26. april 2015

Tormod Haugland: Varmare (1995)

Ein kort, tidleg roman av Haugland. Ernst, ein mann rundt tretti år, kjem til heimstaden sin, ein stad ute på bygda. Han har levd nokre år i byen, det kjem ikkje fram kva han har drive med, men han likar i alle fall å måla, og ser ut til å vera økonomisk fri. Han kjem heim av di faren, som er på sjukeheim, har fenge eit nytt anfall, og dei er usikre på kor lenge han har igjen.

Ernst går rundt på garden til faren, ein gard som snart vil verta hans, og tenkjer på alt han skal gjera med husa. Han snakkar med naboane, han møter kjende langs vegane, han vert med på fotballkamp, han går heim att. Heile romanen går føre seg på éin dag, og mykje av det Ernst snakkar om og tenkjer på får me aldri vita om verkeleg kjem til å skje.

Og det er noko uverkeleg over heile boka. Det er som om Ernst går i søvne, eller at me er i eit drøymeland. Han flyttar seg raskt frå stad til stad, folk dukkar opp der han trur han er åleine, og han oppfører seg òg som om han kjende naboane langt betre. Han går ein tur i skogen, og kjem over den 14 år gamle nabodottera som badar naken. For dei begge er det heilt opplagt at han skal ta på den nakna overkroppen hennar, eller at ho skal kommentera brysta sine. Også for mor hennar, som Ernst treffer fleire gonger, er det heilt greitt at dette har skjedd.

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)

Paul Brannigan: This is a Call (2011)


Det er jo ein klassisk rags to riches-historie, dette, men det er kanskje ikkje så uvanleg i biografiar om store stjerner. Dave Grohl voks opp i Virginia, rett utanfor den amerikanske hovudstaden Washington DC. Foreldra skilde seg tidleg. Grohl vart dregen mot den aktive punkescena i DC, og spelte både gitar (habilt) og trommer (eksepsjonelt). Han vart med i Scream, og droppa ut av highschool for å reisa på turné med dei. Tida med Scream var eit liv i dårlege varebilar, dårleg mat, overnatting på harde golv, og mykje drikk og dop. Bilane og maten og overnattingane vart betre etter at han vart trommeslagar i Nirvana, og seinare gitarist/vokalist i Foo Fighters.

Brannigan skriv mest og best om tida fram til Foo Fighters vert skipa. I alle fall verkar det slik for meg, som ikkje har noko forhold til det bandet - dei som likar Foo Fighters vil kanskje vera usamde. Han tek mange avstikkarar, og kjem med store mengder bakgrunnsinformasjon, og det likar eg. Grohl kom inn i punkemiljøet i DC fleire år etter at det miljøet oppstod, og Brannigan skriv grundig om viktige personar og band og hendingar. Det er òg tilfelle når Grohl flyttar til Olympia utanfor Seattle, for å vera med i Nirvana - då får me ei god og innsiktsfull historie om korleis grungemiljøet oppstod.

Grohl vert ofte skildra som the nicest man in rock. Det er omtrent den kjensla ein sit att med etter denne boka. Han er nok reservert, slik mange er, og slepper ikkje Brannigan for langt inn i privatlivet sitt, og Brannigan har heller ikkje noko interesse av å gå for langt i den retninga. Men Grohl framstår som svært sympatisk - han innser at han har vore heldig, og at han har levd eit priviligert liv.

Guffen tilrår.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

23. april 2015

Gravity (2013)

Det er rart med det - det går år og dag utan at eg ser ein film frå verdsrommet, og brått har eg sett to på éin månad. I motsetnad til den førre er denne rein fantasi.

Eg trur at sist gong eg såg Sandra Bullock i ein film var tidleg i 90-åra, då ho køyrde buss i Speed. No har ho ei litt vanskelegare oppgåve. Ho er ute i verdsrommet for fyrste gong, og held på med noko vedlikehaldsarbeidet på teleskopet Hubble saman med George Clooney, ein langt meir røynd romfarar. Dei vert råka av vrakrestar frå ein russisk satelitt - dei andre som er med på turen døyr, og romskipet deira er øydelagd. Dei prøver å nå den internasjonale romstasjonen ISS, men greier det berre sånn delvis. Ho kjem seg inn; han forsvinn i verdsrommet. Så ho må koma seg heim i ... heiter det livbåt? Det vert ikkje så lett, sidan der ikkje finst drivstoff.

Historia er for så vidt spanande nok, men det som gjer denne filmen verd å sjå er filminga. Du trur på det du ser, illusjonane er gode nok til at du trur at dei faktisk er i verdsrommet. Samstundes er filminga klaustrofobisk nok, ikkje minst inne i livbåten, til at du får ei kjensle av korleis Bullock har det.

Guffen tilrår.


21. april 2015

Breaking Bad, sesong 1 (2008)

Denne serien har eit rimeleg godt utgangspunkt. Walter White er ein ekstremt god kjemikar, men hadde ikkje tiltakslyst nok til å verkeleg satsa på ei stor karriere der. I staden arbeider han som kjemilærar på ein highschool i Albuquerque, New Mexico, og korkje han eller elevane hans ser ut til å trivast med det. Kona hans er gravid; frå før har dei ein seksten år gamal son. Dei slit økonomisk, og då White får diagnosen lungekreft tenkjer han mykje på korleis dei andre skal klara seg etter at han er død. For å få pengar til cellegiftkur, og for å prøva å leggja seg opp litt pengar dei andre kan arva, prøver han å tena pengar på å selja metamfetamin. Han veit korleis han skal laga det, men anar ingenting om korleis han skal selja det.

Det gjer derimot Jesse Pinkman, ein av dei tidlegare elevane hans. Han veit i alle fall litt om det. Alt går slettes ikkje etter planen, i alle fall ikkje i byrjinga, men det kjem seg etter kvart. Sesongen sluttar med at dei to har fått innpass hjå Tuco Salamanca, som ser ut til å kontrollera mykje av dealinga i heile eller halve byen.

Her er mykje bra. Det tek litt tid før serien tek av, men så lenge kvar episode er betre enn den førre er det jo ingen grunn til å stoppa. Samspelet mellom White og Pinkman er framifrå, eg veit at det opplagte her er å skriva at dei har ein glimrande kjemi. Dei er heilt ulike, White er ein turrpinn med eit stivt språk; Pinkman er like fleksibel og mjuk i kroppen som han er i språket. Dei har nokre fabelaktige scener og dialogar. Mykje av dette skuldast at dei ikkje snakkar nok med kvarandre, eller at dei ikkje høyrer nok på kvarandre. Scena med liket i badekaret er eit godt døme på dette.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

19. april 2015

Richard Ford: Let Me Be Frank With You (2014)

Frank Bascombe, hovudpersonen frå den store (og delvis vellukka) trilogien til Rochard Ford, er vorten gamal. Han har pensjonert seg, men arbeider litt gratis for gode føremål, og får elles tida til å gå ved å tru på dei same livsløgnene som før. I denne boka er det fire frittståande noveller om han, men ikkje meir frittståande enn at alle historiene er lagt til veka før jol 2012. Orkanen Sandy har herja New Jersey, der han og kona bur, og det er eit katastrofeområde.

Det Amerika Ford skildrar er ikkje eit katastrofeområde, men det er eit samfunn som er ute av balanse. Unge menn vert sendt til krigar ingen skjønar vitsen med. Helsesystemet fungerer best for dei velståande. Orkanoffer vert utnytta av all slags luringar. Naboar snakkar ikkje med kvarandre. Og så vidare.

Ford skriv godt, det veit me frå før. Han er òg betre i noveller enn i romanar, men likevel er ikkje dette Ford heilt i toppslag. Frank Bascombe gav ut ei bok for lenge sidan, og i den siste forteljinga vert han spurt av ein kjenning som ligg for døden: "When you write a book, how do you know when you've finished it?" Litt av problemet i desse fire novellene er at Ford burde sett punktum litt tidlegare. Det vert for mykje av mykje - litt for mange omvegar frå historia i novella, litt for mange flotte setningar, litt for mange måtar å seia at Bascombe kunne vore ærlegare med seg sjølv på.

Guffen er lunken.

Meir Richard Ford på kulturguffebloggen
A Piece of My Heart (1976)
The Sportswriter (1986)
Wildlife (1990)
Between Them (2017)

12. april 2015

John Steinbeck: Of Mice and Men (1937)

California, dei harde trettiåra. To lausarbeidarar, den gode samaritanen George og den lett tilbakeståande kraftkaren Lennie, får seg arbeid på ein gard. George ser ut til å ha lova tanta til Lennie at han skal ta seg av han resten av livet. Dei drøymer om å tena nok pengar til å kjøpa sin eigen gard, slik dei fleste lausarbeidarane truleg gjorde, men Lennie øydelegg alltid for dei. Slik vert det denne gongen òg. Han er så sterk at han ikkje skjønar kva som kan skje når han bruker kreftene sine. Tidlegare har det berre gått ut over dyr; denne gongen er det menneske det går ut over.

Det er ein fantastisk roman. Boka er på rundt åtti sider, og her er knapt nok ein setning for mykje. I samtalane mellom dei to kjem det godt fram kor avhengig Lennie er av George, i samtalar mellom George og andre er det tydeleg at George er lei av å ta seg Lennie, favorittaktiviteten hans, å leggja kabal, tyder på akkurat det same. Men det kjem òg godt fram korleis dei som er lengst nede i samfunnet drøymer om betre dagar, og det er tydeleg korleis det heile tida er nokon som har det verre. George og Lennie har ikkje meir enn det dei står og går i, men dei har det betre enn negeren som òg arbeider på garden. Og han igjen har det betre enn alle dyra.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

Mark Beaumont: The Man Who Cycled the Americas (2011)

Oss storsyklarar imellom: Eg har sykla Lofoten, Rallarvegen to gonger, og Voss-Nordmøre. Skotske Mark Beaumont hadde verdsrekorden i å sykla rundt jorda, og i denne boka fortel han om då han sykla frå Alaska til Ushuaia, ein by heilt sør i Sør-Amerika.

Han fortel om ein flott tur, men han fortel ikkje om det på ein altfor imponerande måte. Det vert mykje repetisjon, han slit med å finna originale opplevingar å skriva om. Det vert mykje sykkel, mat og soving. Turen var finansiert av BBC, og han hadde stramme tidsfristar, slik at han ofte måtte sykla andre vegar enn dei mest interessante, og ofte måtte han sykla tidleg vidare frå stader han kunne vore lenger.

Ein av grunnane til at han hadde det travelt var at han la inn ein krevjande fjelltur før syklinga tok til (Denali i Alaska, 6193 moh.), og at det kom ein tilsvarande tur mot slutten av turen (Aconcagua i Argentina, 6959 moh.). For å nå den siste toppen før tursesongen var over, var det ikkje tid til mange sprell langs vegen.

Skildringa av dei to fjellturane er velkomne og gode avbrot frå syklinga. Etter Aconcagua står det framleis att nokre veker med sykling; her innser han omsider kor lite han har å skriva om, og skriv mindre om kvar dag.

Guffen er lunken.

11. april 2015

Jerome K. Jerome: Three Men in a Boat (1889)

I mange av bøkene om Jotunheimen vert det vist til boka Three in Norway (by two of them). Den boka fortel om tre engelskmenn som ferierer i Jotunheimen, og er ei langt betre bok enn ein skulle tru etter å ha lese det eine sitatet som vert brukt i alle Jotunheim-bøkene. Three in Norway kom i 1882, og må reknast som ei inspirasjonskjelde for denne boka, som kom sju år seinare.

Three Men in a Boat handlar om eit, i alle fall for engelskmenn, langt meir kortreist reisemål. Tre menn og ein hund legg ut på ei reise på Themsen, vestover frå London til Oxford. Themsen går ikkje i ei rett line mellom dei to byane, det er mange svingar slik det ofte er med elver, og slik er det òg med denne boka. Jerome er best når han fortel om ting som har skjedd andre gonger, anten det handlar om han sjølv eller personar som levde for hundrevis av år sidan.

Kvart kapittel opnar som regel med nokre avsnitt om kor langt dei er komne, før han tenkjer på eller ser noko som får han til å tenkja på noko heilt anna. I desse avbrota er det ofte stor humor, både i hendingar og dialogar. Jerome ropar ikkje ut vitsane sine, men dei er der, og det er råd å gle seg over dei.

Guffen tilrår.

6. april 2015

Fjellet (2011)

Det er godt gjort når ein film på berre 79 minutt verkar som lang. Filmen tek opp eit godt tema, og er ikkje utan kvalitetar, men det verkar som om regissøren har drege filmen ut så langt som råd. Det hadde truleg vore lurare å komprimera, med meir innstramming, spesielt i opninga av filmen, ville dette vore langt betre. Mange av naturbileta kunne til dømes vore kutta ut, og poenget med at dei to ikkje snakkar godt saman, eller at dei lett vert irriterte på den andre, kjem tidleg godt nok fram.

Solveig og Nora er på fjelltur. Dei er kjærastar; Solveig er gravid. Forholdet deira har endra seg etter at son deira, Vetle, miste livet på den same fjellturen to år tidlegare. Det har dei aldri snakka nok om, og gjennom det meste av filmen er det tydeleg at dei snakkar om lette og overflatiske ting, utan å ta opp det dei burde ha snakka om: Tapet av sonen, og korleis det har endra forholdet deira. Fleire gonger i filmen ser det ut til at dei misser kvarandre. Det skal ingenting til før ein av dei kvesser til mot den andre.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Leif Halse/Jens R. Nilssen: Vangsgutane. Bind 2, 1943-45 (2014)

Dette er band to i ein serie der Fonna Forlag samlar alle Vangsgutane-jolehefta. Slik eg skreiv då eg las det fyrste bandet, er det eit prisverdig tiltak. Vangsgutane er ein klassisk serie, som har gått litt i gløymeboka. Desse bøkene vert nok fyrst og fremst kjøpt av folk eit godt stykke oppe i åra, men innpakkinga er fin nok til at også yngre lesarar finn glede i dette.

Innhaldet er som før. Dei farlause gutane Steinar og Kåre Vangen er prektige og seriøse, og gjer stort sett berre gode gjerningar. Dei utvidar arbeidsområdet sitt i denne boka, dei er mykje på stølen i Romådalen, der dei òg er saman med fotografen Tarald Holm. Siste gongen dei kjem dit (i denne boka) er når dei saman med Sterk-Ola Bakken leiter etter to etterlyste bandittar. Dei greier å fanga dei, og den lokale lensmannen viser kor eventyrleg tillit han har til Vangsgutane: Han sender dei to bandittane med båt til byen, med Sterk-Ola og dei to Vangsgutane som vakter.

Larris vert hersa med her òg, endå meir enn i det fyrste bandet. Det er framleis ubehageleg, men der kjem ei mogleg forklaring mot slutten av dette bandet. Sterk-Ola Bakken byggjer ny løe, etter at dei to bandittane brann ned den gamle, og brått vert det eit avbrot i forteljinga om løa. Sterk-Ola viser Vangsgutane ein radio han har gøymt i kjellaren, og fortel at han har høyrt at krigen er slutt. I det sjette joleheftet kjem den fyrste referansen til verdskrigen - det er ikkje så rart, sidan heftet neppe ville fått koma ut om det var fullt av referansar til den tyske okkupasjonsmakta. Men kan Larris ha vore tenkt som eit symbol på tyskarane? Kan det, slik det var i den andre store Fonna-serien, Ingeniør Knut Berg, ha vore ein grunn til at urnorske heltar hersar og ler med ein som ikkje passar heilt inn? Eg er langt frå sikker på dette, og det vil vel verta klarare neste år, når det neste bandet kjem.

Guffen tilrår.

Meir Vangsgutane på kulturguffebloggen
Bind 1, 1940-42 (2013)

5. april 2015

Supermann (1978)

Ein av setningane som vart brukt om att og om att då denne filmen vart lansert, var "You'll believe a man can fly". Då, altså i 1978, var det imponerande at filmskaparar greidde å skapa ein illusjon av at Supermann faktisk kunne fly. No, nesten 40 år seinare, er det tydeleg kor lange steg teknologien har teke på desse åra. Flyginga er ikkje altfor imponerande.

Det som òg er tydeleg, er at det vart brukt mykje meir pengar på å skapa desse fly-scenene, enn på å skriva eit skikkeleg manus. Ein ting er at historia er ufatteleg enkel, ein annan ting er at dei har lagt vekta på heilt feil stad. Det handlar mest om forholdet mellom Supermann og journalisten Lois Lane. Lex Luthor, som er skurken i filmen, har nesten ei birolle, noko som vert mest tydeleg til slutt i filmen: Mykje tid vert brukt på å visa korleis Supermann reddar Lois Lane; alt som vert vist av at han fangar Lex Luthor og medhjelparen hans er at han landar i fengselet med dei to.

Filmen er òg i lengste laget, mykje på grunn av nokre altfor lange opningssekvensar frå planeten Krypton. Det går tregt, humoren er ikkje vellukka, og det er altså tydeleg kvifor denne filmen vart ein slik suksess - you'll believe a man can fly.

Guffen kan ikkje tilrå dette.