5. oktober 2011

Få meg på,for faen (2011)

Det er kjekt med ein film som er slik at du heile tida sit og smiler. Du smiler på grunn av språket, på grunn av handlinga, på grunn av at det stundom vert pinlege situasjonar, på grunn av at du kjenner deg igjen. Og på grunn av at det er ein god film.

Boka er basert på delar av ein roman av Olaug Nilssen. Hovudpersonen Alma er femten år, og tenkjer stort sett berre på ein ting. På ein fest tek Artur ut pikken og stikk han borti låret til Alma. Ho fortel det vidare til veninnene sine, men då Artur vert konfrontert med dette, gjev han inntrykk av at det ikkje er sant. Alma vert utstøytt, ho vert gåande heilt åleine i den bortgøymde bygda Skoddeheimen. Ho kan ikkje eingong snakka med mor si, sidan ho ikkje godtek av Alma er så oppteken av sex. Den einaste gongen ho vert forstått er når ho rømer til Oslo, der ho bur nokre dagar hjå ei ho kjenner. Då ho kjem tilbake til Skoddeheimen, ordnar ting seg. Ho og besteveninnga kjem på talefot igjen, og det viser seg at Artur vil ha ho.

Det er ein roleg og sjarmerande film. Her er plenty gode replikkar, og fleire av personane er så godt portretterte at det er lett å kjenna dei att, som til dømes dama i nabohuset - ho har kontroll på absolutt alt som rører seg. Dei unge skodespelarane er glimrande - dei framstår som nett like keitete og usikre som ungdom ofte er.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar