6. februar 2024

Alice Munro: Runaway (2004)

For ein fin forfattar Alice Munro er. Dette var den eine boka eg ikkje hadde lese av ho, og det har vore solid heile vegen. Ho skriv noveller, og det finst ingen andre som skriv så gode noveller som ho gjer. 

I denne boka har Jonathan Franzen skrive eit føreord. Han heng ikkje altfor høgt hjå meg, men her skriv han mykje klokt. Han seier noko om at det er vanskeleg å seia noko klokt om novellene hennar, av di det er uråd å sjå kva ho gjer. Historiene verkar enkle, språket er enkelt, mykje kan verka unødvendig, men vips: Mot slutten skjer det noko som gjev alt meining, noko som viser at alt ho har skrive så langt faktisk har vore nødvendig.

Slik har eg òg hatt det under lesinga. Og det verkar som om Munro er klar over det sjølv. Den beste novella i denne samlinga heiter "Tricks", og det er ikkje lett å sjå kva triks ho bruker. Men dei siste sidene her var så sterke at eg omtrent fekk tårer i augene. 

Det handlar om ei kvinne, slik det som oftast gjer hjå Munro. Det handlar om ei kvinne på landsbygda, slik det som oftast gjer. Det handlar om ei kvinne som likar kunst, slik det som oftast gjer. Denne gongen skal ho til byen for å sjå Shakespeare, slik ho gjer kvar sommar, og då møter ho tilfeldigvis ein mann. Dei vert kjende, han inviterer ho heim på litt mat, han låner ho pengar så ho kan koma seg heim att. Han er innvandrar frå Montenegro, og skal snart reisa vekk. Kanskje dei kan møtast neste sommar, når ho igjen kjem for å sjå Shakespeare? Kjempeplan. Ho gler seg, ho finn ein kjole som liknar, ho reiser til butikken hans, men då ho bankar på endrar alt seg. Og så kjem det ein epilog frå mange år seinare, slik det ofte gjer, og forklaringa er like brutal som ho er overraskande. Tricks, indeed.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar