7. november 2023

Olaug Nilssen: Uønska åtferd (2023)

For Katrine har det meste gått i grus. Ho har hatt eit godt liv saman med ektemannen Gunnar og dei to borna, men det har etter kvart vorte for mykje. Sonen Jostein er psykisk utviklingshemma, han må ha tilsyn heile tida, og det er tungt for alle. Katrine og Gunnar vert ikkje samde om kor mykje hjelp dei skal ta mot, og i boka har Katrine flytta på hytta. Her budde ho fyrst saman med Jostein, men han har fått plass på ein institusjon.

Boka handlar fyrst og fremst om Katrine. Ho har resignert. Ho bryr seg ikkje om korleis ho ser ut, ho kranglar med dottera, ho har ikkje så godt kosthald, ho greier ikkje å gjera jobben sin som omsetjar godt nok, osb. Ho tek likevel ikkje ansvaret for dette sjølv; ho har veldig lett for å skulda på andre. 

Dei andre i familien prøver, i alle fall. Der Katrine har mist det meste, har dei andre i familien mist tolmodet med ho. Dei prøver å gå vidare, sjølv om det ikkje er lett, og er i langt større grad enn Katrine inneforstått med at det beste er at Jostein bur på ein heim der fagfolk kan ta seg av han.

Det er ei fin bok. Nilssen skriv godt og innsiktsfullt, og tek, som i dei to siste romanane sine, opp tema som er aktuelle for mange, men som det likevel ikkje er skrive så altfor mykje om.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Ikkje tenk på det (2019)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar