18. november 2012

Magical Mystery Tour (1967)

Denne filmen har lenge hatt stempel som den store The Beatles-kalkunen. Filmen vart vist ( i svart-kvitt) på BBC andre joledag 1967, og vart (nesten) unisont slakta av avisene. Det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor. I løpet av filmen framfører The Beatles fire-fem songar, og innimellom desse kjem det sketsjar eller innslag som ikkje heng altfor tett saman. I tillegg er fleire av desse reint surrealistiske. For mange sjåarar må overgangen frå dei tidlegare The Beatles-filmane, og frå korleis The Beatles framstod berre eit par år tidlegare, ha vore enorm.

Det er likevel vanskeleg å skjøna den massive slakten frå 1967. Filmen har mykje sjarm, her er mykje å le av, og det verkar som ein film som, til liks med mykje av det The Beatles gjorde, er før tida si. At vanlege fjernsynssjåarar ikkje såg dette er ein ting; at meldarane ikkje såg slektskapen med nye filmtrendar er meir overraskande. Den raske kryssklippinga, den leikande haldninga, all improviseringa, den surrealistiske humoren - alt dette vart jo populært og akseptert berre nokre år seinare. George Harrison skal ha sagt at Monty Python var den gruppa som best fanga ånda til The Beatles, og etter å ha sett denne filmen er det lett å sjå kva han meinte.

Filmen er bygd opp rundt ein pakketur med buss. I tillegg til The Beatles er her med tjue-tretti andre. Bussen er mest brukt for å flytta filmen rundt til nye stader, men her er mange scener frå inni bussen. Det er litt omvising frå reiseleiarane, det er litt synging og vitsing, og det er samtalar mellom ein mann og tanta hans. Ringo Starr, som er den mest overtydande skodespelaren av dei fire i The Beatles, spelar denne mannen, og dei to har fleire gode dialogar. Desse er improviserte, sjølvsagt, slik resten av filmen er det.

Den leikande haldninga er òg tydeleg i musikkinnslaga. Her er altså nokre nye songar, medan cover-versjonar av eldre songar vert brukt som bakgrunnsmusikk. Songane framstår som musikkvideoar, og den beste songen i filmen, "I Am the Walrus", har òg den beste videoen.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar