28. februar 2011

Paul Auster, Paul Karasik og David Mazzucchelli: City Of Glass (2004)

For rundt femten år sidan skreiv eg noko visvas om Auster for ei fanzine Kjartan gav ut. Han illustrerte den teksten med nokre teikningar frå ein Auster-teikneserie. Han hadde ikkje serien sjølv, han hadde berre klipt dei to bileta ut frå ei bokmelding han hadde kome over i ei avis, og eg gløymde heile serien. Heilt til eg kom på han igjen.

City Of Glass er den fyrste romanen til Auster, del ein i New York-trilogien, og det var det fyrste eg las av Auster. Eg visste det sjølvsagt ikkje då, men her vert dei fleste av dei faste ingrediensane i Auster-verda introduserte. Her er ein manglande far. Handlinga er lagt til New York. Hovudpersonen er forfattar. Spørsmålet om kven me er står sentralt. Og her er sjølvsagt tilfeldige hendingar - den mest tilfeldige kjem alt i opninga: It was a wrong number that started it. Daniel Quinn får ein telefon med spørsmål om han er privatdetektiven Paul Auster. Han svarar fyrst nei, men då han får same spørsmålet nokre kveldar seinare, svarar han ja.

Romanen er strålande, eg har lese trilogien fleire gonger. Overgangen til teikneserie er òg vellukka. Fleire sekvensar er imponerande, både den lange monologen til den unge Peter Stillman, refereringa frå boka til den eldre Peter Stillman, og sidene der Quinn sit pal utanfor huset der den unge Stillman bur, er svært fine. Og det er eit eller anna med teikningane som gjer at dei passar perfekt til teksten i romanen.

Quinn gjev seg altså ut for å vera privatdetektiven Auster. Der er ei rekkje ulike Paul Auster-ar i boka - han som har skrive boka, privatdetektiven Auster, og han forfattaren Quinn vitjar i boka. Det går an å sjå dette som ein rein leik, men det går òg an å sjå det som refleksjonar rundt spørsmålet om kven me er, og kor samansette me er.

Serien er ikkje utan humor. Eg har ikkje romanen føre meg her, men kan ikkje hugsa at det der stod noko om namna på dei andre ringjeklokkene i huset der forfattaren Auster bur. Her er derimot fleire namn synlege, og fleire av dei refererer til verkelege eller fiktive personar.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Jonathan Franzen: The Corrections (2001)

Eg kom bakvegen inn i bøkene til Jonathan Franzen. Eg hadde høyrd namnet hans, men det var ikkje før i fjor haust eg endeleg fekk somla meg til å lesa ei av bøkene hans. Eg likte Freedom, og då var ikkje vegen lang til denne.

Dei to bøkene minner om kvarandre. Dei er bygde opp på same måten, der kvart av dei omfangsrike kapitla handlar om ein av hovudpersonane. Også i denne boka er det ein familie som slit med å halda seg samla, men det er snakk om ulike familiar. I Freedom er det ein relativt ung familie, i The Corrections er foreldra i familien, Alfred og Enid, pensjonistar.

Enid er det mest gjennomsnittlege du kan tenkja deg. Ho gjer alt ho kan for å ikkje skilja seg ut, og vil berre at alle skal kosa seg og ha det godt. Ho er falsk, ho kvir seg ikkje for å lyga til familiemedlemmane eller for å gøyma ting for dei, men vil likevel at alle skal vera ærlege mot henne. Ho lengtar etter dei faste haldepunkta, og det ho mest av alt vil er at alle skal vera samla til ei siste jolefeiring heime hjå henne, før Alfred vert for senil. Ho har planlagt denne jola i detalj, veit kva alle skal gjera kvar dag, lagar maten klar lenge før gjestane kjem, osb. Ho ventar seg gjennom livet, ho ventar på at jola skal koma. Det er ikkje noko bombe at alt ikkje vert slik ho ynskjer.

Enid er glimrande skildra. Det vert likevel i meste laget når Franzen skriv om eit cruise ho og Alfred er på. Her vert han repeterande, og av og til vert dette kapitlet kjedeleg. Det som fengar i boka, det me vil vita meir om, er dei ulike familiekonstellasjonane. Det er meir interessant enn å få stadig nye døme på kor enkel og usikker Enid er. Kapitlet endar likevel med eit fabelaktig avsnitt, der ho ser at Alfred dett i havet.

Dei tre ungane deira, Chip, Denise og Gary er heller ikkje heilt på bølgjelengde. Gary kan verka mest vellukka, han har ein godt betalt jobb, er gift og har tre ungar. Denise og Gary er litt lausare i fisken, ingen har fast jobb, og Gary har i tillegg lett for å øydeleggja for seg sjølv. Dette gneg sjølvsagt på Enid - kvifor kan ikkje alle berre vera snille og glade?

Eg har sikkert nemnt det mange gonger før, men det er typisk amerikansk å sjå familien som noko heilag. Her raknar det på alle plan, svigerdottera vil absolutt ikkje feira jol hjå Enid, og det vil heller ikkje to av barnebarna hennar. Internt i den familien er der òg store problem, og slik er det òg med Denise, som har vore gjennom ei skilsmisse, før ho etter tur hadde eit forhold til sjefen og kona hans (i omvendt rekkjefølgje). Familiar går til pisis over heile fjøla. Dette får Franzen godt fram, og ein kan godt lesa det som ein kommentar til kva som går gale med det amerikanske samfunnet. Det er godt skrive, og med unntak av dei litt seige avsnitta på cruisebåten er det ei god bok. Akkurat no, så kort etter lesinga, set eg denne høgare enn Freedom.

Guffen tilrår.

Meir Franzen på kulturguffebloggen
Freedom (2010)
Purity (2015)

24. februar 2011

The Big Chill (1983)

Runar inviterte igjen på filmklubb på rommet sitt, og etter litt om og litt men vart det til at me såg denne. Eg kjende ikkje filmen frå før, og sleit litt med opninga. Ein mann, Alex, har teke livet sitt, og studiekameratane hans frå gamle dagar kjem saman i gravferda hans. Det er omtrent ti år på dagen sidan Brynjulv døydde, og under scenene frå sjølve gravferda til Alex kjende eg at det ikkje akkurat var gravferdsfilmar eg var lysten på å sjå no. Heldigvis tok det seg opp.

Etter gravferda samlar dei seg heime hjå to av studiekameratane, og dei vert verande der ei langhelg. Det er akkurat passeleg lenge, det er berre av og til at gamle ulikskapar blussar opp og øydelegg stemninga. Stort sett har dei det bra, det er mykje mat og drikke, og mykje røyk og drikke. Her er mykje å smila av, og litt å le av. Her er ei rekkje kjende skodespelarar med - kor kjende dei var i 1983 anar eg ikkje, men dei spelar jamt bra, alle saman. Jeff Goldblum er best, og det har han jo for vane å gjera.

For dei sju-åtte er det mykje nostalgi i denne samlinga, og dette vert understreka av musikken. Det vert nesten for mange meir eller mindre klassiske singlar frå slutten av 60-åra. Dette er stort sett lystige og glade songar som kom i ei tid der alt slettes ikkje var lystig, og sånn sett passar det bra med filmen. Dei som er samla snakkar minst mogleg om sjølvmordet til Alex, kvar gong temaet kjem opp vert stemninga så dårleg at dei skiftar tema heller fort.

Guffen tilrår.

22. februar 2011

Rio Bravo (1959)

Eg må visst innom Duck Soup igjen. Det er den einaste Marx-filmen der framdrifta i historia ikkje vert avbroten av musikalske innslag, og framdrifta vert heller ikkje hindra av at nokre bipersonar skal finna kvarandre. Då Marx-brørne skreiv kontrakt med MGM, tvinga Irving Thalberg inn romantiske bihistoriar, mest av di det ville vera med på å dra kvinner til kinosalane. Det var den einaste grunnen, filmane vart ikkje betre av det.

Slik er det òg i denne filmen. Det er ein heilt grei film, ikkje spesielt spektakulær, men heilt grei. John Wayne er sheriff i ein liten by i Texas. Saman med dei to assistentane sine, ein gamling med dårlege bein og ein noko yngre kar med store alkoholproblem (Dean Martin), held han vakt over bror til den leiande skurken i området. Wayne og dei andre står mot alle forsøk på å få broren ut av fengsel, heilt til Martin vert teken til fange. Dei gjer avtale om at fangane skal utvekslast, men etter nokre rundar med skyting der mange skurkar vert drepne, medan Wayne og hjelparane hans står att utan ei skramme, gjev skurkane opp.
Men oppi alt dette dukkar Angie Dickinson opp. Omtrent kvar gong spaninga tek seg litt opp, kjem det ei scene mellom ho og Wayne. Det er rimeleg opplagt at ho aldri kjem til å reisa med den diligenca ho snakkar om, det er rimeleg opplagt at dei to kjem til å finna kvarande, men det er så til dei grader uinteressant, og det øydelegg framdrifta i filmen. Det er ikkje forholdet mellom dei to som er interessant, samspelet mellom Wayne og Martin er langt betre. Martin er god. Han er òg god til å syngja, og det bremsar òg filmen. Når det er opplagt at den endelege skotvekslinga er rett rundt hjørna, kjem der ei scene der Martin og Ricky Nelson, som spelar den yngste av medhjelparane til Wayne, framfører nokre duettar.

Alle desse omvegane gjer altså det heile til ein dårlegare film. Nokon toppfilm hadde det likevel ikkje vorte, men nivået hadde i alle fall heva seg litt.

Guffen er lunken.

21. februar 2011

Happy Go Lucky (2008)

På tur med Runar; som vanleg er det filmframvising på hotellrommet hans. Denne gongen var det ein film av Mike Leigh.

Eg har sett fleire av filmane hans. Alle har ikkje gjort like sterkt inntrykk, men nivået er jamt høgt, til dømes i Naked, ein av dei britiske filmane eg likar best. På same måte som i Naked er her ein glimrande dialog, personane i filmen snakkar fort og godt. Mest av alle snakkar Poppy Cross, ei tretti år gamal kvinne. Ho er førskulelærar, utan alt for mange faste haldepunkt i livet. Ho bur saman med ei veninne, og tek det meste med godt humør. Filmen opnar med at sykkelen hennar vert stolen, men det gjer visst ingenting.

Det er Poppy som ber filmen. Ho er rimeleg hyper, men det vert for mykje av det gode. Eg kjenner heldigvis ingen som ho, det hadde knekt meg fullstendig. Eg vonar at det er godt skodespel, stakkars dame om ho er slik heile tida.

Her er mykje å le av. Det er ikkje berre replikkane som er gode, her er ei rekkje gode scener. Men bak humoren, under all gleda er det eit djupt alvor. Systera til Poppy, som er gift og høggravid, meiner at Poppy tek altfor lett på ting. Poppy prøver å le det vekk, men ho får òg med seg det som vert sagt.

At sykkelen hennar vert stolen fører til at Poppy omsider tek til med køyretimar. Scenene ho har saman med køyrelæraren sin er glimrande. Han er rasist (eller i beste fall sterkt kritisk til innvandrar), han er prega av konspirasjonsteoriar, og er like langt nede som Poppy er oppe. Han er generelt negativ, han meiner at ho ikkje tek undervisninga alvorleg nok, og likar òg dårleg at ho les han som ei ope bok.

Guffen tilrår.

Meir Leigh på kulturguffebloggen
Naken (1993)

19. februar 2011

Chris Ware: Jimmy Corrigan, the Smartest Kid On Earth (2000)

Fy fasan. Denne er god.

Eg er ikkje spesielt oppdatert på teikneseriar. Eg las og kjøpte mange seriar i åttiåra, og er framleis ofte innom kjellaren på Tronsmo, men eg har slettes ikkje god oversikt over feltet. Eg har difor ikkje god føresetnad for å vurdera om dette verkeleg er den beste serien som er laga, slik det ofte vert hevda, men det som er sikkert er at det er ein svært solid serie. Eg hugsar eg intervjua Steinar om teikneserieinteressa hans, for Horda Tidend, og han snakka om at ein god serie kunne gje han like mykje som ein god roman. Det er få seriar som har gitt meg like mykje som denne.

Det er ein ordknapp serie. Serien handlar om Jimmy Corrigan, ein trettiseks år gamal mann som slit med andre folk. Han har ingen vener, han er ekstremt sjenert, og han anar ingenting om smalltalk. Han har ingen kontakt med far sin, men snakkar dagleg med mora på telefon. Ein dag ringjer faren og seier at han gjerne vil ha sonen på vitjing. Sonen tek turen, og det vert sjølvsagt nokre pinlege dagar. Fyrst vert sonen påkøyrd av ein bil, deretter er faren i ei bilulukke. Jimmy møter den svarte adoptivdottera hans, og slit med å koma innpå ho òg. Slik vert det òg når han møter bestefaren. Far hans døyr av skadene, og Jimmy reiser attende til heimbyen sin.

Serien er godt fortalt. I eit langt flashback ser me at bestefaren òg hadde det vanskeleg som barn, der dei andre ungane lo av han, og der faren forlot han. Serien er òg fabelaktig teikna. Corrigan har eit ufatteleg trist fjes, som vert tristare og tristare utover i serien. Teikningane får fram kor tomt han har det, kor einsam har er. Rutene har ulik storleik, men alle er firkanta, og det kan godt vera opptil seksten ruter på dei små sidene. Lesaren kjem tett innpå den stakkars mannen, og får medkjensle med han. Det er ein serie eg kjem til å lesa om att.

Guffen tilrår.

Meir Ware på kulturguffebloggen
Rusty Brown (2019)

18. februar 2011

Eivind Eidslott/Jørn H. Moen: Besseggen (2008)

For meg er dette eit typisk mammutkjøp. Eg har bladd litt i boka i bokhandlar, men aldri vurdert å kjøpa ho til fullpris. Men der dukka ho opp i mammutkatalogen, til nedsett pris, og vips.

Eg er glad i Jotunheimen. Eg er der rett som det er, og skulle gjerne vore der langt oftare. Eg gjekk over Besseggen for lenge sidan, rundt 1980, og har vore i området fleire andre gonger. Det er ein fin tur, som eg gjerne kan gå fleire gonger. Eg kan gjerne gjera som Eidslott, og ta med meg eigne småungar dit.

Det er ikkje altfor mykje tekst i boka. Dei ulike rutevala vert skildra, også den meir krevjande Jo-stigen, der er litt historie, det står om Jo Gjende og Gjendine Slålien, og det står om dei som har arbeidet sitt rundt Besseggen. Meir er det kanskje ikkje å skriva om denne ruta, det måtte i tilfelle vore kommentarar frå fleire av dei som går der.

Eidslott skal ha honnør for at han tek ruta på alvor. Det er ei populær rute, og mange sjølvutnemnde jotunologar tek difor avstand frå ho, og meiner at det er for kommers. Dei dreg heller til stader der dei kan vera for seg sjølv. Det er heilt greitt, men det er jo ein grunn til at Besseggen vert gått av mange. Det er ein fin tur, og det var den fyrste DNT-merka ruta i Jotunheimen. Vil ein gå åleine, kan ein heller leggja turen til tidleg morgon eller sein kveld. Midt på dagen går ein nesten i kø. For nokre år sidan gjekk eg over Knutshø, som ligg på andre sida av Gjende. På toppen av Knutshø drog eg fram kikkerten, og sveipa nedover Besseggen medan eg talde kor mange silhuettar eg kunne sjå. Det vart rundt 90.

Det er altså fint at han er udelt positiv til denne ruta. Det er litt verre at han er like positiv til motorbåten som putrar på Gjende, og som fraktar turistar inn til Memurubu, ein av dei to vanlegaste utgangspunkta for turen. Det er greitt at båten gjer det enklare for mange å ta turen, men likevel. Han er eit forstyrrande element i fjellet.

Innimellom teksten kjem der ei rekkje flotte foto. Det er nærbilete frå ruta, men òg bilete frå avstand, gjerne frå lufta. Bileta er, ikkje uventa, med på å formidla turen og ruta.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

17. februar 2011

Burn After Reading (2008)

Etter tusenårsskiftet har det vore litt opp og ned med Coen-brørne. Med dei to filmane Intolerable Cruelty (2003) og The Ladykillers (2004) verka det som om dei hadde mist det. Tre år seinare kom kanonfilmen No Country For Old Men, men året etter kom denne filmen. Burn After Reading er ikkje spesielt bra, og, slik eg har vore inne på før, det vert noko pynchonsk over dette. Parallelt med at dei arbeider med gode filmar, kjem det filmar som nesten verkar som hastverksarbeid.
For dette er altså rimeleg tynne greier. Her er nokre lyspunkt, George Clooney er igjen god i ein Coen-film. Scenene der dei CIA-tilsette prøver å finna ut kva som eigentleg har skjedd er òg gode. Dei greier det ikkje, mest av di dei trur det har skjedd noko stort og viktig.
John Malkovic får sparken/sluttar i CIA. Kona hans har eit forhold til Clooney. Ho vil skilja seg frå Malkovic, og advokaten hennar seier at det kan vera lurt om ho tek kopi av alle filene på PC-en hans. Brad Pitt og Frances McDormand, som arbeider på eit helsestudio, finn denne CD-en, og vert overtydde om at det er hemmelege saker. Dei prøver å pressa pengar ut av Malkovic, dei prøver å selja CD-en til den russiske ambassaden, men får ikkje napp nokon av stadene. Og det er altså samanhengen her CIA slit med å sjå - det er eigentleg berre ei skilsmissesak, medan dei funderer på om det kan vera noko langt større.

Det tek ein time før den fyrste CIA-samtalen kjem. Før den tid, og i resten av filmen, er der ingen minneverdige scener. Det er uvanleg for ein Coen-film. Filmane deira vert ofte betre for kvar gong ein ser dei. Slik er det ikkje med denne.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

14. februar 2011

At The Circus (1939)

I studietida i Bergen snakka eg sikkert mykje om Marx-brørne. Brynjulv hadde ikkje sett ein einaste Marx-film, så då denne dukka opp ein sein fjernsynskveld, nytta han høvet. Han var ikkje akkurat imponert då eg snakka med han dagen etterpå, og det er lett å skjøna. Denne filmen har så godt som ingenting.

Det er stas med Marx-brørne, men her går dei på tomgang. Det er eit skrekkeleg tynt manus, der er så godt som ingen originale vitsar, og sjølve historien får altfor stor plass. Det manglar ei myndig hand, og den handa burde ha tilhøyrt Irving Thalberg. Han døydde under innspelinga av A Day At The Races, og her har Marx-brørne fått ein regissør som omtrent famlar i blinde.

Historia: Chico og Harpo arbeider på eit sirkus, der direktøren endeleg har skrapa saman 10 000 dollar han skuldar. Fristen for å betala tilbake er nesten ute, og han som har pengar til gode gjer sitt for at direktøren ikkje kan betala tilbake lånet, sidan han då i staden kan gjera krav på heile sirkuset. Groucho er ein advokat som kjem for å løysa problema, og det greier han sjølvsagt.

Her er mykje å trekkja for. Alt før Groucho viser seg har dei to romantiske hovudrollene framført ei sviske kvar. Margaret Dumont er berre med dei siste tjuefem minutta. Det som truleg er meint som eit forrykande klimaks er berre pinleg. Det einaste som minner om ein god replikk er denne - etter at Chico dyttar Groucho ned i ein sølepytt og seier at han bør koma seg ut før han vert våt, svarar Groucho "If I was any drier, I'd drown". Det seier vel sitt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

12. februar 2011

Jan Stenmark: Pennan i näsan (2010)

Ny kveld, ny bok av Jan Stenmark. Dette er den ferskaste boka hans, og nivået er framleis svimlande høgt. I Du och jag sette han tekst til teikningar frå teikneseriar, her har han henta bilete frå fleire kjelder. Felles for bileta ser ut til å vera at dei er frå 50- og 60-åra.

Han skriv altså nye tekstar til bileta, og endrar dei gjerne litt. Resultata er ein humor med mykje alvor i, slik er var inne på for nokre dagar sidan er det mykje einsemd og nokre tragediar i teikningane hans. Sidan eg ikkje kom med nokre døme sist, tek eg med nokre no: Biletet viser ein ung gut som kikar på ei jente med ein penn i munnen. Teksten er "Att jag nyss hade haft pennan i näsan, var bara en av många, många saker hon inte visste om mig". Eit anna bilete viser ein ung gut som ser på ei bunadskledd dame som bles i lur. Teksten er "Jag trodde faktiskt att det var en kikare och att hon var dum i hovudet". Solid, og vel så det.

Det er ein sjanger det er lett å kopiera. Det er likevel ikkje lett å skriva så treffande tekstar som det Stenmark gjer.

Guffen tilrår.

Meir Stenmark på kulturguffebloggen
Du och jag (2008)
Skratta åt räkor (2014)

Arthur Omre: Smuglere (1935)

Litt uventa bokval. Eg var på farten til Oslo, og hadde bruk for litt lesestoff. Eg nappa meg med denne, utan å vita så mykje om ho. Eg las ei novelle av Omre på norsk grunnfag for lenge sidan - eg hugsar ikkje tittelen, men trur det var noko om ansjos eller sild - og meiner at det var sånn passeleg bra.

Denne boka var ikkje passeleg bra. Det handlar om brennevinsforbodet i 20-åra. Langt ute i Oslofjorden ligg tyske og danske båtar og sel sprit, og ei mengd nordmenn tek båt ut dit, kjøper sprit og smuglar det med seg heim. Slik er det òg med eg-personen i romanen. Den fyrste halvdelen av boka fortel om mange heilt like hendingar - ut på havet, inn til land. Ut på havet, inn til land. Osb. Nokre gonger er politiet like ved, andre gonger er dei langt vekke.

Til slutt vert dei tekne, og må i fengsel. Då eg-personen kjem ut att, får han seg ikkje arbeid, og går attende til smuglinga. Og attende til fengselet.

Boka er ikkje spesielt godt skriven. Det vert for knapt, både språk og handling er i tynnaste laget. Fort lest, fort gløymt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

The Road (2009)

Eg anar eit mønster her. Berre dagar etter at eg såg Innsirkling på teater og konkluderte med at boka var betre, ser eg denne filmen. Det er på same viset her, boka var langt betre. Heldigvis er grunnen også her at boka er svært god. Språket til McCarthy er langt sterkare enn filmspråket.

Det handlar altså om ein far og ein son, som etter ei uspesifisert tragedie går gjennom ei verd som ikkje er til å kjenna att. Dyr og fuglar er døde, og dei menneska som har overlevd er ikkje til å stola på. Faren vil visa sonen havet. Scena då dei endeleg får sjå det er framifrå. Kameraet følgjer dei over den siste bakketoppen, ei kamerarørsle me har sett i ei rekkje andre filmar, og der det som ventar på andre sida av toppen glitrar endå meir enn venta. Her er det omvendt, havet er like grått og fargelaust som alt det andre.

Det er ein god film, men han er altså ikkje like sterk som boka. Ein grunn til det er sjølvsagt at eg nyleg las boka, slik at eg visste det meste som skulle skje. Det eg ikkje var budd på, var at mora til guten var med i så mange av scenane. Desse scenane vert ein fargesprakande kontrast til vandringa deira, som gjer det endå tydelegare at alt har gått til pisis. Sekvensane med mora tilfører likevel filmen lite.

Guffen tilrår.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)

The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

11. februar 2011

Dekalog (1998)

Eg flytta til Bergen for å studera hausten 1990. Eg såg omtrent ikkje fjernsyn dei fyrste åra der, eg hadde ikkje fjernsyn sjølv, og sakna det ikkje. På ein eller annan måte fekk eg tips om å sjå denne serien, så litt utpå kvelden, ein gong kvar veke, gjekk eg til eit kollektiv på Møhlenpris, der eg såg serien saman med Knut. Han såg ikkje alle episodane, men eg trur eg såg alle. Merkeleg nok kan eg ikkje hugsa at nokon av dei tre andre som budde der nokon gong såg dette saman med oss - eg reknar med at eg tek feil.

Serien er fabelaktig. Det er ingen eigentleg fjernsynsserie, det er ti nesten frittståande filmar, laga av den polske regissøren Kieslowski. Filmane tek utgangspunkt i dei ti boda. Dei heng saman, alle hovudpersonane held til i ei blokk i Warszawa, det er altså noko bikubesongsk over det. Personar frå ein episode kan godt dukka opp i andre episodar. Der er i tillegg éin gjennomgangsfigur, som er med i dei aller fleste episodane, ein ung mann som berre viser seg ved det dramatiske høgdepunktet i episoden. Han seier aldri eit ord, han berre observerer, og sidan serien handlar om dei ti boda er det nærliggjande å forstå denne mannen som noko guddommeleg.

Bortsett frå det er ikkje religion spesielt synleg. Det er stor filmkunst, der kvar film er ei novelle som krinsar rundt sentrale og viktige spørsmål. Spørsmåla personane strir med er slettes ikkje enkle. Kva gjer du viss du er gravid med elskaren din, og den sterile mannen din kanskje ikkje overlever sjukehusopphaldet sitt - tek du abort? Viss du finn ein brev frå far din, som han ikkje vil skal opnast etter at han er død - opnar du det likevel? Når du har brukt heile livet ditt på å seia at vitskapen har alle svara, og du nyttar denne vitskapen til å rekna ut at det er trygt å leika på isen - kva gjer du når son din går gjennom isen og druknar?

Det er noko novellistisk over det heile. Det er få personar i kvar episode, og me vert godt kjende med desse - fiilmane er fulle av nærbilete. Musikken er fin og avdempa, og det heile går i eit roleg og godt tempo. Me får god tid til å sjølve tenkja gjennom spørsmåla karakterane strir med.

Alle dei ti episodane er ikkje like gode, men fem-seks av dei er glimrande, og to-tre av dei andre er òg svært bra. Eg har brukt nokre veker på å sjå dei ti episodane, og eg er kanskje farga av at eg hugsar dei siste filmane best, men eg likte avslutningsfilmen best av alle. To brør som ikkje har hatt kontakt på nokre år møtest etter at far deira er død. Dei går inn i husveret hans, der det er fire-fem låsar på døra, der alle vindauga er spikra att, og der det er låsar på eit stort skåp i stova. Der viser det seg at den største frimerkesamlinga i Polen ligg, og når dei les notata til faren, får dei lyst til å få tak i det merket han brukte lengst tid på å leita etter, eit rosa merke som ville gjera ein austerriksk serie frå 1851 komplett. Dei får tilbod om dette, men må byta det med ei nyre frå den eldste broren. Han seier ja, men medan han vert operert bryt nokon seg inn og stel heile samlinga. Alt dei sit med er eitt frimerke og ei manglande nyre. Likevel sluttar det heile med at dei to ler godt - i farten trur eg det er einaste gongen det skjer i heile serien.

Guffen tilrår.

10. februar 2011

Jan Stenmark: Du & jag (2008)

Det er rart med det. Ein skal nett innom på Tronsmo for å kjøpa ei bok til bror min, og så kjem ein ut att med ein heil bærepose. I den låg to bøker av Stenmark, og eg las den eine medan eg åt ein delikat middag i går.

Eg trur det var Kjartan som tipsa meg om Stenmark for nokre år sidan. Eg lånte den geniale Känslan man har, og har seinare kjøpt fleire av bøkene hans. Dei fleste er absolutt verdt bryet.

Spesialiteten til Stenmark er å setja ny tekst til gamle bilete. Det er altså ikkje heilt ulikt Sigmund Falch, men det er mykje, mykje betre. Den utslitne frasen om at eit bilete seier meir enn tusen ord vert heilt avkledd her, det er dei fabelaktige formuleringane til Stenmark som gjer dette så bra. Han kombinerer det tragiske og det komiske, og tema han stadig vender attende til er einsemd, usikkerheit, og lengt etter kjærleik. Alt som skal til, med andre ord.

I denne boka bruker han bilete frå kjærleiksteikneseriar. Han har nok justert litt på nokre av dei, men dei fleste ser ut til å vera uendra. Der har han berre sett til tekst, og det held altså i massevis. Her er nok å le av.

Guffen tilrår.

Meir Stenmark på kulturguffebloggen
Pennan i näsan (2010)

Skratta åt räkor (2014)

Innsirkling (Det Norske Teatret 9.2.11)

Utgangspunktet for romanen er ei lysing med bilete av David, som har mist minnet. Dei som veit noko om han vert bedne om å fortelja han det dei veit, slik at han kanskje kan få minnet attende. I romanen skriv tre personar, Jon, Arvid og Silje, brev til han. Innimellom desse breva, som kjem i tre separate delar, får me glimt frå samtidskvardagen deira.

På teaterscena er ikkje denne tredelinga like tydeleg. Her går dei tre om kvarandre, det vekslar heile tida mellom kven som snakkar. Arvid ligg på sjukehus, Silje er heime, medan Jon er dels på turné, dels heime hjå mora, og dels heime hjå Wenche, den tidlegare sambuaren hans. Denne samanblandinga fungerer godt. Når dei tre snakkar til David, festar dei blikket på ein lyskastar bak publikum, og David vert ein dei ser opp til, for Jon vert han nesten som ei leiestjerne.

Romanane til Tiller har mykje dialog, og mykje god dialog, slik at det i utgangspunktet eignar seg godt for scena. (Det har òg fungert godt før, i stykket Folkehelsa møter me Silje og familien hennar igjen.) Her var uventa mykje å le av, i alle fall for mange andre i salen. Noko var tilsikta, når Wenche hissar seg opp og snakkar fortare og fortare på ein trønderdialekt som vert meir og meir uforståeleg, må det til dømes vera humoristisk meint.

Trompetisten Matias Eick har rolla som David. Han held seg stort sett i bakgrunnen, men kjem fram på scena av og til, sjølvsagt utan å seia eit ord. Musikken hans er glimrande.

Eit teaterstykke basert på ein roman må sjølvsagt vurderast fritt. Likevel er det vanskeleg å unngå samanlikningar, spesielt når det berre er nokre månader sidan eg las romanen. Det er sjølvsagt uråd å vita kva eg hadde meint om teaterstykket viss eg ikkje hadde lese romanen, men for meg, som altså likte romanen svært godt, vart dette ein liten nedtur. Eg likte stykket, men romanen er langt betre. Det kan henda at det fungerer betre for ein som ikkje kjenner historia, og for ein som heller ikkje har lese Innsirkling 2, der det vert hinta endå sterkare om at ting ikkje er heilt som dei vert presenterte.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)


Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

9. februar 2011

Jonathan Safran Foer: Eating Animals (2009)

Kva innstilling ein har til ei bok som denne heng saman med kva kosthald ein har. Eg er gjennomgåande sympatisk innstilt til det han skriv om, eg har vore vegetarianar sidan midt i 80-åra. Den viktigaste grunnen var, sterkt inspirert av ein songtekst av Morrissey, ei minkande lyst til å eta eit dyr som var drept berre av di eg skulle eta det. No er eg like mykje vegetarianar av gamal vane, eg merkar at eg ikkje har like stor interesse av å gå inn i vegetardrøftingar no. Akkurat det kan òg koma av at det er grenser for kor mange gonger ein person kan få spørsmålet "jamen, jamen ... kva i alle dagar et du på julekvelden?".

Dei som les denne boka med eit rimeleg ope sinn vil sjå kor malplassert det spørsmålet er. Det er omtrent like malplassert som dei som etter å ha fått servert mange argument om kvifor ein bør leva vegetarisk (sunnare, meir etisk, betre for utnyttinga av ressursane, osb.) svarar med at kjøt smakar så godt. For Foer handlar ikkje kosthald om smak, det er eit spørsmål om etikk. Han vart sjølv vegetarianar då han arbeidde med denne boka, som handlar om korleis dyr og fuglar og fiskar vert til mat. Han skriv om amerikanske tilhøve, og der er det verre enn dei fleste andre stader, men hovudtanken hans kan overførast til andre samfunn: Dyr må handsamast betre, både gjennom livet og når dei møter døden i eit slaktehus.

Han vitjar gardar, han vitjar gardsfabrikkar, han vitjar slaktehus, han bryt seg inn på fuglegardar. Han møter folk han ikkje hadde rekna med å vitja, som vegetariske bønder, eller veganar som byggjer slaktehus. Han fortel oppglødd om bønder som driv fornuftig om med omtanke, og som likevel greier å gå med overskot, og han skriv nedlatande om korleis dei store slaktehusa handterer dyra dei slaktar.

Det er kapitla frå slaktehusa som gjer størst inntrykk. Til og med når offentlege kontrollørar er til stades, vert dyra mishandla. Også etter at dyra er døde, skjer det rare ting. Etter at kyllingar er drepne og reinska, vert dei nedkjølte i ein tank med vatn. Dette er heilt vanleg i USA, men vert så godt som aldri gjort i Kanada og Europa. For produsenten handlar det om pengar, noko av vatnet vert teke opp av den slakta kyllingen, slik at vekta aukar. For konsumenten burde det handla om helse. Langt frå alle kyllingane er reine nok, slik at vatnet dei vert avkjølte i inneheld avføring, bakteriar og anna drit. Og dette vatnet er altså med på auka vekta på kyllingen.

Også i fiskenæringa skjer det mangt rart. Fiskane som vert mest brukt til mat i USA er tunfisk, reker og laks, og desse vert oftast fiska ved "longline fishing", som eg ikkje anar kva heiter på norsk. Det er òg mindre viktig, viktigare er det at ved denne fiskemåten får dei mykje anna, som dei berre kastar ut att. Mykje anna - kvart år vert det drepe 3 500 000 haiar på denne måten. Foer, som altså legg til grunn det ein et bør ha levd og døydd på ein etisk forsvarleg måte, skil mellom dyr og fiskar i så måte. Eit dyr kan ha mist livet fort og greitt, men det har absolutt ingen fiskar gjort.

Foer skriv godt. Han nyttar døme frå si eiga historie, og bruker haldninga besteforeldra hadde til mat som eit døme på dei store endringane som har skjedd dei siste tiåra. Bestemor hans hadde omtrent same haldninga som mor til ho eg bur lag med - Foer skriv at "she taught us that animals that are bigger than you are very good for you, that animals that are smaller than you are good for you, fish are fine for you, then tuna, then vegetables, fruits, cakes, cookies and sodas. No foods are bad for you. Fats are healthy - all fats, always, in any quantity. Sugars are very healthy. The fatter a child is, the healthier it is - especially if it's a boy. Lunch is not one meal, but three, to be eaten at 11:00, 12:15 and 3:00. You are always starving."

Er det håp om endring i det amerikanske kosthaldet? Neppe. Men ei bok som denne er likevel viktig, og det kan jo henda at nokre av dei som les ho endrar kosthaldet sitt. Det er i alle fall uråd å lesa boka utan å tenkja meir gjennom kva ein stappar i seg.

Guffen tilrår.