28. september 2017

Motorpsycho (Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2017)

Dette vart omtrent som i gamle dagar, med to Motorpsycho-konsertar på to dagar. Dei siste gongene dei har spelt i Bergen har dei spelt på USF, men denne gongen var det Landmark, truleg av di det er BIFF-festival på USF. Landmark er eit langt dårlegare lokale - utan scene, mykje mindre, og med meir ujamn lyd. Onsdagskonserten vart raskt utselt, og eg kjøpte like godt billett til ekstrakonserten dagen før òg. Det kjendest både rett og feil - det var stas med to konsertar, men samstundes er det jo då ein eller annan som ikkje fekk sett dei i Bergen i det heile.

Konsertane var ujamne. Konserten tysdag var bra, og hovudvekta låg (ikkje uventa) på songar frå den siste plata. Det var den fyrste med Tomas Järmyr bak trommene, og det er ei hardare plate enn forgjengaren. Det er ei finfin plate, som veks og veks, men i eit lite lokale som Landmark vart det for tungt og hardt, der det av og til var uråd å skilja dei ulike instrumenta frå kvarandre. Høgdepunkta vart når dei roa det heile litt ned, som i gode gamle "Watersound".

Sjølv om det var litt opp og ned var eg godt nøgd med den fyrste kvelden, men den andre konserten vart noko heilt anna. Setlista var endra mykje. Frå den siste plata spelte dei dei same songane som kvelden før, pluss ein litt haltande versjon av "Pacific Sonata". Av tidlegare songar var det berre ein felles for dei to kveldane, den relativt nye "Lacuna/Sunrise". I staden trilla dei fram godbit etter godbit. Opningssongen, "Year Zero" var aldeles perfekt - eg har skrive tidlegare at det er den heilt rette songen å opna med, der dei frå nokre rolege opningstonar glir inn i det reine infernoet, og her sat alt akkurat slik det skulle. Utover i settet sprudla det jamnt, det var tydeleg at dei på scena koste seg.

Her køddar eg ikkje: Omtrent midtvegs tenkte eg at dei kjem til å spela "Un Chien d'Espace" og "Vortex Surfer" til slutt. Det gjorde dei òg, med den siste som ekstranummer, og begge versjonane var fabelaktige. "Chien" vert berre betre og betre, og det lange midtpartiet, der dei byggjer opp ein utruleg lydvegg, var så til dei grader midt i blinken. "Surfer" er ein meir fastlagt song, men det er ein song med store kontrastar, og med nokre uvanleg fengande parti. Det var ikkje berre eg som hadde klump i halsen, og på veg ut var fleire reint euforiske.

Det var altså fyrste konserten eg såg med Järmyr, og han gjorde eit godt inntrykk. Han er ikkje Kapstad, men det er det jo ingen som er, og det ville jo òg vore rart å prøvd å erstatta like for like. For dei to andre i bandet må det jo vera meir spanande å finna noko heilt nytt å leika med. Plusspoeng òg for filmane som vart viste på bakveggen - der eg stod såg eg ikkje så mykje til musikarane, og då var det jo greitt med gode filmar i staden.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar