å sjå nokre av dei ferske jolefilmane. Dette var ein av filmane me såg. Eg hadde nyleg lese romanen Is-slottet, og Vesaas var i ferd med å sigla opp som den heilt store forfattaren. Slik eg hugsar det var me jamt over nøgde med filmatiseringa, men det var då.

I dag er det nok litt annleis. Det er veldig tydeleg at filmen er laga i ei tid då norsk film låg på eit lågare nivå enn i dag, sånn reint teknisk. I tillegg slit filmen med å vera like poetisk og gåtefull som romanen. Akkurat det skal han kanskje ikkje lastast for - det er jo ein roman det er vanskeleg å filmatisera. Filmen bør jo òg vurderast uavhengig av boka, men det er jo vanskeleg å unngå det her. Romanen er jo fabelaktig.

Det handlar om Siss, ei jente i ei fjellbygd. Ein vinterkveld vitjar ho Unn, som nyleg har flytta til bygda. Unn held seg mykje for seg sjølv, og den kvelden fortel ho at ho ser seg som annleis enn andre, og at ho ikkje kjem til å koma til himmelen. Dagen etter møter ho ikkje opp på skulen, ho går i staden inn i ein frosen foss, der ho frys i hel. Siss stengjer seg inne i seg sjølv, Ho har lova Unn å ikkje seia noko av det ho har fortalt. Ho held tett heilt til tanta til Unn, som tok seg av Unn etter at ho vart morlaus, seier at no har det gått så lang tid sidan Unn forsvann at ho må løysast frå lovnaden.

Filmen fortel denne historia, men han gjer ikkje så mykje meir. 

Guffen er lunken. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)

Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Soga om Vesås i verda (2020)