28. september 2020

Flannery O'Connor: The Cartoons (2012)


Både på high school og på universitet var Flannery O'Connor ein profilert teiknar. Ho teikna for ulike skuleaviser, og kommenterte det som gjekk føre seg på skulen (og litt elles i samfunnet). Ho var altså ein slags avisteiknar, sjølv om den nemninga ikkje er heilt dekkjande. Ho skar bileta ut i linoleum.

I denne boka er dei fleste av desse teikningane med. Ho hadde absolutt eit talent også for dette. Bileta er enkle, men likevel uttrykksfulle. Av og til dukkar ho opp sjølv, av og til er det lett harselas med tilsette, eller med soldatar. O'Connor studerte ved Georgia State College for Women under krigen.

I eit sluttord skrive av Kelly Gerald viser ho korleis det er ein slektskap mellom teikningane og litteraturen til O'Connor. Det finst tema som går att begge stader, og det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at O'Connor set initialane sine saman til ein fugl, som ho signerer bileta med.

Guffen tilrår.  

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)

22. september 2020

Arne-Ivar Kjerland: Thrond Sjurson Haukenæs. Mannen og verket (2020)

 

Thrond Haukenæs (1840-1922) var ein produktiv forfattar. På tretti år gav han ut rundt femti bøker, alle på eige forlag. Innhaldet femna vidt - han samla mellom anna eventyr, han samla historisk stoff, han skreiv reiseminne. Mykje var henta frå heimbygda Granvin, noko frå grannebygdene, noko frå andre stader. Når han ikkje skreiv var han gjerne på reis for å selja bøkene. Det var enklare for han, skriv Kjerland, det var enklare å vera respektert forfattar andre stader enn å vera han forfattaren i Granvin.

Boka er bygd opp strengt kronologisk. Me får høyra om oppvekstår i Granvin. Før han vart forfattar hadde han drive hotell og butikk i Granvin, men det gjekk ikkje heilt etter planen. Han gjekk konkurs i 1881, tre år før han debuterte som forfattar. Hadde butikken og hotellet gått betre kan det altså henda at han ikkje hadde skrive dei mange bøkene sine.

Kjerland kjenner Haukenæs godt, og skriv godt og kontant om livet hans. Alt i boka er likevel ikkje like vellukka. I ei bok som denne, der det handlar om ein til dels gløymd forfattar, er det heilt greitt med nokre smaksprøvar frå bøkene hans, men her vert det i meste laget. Det kjem òg eit langt referat frå ei av reisene hans, og her hadde boka tent på at han skar litt ned.

Guffen er lunken. 

21. september 2020

Wayne Barrett: Trump. The Greatest Show on Earth (1992)

 

Ein gong verka dette som ein god idé. Trump var valt til president, og eg kjøpte denne boka for å gjera meg betre kjend med han. Det har eg for så vidt vorte, men hadde eg lese litt betre hadde eg sett at boka var frå 1992. Der eg såg årstalet 2016 refererte det til ei nyutgjeving.

Boka er ikkje oppdatert, slik at det heile sluttar i 1992. Då er Trump om lag der han var ti-tolv år tidlegare. Han kjøper og sel eigedomar, han satsar stort og landar med eit brak, han har god hjelp av den meir vellukka faren (som tente store pengar på kjøp og sal av eigedomar), han er ein bløffmakar utan like, han kan smiska der det trengst, osb. Slik sett er han ikkje heilt ulik presidenten, men det er ikkje mykje her som vitnar om at han har politiske ambisjonar. Det står rett nok at han ein gong midt i 1980-åra sa at han ein gong ville verta president, men det er det einaste. For Trump handlar det om å verta rik og berømt.

Boka er ekstremt detaljert. Det er både ein styrke og ein veikskap. Det er sjølvsagt heilt fint at Barrett, som i 1992 var ein av dei som hadde skrive mest om Trump, viser alt som skjer. Samstundes vert det for omfattande, ofte går det altfor seigt, han dreg altfor mange personar inn i forteljinga si, og boka vert tidvis uleseleg. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

19. september 2020

Dan LeRoy: Paul's Boutique (2006)

 

Eg likar bokserien 33 1/3. Kvar bok fortel om éi utvald plate, og forfattarane står fritt til å finna si eiga vinkling. I denne boka, som handlar om ei glimrande plate Beastie Boys gav ut i 1989, ligg hovudtyngda på det som skjedde før plata kom ut. Beastie Boys var store stjerner etter å ha gitt ut Licensed to Ill, men ynskte å gjera noko heilt nytt. Dei braut med plateselskapet Def Jam, flytta til California og fann seg til nye leikekameratar der. 

I boka handlar det like mykje om dei andre som var med, produsentar, samplarar, plateselskapfolk, osb. Det er ei plate der så godt som all musikk er sampla frå andre plater. Beastie Boys var like laidback som vanleg, og når dei fyrst møtte opp i studio var det gjerne for å ha det moro, meir enn å ta opp musikk. Han plateselskapkaren vert rimeleg nervøs for framdrifta, og for si eiga framtid i plateselskapet. Det gjekk ikkje så bra, korkje med han eller plata - han miste jobben, og plata fekk ei dårleg mottaking. I alle fall i fyrste omgang - gradvis vart plata sett høgare og høgare.

Den siste delen av boka, der LeRoy går gjennom song for song, er ikkje like artig og innsiktsfull som den fyrste delen. 

Guffen tilrår.

16. september 2020

Frode Grytten: Garasjeland (2020)

For sju år sidan gav Frode Grytten ut romanen Brenn huset ned, ein roman om The Clash. Denne boka er ei novellesamling der tittelen er henta frå ein song frå den fyrste Clash-LPen. Boka inneheld sju noveller, og det er jamt over svært vellukka. 

Det er fine og lågmælte noveller, som er farga av tida dei er skrivne i (viss me går ut frå at dei er skrivne dei siste åra). Me møter ein som skal reisa frå Bergen til USA, midt i korona-epidemien. Me møter ein polsk kar som arbeider i Noreg, og som får høyra om ein tragedie i familien heime i Polen. Me møter eit par som har betalt dyrt for å få ein Robinson Crusoe-ferie på ei øy langt, langt vekke, men som oppdagar at eit anna par spelar ei slags Fredag-rolle. Me møter ein gut som opplever ein sommar med tropevarme, der skogbrannane herjar ved kysten. 

Grytten har skrive noveller før, og han veit korleis dei skal byggjast opp. Det heile flyt godt, språket er som vanleg tipp topp, og det var som vanleg stas å lesa Grytten.

Guffen tilrår. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

14. september 2020

Lys i skumringen (2006)

 

Aki Kaurismäki - der har du ein regissør eg såg mange filmar av i gamle dagar, men som eg ikkje har sett mykje av i det siste. Eg vart nesten litt overraska då eg oppdaga filmen på ei strøymeteneste. Gledeleg nok var mykje ved det gamle.

Hovudpersonen, Koistinen, arbeider som nattevakt. Han er dårleg likt av kollegaene sine, og går mykje for seg sjølv. Ei kvinne lurer seg med på vaktrunden hans, og utan at han merkar det lærer ho seg alarmkoden til ein gullsmedbutikk. Seinare lurer ho i han noko sovemedisin, ho (og nokre til) stel nøklane hans og ranar gullsmeden. Koistinen vert mistenkt, og når politiet finn noko tjuvgods heime hjå han, planta av skurkane, må han i fengsel. 

Me er i ein finsk by, truleg Helsinki, og det er altså omtrent like trist som før. Dei fleste har det trongt, dei fleste drikk for mykje, dei fleste er inneslutta og snakkar lite, og dei fleste har berre eit ansiktsuttrykk (som er heller alvorleg). Alt dette gjer at filmen er både tragisk og komisk. Det er lett å smila av dette, det er lett å le av dette. Det er lett å verta nedtrykt av det, men det er òg lett å verta glad, og det verkar heile tida slik at Kaurismäki er på lag med dei han skildrar.

Guffen tilrår. 

13. september 2020

Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)

Dette var den fyrste norske Himalaya-ekspedisjonen, og prestasjonen var vel større enn det ein får inntrykk av i denne boka. Dei nådde toppen på Tirich Mir i juli 1950, og då hadde det berre vore folk på tre høgare toppar. Denne toppen er 7708 meter høg, men ut frå det som står i boka var det ikkje stort meir krevjande enn ein topptur i Noreg. Det var langt, og det var stor fare for snøras, men spesielt slitsamt var det visst ikkje.

Boka er òg eksemplarisk kort. Det vert fortalt om ein tur til området året før, det vert fortalt litt om dei har som har prøvd å nå toppen før, så kjem sjølve turskildringa, og så står det litt om geologi og botanikk. Dei skriv òg detaljert om kva dei hadde med seg av utstyr og kva dei åt. 

Dei gjekk utan oksygen. Ein av klatrarane, Per Kvernberg, gjekk litt i førevegen, og nådde toppen før tre andre kom til topps dagen etter.

Språket i boka er meir stivt enn sprekt, og sjølv om boka er kort greier dei tidvis å dra ting ut for langt, men alt i alt var dette heilt greitt.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

12. september 2020

Will Eisner: The Spirit. A Celebration of 75 Years (2015)

Will Eisner laga nokre glimrande teikneseriar. The Spirit er ein fin serie, i alle fall når alt klaffar. Denne boka tek sikte på å visa korleis serien utvikla seg dei åra Eisner laga han, frå 1940 til 1952, og utviklinga er stor. Fram til 1945 er det lite originalt her, men det vert gradvis betre. Historiene er betre, replikkane er betre, og teikningane vert meir og meir finfine. 

Spirit er ein slags detektiv eller politimann. Han går med maske, han heiter eigentleg Denny Colt, og bur i ei hole under ein kyrkjegard. Han er smart, sterk, og alle kvinnene likar han. Han løyser saker etter saker, sjølv om dette vert mindre og mindre viktig. Han held til i New York, og nokre av dei flottaste teikningane er av gater og bygningar der. 

Mange seriar har ein fast vignett. Det har ikkje Spirit, og noko av det flottaste med serien er korleis Eisner endrar vignetten frå historie til historie. Ordet "Spirit" er alltid med i opningsteikninga, det same er "by Will Eisner", men det vert utforma og plassert på nye måtar heile tida.

Så boka tok seg opp mot slutten, men heilt på slutten gjekk det gale. Der kjem det to korte historier som er meir midt på treet. Dei kan Eisner ha vore med på, men den siste historien er heilt malplassert. Historiene tidlegare i boka er på sju eller åtte sider. Den siste, der Spirit møter Batman, er på førti, og her er alt som særpregar Spirit vekke. 

Guffen tilrår. 

8. september 2020

Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)

Midt i 1990-åra var Drillo ein av dei mest populære nordmennene. Det skuldast sjølvsagt at han gjorde underverk med det norske fotballandslaget, men det skuldast òg at han så til dei grader var seg sjølv. Han stod trygt plassert langt ute på den politiske venstrevingen, og sa klart frå, både om dette og andre ting, når han vart spurt.

Han greidde likevel å skilja mellom det offentlege og det private. Han sette klare grenser, og slik sett er det nesten overraskande at han har gått med på å samarbeida om denne biografien. Kanskje det skuldast bakgrunnen til Alfred Fidjestøl - han har vore tilsett i Klassekampen, og han har spelt fotball for Fyllingen.

Det er ei finfin bok. Fidjestøl legg det heile opp kronologisk. Oppvekst i Fredrikstad. Studieår i Oslo. Fotball, omtrent heile tida - frå spelar i landslagsklasse, til han vart trenar ulike stader. Ved sida av trenargjerninga var han tilsett ved Idrettshøgskulen. Han var landslagstrenar 1990-98, og i denne perioden kunne han omtrent gå på vatnet. Det meste han tok i vart til gull. Eg vart overraska over kor mykje eg hugsa frå desse landskampane, men òg over kor mykje eg hadde gløymt.

Drillo og dei andre rundt han fortel ope om det aller meste, og Fidjestøl har fletta både desse samtalane og det enorme kjeldematerialet saman til ei god bok. Han er på lag med Drillo, utan at det hindrar han frå å vera kritisk. Han skriv godt, han byggjer opp både bok og kapittel på ein god måte. Eg saknar likevel noko: Drillo var ein suveren trenar for det norske landslaget i nittiåra, men fekk det berre unntaksvis til andre stader. Nokre stader gjekk nesten alt gale. Fidjestøl kunne godt ha gått lengre inn i denne problemstillinga, og vist kvifor alt lukkast i nittiåra. Var det betre spelarar? Var det meir lojale spelarar? Vart Drillo ein dårlegare trenar etter at han hadde hatt så stor suksess?

Guffen tilrår.

Meir Fidjestøl på kulturguffebloggen

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

6. september 2020

Øivind Hånes: Som vil deg isbre for isbre (1991)

Det finaste med denne boka er eigentleg forteljarmåten. Det heile vert fortalt i eit poetisk, knapt og nesten hemmeleg språk, og boka har mange spørsmål som ikkje får klare svar.

Det meste av boka er me med på eit soppkurs ein stad på det sørlege Austlandet. Synsvinkelen vekslar, av og til er det Lunov som fortel, av og til er det Lena. Dei to finn kvarandre, slik dei truleg òg har funne kvarandre før. Dei går på soppleiting saman, og det vert eit par av dei - i alle fall nokre dagar. Lena forlet kurset nokre dagar før det er ferdig. Dagen etter vert Lunov dårleg i magen. Er det ein vanleg farang? Har han ete giftig sopp? Korleis har han i tilfelle fått det i seg - kan det vera Lena som har forgifta han?

Hånes leikar med språket. Han bruker færre skiljeteikn enn han eigentleg burde, orda kjem gjerne i ei anna rekkjefølgje enn dei burde, men det heile fungerer heilt fint. Likevel er her nokre daudpunkt, og mot slutten av boka, når det heile burde toppa seg, vert det litt keisamt.

Dette er debutboka til Hånes, og er den einaste av bøkene hans eg har lese. Det står nokre fleire bøker av han i bokhylla, så det kan henda at eg prøver meg på ei av dei ein gong.

Guffen er lunken.

Meir Hånes på kulturguffebloggen