12. desember 2010

Duck Soup (1933)

Eg farta rundt i USA eitt år seint i 80-åra. Eg las mykje om Marx-brørne, og i dei fleste bøkene vart denne filmen omtalt som den beste av filmane deira. Eg visste altså litt om kva som venta meg, eg visste kva vitsar som kom i filmen, men det gjorde ingenting, og det gjer framleis ingenting. Eg ser filmen om og om igjen - eg ler ikkje mykje kvar gong, eg sit like mykje og smiler over kor bra det heile er.

Det tok litt tid før eg fekk sett filmen. Eg såg òg mykje film det året eg var i USA, men fekk aldri sett Duck Soup. Eg jobba nokre månader i ein rimeleg bra videobutikk, men heller ikkje der hadde dei filmen. Endeleg såg eg i ei avis at ein filmklubb ein halvtime unna skulle visa filmen, men då eg kom dit, viste det seg at dei ikkje hadde fått tak i filmen, slik at dei viste ein Chaplin-film i staden.

Nokre år seinare, då eg studerte i Bergen, lånte eg ut ei Marx-bok til Anders. Han greidde å øydeleggja boka litt, og som eit plaster på såret fekk eg ein VHS-kassett med ein tredjegenerasjons kopi av Duck Soup. Endeleg.

Filmen var verdt å venta på. Det er den beste av Marx-filmane, og er dermed òg høgst truleg den løgnaste filmen som er laga. Vitsane er sjølvsagt gode, men det viktigaste som skil denne filmen frå dei andre er at her ikkje er daudpunkt. Her er ingen harpesolo, her er ingen romantiske bihistorier, her handlar det omtrent berre om å få publikum til å le.

Kort fortalt: Til liks med Horse Feathers opnar filmen med at Groucho tek til i ny jobb. Denne gongen er han statsleiar i Freedonia, og det tek ikkje lang tid før han har fornærma Trentino, ambassadøren frå nabolandet Sylvania, så mykje at det vert krig. Harpo og Chico spionerer for Sylvania, men går etter kvart over til Freedonia.

Dei fleste vitsane i filmen er verbale, og Groucho og Chico deler broderleg dei beste mellom seg. "Go! And never darken my towels again!" "Let me out of here, or throw me a magazine." "Who are you gonna believe - me or your own eyes?" "How can I be lost if I'm found?" Ordvekslingane mellom dei to er av dei beste dei laga. Veldig få av vitsane fell på steingrunn, og det er påfallande kor mange av vitsane her som held seg godt i dag.

Det er altså ein kanonfilm. Overraskande nok ville ikkje Paramount fornya kontrakta med Marx-brørne, som etter denne filmen stod utan kontrakt. Zeppo, den litt malplasserte fjerde broren, trekte seg ut av gruppa, og dette gav dei tre andre endå eit godt kort på forhandlingshanda - dei meinte at utan Zeppo var dei verdt langt meir.

Høgdepunkt: Dei ti minutta som vert avslutta med spegelscena er massive. Harpo og Chico må få tak i krigsplanane til Freedonia, og etter at Chico har låst Groucho inne på toalettet hans, kler både Chico og Harpo seg ut som Groucho, for å lura Margaret Dumont til å gje dei planane. Det går ikkje heilt etter planen - det Harpo trur er ein safe er ein radio, som ikkje sluttar å spela, same kor maltraktert han vert. Groucho høyrer lyden. Harpo prøver å koma seg vekk, men knuser ein spegel. Då Groucho kjem mot han, gjer Harpo sitt beste for å få Groucho til å tru at han er spegelbiletet hans. Det går sjølvsagt ikkje, men det hadde ikkje vore ein Marx-film dersom ikkje Groucho hadde spelt med på det heile. Då eg for litt sidan las ei bok om Duck Soup, sette eg for fyrste gong inn ein peikar til ei side utanfor denne bloggen, og då kan eg vel gjera det same ein gong til. Sjå og le.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar