21. august 2011

Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)

Tarjei Vesaas var ein skrivande mann. Han skriv sjølv at han likte det langt betre enn å snakka, i alle fall i større forsamlingar. Likevel hende det at han heldt talar eller kåseri, og i denne boka er ei rekkje av desse samla. Det aller meste av det som står her er bra.

Boka opnar med det glimrande kåseriet "Om skrivaren". Vesaas heldt dette kåseriet i 1963, og skrivaren har to tydingar. Den fyrste delen handlar om Vesaas sjølv, og om korleis han strevde seg fram til å verta forfattar. Den andre delen handlar like mykje om kva det vil seia å vera forfattar, og her er Vesaas innom tankar som må vera relevante og rette også for andre forfattarar.

Ei grov inndeling av tekstane i boka er helsingar til andre diktarar, prologar framførte ved runde år, takketalar for prisar han har fått, og ein siste del der det mellom anna kjem nokre radiokåseri. Han viser ofte til andre forfattarar, og nokre av desse vert nemnde fleire gonger. Edith Södergran vert nemnt fleire gonger, men den som oftast vert nemnt er Aasmund Olavsson Vinje. Det er som det er når det mot slutten av boka kjem eit kåseri Vesaas heldt i 1868, 150 år etter at Vinje vart fødd.

Her skriv han mellom anna "det blir sagt så lettvint at han gret med eitt auge og lo med det andre, og så har ein liksom gjort seg ferdig med det. Det fortel lite om dei høge kvelvingar og dei sorgfulle gaglemyrar og dei stikkande tornemoar som måtte vera Vinjes indre landskap. Og der dei sjeldnaste fuglar rauk over, og til og med slo seg ned. Her blir all teori grå." Det er flott formulert, og slike setningar møter ein overalt. Også i desse tekstane viser Vesaas kor stor han er.

Det er uråd å seia om det er noko eg saknar i ei slik bok, eg veit ikkje kor mange tekstar Olav Vesaas har lagt vekk. Det meste i denne boka er lesverdig, unntaket måtte vera ein svært kort tale Tarjei Vesaas heldt då dotter til Olav var konfirmant. Der er han enkel, og det er til dels uforståeleg kvifor denne er med.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar