26. januar 2019

Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)

Ole Edvard Rølvaag utvandra til USA i 1896. Han var professor (ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota) og forfattar. Dette er hovudverket hans. Boka kom fyrst ut på norsk, som to separate romanar - I de dage (1924) og Riket grundlægges (1925).

Historia er kanskje ikkje den mest originale: Ei gruppe innvandrarar er på veg over prærien, finn eit område dei likar, og gjer sitt best for å skapa seg ein heim. Boka fungerer likevel godt, og det er det fleire grunnar til. Personane i boka er ulike nok til at det vert spenning mellom dei. Boka er godt komponert. Rølvaag skriv godt.

Hovudpersonane er ekteparet Per Hansa og Beret. Dei kjem frå Helgeland, og har utvandra saman med Hans Olsa og kona hans, Tønseten og kona hans, og to ugifte brør. Per Hansa er ein evig optimist, han går inn i det nye tilveret med liv og lyst, tener pengar og er ein god hjelpar for dei andre. Beret er tyngre til sinns - ho fattar ikkje korleis dei kan greia seg ute på prærien. Her er ikkje folk, her er ikkje fjell, her er ikkje hjelp å få om noko skal skje. Og det skjer mykje, dei kjempar mot veret, dei kjempar med grashopper, dei slit med å vera bønder (i Noreg var dei fiskarar), men dei held hovudet over vatnet. I alle fall gjennom det meste av boka.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

22. januar 2019

Jon Savage: England's Dreaming (1991)

Det har etter kvart kome mange bøker om Sex Pistols, men denne boka er framleis ei av dei beste. Handlinga i boka går langs to liner - Savage fortel historia til bandet, men han skriv òg om dei fyrste åra med punk rock, både i USA og England.

Han går rett til kjeldene, både dei munnlege og skriftlege. Ei av dei skriftlege er hans eiga dagbok. Han gav ut fanzina London's Outrage frå 1976, og var på ei rekkje av konsertane han skriv om i boka, mellom anna den vidgjetne båtturen under dronningjubileet i 1977. Han har intervjua ei rekkje av dei sentrale personane, og bruker òg bøker og aviser som kjelde.

Ei kjelde han ikkje har snakka med er Sid Vicious. Han døydde i februar 1979, og boka sluttar om lag der. Eit anna vendepunkt i historia er intervjuet med Bill Grundy, og Savage (og fleire han snakkar med) meiner at det var der ting tok til å gå gale. Det programmet gjorde punken meir ålment kjent. Det vart vanlegare og vanlegare at andre banka opp punkarar, og frå då av vart heile subkulturen meir valdeleg. Nokre månader seinare braut òg bandet meir eller mindre saman. Etter at Glen Matlock vart sparka vart det førre konsertar, færre øvingar, og så godt som ingen nyskrivne songar. Det med konsertane hadde manageren Malcolm McLaren ansvar for - han meinte det var god PR for bandet å seia at dei var bannlyste frå konsertscener over heile England. (Noko dei ikkje var.)

Guffen tilrår.

Meir Savage på kulturguffebloggen
Time Travel (1997)
The England's Dreaming Tapes (2010)
This Searing Light, The Sun and Everything Else (2019)

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (fjernsynsserie, 2022)

21. januar 2019

Sven Moren: Aust or markom (1909)

I sommar var me som vanleg ein tur innom Molde. I ei sidegate såg eg eit Antikvariat-skilt. Eg gjekk (sjølvsagt) innom, og såg, litt uventa, at det var Jon Peder som dreiv det. Me snakka litt saman etter gamalt, han spanderte kjeks og kaffi, og eg kjøpte med meg nokre bøker. Han tilrådde denne av Sven Moren, og sidan eg av og til tek mot boktips, kjøpte eg ho.

Det angrar eg ikkje på. Viss eg skulle angra på noko, måtte det i tilfelle vera at eg har venta eit halvt år med å lesa ho. Boka inneheld sju stykke, eller noveller, eller forteljingar, og undertittelen på boka (Skildringar fraa skogane) fortel kvar historia hentar handlinga si. Moren var sjølv bonde i Trysil, hadde mykje skog, og det er tydeleg at han kjenner skogmiljøa godt. Han tek opp ulike emne i forteljingane - korleis sjuke folk vert handsama, problema kring utvandringa (både for dei som reiser og dei som vert att), skilnader mellom unge og gamle, jakt og fiske, osb.

Det store i boka er likevel språket. Moren har eit uvanleg rikt ordforråd, og han bruker det uvanleg godt. Her er ei rekkje gode formuleringar og metaforar, og det er imponerande at han, som konverterte til landsmål (nynorsk) etter å ha vore i måldebatt med Lars Eskeland tidleg i 1890-åra, skriv så rikt og levande. Han leikar seg òg med språket, i ei av forteljingane, eg trur det var "Langt burt i skogen", aular det av gode bokstavrim.

Guffen tilrår.

Meir Moren på kulturguffebloggen
Menn eg møtte (1938)

13. januar 2019

Inger Bråtveit: Dette er også vatn (2018)

Denne romanen er sett saman på ein litt uventa måte. Eg-personen er nyleg vorte mor, og snakkar mykje om og til dotter si. Ho fortel òg mykje om foreldra sine, fyrst og fremst faren. Innimellom dette kjem eg-personen med tankar frå ulike bøker ho har lese, av og til er det reine bokmeldingane. Ho fortel òg om skrivinga, både heime og ute. Det meste av boka er bra, Bråtveit har eit svært godt språk, men denne blandinga verkar altså litt rar for meg.

Når ho skriv om dottera (og dei to sønene mannen hadde med seg inn i ekteskapet) og foreldra, handlar det mykje om å høyra til. Eg-personen er nært knytt til heimstaden. Ho skriv òg mykje om vatn, og det gjer ho gjennomgåande i heile boka. I og under vatn tenkjer ho betre, ho skriv at viss ho hadde kunna, ville ho ha skrive bøkene sine i vatnet.

Det er ei bok med mykje bra i seg, men det er òg parti som ikkje grip meg like mykje.

Guffen er lunken.

Meir Bråtveit på kulturguffebloggen
Munn mot ein frosen fjord (2002)
Alice A4 (2015)
Vassarv (2023)

11. januar 2019

Frode Grytten o.fl.: 17. mai Bergen (2015)

Ei fin fotobok frå Skald. Sju fotografar knytt til Moment Agency har fotografert, medan Frode Grytten har skrive ein innleiande tekst. Alle fotoa er tekne i eit ambulerande fotoatelier plassert på Torgalmenningen i Bergen, to 17. mai-ar på rad.

Bileta er høgst varierte. Det er reine portrett av folk som er ute og høgtidar dagen, og det er slettes ikkje slik at alle bileta er slik ein skulle tru. Javisst er her bilete i bunad eller i dress og med altfor lange sløyfer, men her er òg folk som har kledd seg ut, som ikkje har kledd seg stort annleis enn til dagleg, turistar, flaskesamlarar, osb.

Endå betre enn bileta er teksten til Grytten. Han skriv om Bergen, om det å vera bergensar, og her er mange gullkorn. Han har budd i Bergen det meste av det vaksne livet sitt, og kjenner byen godt. Han skriv mellom anna at i motsetnad til andre stader er Bergen dei vaksnes dag. Her er ikkje eige barnetog, ungane skal i staden heia på dei vaksne, og marsjera med leikegevær og trommer. Han omtalar fotballklubben Brann som ein over middels vellukka såpeserie, som ikkje greier å vera seriøse over tid. Han skriv at grunnen til at Erna Solberg er den fyrste statsministeren frå Bergen sidan 1935 er at det er eit verv som ikkje heng spesielt høgt i Bergen - det er langt gjevare å sitja i styret for Brann. Eller å vera med i 17. mai-komiteen.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

6. januar 2019

Paul Auster: The Brooklyn Follies (2005)

Ei litt rar oppleving, dette. Boka er velskriven, og med unntak av eitt kapittel er ho aldri dårleg. Problemet er kanskje heller at ho aldri vert verkeleg god.

Hovudpersonen, Nathan Glass, flyttar til Brooklyn for å døy. Kona har gått frå han, han har nett kome heilskinna ut av ein kreftkur, og har pensjonert seg frå jobben i eit forsikringsselskap. Det viser seg at han er litt for glad i livet, og litt for glad i liva til dei rundt han, til at han held fast med planen om å døy. Han møter mange folk på sin veg: Ein eksentrisk bruktbokhandlar med ei variert fortid. Nevøen sin, som har lagt planane om ei universitetskarriere på hylla, og som i staden arbeider i bruktbokhandelen. Ein forskrudd religiøs kar i South Carolina, som har gifta seg med niesa til Nathan. Dotter til niesa, ei ni år gamal jente som ikkje snakkar. Ei godt gift kvinne som viser seg å vera lesbisk. Eks-kjærasten til bruktbokhandlaren, ein mann som tidlegare har forfalska måleri, men som no hevdar å forfalska litterære manuskript frå gamle dagar.

Og så vidare. Auster smør på med for mange rare karakterar, og dei fleste av desse har ein rar forhistorie. Det fører ikkje boka vidare. Det er altså heilt greitt å lesa ho, men det vert ikkje den store Auster-opplevinga av det.

Boka sluttar med at Nathan går glad og nøgd nedover ei gate. Det har ordna seg for dei aller fleste rundt han, i alle fall dei som har overlevd, og boka ser altså ut til å få ein lukkeleg slutt. Men, skriv Auster, klokka passerer åtte om morgonen, og datoen er 11. september 2001.

Og eg har forresten ei kjensle av at ordet austere dukkar opp ein gong i kvar bok han har skrive. Denne gongen var det på side 250.

Guffen er lunken.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Glen E. Friedman: My Rules (2014)

Glen E. Friedman er ein amerikansk fotograf. Tidleg i 1980-åra gav han ut fanzina My Rules, som skal ha hatt eit opplag på 10 000, og som dermed var den fanzina som selde mest. Motiva hans kom frå ulike undergrunnskulturar - grovt sett kan ein seia at han fyrst fotograferte skatarar, så punkarar og rockarar, deretter rapparar.

I denne boka, som er på over 300 sider, er hundrevis av bileta hans samla. Dei kjem ikkje kronologisk, men kvart oppslag har eit samla tema. Mange av dei han har fotografert eller fotografert for oftast har skrive korte tekstar - anten om Friedman, om bileta, eller om seg sjølv.

Banda han fotograferer oftast er Fugazi, Bad Brains, Black Flag, Dead Kennedys, Beastie Boys, Run-D.M.C. og Public Enemy, men her er òg bilete av mange andre. Han likar godt å gå tett på motiva sine - er han på konsert er han heilt framme ved scena, gjerne nokre centimeter frå musikarane. Slik er det òg når han fotograferer skatarar - desse bileta er gjerne teke ved noko som minner om tomme symjebasseng, og Friedman ligg heilt inntil punktet der dei hoppar høgast.

Guffen tilrår.

Meir Friedman på kulturguffebloggen
Keep Your Eyes Open (2007)

4. januar 2019

Peter Guralnick: Careless Love (1999)

Del to av ein finfin biografi. Boka har undertittelen "The Unmaking of Elvis Presley", og det er akkurat det som skjer i denne boka. Boka opnar med at Elvis reiser til Tyskland, der han er i militæret i eit og eit halvt år. Han kjem tilbake til USA, og er framleis den største stjerna i landet. Og det er om lag her det går gale for Elvis: I staden for å satsa på musikken, går tida med til å laga ei endelaus rekkje filmar. Kvaliteten er dårleg, men inntektene er gode, og Elvis gjer som den pengegriske og knallharde manageren hans, Colonel Tom Parker, vil.

Guralnick har full kontroll over stoffet sitt. Han veit kvar han skal stoppa opp og gå langt ned i detaljane, og kvar han ikkje skal gjera det. Boka dekkjer tida frå 1958 til 1977, og i desse åra er det berre to gonger han verkeleg stoppar opp: I juni 1968, då Elvis returnerer til konsertscena, og i august 1977, då han døyr. Tida fram til 1968 er det lite å rapportera om - livet går i sirklar, der Elvis spelar inn fleire filmar i året, spelar inn plater som (oftast) er like keisame som filmane, vassar i damer, og er omgitt av den vanlege forsamlinga med ja-folk.

I 1970-åra endrar ting seg, men berre litt: Også her går livet på repeat, men filminga er erstatta av konsert-turnear, og konsertrekkjer i Las Vegas. Elvis isolerer seg meir og meir, les mange rare bøker, og et mange rare tablettar. Guralnick teiknar eit klart bilete av Elvis, han vert ein person det er vanskeleg å forstå. Han tente og brukte enormt med pengar, han var så stor kjendis at han fekk alt og alle han peikte på, og med unntak av den nærmaste familien og Parker vart dei som snakka mot han eller var usamde med han sendt vekk.

Guffen tilrår.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Elvis (2022)
Priscilla (2023)

3. januar 2019

Georg Büchner: Lenz (1839)

Forfattaren Lenz er trist til sinns. Han har gått frå vener og familie, og opp i fjellea, der han søkjer tilflukt hjå presten Oberlin. Han ser ting, han høyrer ting, han vert skremd, han kjenner seg sjeldan heilt trygg, og det verkar mest av alt som om han er på veg ut av livet - anten grunna plagene sine, eller av di han vil det sjølv.

Det er ein kort og intens tekst. Alt etter nokre få setningar kjem dei fyrste teikna på at Lenz held på å missa forstanden - etter nokre skildringar av naturen han går gjennom står det at han ikkje brydde seg om kvar han gjekk, og at han somme gonger ynskte at han kunne gå på hovudet. Slik held det fram, og det er kanskje like greitt at boka ikkje er lengre - det kunne vorte for intenst.

Boka er omsett av Jon Fosse, og kjem ut i den framleis like glimrande klassikar-serien til Skald forlag.

Guffen tilrår.

1. januar 2019

Mike Diamond og Adam Horowitz: Beastie Boys Book (2018)

Eg har to rap-plater, og begge er Beastie Boys-plater: Paul's Boutique og Ill Communication. Begge er finfine. Den fyrste er hakket betre, men den andre er meir variert. Slik sett er det den denne boka minner om. Her er mange ulike tekstar og artiklar og biletsamlingar, også slike som ikkje er skrivne av Mike Diamond eller Adam Horowitz.

Beastie Boys var aktive frå 1981 til 2012. Det året døydde den tredje i bandet, Adam Yauch. Boka handlar om heile historia deira, men er òg skrive for å heidra Yauch. Han får mykje skryt, ikkje minst i ein fabelaktig opningsartikkel. Fleire stader i boka står det noko slikt som at ingen andre enn Yauch ville tenkt eller gjort akkurat dette, og det verkar som om det var han som var ideologen bak bandet.

I den grad dei hadde ein ideolog - noko av det som fenga med Beach Boys var at dei verka som tre luringar som leika seg gjennom livet. Dei hadde det moro, rett og slett, same kva dei dreiv med - musikk, videoar, turnear, osb. Dei framstod rett nok som nokre deigar i åra rett etter at dei slo gjennom, men dei tok seg fort inn att. Dei hadde stil, dei var kreative, og dei samla andre kreative sjeler rundt seg.

Boka er finfin. Her er korte kapittel, som regel skrivne av ein av dei to. Har den andre merknader til det kapitlet, kjem det med i små tekstboksar. Dei skriv godt, og nokre av historiene er uvanleg artige. Ein favoritt i så måte er den om ein ring Horowitz fekk i 1992, av ein innpåsliten fan som meinte at ringen var magisk. Her trur eg eg lo høgt, og det gjorde eg nok fleire gonger òg.

Guffen tilrår.