29. juni 2012

Istid 4 (2012)

Det er ikkje kvar dag eg ser ein film same dag han har noregspremiere. Men Aslak og Ivar har snakka om denne filmen i fleire månader, så det var like greitt å få det gjort. Det er ikkje overraskande at dei har lyst til å sjå filmar på kino, derimot er det ei gledeleg overrasking at når dei får sjansen, ser dei filmane i 2D.

Istid-filmane er solide filmar. Etter kvart veit du på ein måte kva du får, det er fin animasjon, det er fantasifulle historier, det er nok vaksenreferansar til at også me litt opp i åra kan sjå filmane, og det er mykje å le av. Det dukkar òg opp nye dyr i filmane, i denne filmen vert me mellom anna kjende med dotter til dei to mammutane, bestemora til pungrotta (?), og sabeltigeren får seg like godt ei sabeltigerveninne.

Ho kjem over frå det andre laget. Filmen opnar med at kontinenta driv frå kvarandre, og fire av heltane våre siglar ut i havet på eit isflak. Dei vert tekne til fange av nokre piratar, og resten av filmen handlar om korleis dei prøver å koma seg vekk frå dei, samstundes som dei må koma seg attende til kontinentet der dei andre er. Det greier dei sjølvsagt, men ikkje utan vanskar.

Det er ikkje den beste av Istid-filmane, dette, men her er nok å gle seg over. Her er referansar til Odysseen, og når dei endeleg kjem i land etter alt slitet på isflaka og isberga, vert dei møtt av ein steinformasjon som minner om Friheitsgudinna. At dei dermed på sett og vis endar opp i Amerika er berre som det skal vera; gjennom heile filmen vert det snakka om verdien av å halda familien samla, slik det gjerne skal vera i Amerika. Desse og andre av hendingane i filmen går nok langt over hovudet på dei yngste sjåarane, men det gjer ingenting: Begge dei to minste var stornøgde etter filmen.

Guffen tilrår.

28. juni 2012

All the President's Men (1976)

Eg las nett ein biografi om J. Edgar Hoover, som regjerte i FBI i godt over førti år. Han døydde i 1972, det same året som det famøse Watergate-innbrotet fann stad. Det var så vidt nemnt i den boka, og eg fekk lyst til å sjå denne filmen igjen.

Filmen handlar om korleis dei to journalistane Bob Woodward og Carl Bernstein anar at det ligg noko stort bak dette innbrotet, og korleis dei, ved god hjelp av den mystiske og anonyme kjelda Deep Throat, nøstar opp alle detaljane. Det fekk store følgjer; i Watergate, som var eit forretningsbygg, hadde det demokratiske partiet viktige kontor. Richard Nixon frå republikanarne var president då, og det viste seg at fleire av medarbeidarane hans hadde god kontakt med dei som braut seg inn, og var aktivt med i planlegginga av innbrotet og liknande aktivitetar. Nixon gjekk av som følgje av alt dette.

Det er ein rar film. Det er eigentleg berre folk som snakkar - anten det er i dei store, opne redaksjonslokala til Washington Post, eller i husværa til dei to journalistane eller folk dei intervjuer, eller i parkeringshuset der Woodward møter Deep Throat. I tillegg er det litt roleg bilkøyring, som oftast i så sentrale delar av byen at ein ser det store George Washington-monumentet. Men likevel, sjølv om det stort sett berre er snakking, er det ein ekstremt spanande og godt laga film. Eg kjem ikkje på andre filmar der det er så fengande å sjå folk snakka i telefonen. Det verste, eller det beste, er at filmen held seg så godt. Sjølv når ein ikkje berre kjenner historia, men i tillegg kjenner filmen, er han like fascinerande.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Carl Bernstein og Bob Woodward: All the President's Men (1974)
Bob Woodward: The Secret Man (2005)

Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)

Stefan Frich var ein av dei heller tidlege målmennene frå det indre Austlandet. Han var lærar, skreiv nokre bøker, og redigerte bladet "Bonden" i ein del år. På eitt område var han fyrstemann - han omsette den fyrste barneboka som kom på nynorsk, ei samling forteljingar av den finske forfattaren Zacharias Topelius.

Eg kom over denne boka i gamlahuset, og såg føre meg at det var ein slags sjølvbiografi. Det var det ikkje; dette er ei samling tekstar han har skrive ved ulike høve. Boka er delt i tre. Den fyrste delen er ei samling barneforteljingar og nokre dikt; den andre delen er debattinnlegg han har hatt i ymse aviser, og i den siste delen skriv han om nokre framståande menn han har kjend.

Den siste delen er den einaste som med litt godvilje kan kallast interessant. Han skriv mellom anna godt og grundig om Per Bø, men der er òg litt meir overflatiske artiklar om andre, som for meg var ukjende namn. Delen med debattinnlegg var høgst ujamn, i nokre av innlegga var det vanskeleg å sjå kva han eigentleg ville eller meinte. Og den fyrste delen var aldeles hjelpelaus - det er ikkje så stas å lesa forteljingar der ein alt på fyrste sida skjønar kva som kjem. Topelius ville vore stolt av han.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)
Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)
Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

27. juni 2012

Anthony Summers: Official & Confidential. The Secret Life of J. Edgar Hoover (2011)

Denne boka er ei lett oppdatert utgåve av boka som kom i 1993 - denne oppdateringa og nyutgjevinga heng sikkert saman med at det kom ein film om Hoover i fjor.

Eg minnest vagt at boka skapte ein del leven då ho kom ut. Summers går langt når han skriv om Hoover, kanskje for langt, og titt og ofte nemner han at Hoover var homo, og ein stad refererer han personar som har sagt at Hoover gjerne kledde seg i dameklede. Slik eg hugsar det frå 1993, var det dette som skapte mest oppstyr.

Slik burde det ikkje vore, av fleire grunnar. Den viktigaste grunnen er at Hoover var ein tvers gjennom roten politisk aktør. Boka viser at han ville gjera kva som helst for å påverka den amerikanske politikken, og for å halda på si eiga stilling. Han arbeidde for FBI (og for forløparen BI) heile yrkeslivet, og sat som sjef frå 1924 til han døydde i 1972. Han fekk gradvis meir makt, dels på lovleg vis, dels på ulovleg vis. Han bygde opp eit eige arkiv med informasjon om alle amerikanske toppolitikarar. Det vanlegaste emnet i dette arkivet var sex - alt av utanomekteskapleg aktivitet vart registrert her. Fleire presidentar ville kasta Hoover, men våga ikkje, av di dei visste at viss han gjorde kjent det han visste, ville karriera deira òg vera over.

Han var djupt konservativ, og sympatiserte med det republikanske partiet. Han var einerådig, og hersa med dei tilsette som han ville. Agentar som gjorde noko feil vart sendt til mindre prestisjefulle kontor; den mannlege kjærasten til Hoover vart utnemnt til visedirektør i FBI i 1930, og hadde denne stillinga så lenge Hoover levde. Kvinner fekk arbeid i FBI, men ikkje som agentar (han meinte dei ville vera for dårlege med våpen), og dei fekk ikkje lov til å gå i bukser før 1971. I 1952 var Adlai Stevenson presidentkandidat for demokratane. Han tapte valet, etter at FBI hadde spelt ut dei to korta dei brukteoftast - dei fekk medhjelparar i pressa til å setja ut rykte om Stevenson var homo, og - endå verre - at han var kommunistsympatisør. Kommunistane har aldri vore stått spesielt sterkt i USA, men Hoover brukte det ordet for alt det var verdt.

Frå 1960-åra vart det gradvis kjent korleis Hoover hadde arbeidd. Fleire journalistar våga å skriva negativt om han, ein journalist brukte til dømes Hoover-metodar, og gjekk gjennom søpla til Hoover for å finna ut meir om Hoover som privatperson. Hoover mislikte mange politikarar, men den personen han hata mest av alt, var Martin Luther King. At King fekk fredsprisen, som Hoover meinte at han sjølv burde ha fått, tok kaka. Hoover hadde kompromitterande opptak av King, og prøvde å få journalistar interesserte i dette. Ingen beit på. Dei siste åra var han bitter og isolert, men tviheldt på stillinga som sjef for FBI.

Det er ei litt ubehageleg bok, dette. Det er ikkje så overraskande, men likevel ubehageleg at ein mann kunne ha så mykje makt i USA. Hoover var truleg den mektigaste mannen i USA, med fridom til å gjera kva han ville. Han hadde gode kontaktar i mafiaen, fleire av leiarane der hadde stor omgang med Hoover, og dei betalte han truleg godt for at han heldt seg unna dei. Offisielt nekta han for at det fanst ein mafia i USA, og ingen var store nok til å korrigera han.

Så det er ei ubehageleg historie. Ho hadde fortent ein betre forfattar enn Summers. Han ser for mykje etter det sjokkerande, slik det vert tydeleg i all omtalen av seksualiteten til Hoover. Det har lite med forteljinga å gjera, og at Hoover blottla sexlivet til mange prominente amerikanarar er ikkje noko argument for å gjera det same med han. At Hoover gjerne sette ut lause rykte for å sverta dei han likte er heller ikkje noko argument for at Summers gjer omtrent det same. Han nemner rykte som gjekk om Hoover, og bruker så stor plass på dei at mot slutten av dem omtalen er det som om både Summers og lesarane trur at desse rykta faktisk har noko i seg.

Guffen tilrår.

Meir Summers på kulturguffebloggen
Anthony Summers og Robbyn Swan: Sinatra. The Life (2005)

17. juni 2012

Odd W. Surén: For hva det er verdt (2010)

Dette er fyrste boka eg les av Surén. Eg har likevel lese mykje av det han har skrive, han har meldt mange bøker for Dag og Tid, der han òg ofte skriv korte, løgne tekstar til ferske foto. Han skreiv òg gode artiklar for Allkunne den tida eg arbeidde der, slik at eg venta meg eigentleg ei velskriven og god bok, med litt å le av. Det var akkurat det eg fekk; det einaste måtte vera at det var langt meir å le av enn eg hadde venta.

Eg-personen, Jan Olav Valen Grinde, er i femtiåra. Han bur i ei bygd ved kysten i Hordaland, og er rimeleg bitter. Han har ingen vener i bygda, mest av di han har ei god evne til å leggja seg ut med alt og alle. Han arva garden for nokre år sidan, og har leigd ut store delar av jorda til kolonihagar, eller parsellhagar, som han sjølv insisterer på å kalla det. Tilhøvet til leigetakarane er dårleg, men verst av alt er tilhøvet til den nærmaste naboen. Det aller verste er at han, etter at han bygde huset sitt, fann ut at han ville ha sin eigen tilkomstveg, parallelt med tilkomstvegen til Valen Grinde. Det er velkjent at dei hatar kvarandre, men det er ikkje slik alle trur: "Min vei ligger ikke parallelt med hans vei fordi jeg hater ham, jeg hater ham fordi han har lagt sin vei parallelt med min."

Det skal altså ikkje så gode grunnar til for at han legg folk for hat. Han reknar med at alle snakkar om han, og at alle snakkar negativt om han. Han reknar òg med at han er så intelligent at han forstår kva alle andre vil, men denne oppfatninga får seg ein knekk når ein ung, kvinneleg masterstudent, som skal skriva oppgåve om dei som bruker kolonihagane, flytter inn med campingvogna si på tunet hans.

Det er ei god bok. Surén skapar eit godt bilete av eit dårleg naboskap, og av ein bitter og inneslutta mann. Grepet med å la Valen Grinde vera forteljar i boka er godt, sidan han har eit så forkvakla syn på seg sjølv, og på alle rundt seg. Det er eit godt utgangspunkt for strålande komikk, og her er altså mykje å humra og le av i denne boka.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)
Fall (2023)

10. juni 2012

Philipp Meyer: American Rust (2009)

Dette var omtrent som i gamle dagar. Me var i Stockholm i slutten av april, og ein av dagane var eg innom ein stor og god bokhandel. Det er sjeldan eg handlar i bokhandlar no, det vert mest handling på nettet, men her gjekk eg lenge og kika på bøker. Dette var ei av bøkene eg merka meg der, og - ahem - nokre dagar seinare tinga eg ho på nettet.

Det er ei svært solid bok. Handlinga er lagt til Pennsylvania, i ein liten by der hjørnesteinsverksemda, ein stålfabrikk, er lagt ned. Mange slit med å finna arbeid; dei fleste unge ynskjer seg vekk. Slik er det med tjue år gamle Isaac English, som stel 4000 dollar frå den gamle og sjuke far sin, og legg vegen mot California. Den fyrste dagen har han følgje av bestevenen sin, Billy Poe, og i regnveret søkjer dei ly i ein nedlagd fabrikk. Der går det gale, og ingenting vert slik dei hadde tenkt.

Boka er glimrande disponert. Kvart kapittel får ei ny forteljarstemme - det vekslar mellom Isaac, Billy, far til Isaac, syster til Isaac, mor til Billy, og sheriffen, som er ein slags kjærast med mor til Billy. Isaac og Billy kjem etter kvart langt vekk frå dei andre, slik at forteljinga går føre seg på minst tre ulike stader. Kapitla er gjerne korte, og dei sluttar akkurat på den rette staden, akkurat der nokon har sagt eller gjort noko som krev svar eller oppfølging. Det gjer at det går relativt raskt å lesa boka.

Det er ei bok om kva som har gått gale med Amerika. Det er ikkje tilfeldig at dei bur i Pennsylvania, ein stat der industrien var den klart dominerande næringa. Folk har ikkje lenger den store trua på framtida, korkje for landet eller for sin eigen del. I det vesle lokalsamfunnet har det meste rakna - der er arbeidsløyse, der er rusmisbruk, der er mord og annan kriminalitet, der er uendelege rekkjer med brotne familiar, der er korrupte politifolk, og så vidare. Solidariteten er rimeleg låg, også innanfor familiane. Dei som er mest solidariske med kvarandre er dei som er på lag i eit fengsel. Det er typisk at når Isaac endeleg skal frigjera seg frå familien og lokalsamfunnet, legg han vegen mot vest. Det var i vest USA kunne ekspandera, og det var gjerne mot vest folk reiste for å realisera amerikanske draumar. I så måte er det ikkje noka bombe at Isaac etter nokre veker snur og reiser heimover igjen.

Dette er debutboka til Meyer. Det er ikkje lett å følgja opp så gode debutbøker, men eg ser fram til den neste romanen hans, som etter planen skal koma ut i haust. Amazon - here I come.

Guffen tilrår.

Meir Meyer på kulturguffebloggen
The Son (2013)

9. juni 2012

3:10 to Yuma (1957)

Kor mykje er ein mann viljug til å gjera for at familien hans skal ha det godt? Hovudpersonen i denne filmen, Dan Evans, risikerer alt, og kjem frå det med helsa intakt.

Evans driv ein farm i Arizona, men langvarig turke har gjort at han slit med å få hjula til å gå rundt. Han vert tilfeldigvis vitne til at ein diligence vert rana. Leiaren for bandittane vert fanga, og då den lokale sheriffen dagen etterpå treng to friviljuge til ein dekkoperasjon, melder Evans seg. Honoraret for denne operasjonen er, snedig nok, akkurat det han treng for å kjøpa vassrettar det neste halve året.

Planen verkar berre sånn nokolunde. Planen er å senda banditten med tog til Yuma, men medan dei ventar på toget på eit hotellrom vert dei oppdaga, slik at heile banden kjem til byen. På hotellrommet prøver bandittsjefen å overtala Evans til å sleppa han fri - han skal få langt betre betalt viss han gjer det. Evans ser ut til å vurdera det, og spesielt etter at medhjelparane hans trekkjer seg unna. Til slutt er han heilt åleine mot seks-sju bandittar.

Det heile er sånn midt på treet. Det er ikkje spesielt fengande, og det heile går altfor seint. Det vert ikkje bygt opp nok spaning. Skodespelet er heilt på det jamne. Og det er for mange scenar der folk rir på hestar.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
3:10 to Yuma (2007)

4. juni 2012

From Here to Eternity (1953)

Det måtte vel koma - etter å ha lese ein Montgomery Clift-biografi, ser eg ein film der han har den mest sentrale rolla. Han er god her, filmen er sånn midt på treet.

Hawaii, 1941. Soldaten Robert Prewitt (Clift) kjem til ein ny militærleir. Mange kjenner han frå før, han er ein framifrå trompetist, og ein like god boksar. Sjefen i leiren vert overraska då han høyrer at Prewitt har slutta med boksinga, og gjev ordre om at han skal pressast til å boksa igjen, slik at leiren kan vinna den årlege boksemeisterskapen. Slik går det ikkje, Prewitt vert hundsa med gjennom heile filmen. Det vert òg etter kvart kameraten hans, Maggio (Frank Sinatra). Maggio døyr etter å ha vore i kakebua, og Prewitt hemnar seg ved å ta livet av kakebuvaktaren. Så kjem krigen til Hawaii, Pearl Harbor og alt det der.

Det er altså ikkje ei altfor original historie. Militærlivet er veldig mannsdominert, sjølvsagt, dei drøymer om damer og gler seg til dei kan drikka i helgene, og det er mykje roping og slossing. Både Prewitt og Maggio verkar heilt malplasserte, Maggio er altfor pinglete til å vera soldat; Prewitt er altfor følsom og delikat. Rundt dei er det mange menn med store musklar, til dømes sersjant Warden (Burt Lancaster), som i løpet av filmen finn ut at det er soldat han vil vera, sjølv om han, viss han vert offiser, kan få ho han vil ha.

Her er mykje fint skodespel, men bortsett frå det er det ikkje så mykje å gle seg over. Det er ein film der nattscenene er spelte inn om dagen, der mange av utescenene er spelte inn i studio, og ein film som ikkje engasjerer noko større.

Guffen er lunken.

3. juni 2012

Stig Sæterbakken: Ikke forlat meg (2009)

Den tredje Sæterbakken-boka eg har lese etter nyttår, og den tredje Sæterbakken-boka som har imponert meg.

Historia vert fortalt nokolunde omvendt kronologisk. Amalie har nett gjort det slutt med Aksel. Dei er begge rundt dei tjue, og det er Aksel denne romanen handlar om. Han er ikkje heilt stabil, og sjølv om det i opninga av boka verkar som om det er brotet med Amalie han slit med, vert det, når me går bakover i historia hans, tydeleg at det ligg noko djupare bak.

Aksel har vondt for å binda seg til andre. Han stolar ikkje heilt på dei, han er til dømes heile tida overtydd om at Amalie, sjølv om dei bur i lag og har hatt to-tre gode år, meiner at alle andre er betre enn han. Han ser problem ingen andre ser, problem som kanskje ikkje finst, viss Amalie gjev ein mann ein klem, reknar han med at dei anten er eller vert elskarar.

Slik var det òg med han på skulen. Bestevenen frå barneskulen, Oscar, vart ei stor plageånd på ungdomsskulen. Kvar skuledag, omtrent kvar einaste skuletime vart eit mareritt. Det ordna seg på gymnaset, spesielt då han vart lag med Amalie. På gymnaset søkjer Oscar igjen attende til Aksel, men vert avvist.

Sæterbakken skriv knakande godt. Fleire gonger dukkar det opp setningar som like gjerne kunne stått i eit dikt, og det heile er så intenst skildra at det ikkje er vanskeleg å setja seg inn i korleis Aksel har det. Aksel har vanskeleg for å kommunisera med andre, han seier ofte dei heilt galne tinga, dei tinga han ikkje burde ha sagt høgt, og det er difor omtrent som det skal vera når det heile er ein du-roman. Forteljaren har full kontroll over det Aksel tenkjer og meiner, men "jeg"-personen dukkar ikkje opp før i nest siste avsnitt.

Guffen tilrår.

Meir Sæterbakken på kulturguffebloggen
De Press. Block to Block (2011)
Gjennom natten (2011)
Ikke noe av dette handler om meg (2016)

1. juni 2012

Frihetens regn (1994)

Når du ser ein film som gjerne vert omtalt som ein av dei beste som er laga, og som til og med øvst ligg øvst på imbd-lista, skal filmen vera ekstremt god for at du ikkje vert skuffa. Det er ein heilt grei film, men eg hadde venta meg noko langt meir.

Det er ein fengselsfilm, og desse følgjer gjerne eit fast mønster. Der er oftast usemje mellom nokre av fangane, det er nokre brutale fangevaktarar, minst ein av fangane greier å rømma, osb. Av og til vert det vellukka, som i Cool Hand Luke, andre gonger vert det slettes ikkje vellukka, som i Kongen av Bastøy. Denne filmen er òg vellukka. Tim Robbins spelar bankmannen Andy Dufresne, som vert fengsla for to mord, sjølv om han truleg er uskuldig. Han dreg nytte av økonomi-kunnskapane sine i fengselet, og får etter kvart ein verna posisjon som bibliotekar og rådgjevar for dei fleste tilsette. Han greier òg å koma på lag med dei viktigaste av fangane, fyrst og fremst Red, glimrande spelt av Morgan Freeman.

Dufresne er ein taktikar, viser det seg. Ein morgon har han rømt, og greier å ta seg fram til draumestaden sin på den mexicanske vestkysten. Samstundes greier han å gjera kjent kor brutale og korrupte dei fengselstilsette er, og han greier òg å leggja att nok spor til at Red, som slepp ut på prøve, finn han i Mexico.

Manuset har altså nok originale vriar til at filmen er verdt å sjå, men å hevda at dette er den beste filmen som er laga? Morosamt.

Guffen tilrår.