31. august 2026

Hans Seland: Hetlesaka. Noregs raraste rettssak (1947)

Noregs raraste rettssak? Kanskje. Men det kan òg henda at dette er den raraste boka om ei rar rettssak.

Me skal til Sunnfjord. Dei to naboane Mikal Hetle og Henrik Hetle hadde krangla med kvarandre i nokre år, slik nokre naboar gjer. Dei to gardsbrukarane krangla om ein skogteig, og i 1901 gjekk saka til forliksretten. Der vart det slått fast at teigen tilhøyrde Mikal. Men vedtaket vart anka, og i neste instans, så mange år seinare som 1905, vann Henrik. I desse åra hadde dei hatt eit rimeleg greitt forhold, og hjulpe kvarandre med små og store oppgåver.

Ein dag i august 1906 kom ikkje Henrik heim frå arbeidet i utmarka. Han vart funnen død. Korkje dokter eller lensmann fann prov på noko gale, men bygdedyret fann litt av kvart: Dei kontakta "ei spåkjerring i Bergen", og ho kunne fortelja at det var Mikal og sonen Ole som hadde drepe Henrik. Det vart ny rettssak, og der endra mange forklaringa si, med det resultatet at både far og son vart dømd til fengsel. Sonen fekk ti år; faren fekk livstidsdom, men begge vart sleppte fri i 1914.

Hans Seland arbeidde tidleg for frifinning. Det var likevel ikkje før i 1943 at dei vart frikjende. Dommen vart stadfesta av Høgsterett i 1947. Mikal Hetle døydde alt i 1930, Ole levde til 1968. 

Seland skal ha mykje av æra for denne oppreisinga. Denne boka er ikkje like prisverdig. Det heile er litt rotete, og han kunne godt ha kosta på seg nokre oppsummeringar av og til. Det er òg tidvis litt vanskeleg å halda styr på kva for ein Hetle-person han skriv om. Men boka er likevel informativ, og eg fekk meir innsikt i ei sak eg berre kjende av omtale frå før.

Guffen tilrår. 

30. august 2026

Eivind Sæther: Den store flukten (2025)

Boka handlar om då 76 fangar rømde frå ein tysk fangeleir under krigen. Berre tre av dei kom seg trygt til eit anna land, og av dei 73 som vart tekne vart 50 henretta. Fire av dei som flykta var norske, og to av dei som overlevde var òg norske. 

Det er ein utruleg historie, men det er ikkje sjølve flukta som er mest utruleg. Fangane var alle flygarar, og dei var plasserte i fangeleiren Stalag Luft III. Her hadde dei det merkeleg fritt, og dei vart handsama langt snillare enn fangar i andre leirar. Viss du vart teken under eit fluktforsøk vart du berre returnert til leiren, der du rett nok fyrst sat nokre veker i isolat. Vaktene i leiren visste at det var vanleg at fangane prøvde å grava seg ut, men tok ikkje leitinga etter gangar alvorleg nok til at dei oppdaga gangen som vart brukt under rømminga. Det skuldast nok litt at fangane hadde gode dekkoperasjonar, men likevel. Det verkar av og til som om sjefen for leiren, Friedrich Wilhelm von Lindeiner, er på fangane si side.

Under flukta grov dei ein tunnel på rundt 100 meter, åtte meter under bakken. Dei hadde sydd sivile klede, dei hadde laga falsk legitimasjon, dei hadde med seg mykje pengar, osb. Dei to nordmennene som greidde seg snakka begge godt tysk, og reiste med tog til Stettin og vidare til Sverige. 

Guffen tilrår. 

29. august 2026

Keith Cameron: 168 Songs of Hatred and Failure. A History of Manic Street Preachers (2025)

Det walisiske bandet Manic Street Preachers dukka opp seint i 1980-åra. Eg fekk aldri sansen for dei - dels av di dei kom med ei rekkje utsegner som opplagt berre handla om å provosera, dels av di musikken ikkje gav meg noko som helst. Det einaste eg likte var å lesa intervju med dei - dei var opplagt langt meir oppegåande enn mange andre band på den tida. Dei hadde lese mykje - eit par av dei hadde til og med studert på universitet, og dei framstod rimeleg sympatiske i desse intervjua.

Denne boka er ein bandbiografi, der Cameron skriv om litt over helvta av songane bandet har spelt inn. Han stoppa på 168 av di bandet meinte at den perfekte popsongen vara i 168 sekund. Denne vinklinga er god, men òg litt krevjande for oss som ikkje kjenner songane han skriv om. 

Nokre songar, stort sett i den fyrste halvdelen av boka, får lang omtale. Det handlar om ting som skjedde rundt bandet, men etter kvart går song-omtalane over til å handla mest om akkurat den songen. Den vanlege arbeidsmåten var at Nicky Wire og/eller Richey Edwards skreiv tekstar som James Dean Bradfield og/eller Sean Moore sette musikk til. Det er interessant å lesa om korleis dei fann inspirasjon til songane, anten det var politiske hendingar eller litterære referansar, og det strekar under at dei er eit oppegåande band. Utdraga frå tekstar er likevel ikkje så imponerande - mange av desse er berre middels og vel så det. 

Guffen tilrår.

26. august 2026

Olav Duun: Sigyn (1913)

Denne romanen er eit framhald av Nøkksjølia, som kom tre år tidlegare. Den boka slutta med at Sigyn og Elias kjøpte garden Nøkksjølia, sjølv om han hadde odel til storgarden Brønnes. Dei to er gifte, og frå før har ho sonen Kristian.

Sigyn og Elias har vel ikkje det beste forholdet. Dei går nokolunde godt overeins, men det er tydeleg at ho har eit langt betre auge til tannlækjaren Rosendal. Ho er fleire gonger til byen for å få behandling hjå han, og han er òg av og til på vitjing i bygda deira. Ho har òg mykje kontakt med Thekla, som ho gjekk på skule med for nokre år sidan. Gjennom boka er Sigyn tettare knytt til andre enn ektemannen. Boka sluttar likevel med eit stor vending - dei to flyttar likevel til Brønnes, og brått er tilhøvet deira langt betre.

Denne vendinga kjem litt uventa. Det er jo eigentleg heilt greitt, men det verkar lite truverdig. Andre delar av boka er òg seige og lite spanande, og fleire av karakterane er lite engasjerande. Dette er nok ikkje den sterkaste av romanane til Duun.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

17. august 2026

Harper Lee: The Land of sweet Forever (2025)

Harper Lee gav eigentleg berre ut éi bok medan ho levde. To Kill a Mockingbird vart ein stor suksess. Lee var 34 år då boka kom ut, og sjølv om ho levde til ho vart 90, var den einaste andre boka som kom ut i levetida hennar, Go Set a Watchman, nærmast ei tidlegare utgåve av Mockingbird

I denne boka er det samla åtte noveller og åtte andre tekstar. Nokre av dei har vore publisert tidlegare, men her kjem dei i bokform for fyrste gong. 

Boka har eit informativt og vesentleg føreord, skrive av Casey Cep. Cep fortel om arbeidet for å finna desse tekstane. Novellene er grupperte etter tema - fyrst kjem tre som handlar om oppvekst, så kjem det tre med handling frå New York. Av og til ber dei preg av å vera tidlegare arbeid, men jamt over er det fine noveller. Dei er skrivne i det same lågmælte språket som Mockingbird, også når dei tek opp store og viktige tema.

Dei andre tekstane er kortare sakprosatekstar. Lee fortel mellom anna om når ho er på filmsettet til Mockingbird, og ho skriv varmt om den gode venen Truman Capote. 

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
To Kill a Mockingbird (film, 1962)
Go Set a Watchman (2015)

13. august 2026

Merethe Lindstrøm: Om tingenes natur (2025)

Eg-forteljaren, Julie, er forfattar. Ho skriv rimeleg gode bøker, men det ber seg ikkje økonomisk: For å overleva vaskar ho heime hjå ein del folk, samstundes som sambuaren hennar noko motvillig køyrer buss. Det er ikkje mykje velstand å snakka om - dei bur i dårlege hus, dei kan ikkje betala rekningane sine i tide, og dei har ikkje alltid nok mat.

Mykje av romanen handlar om dei formative åra i oppveksten hennar. Ho reiste mykje, ofte saman med ein tysk kjæraste. Han var frå ein velståande familie, men hoppa av legestudiet av di han ville verta pianist. 

Merethe Lindstrøm skriv fantastisk. Her er (som vanleg) eit godt og flytande språk, fullt av fine metaforar og stillferdige påfunn. Det er ikkje lett å referera handlinga i ein slik roman, men det er kanskje heller ikkje meininga. Det er ei bok om sakn, om kunst, om det å høyra til ein stad. Og det er kanskje ei bok om å vera forfattar.

Guffen tilrår. 

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)

12. august 2026

Johannes Gjerdåker: Levande landskap (1999)

Johannes Gjerdåker var ein av dei store lokalhistorikarane frå Voss. Han skreiv mange bøker om jubilerande lag og verksemder, han var med på skriva gards- og ættesoger, og han skreiv ei glimrande ålmennsoge i to band. Denne boka var òg ei slags jubileumsbok, men her var det jubilanten som kom med gåva: Vekselbanken fylte 100 år, og fekk laga ei bok som handla om korleis vossabygda hadde endra seg i den perioden. 

Det opnar med eit kapittel om Vossavangen, før dalføra som går ut frå Vangen får sitt eige kapittel. Det handlar ikkje berre om Voss kommune, rutene går til Granvin (som då var eige herad) og til Gudvangen (som ligg i Aurland). 

Det er heller korte tekstar; Gjerdåker er innom mange emne. Men det er gode tekstar, og dei inneheld mykje verdfull informasjon. Med litt godvilje kan ein kalla denne boka ei ålmennsoge i miniatyr, og her finst fleire døme på at to-tre setningar i denne boka seinare er vorte heile artiklar i den lokalhistoriske årboka Gamalt frå Voss

Så det er ei flott bok, og noko av det mest gledelege er at boka er så rikt og flott illustrert. Slik er det vanlegvis ikkje i dei lokalhistoriske bøkene til Gjerdåker, men her er det altså illustrasjonar - både nye, gamle og sjeldne.

Guffen tilrår. 

10. august 2026

Nonnas (2025)

Dette var vel den eine gongen i året at heile hushaldet samla seg om ein film. Smakane sprikar, slik at dette vart eit kompromiss ingen var heilt nøgde med.

Filmen er basert på ei sann soge: Italiensk-amerikanske Joe Scaravella har nett mist mor si. Han arvar ein del pengar, og finn ut at den beste (og mest optimistiske) måten å heidra mora på er å opna ein restaurant. Han har ikkje noko røynsle med dette, korkje å driva ei verksemd eller å jobba på restaurant, men løysinga hans er sjarmerande: Han inviterer bestemødrer, nonnas, til å laga heimelaga mat på kjøkkenet. Han tilset fire nonnas. 

Det heile går til pises. Bortsett frå slekt og vener får dei ingen gjestar, og Joe får heller ikkje napp hjå matjournalistar. Han vert motarbeidd av lokale folk på Staten Island, og til slutt må han innsjå at han må stengja dørene. Men sidan dei har mykje ferdiglaga mat inviterer han kreti og pleti til eit siste ope hus. Og - under over alle under - ei av dei som kjem er ein matjournalist, og ho skriv så varmt om maten og restauranten at alt likevel ordnar seg.

Grei tidtrøyte framfor skjermen. Nja, for så vidt, sjølv om du neppe får lettare underhaldning enn dette. Og eg er stor tilhengar av å sjå filmar fleire gonger, men her trur eg ikkje det vert aktuelt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

9. august 2026

Iain Key (red.): Billy Bragg. A People's History (2025)

Billy Bragg er vel ein av desse artistane eg likar godt, utan at eg kjenner musikken hans i detalj. Dei tre-fire fyrste platene hans var finfine, og eg var på konsert med han to gonger seint i 1980-åra, men eg datt litt av utover 1990-åra. I gamle dagar var det stort sett berre han og gitaren, seinare har han òg hatt med seg fleire på scena. Han er sosialist, og mange av songane hans er sterkt politiske. Men han skriv òg varme songar om kjærleik og nærleik. Konsertane hans er ein blanding av musikk, politikk og humor - han er ein god forteljar, og han kan vera hylande morosam.

Han har mange trugne fans, og i denne boka kjem meir enn 700 av dei til orde. Boka er kronologisk lagt opp, slik at desse 700+ tekstane oftast er knytte til konsertar. Av og til kjem Bragg sjølv inn med forklaringar og opplysningar, men stort sett er det altså fansen som skriv. Og dei skriv godt - fabelaktig godt. 

Nokre få av desse stykka er rett nok enkle, av typen "eg har likt Bragg i mange år, eg har alle platene og har vore på mange konsertar, og eg synest at han er flink". Men stort sett er dei gode, og mange av dei er både varme og rørande. Svært mange nemner songen "Tank Park Salute", ein song Bragg skreiv etter at far hans døydde, og dei fortel om korleis tårene strøymer når den songen vert framført live. Ein annan song som ofte vert nemnt er "A New England", med refrenget "I don't want to change the world/I'm not looking for a new England/I'm just looking for another girl". Ei kvinne fortel om ein konsert ho var på saman med eks-mannen. Han song med på alle songane, men ikkje denne. Ho spurde kvifor, og han sa at "he was not looking for a new girl". Ho skriv vidare at "That was probably the most romantic thing he ever said to me in the 16 years I wasted with that motherfucker".

Men det som verkeleg gjer desse tekstane gode, er at dei viser korleis Bragg er. Han snakkar med alle, og han gjer det av di han likar det. Han kjem alltid ut i salen etter konsertar og snakkar med dei som vil. Han gjev gode råd, han kjem med gode replikkar, og han gjev gjerne ein raus klem til dei som treng det. Han framstår svært folkeleg, og det er jo òg gledeleg at han står fast ved dei politiske ideane som prega han i ungdommen. Eg fekk lyst til å gå på ein Bragg-konsert igjen ein gong, og eg vonar at det let seg gjera.

Guffen tilrår. 

8. august 2026

On the Waterfront (1954)

Sommaren 1988 budde eg i Breckenridge, Colorado. Der var det ein filmfestival. Dei viste stort sett nyare filmar, men dei viste òg denne filmen, og sjølvaste Karl Malden var der for å snakka litt, både før og etter filmen. 

Eg hugsar filmen som eitt av høgdepunkta under festivalen, og eg likte filmen også no, men det er kanskje ikkje så altfor originalt. Det handlar om hamna i Hoboken, New Jersey, der ei sterk fagforeining styrer alt som skjer, omtrent slik mafiaen ville gjort det. Hovudpersonen, Terry Malloy (spelt av Marlon Brando), er på lag med leiaren for fagforeininga, men han passar berre delvis inn. Då han vert lurt til å vera med på mordet av ein potensiell tystar, leiar han i staden eit opprør mot foreininga, assistert av Edie Doyle (dotter til han som vart drepen) og presten Barry (spelt av Karl Malden). Så kjem det litt vald og slåsting, før det kjem ein passeleg happy ending.

Det er altså ein fin film, men det vert litt lite originalt, av og til vert det nesten klisjefullt. Måten Malloy stavrar seg fram mot slutten er nesten pinleg. Det er òg ein film der det omtrent berre er menn - Edie Doyle er den einaste kvinna med ei nokolunde stor rolle. På den andre sida er Brando rimeleg stor i denne filmen, som vel var ein av dei fyrste filmane hans.

Guffen tilrår.

4. august 2026

Knut Hamsun: Redaktør Lynge (1893)

Etter to glimrande Hamsun-romanar fell nivået litt her, men ikkje verre enn at boka er vel verdt å lesa. Her er rett nok ikkje så mykje av blodets hvisken eller benpipenes bønn her, men likevel.

Det handlar i hovudsak om, Alexander Lynge, redaktøren i venstre-avisa Gazetten. Han ser seg sjølv som viktigare enn han er. Han vil gjerne setja dagsorden, men er eigentleg mest oppteken av å selja aviser og å tena pengar. Han har mykje makt som redaktør, men er like lite populær, og han er slettes ikkje så sjarmerande som han trur han er. 

Det handlar òg om den nokre meir høgre-orienterte familien Ihlen, og folk i omgangskrinsen deira. Det er ei viss overlapping med redaktøren, og denne overlappinga opnar med at sonen i familien får trykt ein artikkel i Gazetten, før han får fast jobb. Han er ikkje godt eigna for avisarbeid, men det er ikkje det viktige for Lynge - det handlar meir om at han her kan få kontakt med ei av døtrene i Ihlen-familien.

Hamsun nytta minst éin levande modell i boka, ser eg på nettet, og det kan henda at dei som las boka då ho var fersk fann fleire spark og stikk til samtida. Uansett - det er ei heilt grei bok.

Guffen tilrår.

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)

2. august 2026

Girl Climber (2025)

Denne filmen handlar om den amerikanske klatraren Emily Harrington. Ho har ein draum: Ho vil verta den fyrste kvinna som klatrar ruta "Golden Gate" på El Capitan i Yosemite på under 24 timar. Tre andre kvinner hadde klatra andre ruter i den same fjellveggen på under 24 timar, men ikkje denne. Det er ei krevjande rute - fjellveggen er over 900 meter høg. Heller ikkje mange menn har klatra ruta på så kort tid - viss eg forstår internett rett var det maks fem. Harrington er ambisiøs, så sjølv om ho mislukkast nokre gonger prøver ho igjen. Filmen får ein happy ending. 

Det er ein fin film. Klatring er ein av idrettane der det er opplagt at kvinner og menn konkurrerer kvar for seg, og det handlar dels om rekkjevidde. Langs ruta har Harrington merka seg ut fem krevjande taulengder, og i den eine av desse, ei sprikk (skorstein), er det vanlege trikset å kila skorne fast mellom sidene av skorsteinen. Harrington har ikkje store nok sko her, men ho finn ei løysing: Ho tek på seg eit ekstra par sko på dette strekket. Ho klatrar saman med legendariske Alex Honnold, som tørt kommenterer at dette er noko nytt i klatresoga.

Guffen tilrår. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
(2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)