13. juni 2021

Motorpsycho (Grieghallen, Bergen, 12.6.2021)

 

Det var stas å vera på ein skikkeleg konsert igjen, både for publikum og musikantar. Eller - skikkeleg konsert, det er jo ikkje heilt det same når publikum sit, og i tillegg sit med ein meters avstand. Diverre var ikkje alt like bra med konserten, og det var ein litt overraskande ting som drog nivået ned: Grieghallen skal ha god akustikk, på nettsida si skriv dei at dei er verdskjende for den fantastiske akustikken. Der eg sat, to meter framfor miksebordet, var ikkje lyden god. Det var til og med vanskeleg å høyra kva som var sagt mellom songane. 

Det rare var at det fyrste halve minuttet var lyden perfekt. Dei opna med "The Transmutation of Cosmoctopus Lurker", lyden var klokkeklar, og eg tenkte at dette vart ein drøymekveld. Men med ein gong det litt rolege opningspartiet var over, vart det for tett lyd. Alt av nyansar i dei energiske partia forsvann, og slik vart det resten av kvelden. Kanskje lydmannen fann ut at han skulle skru alt opp til elleve.

Dei spelte mange lange songar, og det er vanlegvis stas. Kanskje dei var inspirerte av at Grieghallen ofte har konsertar med symfoniorkesteret Harmonien, dei henta i alle fram fleire av dei aller lengste suitane sine. Det aller meste på setlista var frå dei fire siste platene, i farten trur eg at LLM-suiten var den einaste frå ei tidlegare plate. 

Det var stas å vera på konsert igjen, og det var mange gode og flotte parti. Det som drog det heile ned var altså at det kunne vore langt betre med betre lyd.

Guffen er lunken.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar