13. april 2019

Motorpsycho (Hulen, Bergen, 11. og 12. april 2019)

Som i september 2017 spelte Motorpsycho to konsertar i Bergen. Då skreiv eg at dette var omtrent som i gamle dagar, men det passa endå betre denne gongen. Dei spelte på Hulen, som var der eg fyrste gongen var på Motorpsycho-konsert, i mars 1992. Det er lenge sidan - på veg til den fyrste av desse konsertane slo det meg at 27 år er om lag halve livet mitt. Og det slo meg igjen kor lenge bandet har drive på, og kor imponerande det er at dei framleis leitar etter noko nytt, at dei framleis er så friske og relevante, at dei framleis er så like og ulike seg sjølv.

Så kom eg inn på Hulen, og det slo meg at noko har endra seg sidan eg budde i Bergen i 1990-åra. Då var det ikkje vanleg at konsertar byrja spesielt tidleg, men slik er det visst no. Eg kom til Hulen rundt ti over ni, og tenkte eg var ute i god tid. Det var eg ikkje - dei var nesten ferdige med "Gullible's Travails". Eg vart møtt av ein vegg av folk på veg inn i konsertsalen på Hulen, og såg ikkje spesielt godt - det tok nesten eit kvarter før eg fekk lirka meg så pass langt inn at eg såg alle fire på scena. Dei har igjen med seg Reine Fiske, slik at dei framstår som ei svensk-norsk gruppe, med to frå kvart land.

Det var ein fin konsert, men likevel eit godt stykke frå maksnivået deira. Hovudtyngda av setlista låg på dei to siste albuma deira, den einaste retteleg gamle songen var vel "Greener".

Den andre konserten vart som venta heilt annleis, og det var ein langt meir vellukka konsert. Eg var (ikkje uventa) ute i god tid, og sikra meg favorittplassen rett framfor miksebordet. Her var lyden god så godt som heile kvelden. Motorpsycho overrraska heilt frå opninga - alle dei tre frontpersonane fann fram akustiske gitarar, Bent sa noko om at alle måtte henta fram den indre hippien sin, og dei fem fyrste songane var alle akustiske. Dei opna med ein cover, "Nature's Way" av Spirit, og fylgde opp med gode og gamle songar - her kom "Starmelt/Lovelight" og her kom ein fabelaktig versjon av "Watersound". Det var faktisk slik at eg tenkte at dei godt kunne halda fram akustisk ei stund til, men det tenkte eg ikkje lenge: Den fyrste elektriske songen var tittelsporet frå "The Crucible", som var sylskarp.

Denne, og dei aller fleste av dei andre songane, hadde lange instrumentalparti, der det som vanleg var rom for alt. Nokre få gonger gjekk det litt skeis, men som regel var det toppnivå heile vegen. Gitaristen Snah var i toppform aboslutt heile kvelden, og kom med nokre soloar og riff som var av ei heilt anna verd. Og setlista var sjølvsagt heilt endra frå kvelden før - berre fire songar vart spelt begge kveldane.

Det var ein stor kveld. Publikum kosa seg, bandet kosa seg. Tomas Järmyr på trommer er ikkje berre ein fabelaktig musikar, han er òg fabelaktig å sjå på - han er den av dei fire som smiler mest, og som ser ut til å kosa seg mest. I alle fall - for min del kan bandet gjerne halda fram med å spela på dei litt mindre scenene i Bergen. Då vert det gjerne ein ekstrakonsert av det, og då veit me at den andre av desse kveldane vert det noko spesielt.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar