17. september 2023

Motorpsycho (USF, Bergen, 16.9.2023)

Det er alltid stas å vera på Motorpsycho-konsert. Eg hadde likevel litt lågare forventingar enn vanleg denne gongen. Sidan sist har tromme-fenomenet Tomas Järmyr slutta, og han lét seg ikkje erstatta i ei handvending. På denne haust-turneen bruker dei to ulike trommeslagarar: På Noregsdelen har dei med seg Olaf Olsen (Big Bang, m.m.), på Europa-turneen har dei med seg Ingvald André Vassbø (Kanaan). Då dette vart gjort kjent for nokre månader sidan var eg ikkje spesielt entusiastisk. Eg får sett to konsertar på Noregsturneen, og det er alt. Eg skulle gjerne sett Motorpsycho med Vassbø, som er ein langt meir spanande trommeslagar enn Olsen. Motorpsycho plar treffa blink år dei inviterer med seg nye leikekameratar; det er til dømes alltid kjekt når Reine Fiske er med, slik han var her. Dei trefte ikkje blink med Olsen.

Konserten opna finfint, med fem akustiske songar. Det var spesielt flott å høyra "Mad Sun" og "Big Surprise" - på den siste var allsongen tilnærma perfekt. Eit lite høgdepunkt kom òg etter tre-fire songar. Nokon i salen ropte på "She Used To Be A Twin", og Bent Sæther såg nesten overraska ut: "Good call! Den hadde me gløymt. Neste gong!" Kanskje det var spel for galleriet; kanskje han dukkar opp utover i turneen. 

Utvalet av akustiske songar viste òg kva tidsperiode dei har henta materiale frå. Éin av dei fem var frå den nye Yay!-plata, éin var frå 2017, og resten frå før 2000. Utover i konserten spelte dei berre to songar frå perioden 2003-2022. Ingen frå platene med Kapstad; berre to frå Järmyr-platene. Den eine av dei to var altså akustisk, slik at me fekk ikkje den massive Järmyr-kjensla. Det kom heller ingen lange improvisasjonar, slik at det var noko som mangla. Isolert sett var dei fleste songane greie og vel så det, men det mangla noko for at dette skulle verta ein heilt maksimal Motorpsycho-konsert. 

Var her høgdepunkt? Sjølvsagt. Når fire av dei fem siste songane er "Nerve Tattoo", "Kill Some Day", "Mountain" og "Plan #1" kan ein vel ikkje klaga for mykje. Dei to siste kom som ekstranummer, og begge er jo glimrande. Bandet var i godt humør, og eg ser fram til konserten i Trondheim, men kanskje litt mindre enn eg vanleg gjer. For det er jo alltid stas med Motorpsycho.

Guffen tilrår. 

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar