31. desember 2018

Amadeus (1984)

Eg veit ikkje om denne filmen er nokolunde historisk korrekt, eller om han prøver å vera det, men det er ein fascinerande film. Her er to hovudpersonar - dei to komponistane Wolfgang Amadeus Mozart og Antonio Salieri. Salieri var frå Italia, og var hoffkomponist i Wien hjå keisar Josef II. Der har han ei høg stjerne, heilt til vidunderbarnet Mozart dukkar opp. Mozart kan trylla med musikken, og får snart ei langt høgare stjerne enn Salieri har hatt.

Salieri legg planar for å retta på dette. Han spelar på pengemangelen til Mozart, maskerer seg og bed Mozart skriva ei dødsmesse. Mozart er eigentleg like interessert i å skriva lettare musikk, musikk for folket, men tek på seg oppdraget. Kombinasjonen av høgt arbeidspress, mykje drikking, veik helse og ei kone som har teke med seg barnet deira til ein rolegare stad, gjer at Mozart vert sjukare og sjukare. Den siste natta han lever hjelper Salieri han med å fullføra dødsmessa, som fekk namnet Rekviem. Kona og barnet kjem tilbake nokre minutt for Mozart døyr.

Historia vert fortalt av ein aldrande Salieri. Han er innlagt på eit galehus, etter at han har prøvd å ta livet sitt. Det er eit godt grep (sjølv om den eldre Salieri truleg ville vore betre sminka i dag). Han fortel om tida Mozart var i Wien, og om korleis han sjølv var moralsk og god der Mozart ikkje hadde hemningar. Wien er ekstremt klassedelt, og alle diltar etter keisaren, ingen vil gjera noko som kan få han til å lika dei mindre. Mozart går litt på tvers av konvensjonane, og har det langt betre når han møter folk litt lågare på rangstigen. Og musikken er sjølvsagt strålande.

Guffen tilrår.

30. desember 2018

Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)

Hadde denne boka vorte skriven 15-20 år seinare, ville ho truleg fått ei anna form. Etter at Samlaget i 1999 gav ut ein biografi om Tor Jonsson, skriven av Ingar Sletten Kolloen, auka interessa for livet og diktinga til Jonsson. Kolloen-biografien er ei god og grundig bok, slik at andre som ville skriva om Jonsson måtte strekt seg høgare. Jamført med Kolloen-biografien er ikkje denne boka altfor imponerande.

Heiberg vaks opp i Lom, far hennar var prest i bygda. Ho var to år yngre enn Jonsson, og kjende til han frå oppveksten. Ho går kronologisk gjennom livet hans, og går grundig gjennom dei publiserte bøkene hans. Ho har hatt tilgang til ei rekkje kjelder, og bruker til dømes mange utdrag frå brev og konsulentfråsegner.

Det er likevel noko halvgjort over boka. Kanskje det er av di ho vil halda seg på avstand frå han ho skriv om, men me kjem ikkje tett nok på Jonsson. Ho går tettare på diktinga hans, men her vert det nesten for mykje. Det vert vanskeleg å fyglja ho, vanskeleg å sjå kva ho vil med dei lange og detaljerte gjennomgangane. Boka kunne altså trengt ei strammare redigering.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Teigen og Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

28. desember 2018

Jason Zinoman: Letterman (2017)

Eg veit vel eigentleg ikkje så mykje om amerikanske talkshow. Eg kunne sikkert ramsa opp namna på fleire talkshow-vertar, men eg veit ikkje korleis programma deira er, og heller ikkje korleis dei ser ut eller kva publikum dei vender seg mot. Eg var eit år i USA for lenge sidan, seint i 1980-åra, og såg så vidt på nokre av talkshowa då. Nokre eg var på besøk hjå tilrådde Johnny Carson, andre heldt på David Letterman. Carson var eg ikkje spesielt imponert over, men Letterman var bra. Ved seinare besøk i USA såg eg av og til programma hans, og for femten år sidan sende òg NRK2 programma hans i eit halvår (omtrent).

Eg likte det eg såg. Letterman er språkleg god - ikkje berre snakkar han godt med gjestar, men han fortel òg vitsar og historier på ein suveren måte. Mange av dei faste innslaga var solide, samspelet med Paul Schaffer, den musikalske leiaren, var finfint. Det var likevel slik at programmet tapte seg etter at gjestane kom inn, det fyrste kvarteret, der det var vitsar og filmar og ulike innslag, svinga langt meir.

Letterman gav seg i 2015. Etter det har han mellom anna laga ein serie for Netflix, der han gjer timelange intervju med utvalde personar.

Denne boka tek føre seg heile karriera til Letterman. Han arbeider i studentradio, han var vermeldar for ein lokal fjernsynsstasjon, han var vert for eit frukost-TV-program, før han i 1982 tok til med kveldsprogram. Heile vegen mot kveldsprogramma tøyde han grensene for korleis programma burde vera, og slik vart det òg etter at det vart kveldsprogram. Noko fungerte, noko var mindre vellukka, men han fekk etter vart mange sjåarar. Ei tid, etter at Carson pensjonerte seg, var han den mest populære talkshowverten. Boka fortel historia godt. Mange bøker om komikarar eller komiske tema prøver for hardt å vera morosame sjølv, men slik er det ikkje her. Her er mange gode anekdotar, mange fornøyelege episodar, men dei vert fortalde slik dei skal forteljast.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 1, 2018)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)

17. desember 2018

James Hawes: The Shortest History of Germany (2017)

Marit og eg var i Berlin for mange år sidan. Me vart fascinerte av byen, slik mange vert, og snakka om korleis det ikkje er mange byar som har ei så rik historie. Eg har ei kjensle av at eg såg litt halvhjarta etter ei bok om tysk historie då eg var der. Eg fann ingen ting, i alle fall ikkje på eit språk eg forstod.

Dette hadde eg gløymt i mange år, heilt til eg fann denne boka i ein bokhandel i Bergen. Det er ei svært komprimert historie bok, grovt rekna er det 2000 år på 200 sider. Det går altså fort, men det går aldri for fort til at Hawes misser kontrollen. Boka er delt inn i fire hovudkapittel. Kvart av desse handlar om 500 år, og det er sjølvsagt dei 500 siste som får mest plass.

Han ser fleire lange liner. Det vert fort opplagt kvifor dei som lærte historie då dei gjekk på skulen var opptekne av elver. Dei to viktigaste elvene i Tyskland er Rhinen og Elbe. Dette var grenseelver, og er det framleis i Tyskland i dag. Aust for Elbe er rota til alt vondt - det var her det preussiske riket oppstod, det var her nazipartiet hadde størst støtte, det er her AfD har mest støtte i dag. Om nazipartiet skriv Hawes mellom anna at om ein skal koka nazi-sympatiar ned til eitt einaste ord, er det religion. Område med overvekt av protestantar støtta nazistane; område med overvekt av katolikkar støtta andre parti. I sørvest-Tyskland, vest for Rhinen og langt vest for Elbe, stod katolikkane så sterkt at nazistane ikkje våga å avretta ein pater som fordømte nazi-politikken under andre verdskrigen - dei var redde for at det ville føra til borgarkrig.

Guffen tilrår.

16. desember 2018

Bjørn Gabrielsen: Lutefisk på prærien (2001)

Det er ikkje heilt uvanleg med bøker der nordmenn (eller andre) reiser gjennom USA. Utgangspunktet for Gabrielsen er at han vil leita etter det norske Amerika. Mot slutten av boka innser at han eigentleg har gjort noko heilt anna. Han har vore innom i det norske Amerika, men han har vore like mykje i resten av Amerika.

Sånn heilt apropos ingenting: Eg hadde eit liknande utgangspunkt då eg tok hovudfag, og oppgåva mi fekk òg eit liknande namn: Med lutefisk i flaggstanga. Eg skreiv om ein norskamerikansk festival i Minot, Nord-Dakota, og det Gabrielsen skriv om besøket sitt i den byen viser kor lite viktig det norskamerikanske vert for han. Han nemner ikkje den skandinaviske parken i byen, der det står to gamle hus frå Telemark, ein kopi av ei stavkyrkje, ei statue av Sondre Norheim, monumentet Sondre Norheim Eternal Flame, og nokre svenske og danske greier. Han nemner ikkje festivalen før i sluttorda. I staden skriv han om ein bar han har vore på, og det er stort sett det denne boka handlar om: Norsk forfattar går på bar.

Han skriv sjølvsagt ikkje berre om drikking. Han skriv mykje om folk han møter og stader han besøker, men han skriv eigentleg mest om seg sjølv. Det kunne vore greitt nok, men då burde han ha vore hakket meir interessant. Skulle denne boka vorte ein fulltreffar burde han òg ha skrive meir underhaldande. No vert det heller keisamt, og boka vert difor ei av reisebøkene frå USA som ikkje er altfor vellukka.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

15. desember 2018

Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)

Ei av dei beste bøkene om Sex Pistols og dei åra punken oppstod er England's Dreaming, som Jon Savage gav ut i 1991. Savage intervjua ei rekkje personar då han arbeidde med den boka, og bortimot tjue år seinare samla han tretti-førti av dei intervjua i denne boka.

Han snakka med alle dei fire ur-pistolane, med manageren deira, med folk knytt til butikken hans (SEX), med folk i andre band, med folk i media, med folk frå New York, med folk frå Manchester, og med andre av dei som spelte ei rolle i 1976-79. Intervjua vert trykte utan kommentarar, og det er jamt over innsiktsfullt og godt.

Sjølvsagt er det mange som hugsar ting annleis. Sjølvsagt er det mange som prøver å framstilla seg sjølv i eit betre lys. Svært mange seier at for dei var punken daud lenge før Sex Pistols vart oppløyst.

Mange får òg spørsmål om Sid og Nancy. Alle, kanskje med eit eller to unntak, seier at Nancy var ei nepe. Svært mange seier at Sid var langt meir intelligent enn han gav uttrykk for. Dei to siste intervjua er med to som var til stades då Sid døydde, det aller siste intervjuet er med mor hans, som kjøpte heroinen som drap han.

Guffen tilrår.

Meir Savage på kulturguffebloggen
England's Dreaming (1991)
Time Travel (1997)
This Searing Light, The Sun and Everything Else (2019)

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (fjernsynsserie, 2022)

12. desember 2018

Agnes Ravatn: Stoisk uro (2018)

Denne boka inneheld to seriar Ravatn skreiv for Dag og Tid. Begge seriane handla om filosofi. Den fyrste ser ut til å ha vore tenkt som ein gjennomgang av filosofihistoria; i den andre tek ho føre seg Kierkegaard. Den fyrste serien sluttar brått, truleg bråare enn ho hadde tenkt - den siste artikkelen sluttar med ei tilvising til den neste artikkelen, altså ein artikkel som aldri kom.

Stort sett er det underhaldande lesnad. Av og til er det glitrande humor, andre gonger er det litt for stilleståande. Ho hentar fram sentrale omgrep hjå filosofane, og prøver å overføra dei til samtida vår, eller til hennar eige liv. Eg reknar med at dette er einaste gongen nokon flettar sitt eige frieri inn i ei bok om filosofi. I alle fall viss me avgrensar oss til frieri i Disneyland i California, der ho frir med ein Mikke Mus-ring, og der det sit ein ung gut dei ikkje kjenner på setet mellom Ravatn og han ho frir til.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)

10. desember 2018

Per Petterson: Menn i min situasjon (2018)

Av og til, når eg les ei ny bok av ein norsk forfattar, tenkjer eg at ho eller han må vera ein av dei beste forfattarane i landet. Men når eg les ei ny bok av Per Petterson, tenkjer eg av og til at han må vera den aller beste forfattaren i landet. Han har gjeve ut ei rekkje flotte romanar, denne plasserer seg fint i den rekkja. Måten han manar fram ei stemning på dei fyrste sidene er glimrande.

Me er i kjent Petterson-farvatn. Hovudpersonen er Arvid Jansen, ein forfattar som for eit år eller to sidan miste fleire familiemedlemmar i ei ulukke. Kona har òg flytta ut, saman med dei tre døtrene deira. Arvid slit med alt dette, han går frå bar til bar og frå kvinne til kvinne. Dei dagane han har ansvar for døtrene prøver han å ta seg saman, utan at det alltid er like vellukka.

Det er stort sett glitrande litteratur, dette. Petterson skriv så flott, og dei lange setningane med mange komma heng så flott saman. Det er seks år sidan sist Petterson kom med ny bok, og me får verkeleg vona at det ikkje vert like lenge til neste gong.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)

9. desember 2018

The Ballad of Buster Scruggs (2018)

For eit år eller to sidan vart det meldt at Coen-brørne skulle laga ein western-serie for Netflix. Tiltaket vart etter kvart gjort om til ein novellefilm, med seks delar. Det er stort sett fornøyeleg, og er vel det beste Coen-brørne har gjort sidan No Country for Old Men.

Gjennom dei seks delane møter me alt som finst av faste element frå westernfilmane. Raske revolvermenn, vogntog, indianarangrep, horehus, poker (med innlagt dead man's hand), bankran, gullgraving, henging, diligence, og enorme mengder skyting. Me møter òg det som finst av faste element frå Coen-filmar - humor, suverent skodespel, fabelaktige bilete, og gode historier.

Ein av delane, den om dei to som reiser rundt for å underhalda leirar og småbyar, er ikkje altfor imponerande, men elles er det meir enn godkjent. Her er ein fin historie om ho som reiser saman med broren over prærien, for å kanskje gifta seg med ein som bur i Oregon. Buster Scruggs har ein fantastisk teknikk for å ta knekken på ein revolvermann som siktar på han, inne i ein saloon. Ein bankranar som vert hengt saman med tre andre har den løgnaste replikken eg har høyrt på lenge: Han som står ved sida av han tek til tårene, og bankranaren spør: "First time?"

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar (2016)

5. desember 2018

Gåten Orderud (2018)

I mai 1999 vart ei kvinne og foreldra hennar drepne i kårhuset til foreldra på garden Orderud. Mistanken gjekk raskt i retning av broren/sonen og kona hans - Per Kristian og Veronica Orderud. Saman med to andre - Kristin Kirkemo (syster til Veronica) og Lars Grønnerød (eks-kjærasten hennar) vart dei dømde for medverknad til drap. Dei har sona dommane sine, og broren/sonen og kona prøver å få saka opp på ny, slik at dei kan verta frikjende. Ut frå det denne serien fortel har dei ei dårleg sak.

Det er ei fascinerande historie. Det meste var kjent frå før - saka fekk enormt mykje plass i media. Mykje av det hadde eg gløymt, sjølvsagt, men det dukka opp att. Og det meste av det som vart nemnt peika i retning mot minst ein av dei fire som vart dømde. I hovudhuset på garden var det kulemerke i eit bord og ein vegg - desse skadane kom då Kirkemo og Grønnerød leverte våpen til ekteparet. Heime hjå Grønnerød fann politiet eit våpenmagasin som var brukt under skytinga. Det dømde ekteparet hadde ein gardskrangel gåande med foreldra hans, og under rettssaka kom det fram at Per Kristian Orderud hadde forfalska ein signatur på ein kjøpekontrakt. Nokre dagar før mordet ringde ein anonym mann til 180 for å fortelja om drapet, og denne telefonen kan ha kome frå huset der Kirkemo budde. Kirkemo hadde aldri vore inn i kårhuset, men kunne fortelja politiet kvar sikringskåpet i huset var. Og så vidare. Alt tyder altså på at dommen var korrekt. Ingen er dømt for å ha utført sjølve morda, men dei fire er dømde for medverknad.

Serien tek aldri heilt av. Øystein Milli, krimreportar i VG, er ein slags programleiar som snakkar med nokre av dei innblanda, tek med seg politifolk på moglege fluktvegar gjennom skogen, ser på bevismaterialet som er lagra hjå Kripos, og greier seg heilt greitt. Men serien treng noko uventa, noko som gjer at ein verkeleg vert nyfiken på kva som skal skje vidare.

Guffen er lunken.

3. desember 2018

Paul Auster: Oracle Night (2003)

I alle dagar - Paul Auster skriv ein roman om ein forfattar som bur i Brooklyn. Who would have thunk?

Denne forfattaren, Sidney Orr, er på veg tilbake til hektene etter alvorleg sjukdom. På ei vandring gjennom nabolaget ser han ein ny butikk, og der kjøper han ei blå notatblokk. Han har ikkje skrive noko på lenge, men notatblokka er så god at han skriv ein historie. Den historia er god, men han måler seg inn i eit hjørne - helten låser seg ved eit uhell inn i eit rom langt under jorda, om lag samstundes som den andre som veit om dette rommet døyr. Korleis skal han koma seg ut? Orr ser inga løysing, og legg vekk heile historia. Han skriv ei anna, ei historie han ser på som pinleg, men som kanskje kunne vorte eit filmmanus han kunne tent mykje pengar på.

I den verkelege verda har Orr eit godt liv. Han bur saman med kona si, ei kvinne det verkar som om han ikkje kjenner spesielt godt. Han vitjar ofte forfattaren John Trause (her går anagram-alarmen), og oppsøkjer òg son til Trause. Han er til stades også i den verkelege verda, men han likar seg minst like godt i dei verdene han diktar opp.

Det er ei fin bok. Ho er velskriven, og er svært godt komponert. Historiene Orr diktar opp vert grundig referert, slik at det på sett og vis er fleire bøker i éi, og det er jo eit grep Auster er kjent med.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

2. desember 2018

Making a Murderer, sesong 2 (2018)

Making a Murderer var ein glimrande dokumentarserie. Han handla om Steven Avery, som sat tolv år (av totalt atten) i fengsel for eit brotsverk han ikkje hadde gjort. Han vart sett fri etter nye DNA-testar, men etter at ei kvinne vart drepen på eigedomen hans vart han dømt, saman med den seksten år gamle nevøen sin, Brendan Dassey. Det var ein serie der historia heile tida tok uventa vendingar.

Slik er det ikkje i denne sesongen. Her går to handlingar parallelt - ein advokat prøver å få saka til Avery opp att, eit anna advokatpar prøver å få saka til Dassey opp att. Det kunne vore eit godt utgangspunkt for ein dokumentarfilm på ein time eller to, men her vert det drege ut over ti timeslange episodar. Dei fleste episodane er bygd opp likt: Advokatane snakkar om ting dei har funne. Avery-advokaten vitjar mor til Avery. Foreldra til Dassey snakkar om at dei vil ha sonen sin ut frå fengsel. Ei rekkje klipp frå nyheitssendingar viser at saka framleis engasjerer. Opptak av telefonsamtalar med Avery eller Dassey vert spelte av. Klipp frå rettssaka vert vist.

Det vert altfor, altfor seigt. Vinklinga er òg altfor partisk - advokaten til Avery får koma med lange innlegg utan at nokon motseier ho. Ho bruker mykje tid på å ta testar som skal visa at påtalemakta tolka ulike bevis feil. Ho legg fram desse testresultata som om dei er prov, men dei kan like gjerne kallast Thor Heyerdahl-bevis - ho viser kva som kan ha skjedd, ikkje kva som har skjedd.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Michael Griesbach: The Innocent Killer (2014)
Making a Murderer (2015)