29. juni 2023

Cormac McCarthy: The Passenger (2022)

Denne romanen kom ut i fjor haust, seksten år etter den førre roman-utgjevinga til McCarthy. Det kom ein oppfølgar, ein del to, månaden etterpå, og dette vart dei to siste bøkene McCarthy gav ut før han døydde. Viss den siste boka, Stella Maris, er like fin som denne, utgjer dei ei mektig og verdig avslutning på forfattarskapen.

Me møter Bobby og Alicia Western, bror og syster. Begge er matematiske geni, men liva deira tok ulike retningar. I no-tida er Bobby dukkar; Alicia tok livet sitt for mange år sidan. Dei har (eller hadde) eit litt merkeleg forhold; venene til Bobby snakkar om at grunnen til at han ikkje har ei kvinne er at han framleis er forelska i syster di. Det kan godt henda at det er noko i det.

Boka opnar med eit lukka rom-mysterie. Saman med ein (eller to?) andre dukkar han til eit fly som har styrta. Dei tek seg inn i flyet, og merkar at den svarte boksen manglar, og det gjer òg ein av passasjerane. Dei prøver å finna ut kva som har skjedd, men kjem ingen veg. I staden er det slik at andre prøver å finna dei, og då ein av dei to andre misser livet ein stad i Sør-Amerika, skjønar Bobby at nokon er på leit etter han. Heimen hans vert ransaka, kontoen hans vert sperra, og resten av boka lever han i dekning. Han kjem likevel ofte tilbake til New Orleans, der han snakkar med mange han kjenner, til dømes ein privatdetektiv som fåfengt prøver å hjelpa han. Mange av desse passasjane minner om Pynchon; her er den same paranoiaen, og sjølv om det ikkje vert sagt rett ut kven som jaktar Bobby, ligg det i korta at dei er støtta av The Man

Innimellom Bobby-kapitla kjem det nokre Alicia-kapittel. Desse skjer altså for lenge sidan, og handlar stort sett om samtalar ho har med innbilte vesen. Her er mange gode ordskifte, mange dårlege vitsar og mange gode refleksjonar, men desse kapitla er ikkje like fengande som dei andre.

Guffen tilrår. 

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
Stella Maris (2022)

26. juni 2023

Richard Balls: Sex & Drugs & Rock'n'Roll. The Life of Ian Dury (2011)

Denne boka kom fyrst ut i 2000, året Ian Dury døydde. Denne utgåva er oppdatert med to kapittel, som vel ikkje tilfører boka noko anna enn å visa at interessa for Dury heldt seg stor lenge etter at han var død.

Eg høyrde ein del på Ian Dury and the Blockheads i gamle dagar. Eg minnest nokre gode singlar og ein nokolunde god LP, Do It Yourself. Om lag der stoppa kunnskapen min, så slik sett var det mykje nytt i denne boka. Balls har snakka med enormt mange, og han har gravd i gamle aviser og funne mykje stoff. Litt for mykje, truleg - i alle fall burde han vore flinkare til å redigera. Boka flyt fint og godt fram til midt i 1980-åra, deretter burde han ha kutta mykje. Det er til dømes ikkje nødvendig å skriva lange avsnitt om alle filmane Dury hadde nokre minimale biroller i.

Men den fyrste delen av boka svingar. Dury kom frå ein litt ustabil heim, og livet vart endå meir ustabilt då han fekk polio som tolvåring. Han budde på nokre heimar for sjuke born/ungdomar, og det livet kan ikkje ha vore spesielt lett. Så tok musikken hans, sjølv om han ikkje var spesielt musikalsk eller var spesielt flink til å syngja. Han skreiv glitrande tekstar, og skal ha vore stor på scena. 

Han kunne vera enormt sjarmerande, men var òg ofte ein stor drittsekk. Han var sjefen i bandet, både i Kilburn and the High Roads og i Ian Dury and the Blockheads. Folk vart sparka rett som det var, og ein av grunnane til at dei gjekk frå kvarandre tidleg i 1980-åra var at dei andre var lei av humørsvingingane hans.

Guffen tilrår. 

24. juni 2023

Tone Wikborg: Gustav Vigeland. En biografi (2001)

Alle kjenner namnet hans, men eg trur ikkje det er mange som veit mykje om livet hans. Eg har vel plukka opp små hint histen og pisten, men i det aller meste i denne boka var nytt for meg. Og det er ikkje berre av di boka er svært detaljert.

Wikborg arbeidde ved Vigeland-museet i tretti år, og ho kjenner såleis emnet sitt godt. Ho fortel om oppvekst, om opprør, om kampen for å etablera seg som kunstnar, om privatliv, osb. Vigeland var ein stor kunstnar, og han var rimeleg kompromisslaus - både når det galdt kunsten og i privatlivet. Det siste fyrst: Det var han som bestemte alt i heimen, same kven han budde med. Han var gift to gonger, og begge ekteskapa braut saman av di han fann seg ei yngre (evt. endå yngre) kvinne. Det same skjedde i eit langt sambuarskap mellom ekteskapa. 

Som kunstnar er han sjølvsagt best kjend for Vigeland-parken. Her var han òg knallhard i forhandlingar. Fontena som står (rimeleg) sentralt i parken skulle opphavleg stå andre stader, men han greidde (saman med nokre gode hjelparar) å få lov til å laga ein enorm park, der fontena til slutt vart montert. Tvers over vegen fekk han sett opp eit atelier, der han hadde ein leilegheit i andre høgda. Huset vart gjeve til Oslo kommune etter at han døydde. Parken er rimeleg unik i Europa - det finst visst ingen andre døme på at ein kunstnar har fått forma eit så stort område som han vil.

Boka er eksemplarisk. Wikborg har full kontroll på stoffet sitt, og sjølv om ho er sympatisk innstilt til Vigeland er ho ikkje redd for å vera kritisk. Dei mange og flotte illustrasjonane er med på å heva boka.

Guffen tilrår. 

22. juni 2023

The Lance Armstrong Lie (2013)

Det er så mangt. Eg fann ikkje noko spesielt interessant på Netflix, og sette i gang denne filmen. Historia er velkjent, Lance Armstrong vann sykkel-VM som relativt ung, fekk kreft, vart frisk att, og vann Tour de France sju år på rad. Heile tida gjekk det rykte om juks; heile tida nekta han for at han juksa. Han la opp, men kom tilbake til TdF ein siste gong i 2009. Då greidde han seg rimeleg bra, han kom vel på topp tre eller fire samanlagt.

Målet med denne filmen var nok å visa eit eineståande comeback. Slik gjekk det ikkje sportsleg, og slik gjekk det heller ikkje på andre måtar. Det kom nye skuldingar mot han, og sjølv om han nekta vart presset for stort. I 2013 vedgjekk han omsider jukset.

Filmen vekslar mellom gamle og nye klipp. Det er vel heilt grei tidtrøyte, men heller ikkje noko meir. Og den viktigaste grunnen til det er at me veit altfor godt kva som kjem til å skje.

Guffen er lunken.   

19. juni 2023

Liv Ullmann. A Road Less Travelled (2023)

Liv Ullmann er større i utlandet enn me er klar over. Ho fekk heiders-Oscar tidlegare i år, og fleire av dei som snakkar om henne i denne serien er storleg imponerte over alt ho har gjort. 

Serien har tre episodar. Ullmann fortel om alt ho har gjort. Skodespelar i film og teater. Filmregissør. Engasjert hjelpearbeidar. Livet i Noreg, livet med Ingmar Bergman i Sverige, livet i USA. Ho er intervjua heime, truleg i Noreg, og ho snakkar ein sjarmerande norwenglish. Andre snakkar om ho; dei fleste er utanlandske - i farten trur eg Tom Remlov var den einaste norske.

Det beste i serien er likevel når ho snakkar sjølv. Ho snakkar om vanskane med å nå fram som kvinne, og ho snakkar knakande godt om Bergman, ikkje minst om korleis han var ei støtte for ho gjennom heile livet. Og det er ikkje tvil om at ho har hatt ei strålande karriere. Ho har spelt mange viktige roller, her er fleire klipp frå då ho spelte Nora på Broadway, til dømes. Og serien var absolutt lærerik og fortalde meg mykje nytt om livet hennar.

Likevel var her ting å undra seg over. Det meste handlar nok om veremåten hennar. Ho verkar så open at det vert i meste laget. Av og til verkar ho reflektert, før ho rett etterpå verkar utruleg naiv. Ho er intens; eg trur det ville vore krevjande å stå fast med ho i heisen. 

Guffen er lunken.

18. juni 2023

Tormod Haugland: To stykke (2002)

Boka inneheld to korte skodespel, "Hus forbi" og "Isolasjon".

"Hus forbi" er artige greier. Det er eit merkeleg trekantdrama, der me møter Unn, Hank og Frank. Ho har hatt eit forhold til begge to, men no er ho gravid med Frank. Dei to vil at Hank skal flytta ut. Det vil han ikkje, og i den følgjande samtalen vert alt mindre klart. Dei argumenterer rundt kvarandre, og det som verka rett i opninga av stykket vert brått uklart. Unn seier til dømes at ho ikkje er gravid likevel, eller at ho ikkje er sikker, av di ho ikkje har testa seg. Då fekk jo heile grunnlaget for å kasta ut Hank vekk. Men så trur ho visst at ho er gravid likevel.

"Isolasjon" er ikkje like artig, kanskje av di her er dobbelt så mange personar med. Ein mann reiser tilbake til ein heim har reist frå, for å feira gebursdagen til sonen. Faren har med seg ei ung kvinne, som kanskje er kjærasten hans, men som vel òg kanskje kan verta kjærasten til sonen.

Ei ujamn bok, altså, der eg gjerne skulle ha sett begge stykka framførte. Det fyrste stykket ville eg garantert smilt av; det andre stykket hadde kanskje vorte klarare på ei scene.

Guffen er lunken. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)

17. juni 2023

Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)

Den amerikanske forfattaren Cormac McCarthy døydde denne veka. Mange aviser har trykt minneord, og eitt sitat gjekk igjen fleire stader: "If it doesn't concern life and death, it's not interesting". Liv og død er sentrale i denne Vesaas-romanen, men eg er ikkje overtydd om at det vert interessante likevel.

Det handlar om ei vårnatt. Det skjer om våren, og det skjer tidleg i livet til hovudpersonen, 14 år gamle Hallstein. Han og den fire år eldre systera Sissel er åleine heime, og ventar seg ei roleg natt. Slik går det ikkje. Ein bil med fem personar stoppar utanfor huset, og dei treng hjelp fort. Ei ung kvinne i bilen er så høggravid at fødselen er i gang. Mannen hennar kranglar mykje med far sin. Den nye kona til faren sit att ute i bilen - ho er opplagt sjuk, men fører òg ein stille kamp mot mannen. Og syster til barnefaren, 13 år gamle Marit, vekkjer kjensler hjå Hallstein.

Det er som om heile verda vert komprimert inn i ei natt. Her er ein fødsel, her er ein død, her er kranglar og kjærleik. Hallstein er ein god observatør, der han med innsikt og fantasi får med seg det meste av det som skjer. Han forstår rett nok ikkje alle dei usynlege trådane som går mellom alle dei andre, men han likar likevel rolla han har fått - ein som alle kan snakka med.

Så Hallstein er godt portrettert, men romanen er ikkje Vesaas på sitt beste. Det vert litt omstendeleg, og det vert heller ikkje like stort som det kanskje var tenkt.

Guffen er lunken. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

12. juni 2023

Sam Shepard: Cruising Paradise (1996)

Dette var litt rart. Shepard døydde i 2017, og eg etterlyste tips til gode bøker av han. Noko tipsa om denne, eg kjøpte ho med ein gong, men ho har berre vorte ståande i hylla. Eg har ei vag kjensle av at eg prøvde meg ein gong, men at lesinga stoppa opp nesten med ein gong.

Og det er det som er litt rart. Boka inneheld mange tekstar - nokre er meir som noveller, medan andre er heilt korte. Dei aller, aller fleste er midt i blinken. Eg har stort sett storkost meg med denne boka. Dei kortaste tekstane er små augneblinksbilete, der Shepard med få ord manar fram bilete. Svært ofte er det hylande morosamt. 

Mot slutten kjem det med jamne mellomrom nokre stykke om då Shepard, som òg var skodespelar, spelte inn ein film i Mexico. Desse stykka verkar relativt sjølvbiografiske, og desse er dei veikaste i boka. Dei har ein litt annan tone, og vert òg for lange og detaljerte.

Men stort sett var altså dette bra, og det er fare for at eg må prøva meg på meir Shepard. 

Guffen tilrår. 

10. juni 2023

Patrick Radden Keefe: Empire of Pain (2021)

Mot slutten av denne boka vert David og Kathe Sackler kalla inn til ei kongresshøyring. Etter å ha høyrt forklaringane deira seier Jim Cooper, ein kongressmann frå Tennessee "Watching you testify makes my blood boil. I'm not sure that I'm aware of any family in America that's more evil than yours."

Sackler-dynastiet vart grunnlagt av dei tre brørne Arthur, Mortimer og Raymond. Arthur var den leiande av dei tre. Alle var rimeleg dyktige dokterar, men Arthur var i tillegg ein drivande god marknadsførar. Dei gjorde store (som i STORE) pengar på dette, og brukte pengane godt: Dei donerte store gåver til museum, universitet og andre, mot at namnet Sackler vart godt synleg. 

Dette endra seg då neste generasjon Sackler, etterkomarane til Mortimer og Raymond, utvikla OxyContin. Salstrikset her var at pasientane kunne få eit jamt tilsig av oksykodon, eit opioid som minner om morfin og heroin. Mange (som i MANGE) dokterar skreiv ut reseptar på OxyContin, og sjølv om Sackler hadde sagt at pasientane ikkje ville verta avhengige, var det akkurat det som skjedde. Dei får difor ein stor del av skulda for den store opioid-epidemien i USA. Sidan årtusenskiftet har rundt ein halv million amerikanarar mista livet i denne epidemien, og mange fleire er skada for livet. Sackler-familien har heile tida hevda seg uskuldige - truleg av di dei har tent enorme (som i ENORME) summar på dette. Det er såleis ikkje rart at Cooper reagerte som han gjorde.

Keefe fortel denne historia på ein grei måte. Boka er langt meir interessant i den fyrste delen, der han fortel om korleis dei bygde opp dynastiet. Den siste tredelen vert for oppramsande, der han skriv for mykje og for detaljert om dei mange rettssakene dei er innblanda i. 

Guffen tilrår. 

7. juni 2023

I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)

Tidlegare i år kom romanen Kvitleik ut. Forteljaren i romanen har køyrt seg langt ut i skogen, og då han køyrer seg fast går han lengre innover i skogen for å finna hjelp.

Dette stykket kan vel reknast for teater-versjonen av Kvitleik. Scenen er midt i rommet, og det går midtgangar i begge vegar, slik at dei fire skodespelarane kan flytta seg i eit kors. I tillegg går/spring dei av og til innimellom rekkjene med publikum. 

Handlinga er ikkje heilt lik, men også her møter eg-personen ei kvitkledd kvinne, og han møter foreldra sine. Den svartkledde mannen frå romanen er erstatta av ein trompetist. Det er ikkje det einaste som har endra seg. I romanen opplevde eg forteljaren som langt meir stabil og nedpå enn tilfellet er her. Han ropar, han skrik, han er langt meir oppskjørta og fortvila enn forteljaren i romanen. 

Det er sikkert feil å samanlikna roman og drama, men for meg fungerte romanen langt betre. Det er noko uforløyst over dette, og det tek aldri heilt av. 

Guffen er lunken. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)

4. juni 2023

Magnus Marsdal: Listhaugs metode (2021)

 
Sylvi Listhaug, partileiar i Framstegspartiet, er ein politikar det er vanskeleg å lika. I alle fall for folk flest. For dei relativt få som stemmer på Frp kan det henda at ho er akseptabel, men for oss andre er ho vanskeleg. 

Det er omtrent dette som er utgangspunktet til Marsdal. Han skriv at han har vore djupt usamd med dei to føregåande partileiarane i Framstegspartiet, men der har det heile tida vore ein respektfull tone. Slik er det ikkje med Listhaug. Ho kvir seg ikkje for å snakka usant; han viser til korleis ho i debattar gjev han meiningar han ikkje har, ho kan til dømes finna på å kalla han kommunist.

Kortversjonen av Listhaugs metode er denne: Frekk apekatt, der ho seier noko oppsiktsvekkande, slik at media bit på. Uskuldig dådyr, der ho forklarar at det var ikkje slik ho hadde meint det ho sa. Rasande løve, der det viste seg at ho etter å ha vore apekatt og dådyr vart så rasande at ho hamrar laus på den politiske eliten og miningspolitiet.

Marsdal skriv om korleis me ser ein framvekst av høgrepopulisme i mange land, og det er vel dette som er hovudpoenget med boka: Utviklinga er faretruande, og me må greia å stoppa ho. Boka sluttar med eit referat frå den gongen Listhaug måtte gå som justisminister, og Marsdal kjem med nokre lærdommar me kan dra frå den gongen.

Guffen tilrår.  

1. juni 2023

Sacrificing (Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023)

Biletet lyg litt. Det er eit pressefoto frå ei tidlegare framsyning, og då var Tomas Järmyr framleis med i bandet. No var han erstatta av Tos Niuwenhuizen og ein rytmeboks. 

Bandet er Motorpsycho, forresten. Järmyr slutta diverre i fjor ein gong. Dei skal på turné i sommar og i haust, og har ulike trommeslagarar på Noregs-turneen og Europa-delen. Eg veit ikkje om dei legg opp til amerikansk uttak, eller om planen er å halda fram utan fast trommeslagar. Det får tida visa; så langt ser det uansett ut som om den friskaste av dei to tromme-vikarane skal vera med utanlands. 

Konserten var eit samarbeid mellom Motorpsycho og dansaren Hooman Sharifi. Han var ukjent for meg, men var absolutt ein artig kar. Innsatsen hans veksla vel mellom dansing, skodespel og performance; av og til tusla han berre rundt på scena. 

Det var uansett bandet som drog meg, sjølvsagt. Dei opna med nokre minutt frå "Chariot of the Sun", sluttsporet på den ferskaste plata deira. Deretter var det vanskeleg å dra kjensel på musikken, heilt til dei slutta med ein cover-versjon av Velvet Underground-songen "Sister Ray". Det fenga likevel det meste av tida, det var Motorpsycho slik me kjenner dei - suggererande og hypnotiske, med parti der dei byggjer musikken oppover og oppover. Likevel var det noko som mangla. Eg sakna ein trommeslagar, eg sakna ein vokalist ("Sister Ray" var den einaste songen med vokal), eg sakna det vindskeive og overraskande, og eg sakna dei verkeleg høge og djupe opplevingane.

Guffen er lunken.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)