30. mars 2021

Laurel Canyon. A Place in Time (2020)

 

Det er nokre mytiske stader i rockehistoria, og Laurel Canyon er ein av dei. Frå midten av 1960-åra slo fleire og fleire musikarar seg ned her. Laurel Canyon ligg i Los Angeles - like nord for Hollywood, men likevel i eit område som minner lite om by. Dei som busette seg her vart dominerande i amerikansk musikk, nokre vart òg store på verdsbasis. Her budde medlemmar av CSN(Y), Joni Mitchell, the Mamas and the Papas, The Doors, The Byrds, osb. Det var eit hippiepreg over det heile, og det var plenty sex, dop og rock'n'roll.

Denne serien gjev eit portrett av dalen. Folk glir inn, folk glir ut att. Det er samstundes eit portrett av glansdagane til hippiane, i alle fall dei som sokna til LA. Dei lever eit godt liv, eit drøymeliv, dei har det fritt og godt. fram til alt endrar seg mot slutten av 1960-åra. Manson-morda og Altamont gjorde at folk vart meir skeptisk til hippiar, og det vart hippiane òg. Samstundes vert musikken mindre interessant - den siste halvtimen av denne to-episodars dokumentaren handlar det mest om Eagles og Linda Ronstadt, og musikken deira er ikkje like gjev som mykje av det andre me har fått høyra.

Serien bruker stort sett originalklipp og -foto, gjerne med kommentarar frå notida. Eit par fotografar er gjennomgåande kommentatorar. Det er fint gjort, dei får godt fram kjensla av samhald som var der dei fyrste åra. 

Guffen tilrår. 

27. mars 2021

Garrison Keillor: Happy to Be Here (1981)

 

For nokre veker sidan las eg sjølvbiografien til Keillor, ei bok eg likte. Der skreiv han mykje om korleis han fekk mange artiklar og historier på trykk i The New Yorker, der det er rimeleg vanskeleg å koma på trykk. Nokre av dei artiklane vart samla i denne boka, som er debutboka hans. Eg las ho for mange år sidan utan at det gjorde større inntrykk, men tenkte at det kunne passa å henta ho fram att no. 

Diverre var det ein opplagt grunn til at boka ikkje hadde gjort inntrykk. Boka er delt inn i fem. Boka vert ikkje interessant før i den siste delen, der tekstane ser ut til å vera rimeleg sjølvbiografiske. I resten av boka skriv han om sport, politikk, og han samlar ulike historier. Fellesnemnaren for dei fire fyrste delane er at alt er så godt som fritt for komikk. Korkje språket eller historiene er vellukka, og det er på grensa til utruleg at desse historiene var gode nok til at Keillor kunne leva av skrivinga. Er det verkeleg så lenge sidan 1970-åra? Har humoren endra seg så mykje? Og kan dette verkeleg vera dei beste historiene ein habil humorist som Keillor hadde skrive fram til 1981, då han fylte 39 år.

Det tek seg altså opp i dei siste fire historiene. Der har han funne ei røyst som minner om den som dominerer i resten av forfattarskapen hans. Men ein skal altså slita seg gjennom mykje rart før ein kjem så langt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.  

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)

Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)

23. mars 2021

Mannefall (2020)

 

Ein liten dansk serie om eit alvorleg tema. Meir enn halvparten av alle ufaglærte menn i Danmark bur åleine. Me møter fleire av desse i serien, og det er ikkje alltid like lysteleg. Ein av dei er svært overvektig. Ein annan har òg store helseproblem. Ein bur åleine av di han ikkje finn den rette, men slik han ordlegg seg om kvinner er det ikkje rart at han er einsam. Ein har isolert seg og spelt dataspel i tolv år. Og så vidare.

Nokre av dei har vore i forhold før; andre har budd åleine heile livet. Nokre har jobb; andre har det ikkje. Nokre har gode vener; andre har det ikkje. Nokre er sympatiske; andre er det ikkje.

Det er altså rimeleg trist, men det er òg tankevekkande. Det verkar ikkje alltid som om det skal så mykje til før det går gale. Han bonden som snakkar høgast om at kvinnefrigjeringa har kome for langt har altså seg sjølv å takka, men for andre er det litt tilfeldig. Mest sympati har eg for han dataspelaren, som verkar som ein triveleg kar, og som eg kanskje kjende meg sjølv best att i. 

Guffen tilrår. 

21. mars 2021

Frode Grytten: Bikubesong (1999)

 

Då Grytten leverte dette bokmanuset til Samlaget skal han ha sagt at no - no vil han selja litt meir enn før. Det skjedde - dette må vel reknast som gjennombrotsboka hans. Boka fekk Brage-prisen, ho vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris, eit utdrag av boka vart framført på Det Norske Teatret i 2003, osb. Han selde nok meir enn før, og vart langt betre kjend enn før. På ein måte er det litt rart - novellesamlinga Meir enn regn, som er heilt på høgd med Bikubesong

Boka er ein roman. Romanen handlar om Murboligen, ei bustadblokk midt i Odda sentrum, og alle dei som bur der. Kvart kapittel handlar om dei som bur i ei av leilegheitane, og sjølv om hovudpersonar i eitt kapittel ofte vert nemnde i andre kapittel, vert dei berre nemnde sånn i forbifarten. 

Det er stort spenn i kapitla, både med tanke på innhald og kvalitet. Mange av kapitla er finfine, nokre er mindre vellukka. Det handlar mykje om kjærleik, det handlar om familieforhold, og det handlar om å høyra til ein stad. At den staden er Odda er berre av di det er heimstaden til Grytten; litt av prosjektet hans med denne boka er å visa at alle stader har sine historier. Det heile vert krydra med mange musikalske sitat. Det er oftare melankolsk enn morosamt, men nokre gonger viser Grytten seg fram som ein fin humorist.

Guffen tilrår. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubegang (2005)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)

16. mars 2021

An Officer and a Gentleman (1982)

 

Nja, me såg etter høveleg tidtrøyte på Netflix, og brått var me samde om å sjå denne. Det er ein film med litt for mange klisjear og litt for opplagt handling, og der det osar litt for sterkt av åttitalet. Me såg likevel filmen heilt til endes, så det kan henda at det heile var noko betre enn me frykta.

Richard Gere spelar Zachary Mayo, ein ung mann som har hatt ein litt for tøff oppvekst. Han vervar seg til ein militær flyskule, der det vert stilt store krav til alle som er med. Dette fører med seg ei rekkje scener me har sett andre stader, med ein rabiat og rasande sersjant som pressar soldatane altfor hardt. Nokre taklar det, nokre bryt saman. Mayo er (sjølvsagt) ein av dei som klarar det. Både han og kameraten hans har slått seg saman med ei lokal jente - for Zach går alt etter planen og vel så det; for han andre går det absolutt ikkje slik han hadde tenkt.

Det heile sluttar med at Mayo og dei andre som greidde seg gjennom dette kurset får heider og ære før dei kastar huene sine i lufta. Det er slutten på ein film som kanskje ikkje er all verda, men som altså var hakket betre enn me hadde trudd.

Guffen er lunken. 

15. mars 2021

J. M. Coetzee: Dusklands (1974)

 

Dette er debut-romanen til Coetzee. Romanen er todelt. Dei to delane hentar handlinga frå ulike tider og ulike kontinent, men der er opplagte likskapar mellom dei.

I den fyrste delen møter me forskaren Eugene Dawn. Han er knytt til det amerikanske forsvaret, og arbeider med å kartleggja ulike sider av Vietnam-krigen, spesielt psykologiske stridsmetodar. Han vert gradvis meir og meir gal, kanskje på grunn av det brutale materialet han arbeider med, kanskje av andre grunnar.

I den andre delen er me i Sør-Afrika, ein gong på 1700-talet. Den hollandsk-ætta Jacobus Coetzee reiser innover i landet, for å finna ei stamme med Hottentottar. Det endar med tragedie, der han sjølv vert sjuk, kanskje galen. Han kjem seg unna, men returnerer og tek livet av dei fleste i stamma.

Likskapen er altså opplagt: Begge historiene fortel om korleis den kvite mannen herjar med dei innfødde. Ein annan likskap vert diverre synleg utover i boka: Det er lite engasjerande, og tidvis er det keisamt og tungt å koma vidare. Den eine boka eg har lese av Coetzee før var svært lesbar, dette var noko heilt anna.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Coetzee på kulturguffebloggen
Disgrace (1999)
Auster og Coetzee: Here and Now (2013)

14. mars 2021

The Fugitive (1993)

 

Viss eg har forstått det rett er denne filmen basert på ein fjernsynsserie frå 60-åra. Viss det stemmer, er det fare for at det var ein ekstremt seig serie. Denne filmen varer i godt og vel to timar, og det vert litt i lengste laget.

Harrison Ford spelar Richard Kimble, ein vidkjent dokter frå Chicago. Ein kveld han kjem heim finn han kona si drepen. Politiet fattar raskt mistanke til han, ikkje minst på grunn av ei naudmelding kona ringde inn rett før ho døydde. Kimble vert dømd til døden. På veg til fengselet køyrer fangetransporten av vegen, og Kimble greier å rømma. Han vil ikkje vekk; han vil løysa mysteriet. Både på veg attende til Chicago, og i sjølve byen, leikar han katt og mus med politiet. Han skaffar seg falsk legitimasjon, grev litt i nokre arkiv, og finn ut kven som har gjort det, og greier omtrent å hjelpa politiet med å fanga han.

Ei lita stund er dette heilt grei tidtrøyte. Piffen går etter kvart ut av det heile, og når sluttscenene (som vanlegvis skal vera det dramatiske høgdepunktet i ein film som denne) omsider kjem, er interessa vekke.

Guffen er lunken.

12. mars 2021

They'll Love Me When I'm Dead (2018)

 

Noko av det finaste med denne dokumentaren er måten han er sett saman på. Her er så godt som berre gamle klipp, og av og til er det slik at personar frå klipp som ikkje høyrer saman vert klipte saman slik at dei snakkar saman og fortel ei historie. Det har sikkert vore gjort mange gonger før, men her fungerer det finfint.

Filmen handlar om The Other Side Of The Wind, ein film Orson Welles aldri fekk ferdig. Den filmen var grensesprengane, i alle fall slik Welles såg det: Det handla om ein film i ein film - ein eldre regissør viser fram ein film han arbeider med. 

Filmen er heilt grei. Det hadde kanskje vore best å sjå The Other Side ... fyrst, men eg trur ikkje det er noko krav. Her handlar det mykje om Welles, sjølvsagt, og han er både sjarmerande og bitter. Fleire gonger vert det vist klipp frå pressekonferansar eller intervju, og det verkar som om både likar og ikkje likar denne merksemda. 

Guffen tilrår.


Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
Mank (2020)

9. mars 2021

Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)

 

Bøkene i denne serien er rimeleg ulike. Den førre eg las handla om OK Computer og var til tider så fjern at det var vanskeleg å hengja med. Denne er heilt annleis - den var langt lettare å følgja med i, men boka har òg ei anna vinkling.

Ott skriv om sjølve plata, men det kapitlet dekkjer berre ein liten del av boka. Det minner meir om ein (litt forenkla) biografi om Joy Division. Det finst lengre og grundigare biografiar, men her er likevel med hendingar og opplysningar som ikkje får stor plass andre stader.

Han fortel til dømes inngåande om all musikken bandet spelte inn, både det som vart utgitt og det som vart lagt på lager. Dei er innom fleire studio, og er aktuelle for fleire plateselskap, men endar opp hjå Factory i heimbyen Manchester. Han skriv om alle fire i bandet, men etter kvart vert det meir og meir Ian Curtis. Forklaringa på denne vinklinga kjem tidleg - han omtalar Curtis som geniet i bandet. Og det er det lett å vera samd i; dei tre andre nådde aldri opp til dei same høgdene seinare.

Guffen tilrår. 

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)

7. mars 2021

Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)

Kappløpet mot Sydpolen er ei fascinerande og velkjent historie. To ekspedisjonar kjem til Antarktis om lag samstundes, og begge vil verta dei fyrste på polpunktet. Den eine er leia av britiske Robert Falcon Scott, den andre er leia av norske Roald Amundsen. Den norske ekspedisjonen kjem fyrst fram, og returnerer til basen ved kysten i god form - heile turen gjekk etter planen. Den britiske ekspedisjonen kjem fram ein månad etter den norske, og gruppa som gjekk til polpunktet omkom på tilbakevegen.

"Etter planen" er nøkkeluttrykket i avsnittet over. Amundsen hadde lagt grundige og gjennomtenkte planar, og alle dei fire andre på laget hans visste tidleg kva roller dei hadde. Det var systematikk i alt, og vinteren i Antarktis vart brukt til å forbetra det som forbetrast kunne. Scott hadde lausare planar - han la planar etter kvart, men heldt dei for seg sjølv. Ting var tilfeldige, utstyret var dårleg, han brukte ikkje vinteren godt, han var altfor lite oppdatert å kosthald, dei andre på laget visste ikkje kva han ville, og så bortetter. Det mest opplagde dømet på alt dette er at Amundsen hadde med seg hundar, som var van til polare tilhøve. Scott hadde med seg hestar og beltebilar.

Huntford er britisk, men likevel høvlar han over Scott. Det vert nesten litt i meste laget, men det kan ha sin grunn: Etter at det vart kjent at Scott og mennene hans døydde på heimturen, vart dei likevel hylla som nasjonale heltar. Det viktigaste poenget til Huntford er at det var klasseforskjell på dei to ekspedisjonane, og at det var leiarane som var forklaringa på det. Amundsen visste kva han gjorde; Scott var ikkje godt nok budd. 

Guffen tilrår. 

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)

The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)