27. januar 2021

Roland Huntford: Nansen (1997)

Historien om Nansen er vel sånn nokolunde kjent. Han vart dregen mellom forsking og friluftsliv, og var stor på begge område. Han tok doktorgraden på nervesystemet til slimålen, og det han fann der var nyskapande. Han budde då i Bergen, men han la ut på fleire skiturar til og frå Kristiania. I 1888 leia han ein ekspedisjon som vart dei fyrste som kryssa Grønland, og i 1894-96 leia han ein ekspedisjon der han og Hjalmar Johansen sette ny nordleg rekord på kloden. 

Dette gjorde han til ein kjendis, og bøkene han selde gjorde han òg rimeleg velståande. Det vart ikkje fleire ekspedisjonar på han, men han spelte ei rolle då unionen med Sverige vart oppløyst i 1905, og seinare arbeidde han mykje for å betre tilhøva for folk etter fyrste verdskrigen. Han fekk Nobels fredspris for dette arbeidet.

Han var altså stor, han var alltid på farten, og han vart ein som folk høyrde på. Alle polfararar oppsøkte han, dei visste at han hadde endra alt med pol-ekspedisjonar, og bad om råd frå han. Samstundes hadde han nokre ekstreme humørsvingingar. Han hadde eit anstrengt forhold til ungane sine, han hadde heile tida forhold til andre kvinner enn dei han var gift med, og han hadde fleire kvinnelege enn mannlege venar.

Roland Huntford har total kontroll på alt dette. Han skriv glimrande, og byggjer boka godt opp. Huntford har skrive biografiar om andre polfararar, han kan polhistorien godt, og slik sett er det ikkje rart at han legg vekta på dei to ekspedisjonane til Nansen, fyrst og fremst den siste. Ei finfin bok.

Guffen tilrår. 

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

16. januar 2021

Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)

Slik kan også gardssoge skrivast. Arne Vinje, tidlegare ordførar i Vinje kommune, skriv om garden Vesås. Han skriv om utvikling og endring på garden, han skriv om folk som har budd der - nokre har vorte verande, andre har flytta. Om dei som levde der for lenge sidan veit han lite, om dei som har budd der i nyare tid veit han meir. Nokre er kjende, andre er det ikkje. 

Vinje skriv om garden Vesås, men han skriv om meir enn det. Når han skriv om endringar i bruksmåtar eller om utfordringar knytt til økonomi, skriv han om noko som lett kan overførast til andre gardsbruk, både i Telemark og elles i landet. 

For meg er boka mest interessant når det handlar om folket. Vinje får godt fram korleis dei er prega av garden og bygda dei veks opp på, og korleis dei er prega av slekta si, også dei som ikkje lever meir. Han er ofte innom den store Tarjei V, sjølvsagt, men skriv ikkje så mykje om han. Han skriv derimot mykje om onkelen hans, Øystein Vesaas. Eg visste vel berre to ting om han før eg las boka (rosemålingsverket, og at han selde Midtbø til Tarjei), men Vinje skriv varmt og godt om han. Ein spanande mann.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

13. januar 2021

Den største forbrytelsen (2020)

 

Det er ikkje alle norske filmar som er vellukka, og det er i alle fall ikkje alle norske filmar frå krigen som er vellukka. Denne kjem svært godt frå det.

Filmen tek utgangspunkt i boka av same namn, skriven av Marte Michelet. Her handlar det mest om den jødiske familien Braude. Av dei fire ungane i familien rømmer dottera til Sverige så fort ho kan. Ein av gutane, boksaren Charles Braude, sit i norsk fangeleir dei tre siste krigsåra. Foreldra og brørne hans vert alle sende til Auschwitz, der dei misser livet. Charles vert ikkje sendt til Noreg, av di han var gift med ei arisk kvinne.

Det er altså ikkje lystige saker, men det treng det jo ikkje vera alltid. Filmen får fram korleis familien ikkje heilt kan tru det som skjer rundt dei, før det er for seint. Filmen får òg godt fram korleis det norske politiet var heilt sentrale då jødane vart sende til Tyskland. Han som fekk ansvar for gjennomføringa jobba dag og natt for å organiseringa aksjonane den dagen jødane vart henta inn og plasserte i skipet Donau. 

Guffen tilrår.  

Relatert på kulturguffebloggen
Marte Michelet: Den største forbrytelsen (2014)
Marte Michelet: Hva visste hjemmefronten? (2018)
Berggren, Bruland og Tangestuen: Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (2020)
Espen Søbye: Hva vet historikerne? (2021)
Marte Michelet: Tilsvar (2021)

10. januar 2021

Lock, Stock & Two Smoking Barrels (1998)

 

Det er eit eller anna med denne filmen som sender tankane til Pulp Fiction. Kanskje det er måten fleire historier er fletta saman på, kanskje det er musikken, kanskje det er språket og valden, kanskje det er dopet. Der er i alle fall ein slektskap, og det er ikkje tvil om kven som er storebroren der.

Denne filmen er likevel underhaldande nok. Me er i London, langt unna dei gatene der turistane går. Fire unge menn har skrapa saman 100 000 pund. Den eine av dei går for å vera eit geni i kortspel, og planen er at han skal spela mot tre andre og vinna meir pengar. Det går sjølvsagt ikkje, i staden for ein spelevinst kjem han attende med ei enorm spelegjeld, som må betalast tilbake innan ei veke. På vegen dit er me innom eit våpenran, nokre små-dealerar som prøver å lura nokre større dealerar, nokre brutale gatesjefar, osb. 

Historiene er godt nok samankokte, spelet er bra, replikkane er gode, og det er altså ein heilt grei film. 

Guffen tilrår.  

9. januar 2021

Michael Smith: An Unsung Hero (2000)

Både utanpå og inne i denne boka er det teke med nokre sitat frå andre bokmeldingar. På framsida står det eit sitat frå avisa Sunday Tribune - "This is a remarkable book about a remarkable man". Det er lett å vera samd i den siste delen av setninga; litt verre å vera samd i den fyrste.

Den britiske Antarktis-ekspedisjonen alle kjenner til er den som vart leia av Scott, den som enda med at dei kom til Sydpolen fem veker etter Amundsen, og der dei fem som hadde vore på Sydpolen miste livet på veg nordover att. Den britiske Antarktis-ekspedisjonen alle òg burde kjenna til er den som vart leia av Shackleton, den som enda med at dei ikkje eingong kom seg i land i Antarktis, og der seks av dei som var med tok seg i ein liten båt frå Elefant-øya til Sør-Georgia. Tom Crean var med på begge desse ekspedisjonane, og han utmerka seg begge stadene.

Scott: Her berga han livet til to andre alt før sydpolturen tok til. Han var med i laget som gjekk sørover, men var ein av dei tre som snudde 270 kilometer frå polpunktet. Tilbaketuren var eit slit, ein av dei to andre var slått ut av skjørbuk, og Crean gjekk for å henta hjelp. Åleine, så godt som utan mat, gjekk han 56 kilometer på 18 timar, og fekk henta hjelp til dei to andre.

Shackleton: Skuta Endurance fraus fast, og gjekk etter kvart under. Dei 28 i ekspedisjonen gjekk nordover, og laga seg ein enkel leir på Elefant-øya. Her var det inga von om at nokon skulle finna dei, så Shackleton tok med seg Crean og fire til på ein 1500 kilometer lang båttur. Båten var liten, sjølvsagt utan motor, men dei greidde å ta treffa øya. Dei kom til sørsida, og sidan båten vart noko øydelagt då dei kom inn til øya, tok Shackleton med seg Crean og ein til på ein fottur tvers over øya. Ingen hadde gått der før, dei hadde ikkje kart, dei måtte kryssa fjellovergangar og brear, dei hadde knapt ete på fleire dagar, og dei hadde ikkje med seg soveposar eller vern mot ver og vind. Dei gjekk (omtrent) utan stopp i 36 timar, hadde flaks eit par stader, kom seg fram til Stromness, der dei fekk hjelp til å redda dei tre andre på øya. Seinare fekk dei òg redda alle som venta på Elefant-øya.

Spesielt den siste turen er fantastisk, men boka er altså ikkje like bra. Her er mykje godt, men forfattaren må støtta seg på det andre har skrive om Crean. Crean skreiv aldri dagbok sjølv. Då vert det mykje skryt, og det vert òg mange repetisjonar. Desse handlar ikkje berre om Crean - dei tre fyrste gongene Smith skriv om Roald Amundsen legg han til at Amundsen var "the finest polar explorer of all time" (side 12), "the finest of all polar explorers" (side 38), og "who would become the greatest of all polar explorers" (side 40). Sidan Crean berre har ei birolle i ekspedisjonane, og sidan Smith til dømes fortel om det som skjer med både Amundsen og Scott, er det nok betre å lesa om ekspedisjonane i heilt andre og betre bøker. Sjølv om Crean var ein eventyrar av dei sjeldne. 

Guffen er lunken.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

7. januar 2021

Team Ingebrigtsen, sesong 4 (2020)

 

Denne sesongen var kortare enn vanleg, av dei opplagte årsakene. Planen var nok at sesongen skulle handla om tida frå hausten 2019 til OL 2020, men slik gjekk det jo ikkje. Nesten alt av idrettsarrangement vart sett på vent, og ein serie om idrettsutøvarar som ikkje konkurrerer er jo ein heilt vanleg doku-serie. Det er berre to (lange) episodar i denne sesongen.

Litt konkurrering er det, og dei to yngste brørne er i kjempeform. Filip, den nest eldste, set norsk rekord på 1000 meter, medan Jakob, den yngste, set norsk rekord på 1500 meter, og vert den fyrste nordmannen under 3.30. Henrik, den eldste, går stort sett skada.

Om han er skada, er han likevel den mest underhaldande av dei tre. Han snakkar mykje og godt, og er den som mest openlyst kranglar med faren. Filip er nok den mest sympatiske, men gjer ikkje alltid så mykje av seg. Jakob vert meir og meir klar over at han er noko heilt spesielt på idrettsbanen, og det verkar diverre som om han gradvis vert vanskelegare og vanskelegare å lika. Syster deira, Ingrid, trenar hardare og hardare, og er på veg til å verta noko stort.

Hovudrolla i serien er det likevel faren, Gjert, som har. Han tek med seg kona til Båtsfjord, der han budde dei fyrste åra av livet. Der viser han fram dei meir menneskelege sidene sine, og det er fint å sjå når han leitar etter grava til faren, på ein ubrøytt kyrkjegard med ein halv meter snø. Som trenar er han litt mindre sympatisk, og det er han nok klar over sjølv: Viss ungane hans skal nå toppen, slik dei alle vil, er han nøydd til å piska dei litt.

Guffen tilrår. 

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2016)
Sesong 2 (2018)
Sesong 3 (2019)
Sesong 5 (2021)

6. januar 2021

Frode Grytten: Meir enn regn (1995)

Eg er framleis på veg gjennom forfattarskapen til Grytten. Med denne novellesamlinga tok han eit stort steg i rett retning. Novellene er betre - dei er meir konsentrerte, og det ligg langt meir mellom linene. Nivået er høgare òg på ein annan måte - alle dei ni novellene i boka er solide. 

Det meste skjer i Odda, eller i eit landskap som kunne vore Odda. Ei av novellene, "Kommunistar", handlar om klasseskilnaden i Odda, der direktøren, som vanlegvis boltrar seg i luksus, har invitert alle arbeidarklasseungane i nabolaget til ein kakefest. I novella "Snø og sjokolade" handlar det om ein møbel-leveranse i Odda. Novella "Hundar samlar seg" er ikkje direkte plassert i Odda, men eg anar ein slektskap med eit verkeleg drap like ved Odda tidleg i 1980-åra.

Men det meste skjer likevel ikkje i Odda. Det Grytten skriv om kunne skjedd kvar som helst. Det skjer like fantastiske og daglegdagse ting over heile verda, og dei aller fleste av novellen kunne vore lagt til heilt andre stader. Grytten skriv godt om det å høyra til ein stad, av og til vert novellene melankolske, andre gonger er det humoren som dominerer. Og novella som avsluttar boka får ei heilt uventa vending til slutt.

Guffen tilrår.  

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

4. januar 2021

Geir Gulliksen: Bøyde knær (2012)

 

For nokre år sidan las eg ei fin bok av Gulliksen. Han er òg ein respektert forleggar, så eg hadde vel venta meg mykje meir av denne boka enn det eg fekk. Det verkar som om han ikkje heilt kjem fram dit han vil.

Forteljaren i boka er ein forfattar som reiser til Afrika. Han vil forska på kjønnsroller, og vitjar ei innfødd stamme der omskjering er vanleg. Fleire av kapitla handlar om nokre som er omskorne, og om nokon som ikkje er det. Det vert mange namn å halda styr på, og det er diverre ikkje slik at dei ulike karakterane vert tydelege og interessante. I eit tilbakeblikk tenkjer forfattaren tilbake til livet sitt i Noreg - det er kanskje gjort for kontrasten sin del, men det passar heller ikkje inn.

Så, kort fortalt: Dette var noko skuffande. 

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

3. januar 2021

Johan Harstad: Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)

Denne las eg eit par år etter at ho kom ut, og likte ho enormt godt. Boka er framleis bra, men ho gjorde ikkje like sterkt inntrykk no. Ein halvgod grunn kan vera at ho bleiknar litt jamført med meisterverket til Harstad, Max, Mischa ..., og dei to bøkene har noko til felles: I begge bøkene er hovudpersonen ein ung mann som reiser frå Stavanger til utlandet. 

Hovudpersonen i denne boka, Mattias, har ikkje like mange ambisjonar som Max Hansen. Mattias vil helst vera han som kom på andreplass, han som ingen hugsar, han som er anonym. I alle fall er det det han trur sjølv. Når boka opnar bur han i Stavanger, men det meste raknar: Sambuaren finn seg ein annan. Han misser jobben. Den beste venen hans spelar i band, og inviterer Mattias med seg til ein spelejobb på Færøyane. Der skil dei lag etter ein krangel i fylla, og Mattias endar opp på ein fabrikk i Gjogv. Der driv den litt mystiske Havstein eit alternativ behandlingstilbod for folk med psykiske vanskar, og Mattias finn seg godt til rette her. Heilt til tilbodet vert lagt ned.

Det er altså ein finfin roman. Mattias er kanskje ikkje den mest truverdige forteljaren, og han har mange trekk som ikkje er så sympatiske, men han er likevel ein person det er vanskeleg å ikkje lika. Boka er på om lag 600 sider, men det går leikande lett å lesa ho.

Guffen tilrår.  

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)

2. januar 2021

James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)

 

Endå ei bok om Citizen Kane. Eg såg Mank for ein månad sidan, eg såg Kane like før jol, og då passa det godt å henta fram denne. Det er den siste ulesne boka eg har om Citizen Kane, og det kan henda det vert den siste eg les. I alle fall på ei stund - filmen er framleis fabelaktig, eg ser han om lag ein gong i året, og det er like stas kvar gong.

Eller: Etter å ha lese slike bøker vert det nesten meir stas. Denne boka, som er ei samling på ni artiklar, var innsiktsfull og god, og spesielt to av artiklane peika seg ut. Peter Bogdanovich har gjort eit langt intervju med Welles. Han vil eigentleg ikkje snakka om Kane, seier han, men det er likevel så godt som det einaste han gjer. Robert Carringer har gått detaljert gjennom alle manus-versjonane fram til den endelege, og parkerer dermed debatten om kven som skreiv det. Kortversjonen er at Pauline Kael, i eit langt essay, meinte at Herman Mankiewicz hadde skrive manus åleine, sjølv om rulletekstane nemner både Welles og Mankiewicz. Carringer viser at Mankiewicz skreiv fyrsteutkastet, men at for kvar av dei seks neste versjonane kjem inn fleire og fleire detaljar frå Welles.

Her er artiklar om lydsporet, artiklar om filminga, filmen vert vurdert frå ein feministisk sjåstad, osb. Alt er sjølvsagt ikkje like bra, minst ein av forfattarane vert altfor, altfor oppteken av å visa at ho kan skriva akademisk, men boka var vel verdt å lesa. I alle fall for oss som har sett filmen femten-tjue gonger.

Guffen tilrår.  

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)