19. juli 2015

Motorpsycho (Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015)

Himmel og hav. Dette var stas.

Motorpsycho har alltid vore eit band som har sett framover. Eller - dei var det i alle fall fram til 2010. Då spelte dei på Øyafestivalen, og publikum vart inviterte til å stemma fram eitt album dei skulle framføra. Timothy's Monster fekk flest røyster, og sjølv om eg i utgangspunktet heller ville høyrt Demon Box, ser eg framleis på TM-framføringa på Øya som den beste konserten eg har vore på. For eitt (eller to?) år sidan framførte dei heile Blissard, no var turen omsider komen til Demon Box. Og i haust kjem den fyrste samleplata deira, lansert omtrent samstundes som opninga av ei utstilling på Rockheim.

Kjartan og eg kom til Slottsfjell tidsnok til å få med oss eit intervju i eit avgrensa gjesteområde. Marius Lien intervjua fire frå bandet, slik det var sett saman denne kvelden. To av dei, Helge Sten (Deathprod) og Kenneth Kapstad, sa ikkje så mykje, men dei to andre, Bent Sæther og Gebhardt hadde mykje på hjarta. Sæther var den saklege av dei to; Gebhardt var i kjempeform, og kom med fleire blinkskot.

Så kom der nokre typiske festivaltimar. Nokre halvgode band, og mykje venting. Her hadde ventinga ein ekstra spiss, Motorpsycho skulle spela på toppen av fjellet, og der var det så mykje vind at scena og området var stengt fram til 25 minutt før konsertstart. Sæther opna med å seia at viss vinden tok seg opp, var dei pålagde å gå av scena med ein gong.

Men vinden heldt seg vekke. Sjølvsagt gjorde han det. I tillegg til dei over var sjølvsagt Snah med, og det var ein uvanleg slagkraftig kvintett. Dei to trommeslagarane gav det heile eit massivt trøkk, og det vart ein kveld der spesielt dei tyngre songane slo godt an. Det var eit rifforama utan like.

Dei la seg tett opp til versjonane frå plata; med to unntak var det langt mellom dei lange improvisasjonane. Songane kom stort sett i same rekkjefølgje som på LP-utgjevinga, unntaket var at side fire og tre bytte plass. Etter ein slentrande "Waiting for the One" kom det massive versjonar av "Nothing to Say" og "Feedtime". Det neste høgdepunktet var "Mountain"; alle desse tre songane har opningsriff som gjev meg klump i halsen. Omtrent heile side fire var ein lang fest, der òg klassiske Motorpsycho-songar står i kø - "Babylon", "Junior", "Plan #1" og "Sheer Profoundity". Så kom der ein akustisk solo-versjon av "Come On In", før ein lang versjon av Demon Box" avslutta kvelden.

Var der nedturar? Javisst. "All Is Loneliness" har dei spelt i langt betre versjonar dei siste åra; kanskje var ein av grunnane til at songen ikkje sat denne kvelden var at berre ein av vokalistane var høyrbar. Dei spelte òg alle songane frå LP-en, der er det tre fleire enn på CD-en. Ein av dei tre er "Mountain", dei to andre er dei svakaste på Demon Box. Og versjonen av tittelkuttet vart litt i lengste laget.

Men oppturane var langt fleire. Det var ei svært vellukka reise attende i tid, plata står seg uvanleg godt. Det var stas å sjå Gebhardt igjen, og det var stas å sjå Deathprod igjen. Han hadde fått ein sentral plass på scena, der han stod i profil. Det var fantastisk å sjå korleis han skreik fram refrenget på "Demon Box", og det var òg flott å sjå korleis han arbeidde fysisk for å få fram lydane sine. Det er ikkje nokon original observasjon, men han minte om ein gal professor (eller ein supersonisk forskar), der han stod med instrumenta og apparata sine.

På veg ut av området funderte eg litt på skilnadene mellom denne konserten og Øya i 2010. Begge var glimrande, men konserten på Øya var meir variert. På "Demon Box" er musikken som oftast hard eller roleg; på "Timothy's" spelar dei på langt fleire strengar. Så Øya i 2010 er framleis den beste konserten nokosinne, men denne var ikkje langt unna. For ein kveld. For eit band.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar