25. september 2023

Motorpsycho (Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023)

Motorpsycho igjen, for andre gong på ei veke, og denne gongen var dei så til dei grader på heimebane. Eg var ikkje altfor imponert over konserten i Bergen, mest av di eg veit kor strålande Motorpsycho kan vera på scena. Der var likevel nok av høgdepunkt. Slik var det ikkje denne gongen, dette var ein noko veikare konsert.

Det handlar dels om mannskap; heller ikkje no vart eg overtydd om at dei har med seg ein trommeslagar som passar for dei. Det vert for lite trykk, det vert ingen overraskingar, og det kjem ingen påfunn frå trommeslagaren som gjer at eg sperrar augene opp.

Verre var det at lyden vart dårlegare og dårlegare utover kvelden. Dei hadde problem med litt av kvart, men det verka som om løysinga var å skru det meste opp til elleve. 

Men det var sjølvsagt noko som bra. Det akustiske settet var bra denne gongen òg, Dei spelte "Sunchild", ein godbit eg ikkje har høyrt på lenge, og både "Lady May" og "The Maypole" var bra. På "Big Surprise" var, overraskande nok, allsongen langt veikare enn i Bergen. Høgdepunktet for meg kom nokre songar inn i det elektriske settet - "Sinful, Wind-borne" var solid, og den einaste gongen eg fekk ein slags klump i halsen. Kanskje det var nostalgi, kanskje det berre var bra. Den neste songen, "Überpilgrim" får òg meir enn godkjent. 

Så er det òg noko bra med mannskapet: Reine Fiske var i kanonform, og viste kvifor han stadig vert invitert med - det er vel rundt ti år sidan han fyrste gong var med dei på tur. 

Den norske delen av turneen er nesten over, det står att to konsertar på Nordvestlandet. Om nokre veker held dei fram i utlands-Europa, med ein ny trommeslagar. Eg vonar han passar betre.

Guffen er lunken.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar